Møt våren i Roma og Toscana

12. – 19. april  2018.

Historie, kultur og folkeliv.

Kan du tenkje deg å vere med på tur til Italia midt i april og møte varmen og våren i full blomst? I Roma bur vi på eit koseleg hotell som ligg midt i sentrum, like ved Engleborga og ikkje langt frå Peterskyrkja. Hotellet har elles ein stor takterrasse med flott utsikt over «den evige stad».
Gjennom eit variert program får du oppleve klassiske Roma, kunst- og renessansebyen Firenze, det berømte skeive tårnet i Pisa og småbyar i naturfagre Toscana.
Vi skal bu fire døger på eit flott hotell i den vesle, pittoreske byen San Miniato i hjarta av Toscana.  Området er spesielt kjent for trøflar, god mat og vin, så her kan vi verkeleg leve det gode liv. På veg tilbake til flyplassen i Roma, stoppar vi ein ettermiddag og ei natt i den idylliske småbyen Castiglione della Pescaia, som ligg vakkert til ved Middelhavet.

Pris frå:
15 975,-
Dagar:8
Flyreise Oslo/Bergen-Roma t/r
All busstransport, guiding og fellesutflukter som vist i programmet
7 overnattingar
7 frukostar
4 middagar og 3 lunsjar
Besøk på vingard og prøvesmaking
Reiseleiarar frå Fotefar temareiser
Både i Roma og i Toscana nyttar vi også lokale, skandinavisktalande guidar

Enkeltromstillegg kr 2.995
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Torsdag   12.04
Avreise frå Flesland kl. 07.25 via Gardermoen med SAS og derifrå kl. 09.05 og framme på flyplassen i Roma kl. 12.10. Buss til hotellet vårt der vi får servert ein god lunsj* før vi får guida byvandring med Kirsten Jakobsen. Ho er ein av dei få norske som er autorisert guide i Roma og er ein sjeldan dyktig formidlar. På turen vil ho blant anna vise oss og fortelje om imponerande Engleborga, vakre Piazza Navona, den berømte Trevi-fontena og det storslegne tempelet Pantheon, som blir rekna som eitt av verda sine store underverk. Stopp undervegs for forfrisking. Om kvelden kosar vi oss på restauranten L´Orso80 med stor fellesmiddag* med 15 ulike forrettar, omnsteikt lammekjøt til hovudrett, dessert, kaffi og vin/mineralvatn.

Fredag  13.04
Etter frukost går vi samla til Vatikanmuseet med Kirsten Jakobsen som guide på vegen dit og i sjølve museet med dei pavelege kunstsamlingane der høgdepunktet er Det sixtinske kapell med dei fantastiske freskane til Michelangelo og dei andre kjende kunstnarane som blant anna Botticelli og Perugino. Frå museet går vi direkte til den verdsberømte Peterskyrkja der Kirsten fortel oss om historia til katedralen og om kunstverka der. Etter ca. 3 ½ time sluttar ho av guidinga på Petersplassen, og vi opplever magien der. Etter denne føremiddagen med store opplevingar, er det tid for lunsj på eiga hand. Reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.
Ettermiddagen til fri disposisjon. Dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiarane på ein liten vandretur til den kjende Spansketrappa. Elles kan vi nemne at like ved hotellet ligg Via Cola di Rienzo som er ei populær handlegate.

Om kvelden legg vi opp til ein gåtur til Piazza Navona for å oppleve denne fantastiske plassen på kveldstid. Middag på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein koseleg uterestaurant.

Laurdag   14.04
Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet, og det blir ein guida føremiddag med Kirsten Jakobsen. Først skal vi få oppleve dei aller største attraksjonane i og rundt Roma - både frå bussen og på vandring - som Piazza Venezia, Kapitolhøgda, Via Fori Imperiali, Forum Romanum og Colosseum.  Etter ein god stopp for lunsj,  køyrer bussen oss nordover mot Toscana i eit variert landskap med stopp undervegs. Ut på ettermiddagen kjem vi fram til den idylliske byen San Miniato i Toscana. Vi sjekkar  inn på hotellet Palazzo Miravalle (4* hotell) der vi skal bu i fire netter.
Fotefar Temareiser har brukt dette typisk toscanske hotellet i mange år, og vi likar oss spesielt godt her. Før vi får servert middag*, ønskjer hotellet gruppa velkommen i baren med eit glas cava eller mineralvatn.

Søndag   15.04
Denne dagen skal vi bli kjende med byen San Miniato. Vi startar frå Miravalle etter frukost og kler oss for vandring med gode sko. Først blir det vandring og guiding rundt om i byen, og deretter legg vi opp til ein lett gåtur på vel ein times tid i det idylliske og bølgjande landskapet i utkanten av byen. Turen endar først opp på restauranten Papaveri & Papere, Via Dalmazia 159, der vi får servert ein stor toscansk lunsj*.
Minibussen på hotellet køyrer dei som ikkje er med på fotturen til restauranten. Det tek om lag ein halv time å gå tilbake til hotellet etter lunsjen, og om ein vil, kan ein følgje mimibussen. Resten av dagen til eigen disposisjon. Det er triveleg berre å rusle rundt i den pittoreske byen og sjå på folkelivet.

Om kvelden blir det middag på eiga hand, og reiseleiarane vil vise dykk gode restaurantar.

Måndag    16.04
Denne morgonen gir vi oss god tid med frukosten og bruker elles formiddagen i San Miniato. Reiseleiarane gir tilbod om ein roleg gåtur på knapt ein time med start kl. 09.30. Elles er det ei oppleving berre å vandre rundt om i byen på eiga hand og kikke innom dei mange spennande butikkane.
Kl. 11.30 møtest vi på Piazza Dante (parkeringsplassen), og bussen vår køyrer oss til den vakre vingarden Montalto for omvising, vinsmaking og lunsj*. Vingarden ligg praktfullt til oppe på ei høgde og har vore i slekta i generasjonar Her kan vi også kjøpe med oss vin og olivenolje. Tilbake til byen ca. kl. 16.00.

Om ettermiddagen slappar vi av og kosar oss i San Miniato. Om kvelden middag på eiga hand. San Miniato har mange innbydande restaurantar, og fleire vil gjerne vere med reiseleiarane.

Tysdag  17.04
Heildagstur til Firenze som er den største renessanse- og kunstbyen i Italia. Her vil vi få glimrande guiding av svenske Bodil som viser oss  rundt i byen og fortel om dei imponerande attraksjonane.
Vi får med oss Duomo, den praktfulle katedralen og Ponte Vecchio – den eldste og berømte brua over elva Arno. Uffizi er eit av dei eldste og største kunstgalleria i verda, og mange av dei mest kjende måleria og skulpturane finn vi her. Denne kunstopplevinga bør du gjerne få med deg. Elles har Firenze eit yrande gateliv og ein stor marknad – særleg med skinnvarer.

Lunsj på eiga hand i Firenze. Om kvelden fellesmiddag* på hotellet vårt.

Onsdag 18.04
Avreise frå hotellet til Pisa der vi gir oss god tid ved Det Skeive Tårnet  og tek lunsj på eiga hand. Vi køyrer så sørover langs vestkysten av Italia mot Roma og kjem fram til den maleriske vesle byen, Castiglione della Pescaia ca. kl. 15.00. Etter å ha sjekka inn på Hotel L’ Approdo, anbefaler vi ein spasertur langs den nydelege stranda og/eller ta ein tur opp til den gamle borga før det blir avslutningsmiddag* på hotellet.

Torsdag  19.04
Etter ein god frukost tek bussen oss til flyplassen Fiumicino i Roma. Avreise der  kl. 13.50, og vi er i Oslo kl. 17.00. Avreise frå Oslo til Bergen kl. 19.00, der vi er framme kl. 19.55.

* Måltida er inkluderte i totalprisen

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
12/4BergenRoma og Toscana216 470,-Bestill
12/4OsloRoma og Toscana215 975,-Bestill