Eksotiske Vietnam frå Nord til Sør

4.–17. februar

Sør- og Nord-Vietnam.

No har du sjansen til å oppleve ein tur til Vietnam med eit heilt spesielt innhald som ingen andre selskap kan tilby; buss langs Ho Chi Minh-stien, stopp ved den gamle grensa mellom Nord og Sør under Vietnamkrigen, elvebåt til Paradise Cave, ei av verdas vakraste grotter som vart oppdaga så seint som i 2005, og sampan-tur gjennom risdeltaet og klippeformasjonane i Tam Coc, også kalla innlandets Halong.

Vi startar i hovudstaden Hanoi der vi utforskar byen med sin fransk-koloniale atmosfære, flotte pagoder, tempel og vassdokketeateret som syner unik, tradisjonell nord-vietnamesisk scenekunst. Neste dag deltek vi på eit overnattingscruise i ein vietnamesisk djunke, der vi seglar mellom kalksteinsklipper i Halong-bukta som er oppført på Unesco si verdsarvliste. Vi besøker også keisarbyen Hue med to oppføringar på UNESCOs verdsarvliste, sjarmerande Hoi An som var ein viktig hamneby for handelsskip i Sørøst-Asia på 1600 talet, og dei berømte Cu Chi tunnelane der Viet Cong geriljaen gøymde seg under Vietnamkrigen. 

Siste stopp på reisa vert Ho Chi Minh-byen. På desse 14 dagane får vi verkeleg med oss alt landet har å by på - levande byar, stille elvar og bukter, vakre strender, ruinar frå keisartida, falma kolonial eleganse og båt- og sykkelturar i biletskjøne landskap og møter med lokalbefolkninga. Dette er ei eineståande historisk og kulturell reise både i dagens og fortidas Vietnam, med alt dette eksotiske landet har å by på. 

Pris frå:
28 750,-
Dagar:13
Fly Oslo – Vietnam t/r
9 overnattingar på 4-stjerners hotell
1 overnatting i bungalow
1 overnatting ombord i cruisebåt
Måltider i følgje programmet: dagleg frukost, 11 lunsjar og 9 middagar.
Buss med god standard og aircondition
Flybillettar i Vietnam: Ha Noi - Quang Binh, Da Nang - Ho Chi Minh City (Vietnam Airlines)
Båtturar i følgje programmet
Cruise i Halong Bay
Inngangsbillettar til ei rekkje museum, attraksjonar og liknande. (Sjå programmet.)
Mineralvatn (2 flasker per person per dag)
Statlege skattar og serviceavgifter
Reiseleiar frå Fotefar temareiser.

I tillegg kjem:
Tilknyting til andre byar i Norge
Enkeltromstillegg kr 4.470
Tips
Drikkepakke 1 (Øl, kaffi, vatn og mineralvatn)
Drikkepakke 2 (Vin og brennevin)
Bestill reise

Dagsprogram

Detaljprogram

Atterhald om endringar

Søndag 4. februar
Avreise frå Oslo på tidleg ettermiddag med Thai Airways, tilknyting mot tillegg frå andre byar. Mellomlanding i Bangkok. Reiseleiar frå Fotefar temareiser tek imot alle på Gardermoen og er med på heile turen.

Måndag 5. februar
Vi kjem til Hanoi i sol og sommar om morgonen. På flyplassen ventar bussen og guiden på oss og køyrer oss til hotellet vårt i sentrum av Hanoi. Innsjekking på hotellet og vi et lunsj* før vi besøkjer det kjende Litteraturtempelet i det eldgamle keisarlege citadellet Thang Long (Unescos verdsarvliste), og får ei første innføring i vietnamesisk kultur og historie. Deretter vert det sightseeing rundt Gamlebyen i ein cyclo (sykkeltaxi), med stopp ved Hoan Kiem-innsjøen – Hanoi sitt berømte symbol. Før middag ser vi Vassdokketeater – ein unik form for tradisjonell nord-vietnamesisk scenekunst som kan daterast heilt tilbake til 1000-talet.

Om kvelden blir det velkomstmiddag* med lokale spesialitetar. Overnatting i Hanoi.

Tysdag 6. februar. Hanoi - Hoa Lu - Tam Coc 
Vi et ein god frukost. Ca. kl. 08.30 reiser vi til Hoa Lu, den gamle hovudstaden og får sjå dei to attverande templa Dinh King og Le King. Dei som ynskjer det kan gå opp til utsiktspunktet Hoa Lu-panorama for å ta bilete, og får eit utruleg utsyn over den fantastiske naturen, fjell, elvar og tempel. Vi reiser så til Tam Coc (tre grotter) rundt 16 km frå Hoa Lu. Det er valfritt om du vere med bussen, køyre i ei oksekjerre eller sykle til Tam Coc langs små vegar med vakker natur og venleg lokalbefolkning. Lunsj* vert på ein vietnamesisk restaurant med lokal mat. Etter lunsj som tek rundt 1 time dreg me på ein spennande båttur på rundt 2 timar i ein tradisjonell sampan-båt i Tam Coc, der me nyt den spektakulære naturen mens me glir langs elva mellom rismarker og kalksteinsfjell. Vi er 2 personar i kvar båt og her får du sjansen til hyggeleg samvær med våre vietnamesiske roarar. Overnatting i bungalowar i Tam Coc. Middag* vert servert på ein lokal restaurant.

Onsdag 7. februar: Tam Coc – Halong bay
Frukost i restauranten ved bungalowane. Avreise med buss kl. 08.00 til Ha Long-bukta, ei av dei aller største naturopplevingane i Asia. Undervegs opplever vi landskapet rundt Det raude elvedeltaet med vassbøflar, rismarker og dei lokale bøndene sine daglege gjeremål.

I Ha Long skal vi på cruise i ei vietnamesisk djunke av god standard, me kjem om bord på båten rundt kl. 12.45. Ein herleg lunsj* vert servert i restauranten medan vi seglar forbi pittoreske små øyar. På båtturen mellom fleire hundre øyar passerer vi mange kjende øyformasjonar.

 Vi vil besøkje Surprise cave, ei av dei flottaste grottene i Halong bay og ei lita øy kalla Titov Island der vi kan symje, slappe av eller gå opp til toppen av øya for å ta bilete (bratt trapp). Etterpå seglar vi mot ankringsplassen vår mens vi kjenner på den rolege atmosfæren ved solnedgang og tek inn alle inntrykka i denne vakre bukta. Vi får ei spesiell oppleving med overnatting ute i Halong bay under ein stjernestrødd nattehimmel.

Om kvelden er det ulikt program om bord som t.d. kokkekurs, karaoke, happy hour, filmframsyning, blekksprutfiske mm. Middag* vert servert om bord med ei rekke vietnamesisk matrettar.

Ein kan også bestille fotsoneterapi og massasje om bord mot betaling. Overnatting om bord på båten.

Torsdag 8. februar: Halong bay - Hanoi
Dagen startar med Tai Chi på soldekket kl. 06.30 for dei som vil. Kl. 07.00 vert det ein lett frukost før vi utforskar Luon Cave grotta der vi kjem med liten båt frå cruiseskipet, og vi ror rundt inne i grotta. Denne hola er ei av dei finaste og største i området med hundrevis av stalagmittar hengande ned frå taket som ein foss, og vi kan sjå apekattane som bur der leike seg i grotteveggane.
Når vi er ferdige med å utforska grotta reiser me attende til båten der det vert tid til å friske seg opp før vi sjekkar ut av kabinen. Det vert så ein tradisjonell vietnamesisk brunsj* medan vi seglar frå Halong Bay til Tuan Chau hamna og reiser med buss kl. 11.30 til Hanoi. Vi er framme omlag kl. 17.00 og har litt tid til å slappe av på rommet før det vert middag* kl. 19.00 på ein restaurant i Hanoi.

OBS: Reiseruta kan endrast på grunn av vær, tidevassnivå og driftsforhold.

Fredag 9​. februar: Hanoi - Fly til Quang Binh - Dong Hoi - Phong Nha Cave - Dong Hoi
Neste morgon reiser vi grytidleg til Noi Bai-flyplassen og tek ein kort flytur til Dong Hoi. Etter innsjekking på hotellet køyrer vi langs den berømte Ho Chi Minh-stien fram til Phong-Na Ke Bang, der vi utforskar nasjonalparken med ein båttur på omkring 30 minuttar til Phong Nha grotta. Den er også kalla vann-grotta og er kjend for si form, difor har den fått namn som "Lion",  "Fairy Caves", "Royal Court", og "Buddha". Vi brukar eit par timar på å utforske denne spektakulære grotta som er ein del av verdas 3. største grottesystem! Verdas største grotte ligg like ved, men er enno ikkje tilgjengeleg for turistar.

Lunsj* undervegs på restauranten Soon Dong. Middag* og hotellovernatting i Dong Hoi. Vi slappar av ved bassenget, eller ruslar ein tur langs den vakre og livlege strandpromenaden.

Laurdag 10. februar: Dong Hoi - Quang Tri - Hue
Etter ein god frukost reiser vi til Vinh Moc-tunellane (i Quang Tri). Dei vart brukte av Nord-Vietnam sin hær under Vietnam-krigen. Dei vart også brukt av sivilbefolkninga til å beskytte seg mot amerikansk bombing. På vegen vil vi krysse over Hien Luong-brua (17. breiddegrad) som kryssar elva som dannar grensa mellom tidlegare nord- og sør-Vietnam. Brua vert rekna som vitnesbyrd på smerta som vart påført ved delinga av Vietnam. Vi besøkjer også museet som ligg her og ser på minnesmerka som er sett opp på staden. Lunsj på restauranten Dong Que i Dong Ha byen.

Etter lunsj* deler vi gruppa, og dei som ynskjer det dreg med buss opp i fjella mot grensa til Laos, til Khe Sanh-basen (ca 2 t kvar veg). Denne gamle amerikanske basen blei brukt i mange av dei viktigaste slaga i krigen. Vi kjem fram til Hue seint på ettermiddagen i tide til middag.

Resten av gruppa reiser direkte til keisarbyen Hue, og kan slappe av på hotellet vårt der vi kan bestille massasje, ansikts- og kroppsbehandlingar, bade i hotellbassenget eller utforske Hue by. Om kvelden kan vi glede oss til ei spesiell vietnamesisk matoppleving kalla kongeleg middag*. Her vert eit par av oss oppnemnt til konge og dronning, vi vert kledd som kongelege hoffmedlemer og får servert delikat mat mens vi lytter til vakker musikk. I det heile ei artig og flott oppleving!

Søndag 11. februar: Hue – Den Keisarlege festning - Hoi An
Etter ein god frukost møter vi opp kl. 08.00 og bussen tek oss ein kort køyretur inn i ein frodig dal ved elva kor sju graver vart bygde for sju Nguyen-keisarar, og vi besøkjer ei av desse gravene. Vi fortset vidare til Den keisarlege festninga, og Den forbodne lilla byen, bygd på 1800-talet for keisarane av Nguyen-dynastiet. Her kan ein velje om ein vil køyre buss, elvebåt på Parfymefloden eller sykkeldrosje langs elva ned til festninga.

Vi reiser utanfor byen for lunsj*, og nyt klassisk Hue-mat på ein restaurant i vakre omgjevnader. Etter lunsj køyrer vi mot Hoi An via Da Nang. På vegen stoppar vi for å ta bilete og strekke på beina ved det fantastiske fjellpasset Hai Van. Om kvelden blir det fellesmiddag* med spesialitetar frå Hoi An.

Måndag 12. februar: Hoi An - Tra Que - Hoi An
Etter frukost møter vi kl. 08.30. Denne dagen kan ein velje om ein vil sykle, sitje bakpå ein scooter (100 kroner tillegg) eller bli med bussen til landsbyen Tra Que.

Her kan vi sjå korleis dei lokale dyrkar grønsaker og urter. Vi vil få sjanse til å delta på vietnamesisk matlaging, og vi får lære å lage lokale spesialitetar som vårrullar (Tam Huu) og pannekaker (Banh Xeo). Til slutt et vi maten vi har vore med å tilberede til lunsj*.  Vi dreg så vidare til ein landsby der dei lagar silke, her får ein sjå heile produksjonsprosessen, og det er høve til å handle mange ulike produkt laga av silke.

Ettermiddagen til fri disposisjon til å vandre rundt i gatene i gamlebyen. For dei som elskar sol, sjø og sand, ligg det to flotte badestrender 5 kilometer utanfor sentrum. Middag på eiga hand.

Hotellovernatting i Hoi An.

Tysdag 13. februar:
Dagen til fri disposisjon, enten for avslapping ved bassenget eller ein taxi-tur ut til dei to flotte badestrendene som ligg 5 kilometer utanfor sentrum. Middag på eiga hand.

Det er også mogleg å melde seg på ein såkalla home-stay frå den 6. til den 7. mars. Då bur du under svært enkle forhold heime hjå ein vietnamesisk familie, som sper på hushaldningsinntektene sine ved å tilby ei matte og ein plass rundt matfatet til ein turist eller to. Dette er ei spennande og annleis oppleving, men vær førebudd på heilt andre tilhøve enn vi er vande med både når det gjeld hygiene, komfort og temperatur (ikkje air-condition).

Onsdag 14. februar: Hoi An – Da Nang - til Saigon med fly
Etter frukost på hotellet tek bussen oss til flyplassen og vi får ein kort flytur til Saigon/Ho Chi Minh byen. Transport til hotellet i Ho Chi Minh for innsjekking. Etter lunsj på ein hyggeleg restaurant byrjar omvisinga i byen. Vi skal sjå  Reunification Palace, bygninga nord-vietnamesiske stridsvogner truga om morgonen den 30 april 1975, då byen fall. Derfrå går vi til fots til dei største attraksjonane frå kolonitida i Ho Chi Minh-byen: Det gamle postkontoret, Dong Khoi-gata, Continental Hotel, Operahuset og Rådhuset. (Atterhald om gjennomføring av sightseeing til fots dersom det vert svært varmt). Vidare tek guiden oss med til Krigsminnemuseet der utstillingshallen syner bilete av både krigen mot franskmennene og amerikanarane. Vi fortset så til Jade Emperor Pagoda bygd av kantonesiske buddhistar i 1909. Denne rolege oasen er designa etter feng shui-prinsipp og syner utsmykka statuer og figurar. Etter turen blir det tid til å slappe av på hotellet. Vi køyrer kl. 19.00 til ein restaurant i nabolaget der vi får prøve nydelege lokale rettar*. Hotellovernatting i Saigon.

Torsdag 15. februar: Saigon - Cu Chi Tunnels
Denne dagen kan ein velgje om ein ynskjer å reise til Cu Chi tunellane, eller om ein vil ha dagen på eiga hand i Saigon. Vi reiser kl. 08.30 til Cu Chi, gjennom landskap som ein gong var kjerneområde for Viet Cong. Dei tronge tunellane var sentrale under krigen, som under den berømte 1968 Tet-offensiven, og dei slapp ikkje unna skade. Amerikanske B52-bombefly slapp store mengder bomber som etterlet seg enorme krater. Tunellane tente ikkje berre som bustad, men og som forsyningsvegar og sjukehus for tusenvis av geriljasoldatar. Mange døydde der av malaria og andre sjukdommar, men nokon vart også fødde eller gifte her. I dag vert tunellane sett på som eit prov på det vietnamesiske folk sin enorme fleksibilitet.

Vi reiser tilbake til Ho Chi Minh rundt kl. 14.00, etter ein betre lunsj* i vakre rolege omgjevnader på vegen. Så er det nokre timar til eigen disposisjon før transport til ein lokal restaurant kl. 19.00 der vi et middag*.

Hotellovernatting i Ho Chi Minh-byen.

Fredag ​​16. februar: Ho Chi Minh - Avreise
Dette blir den siste dagen i Vietnam, denne dagen får ein tid til å samle dei siste inntrykka frå dette spennande landet. Avreise frå hotellet omlag kl. 12.00.  Det vert lunsj* kl. 12.30 og så vert det besøk på ein vietnamesisk kaffibar og litt shopping på veg til flyplassen om mogeleg. Flyet går frå Ho Chi Minh med Thai Airways om kvelden, via Bangkok, reisetid 1,5t. Frå Bangkok med Thai Airways.

Laurdag 17. februar:
Vi er framme i Oslo tidleg om morgonen etter 11,5t reisetid.

Når vi reiser til Vietnam kjem vi til ein heilt annan kultur der ein også har ei anna haldning til tid enn i Norge. Sjølv om vi gjer vårt beste for å planlegge godt i forhold til tid og reisedistansar vil mange forhold verke inn på aktivitetane våre. Trafikk, folkemengder, vær og mykje anna kan gjere at vi må vere fleksible på tidene i programmet. Vi ber om at de har forståing for dette, og at vi lener oss attende og nyt å bli vist rundt i dette vakre og eksotiske landet!

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
4/2OsloEksotiske Vietnam frå Nord til SørMeir enn 828 750,-Bestill