Vandring på Gran Canaria

03. – 10. februar  2018.

Vandreturar på nordsida og det indre av øya.

Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? På denne turen får vi oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på nordsida og i innlandet av øya. Her er det et godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen og bur på spesielt utvalde hotell undervegs. Det blir fotturar kvar dag med guide, og turen passar såleis for dei som er vande med å gå noko på turar og i fjellet. 

Pris frå:
13 450,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo – Las Palmas
Mogeleg med t/r frå Bergen, Stavanger og Trondheim
Busstransport og guiding på heile turen.
7 overnattingar på svært gode hotell.
7 frukostar og 3 store lunsjar/middagar som vist i programmet.
Vinsmaking, prøvesmaking av ost, tropiske frukter og anna
Reiseleiar frå Fotefar
Enkeltromstillegg, kr. 3 350,-
Bestill reise

Dagsprogram

Dagsprogram

Vandreturar på nordsida og det indre av øya

Laurdag 03.02
Avreise frå Oslo kl. 12.35 med Norwegian (direkte), og vi er framme på flyplassen ved Las Palmas kl. 17.20. Så langt det er plass, kan ein elles reise frå Bergen kl. 12.10 og framme kl.16.40, frå Stavanger kl. 12.35 og framme kl. 16.55 og frå Trondheim kl. 10.35 og framme kl. 15.40. Vel tilknyting ved bestilling.

Frå flyplassen tek bussen vår oss kl. 17.30 opp til den pittoreske fjell-landsbyen Santa Brigida, ca. 17 km frå Las Palmas. Der skal vi bu i fire døgn på Hotel Esquela Santa Brigida, som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Det tek om lag 20 minutt med buss til Santa Brigida. Etter innsjekkinga blir det eit kort informasjonsmøte før vi får velkomstmiddag* på hotellet.

Søndag 04.02. Caldera de Bandama
Etter ein god frukost startar vi dagen kl. 09.00 med ein kort busstur frå hotellet til Caserio de Bandama. Vi startar turen med å gå rundt kanten der vi vil ha eit vakkert utsyn ned i Calderaen (gryta). Den delen av turen tek om lag to timar, og vi vil få informasjon om bakgrunnshistoria til dette naturfenomenet. Vi skal deretter gå ned i det berømte Bandama krateret (Caldera de Bandama) som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria på 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studera dette krateret. Etter turen vil bussen ta oss tilbake til hotellet. Turen er på 6,6 km og har ein høgdeskilnad på 200 meter. Det er litt bratt ned til krateret, og det ligg små runde partiklar i stien, så det kan vere litt glatt. Dei som ikkje vil gå ned i sjølve krateret, kan snu på halvegen. Likevel får dei eit godt inntrykk av sjølve krateret. Det vil vere mogleg å gå innom restauranten på Golf hotellet og kompensere for væsketapet etter turen. Buss tilbake til hotellet etter turen.

Kl. 19:30 busstransport (10 min) til fellesmiddag* på den på den svært gode restauranten, Casa Martell.
Kl. 22:30 vert det buss tilbake til hotellet.

Måndag 05.02. Pico de Las Nieves – Degollada de Cruz Grande
Kl. 09:00 tek bussen oss frå hotellet oppover i dei vakre dalføra til Pico de Las Nieves, den høgste fjelltoppen (1949 m.o.h.) og det geografiske senteret på øya. På vegen opnar ei fantastisk panoramautsikt seg til Caldera de Tejeda. Vi får også med oss ei slåande utsikt til vulkanfjella Rocque Nublo og Roque Bentayga og dei sjarmerande gamle landsbyane Tejeda og Artenara. Tejeda er omringa av 1000 m høge klipper og er kåra til ein av dei vakraste landsbyane i Spania. Turen opp tek om lag ein time.
Vi vandrar så vidare på «The Silver Path», ein steinsett sti som går frå den vakre furuskogen Los Llanos de La Pez til San Bartolome de Tirajana. Turen endar opp i Degollada de Cruz Grande. Dette er rekna som «turen over alle turar» på øya, og her får vi verkeleg sjå det autentiske Gran Canaria! Heile turen er på 8,5 km, og vi reknar ca. 4-5 timar vandring. Vi skal ned 763 meter og 94 meter opp. Turen er litt krevjande med noko nedstigning, men vegen og stiane er flotte, spesielt siste delen som slyngjer seg nedover på same måte som den kjende Vindhellavegen i Lærdal.

Ca. kl. 15.00 køyrer vi tilbake til hotellet vårt i Santa Brigida. Om kvelden møtest vi gjerne i baren ca. kl. 19.00, og dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiarane og ete middag på ein restaurant i nærleiken av hotellet.

Tysdag 06.02. Cruz de Tejeda - Artenara
Etter ein litt tidleg frukost går turen kl. 08.30 frå hotellet til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 10,6 km, er moderat tung og tek om lag 5 timar. Det er stigning på 408 meter og det same ned att. Vi går oppover gjennom furuskog til kanten av vulkankrateret Caldera de Tejeda og får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet i Gran Canaria. Det er skildra av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk, landskap som er stivna etter ein storm, alt dette på grunn av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Vi går på kanten av krateret, og det er bratt skråning på utsida av stien. Deltakarar med høgdeskrekk må gå lengst frå kanten, eller dei kan vere med bussen til Artenara, som er ein vakker landsby.

Vel framme i Artenara, kan vi kjøpe forfriskingar på ein flott kafe i der.
Kl. 19:30 er det *fellesmiddag på Hotel Escuela Santa Brigida.

Onsdag 07.02. Tamadaba Natural Reserve – San Pedro (Agaete dalen)
Etter å ha sjekka ut frå hotellet kl. 09:00 tek bussen oss til Tamadaba Naturreservat. Der vi vil starte turen relativt flatt mellom dei flotte kanariske furetrea, men etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg 1027 meter nedanfor. Vi får også sjå det imponerande synet av Roque Faneque, den høgaste sjøklippa i Europa og den 7. høgste i verda! Denne vandreturen går mest nedover langs stiar som kryssar eit vilt og vakkert landskap, lune fureskogar og til slutt på ein sti som slyngjer seg nedover ein fjellrygg til Agaete.  Denne delen er bratt, og det kan vere litt glatt på grunn av gamal lavastein som er i små bitar og ligg i stien. Ein bør ha gode jogge- eller fjellsko, og det er fordel å bruke stavar. Denne dagen gir oss den mest imponerande og spektakulære utsikta over øya under heile opphaldet! Turen er moderat tung, er 10,2 km lang og tek ca. 4,5-5 timar. Det er nedstigning på 1238 meter. Vi endar opp i San Pedro landsbyen, og det vert buss derfrå i ca. 10 min. til det herlege hotellet vårt, Roca Negra Hotel & Spa, som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Vi reknar med å vere framme om lag kl. 15:30. Dei som ikkje vil gå så mykje nedover, kan ta bussen til hotellet gjennom eit spektakulært landskap.

Middag på eiga hand eller saman med reiseleiar på ein restaurant i landsbyen. Fisk er ein spesialitet her.

Torsdag 08.02. Fagagesto – El Sao – El Hornillo – San Pedro
Avreise kl 09:00 frå hotellet til Fagagesto. Buss ca. ein time. Turen startar frå Fagagesto ned ein spektakulær ravine til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkansk aktiv kjelde og endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der alle bustadene er grevne ut av det vulkanske fjellet, går vi vidare til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av Agaete-dalen. Her blir det ein lett lunsj* der  vi besøkjer Los Berrazales vinkjellar og smake på den gode lokale vinen, den kjende geitosten og får ein kaffikopp frå kaffibønner produsert her. Turen denne dagen er på 4,5 time og er på 8,5 km i relativt lett terreng, men med ein god del bratte parti nedover. Det er 200 meter stigning og 600 meter nedover. Tilbake til hotellet ca. kl. 16:30. Ettermiddag og kveld på eiga hand, eller vi kan organisere middag på ein god fiskerestaurant.

Fredag 09.02.  Agaete eller Puerto Mogan
Denne dagen har vi fri og kan slappe av på hotellet og nyte spa-delen og vandre i byen og kanskje ta ein kort vandretur langs Canteras stranda. For dei som ønskjer å sjå enda meir, vert det sett opp buss kl. 09:00 til Puerto Mogan, som er ein spennande fiskelandsby på sørsida av øya. Det kostar ca. 40 Euro. Turen tek knappe 2 timar kvar veg. Vi vil få ca. 4 timar i Puerto Mogan. Der kan ein bade og sole seg på dei flotte strendene, og ein vil få oppleve sørsida av øya der alle dei andre norske turistar ferierer.

Kl. 19.30 vert det avslutningsmiddag* på hotellet vårt.

Laurdag 10.02. Heimatt
Etter ein god frukost køyrer bussen gruppa til Las Palmas, som er hovudstaden og ligg ca. 40 min med buss frå Agaete. Der blir det først noko guiding, men elles disponerer ein tida sjølv og kan rusle rundt i gamlebyen eller gå på shopping. Las Palmas har også ei flott strand som er verdt eit besøk, og det er tid for lunsj på eiga hand.

Det er kort veg frå byen til flyplassen. Avreise frå Las Palmas kl. 12.30 for dei som skal til Oslo med direkte fly kl. 14.30 og framme kl. 21.10.
Deltakarar til Bergen, Stavanger og Trondheim har avreise frå Las Palmas kl. 14.15 med direkte fly til Trondheim kl. 16.30 og framme kl. 23.35, til Bergen kl. 17.35 og framme kl. 00.05 og til Stavanger kl. 17.55 og framme kl. 00.05.

Måltida som er merka med *, er inkluderte i prisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
3/2Oslo GardermoenVandretur på Gran CanariaMeir enn 813 450,-Bestill