Beatles-tur til Liverpool

23.–27. mai  2018.

Med kåseri av Bård Ose.

Bli med på ein underhaldande Beatles-tur til Liverpool! Dette er ein av turane vi får aller beste tilbakemeldingar på. Dagane startar med Bård Ose sine kåseri på hotellet, der han fortel historier og anekdotar om Beatles og dei andre kjende musikarane frå byen. Vi besøkjer sjølvsagt legendariske Cavern Club og får oppleve stemninga på Penny Lane og magiske Strawberry Fields. Vi får vite kven Eleanor Rigby eigentleg var og mykje anna om livet og musikarane i denne legendariske musikkbyen. Og ein tur med «Ferry across the Mersey» står naturlegvis på programmet. Vi legg også opp til mange konsertar med fantastiske cover-band som spelar Beatles-musikk så likt originalen at ein skulle tru ein var tilbake på slutten av 60-talet

Pris frå:
11 950,-
Dagar:5
Flyreise Oslo-Liverpool t/r.
Daglege kåseri med Bård Ose
Guida turar til fots i Liverpool sentrum
Guida heildagstur med buss med omvising på The Casbah Coffee Club
4-stjerners hotell midt i sentrum
4 frukostar
2 middagar og 1 lunsj
Pubrunde til historiske pubar
Reiseleiar frå Fotefar temareiser
Billettar til Beatles Story-museet
Billettar til Ferry across the Mersey
Enkeltromstillegg, Kr. 2 495,-
Tilknyting frå Bergen mot tillegg
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

Onsdag 23.05
Avreise frå Oslo om morgonen. (Tilknyting frå Bergen, Trondheim, Stavanger etc. mot tillegg) Vi er framme på flyplassen i Manchester på føremiddagen, og bussturen inn til hotellet vårt tek rundt ein time. Etter at vi har slappa av litt på hotellet, vert det kåseri av Bård Ose om Beatles og Liverpool-musikken. Bård vil ta for seg ulike aspekt ved The Beatles i desse foredraga. Alltid med låtsnuttar, og alltid med gode historier og anekdotar om bandet. Etterpå tek Beatles-guiden Jackie oss med på ein kort rusletur i sentrum før det vert fellesmiddag* anten på hotellet eller ein restaurant i nærleiken. Vi er så heldige å ha med oss Beatles-eksperten Jackie Spencer på heile turen. Ho vil ta oss med til dei store Beatles-attraksjonane, og ho kan alt av historier og anekdotar om bandet og dei andre kjende musikarane frå byen. Les meir om ho på tripadvisor.  Etter middag kan dei som vil, gå på Cavern Club der Beatles spelte mange hundre gonger tidleg på 60-talet. Stemninga frå den tida sit framleis i, så her er det berre å drøyme seg tilbake til 60-talet.

Torsdag 24.05
Kl. 9.30-10.30: Beatles-kåseri av Bård Ose.
Avreise med buss frå hotellet rett etterpå. Dette er dagen for den store Beatles-turen med buss rundt i Liverpool. Guiden vår, Jackie, tek oss med til dei kjende Beatles-attraksjonane som Penny Lane, magiske Strawberry Fields, husa til bandmedlemmer og fleire andre stader med tilknyting til The Beatles. I tillegg får vi høyre om Liverpool si lange historie som hamneby og om renovasjonen av byen som har skjedd dei siste tiåra. Slitne hamneområde har vorte opprusta, og på det mest kjende - Albert Dock - er det no mange museum, restaurantar og barar. Det vert felleslunsj* undervegs (kanskje i Penny Lane), og vi besøkjer også St. Peter’s Church i Woolton, kyrkja der Lennon og McCartney møttest for første gong. Det blir også omvising på kjende The Casbah Coffee Club, der vi får møte ein av Pete Best sine brør. Han fortel om då kjellaren i huset vart ein provisorisk klubb og om opningskvelden for kjellarklubben, då forløparen til The Beatles, The Quarrymen, spelte. Før opninga måtte John Lennon, Paul McCartney, George Harrison og Ken Brown måle kjellarlokala sjølve, og dei teikna inn stjerner, edderkoppar, dragar og regnbogar i tak og vegger som ein framleis kan sjå.
Bussen tek oss tilbake til hotellet om ettermiddagen, og vi får nokre timar til å slappe av på hotellet før middag. Her er det også tid til byvandring på eiga hand for dei som ønskjer det, eller kanskje litt shopping. Hotellet vårt ligg rett ved sidan av Liverpool One, byens beste og mest kjende shoppingsenter.
Middag på eiga hand. Dei som vil, kan vere med reiseleiaren til ein koseleg restaurant rett ved hotellet.

Fredag 25.05
Kl. 09.30 samlast vi i konferanserommet på hotellet og høyrer Bård Ose fortelje anekdotar om Beatles og songane deira. Han har store kunnskapar om Beatles og tek gjerne imot ønske frå salen om kva song eller Beatles-medlem han skal fortelje om. Deretter går vi samla til Beatles-museet, The Beatles Story, som ligg rett ved hotellet vårt. Her får vi høyre om heile Beatles si historie - frå før dei slo gjennom til tida etter gruppa vart oppløyst. Museet ligg dessutan ved det restaurerte hamneområdet Albert Dock som er blitt eit av dei vakraste strøka i Liverpool etter restaureringa. Her er det også mange restaurantar og barar. Etter at vi har gitt oss god tid inne på museet, tek vi lunsj på eiga hand. Etter lunsj går vi langs hamna til The Ferry Across the Mersey kjend frå Gerry and the Pacemakers sin song med same namn. Nokre kjenner den sikkert også i Vazelina Bilopphøggers sin versjon, «Ferje over Mjøsa». Denne ferja er ikkje først og fremst ei turistrute, men blir mest brukt av lokalbefolkninga. Båtturen tek ein liten time, og vi får også sjå litt av dagleglivet i Liverpool, sidan mange framleis tek ferja til og frå arbeid.
 Middag på eiga hand. Etterpå tek vi kanskje ein pint på The Grapes Pub der Beatles brukte å møtast. Dei som vil vere lengre ute, kan teste rockefoten på The Cavern Club eller på ein av dei andre utestadene i Mathew Street. Ein ny bar (Sgt Peppers) med Beatles-tema har opna i den kjende utelivsgata. Her er det både restaurant, eit Beatles-museum og ein konsertstad med coverband som spelar Beatles-musikk, så det kan også vere eit godt alternativ denne fredagskvelden.

Laurdag 26.05
Bård Ose underheld oss på hotellet om morgonen med forteljingar frå den liverpoolske pophistoria. På føremiddagen er det sett av tid på eiga hand. Nokre vil kanskje bruke tida til å handle eller berre slappe av og nyte atmosfæren i byen. Om ettermiddagen møter Jackie oss på hotellet og tek oss med på ein gåtur rundt i Liverpool sentrum. Jackie har vore Beatles-guide i fleire tiår og veit alt om Liverpool-musikken. Ho tek oss med på ein historisk pubrunde der vi kan smake på tradisjonelt øl - lokal real ale. På Liverpool sine eldste pubar får vi oppleve noko av den same atmosfæren som dei norske sjømennene som har kome til Liverpool i fleire hundre år. På ein av pubane skal vi prøve å få til eit møte med ein eller fleire med tilknyting til Beatles. Vi har tidlegare fått til møte med Len Garry frå The Quarrymen, skulebandet til Beatles, og med Freda Kelly, sekretæren til Beatles kjend frå dokumentarfilmen Good Ol’ Freda. Vi avsluttar runden på ein av favorittpubane til Beatles, The Philarmonic. Dette er ein ærverdig, gammal Liverpool-pub som er nærast uendra frå den vart bygd på slutten av 1800-talet. Då John Lennon vart spurt kva han sakna mest frå livet før han vart berømt, svara han kort: Å ta ein øl på The Phil.
Om kvelden går vi saman til avslutningsmiddag* på ein koseleg restaurant nær hotellet.

Søndag 27.05
Avreise frå hotellet til flyplassen kl.13.00. Flyet går frå Manchester kl. 16.20. Framme i Oslo kl. 19.15 og Bergen kl. 21.05.

Måltider som er merka med*, er inkluderte i prisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/5OsloBeatles-tur til LiverpoolMeir enn 811 950,-Bestill