I Jesu fotefar med Sylfest Lomheim

8.–14. april 2018.

For første gong har vi gleda av å tilby ein tur til Israel. Sylfest Lomheim blir kjentmannen vår på turen til dette spennande landet. Han har skrive boka Adam og Eros, med historier om ord og uttrykk frå bibel og mytologi, så her blir det mange underhaldande anekdotar. Lomheim tek oss med på ei innhaldsrik reise til alle dei kjende stadane frå bibelsoga, som klagemuren, Salomos tempel, Via Dolorosa, Golgata, Jesu grav, Pilatus sin residens, Sions berg, Tempelhøgda med Al-Aqsa moskeen i Jerusalem. I tillegg blir det dagsturar til blant anna Nazaret, Jeriko, Betlehem, Daudehavet, Raudehavet og Kapernaum. Og sjølvsagt blir det lunsj med fisk på menyen ved Genesaretsjøen.

Pris frå:
17 450,-
Dagar:7
Flyreisa Oslo, Tel Aviv t/r. Tilknyting mot tillegg.
Busstransport som vist til i turprogrammet.
Overnattingar med frukost på eit godt hotell (4-stjerner).
5 middagar inkludert.
1 lunsj inkludert
Sylfest Lomheim er med som guide heile turen.
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser er med på heile turen.
Bestill reise

Dagsprogram

Turprogram

Førebels program, atterhald om endringar

Søndag 08.04 
Utreise både frå Oslo om morgonen kl. 11:15 til Tel Aviv. Vi er framme i Tel Aviv om kvelden kl. 20:05. Tilknyting frå andre stader mot tillegg. Bussen vår køyrer oss til hotellet vårt i Jerusalem, som ligg midt i sentrum.

Måndag 09.04 
Etter ein god frukost* dreg vi opp mot Oljeberget. Derifrå kan vi sjå ut over heile den gamle bydelen i Jerusalem, som er delt inn i fire kvartal, det jødiske, det muslimske, det armenske og det kristne. Oljeberget er meir eller mindre dekka av ein jødisk gravplass som stammar frå Bibelens tid og framleis vert brukt i dag.
Vi vandrar frå Oljeberget gjennom Lions Gate og får sjå alle dei kjende plassane frå bibelsoga, Behtesda helsebad, Via Dolorosa, Golgata, Tempelhøga, Klagemuren, Vestmuren, og vidare til Sions berg. Transport attende til hotellet.

Middag* på hotellet.

Tysdag 10.04
Etter frukost* kjører vi til den nye delen av Jerusalem for å besøke det Israelske museet Yad Vashem, minnesmerket til Holocaust. Vi passerer Knesset, parlamentet, og stoppar ved Menorahen.
Deretter køyrer vi til Betlehem for å besøke fødselskirka og gjetarane sine område. Buss tilbake til hotellet.

Middag* på hotellet.

Onsdag 11.04
Etter frukost reiser vi med buss til Nazaret der vi besøker Maria bodskapskyrkje, før turen går gjennom Magdala mot Kapernaum. Etter ein stopp i Kapernaum køyrer vi til Galilea sjøen, og der et vi lunsj* med Petersfisk på menyen. Etter lunsj vil vi køyre ned Jordan-dalen og får eit godt utsyn over Jeriko.

Retur til hotellet i Jerusalem.

Middag* på hotellet.

Torsdag 12.04
Etter frukost* reiser vi til Daudehavet. Fyrste stopp vert ved Masada, eit fjellplatå midt i ørkenen. På toppen av fjellet vart det bygd eit palass og forsvarsborg av Kong Herodes ca. år 37-31 f.Kr. Under det jødiske opprøret mot romarane rundt  år 40 e.Kr. var det her ei attståande jødisk motstandsgruppe som kjempa mot ein romersk legion, etter årelang kringsetjing fall Masada etter at romarane hadde bygt ein rampe til toppen av fjellet. Historia fortel at 976 jødar tok sitt eige liv når romarane braut gjennom. Jødane har eit ordtak som seier «Aldri meir Masada» etter denne hendinga. Vi vil nytte gondolbane opp og ned frå fjellet. Her er ei flott utsikt over Daudehavet.

Etter Masada reiser vi til naturreservatet En Gedi der vi får sjå Davids-kjelda. Det er truleg i dette området David gøymde seg etter å ha havna i unåde hjå kong Saul.

Deretter dreg vi til Qumran der Daudehavsrullane vart funne. Her er også gjort arkeologiske utgravingar med funn av bygningsrestar frå f.Kr. Lunsj i Qumran. Etter lunsj reiser vi ned til Daudehavet (395 meter under havet), og dei som vil, kan ta ein symjetur her før vi reiser tilbake til hotellet i Jerusalem.

Middag* på hotellet.

Fredag 13.04 
Etter frukost er det tid på eiga hand i Jerusalem. Hotellet vårt ligg i nærleiken av Marknadsplassen i sentrum. Her er gode mogelegheiter for shopping, eller ein kan ta trikken 4 stoppestader frå hotellet og gå inn gjennom «Jaffa gate» for å oppleve gamlebyen på eiga hand. Reiseleiarane vil vere tilgjengelege om du treng hjelp.

Middag* på hotellet.

Laurdag 14.04
Dette er dagen for avreisa. Flyet har avgang om morgonen kl. 10:00, så etter frukost vil bussen køyre oss til flyplassen i Tel Aviv.
Framme i Oslo kl 16:55

*Måltid som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
8/4OsloI Jesus sine fotefar med Sylfest LomheimMeir enn 817 450,-Bestill