St. Petersburg og Moskva med Hans-Wilhelm Steinfeld

07.-14. september 2018. 
 Historie – kultur – politikk.      

Vi er så heldige å få med oss Hans-Wilhelm Steinfeld som kjentmann til vakre St. Petersburg og storslegne Moskva. Han har vore korrespondent i Moskva i fleire periodar, og kjenner det russiske samfunnet svært godt. Kvar dag på turen vil Steinfeld halde eit kåseri på hotellet der han auser av kunnskapane sine om russisk historie og politikk. I tillegg viser han oss både dei største attraksjonane og meir ukjende sider ved dei to byane, til fots og med buss. Med Steinfeld som kjentmann får vi verkeleg eit unikt innblikk i denne stormakta si skiftande historie og kultur. 

Pris frå:
27 950,-
Dagar:8
Flyreisa Oslo/Bergen–St. Petersburg med retur Moskva–Oslo/Bergen.
Busstransport og guiding på heile rundturen.
Togreisa frå St. Petersburg til Moskva.
3 overnattingar med frukost på sentralt 4-stjerners hotell i St. Petersburg.
4 overnattingar med frukost på ærverdige Hotel Metropol (5 stjerner) i Moskva.
6 lunsjar/middagar som vist i programmet.
Inngangsbillett til alle fellesattraksjonar og museum i følgje programmet.
Billett til ein konsert/ballett eller liknande.
Hans-Wilhelm Steinfeld er med på heile turen som guide og held daglege kåseri.
Norsk turleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen. I tillegg nyttar vi lokale skandinavisktalande guidar.
Enkeltromstillegg, kr. 3 250,-
Ikkje inkludert, Visum kr. 1 545,- pr. person.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar i programmet

Fredag 7.  september
Avreise med SAS frå Oslo og Bergen om føremiddagen, via Stockholm til St. Petersburg. Når vi er framme i St. Petersburg om ettermiddagen, tek bussen vår oss inn til sentrum av denne svært vakre byen, der Dostojevski og Gogol skreiv sine meisterverk.  Vi bur sentralt til på 4-stjerners hotellet Park Inn (Nevsky Prospect 4).  Velkomstmøte i eige rom på hotellet med fellesmiddag* på hotellrestauranten etterpå.

Laurdag 8. september
Etter ein god frukost startar vi dagen med å møtast i resepsjonen for dagens kåseri kl. 09.00-10.00 med Hans-Wilhelm Steinfeld: 100 år siden Den russiske revolusjonen.
Kl. 10.20 blir det busstur til Peter Paulus-festninga, som vart oppført under Den store nordiske krigen for å verne byen mot svenskane og til Bronseryttaren, som er statuen av Peter den store. Deretter er det tid for felleslunsj*. 
Etter lunsjen blir det omvising på det imponerande Vinterpalasset og Heremitasjen med si store kunstsamling av kjende europeiske kunstnarar som Rembrandt, Leonardo da Vinci, Matisse, Van Gogh og Picasso. Vi har med oss to lokale norsktalande guidar. Tilbake til hotellet ca. 17.30. Middag på eiga hand, men reiseleiarane vil ta dei som ønskjer det med på ein av dei mange gode restaurantane i nærleiken av hotellet.

Søndag 9. september
Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld som vanleg foredrag kl. 09.00 -10.00: St. Petersburg i krig og fred.
Kl. 10.20 køyrer vi til Sankt Isaac katedralen. Dette er ein av dei mest kjende landemerka i St. Petersburg, og ein svært flott dom.  Etter felleslunsj* dreg vi så til Peterhof, det storslegne slottet og parken utanfor sentrum.  Peter den store bygde dette fantastiske anlegget på byrjinga av 1700-talet etter modell av slottet i Versailles, og mange meiner det er meir imponerande enn Versailles. Vi reiser så attende til hotellet kl. 17.00 med hydrofoil og er framme ca. kl. 18.00. Vi slappar litt av før vi går ut for å ete middag på eiga hand. Dei som vil, kan gjerne følgje reiseleiarane til ein restaurant i nærleiken. 

Mandag 10. september
Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld foredrag kl. 09. - 10.00, i dag om Bak Putins kulisser.
Etter foredraget har vi tid på eiga hand til å rusle rundt i området ved hotellet. Her er det også fleire varehus om ein ønskjer å handle litt. Vi tek så hurtigtoget til Moskva om lag kl. 13.00. På toget får vi servert lunsjpakke*. 
Vi er framme på togstasjonen i Moskva om ettermiddagen og bussen vår køyrer oss like etterpå til Hotel Metropol (2 Teatralny prospect). Dette hotellet har 5 stjerner og ligg berre eit steinkast frå Den røde plass. Det vart bygd i 1901, under Tsar-tida, og er eit landemerke i Moskva. Her har alt frå russiske aristokratar til sovjetiske toppleiarar budd, og i tillegg har det husa vestlege tilreisande som Bernard Shaw og Bertold Brecht. 
Etter innsjekkinga og litt avslapping møtest vi i resepsjonen og har fellesmiddag* i eigen bankettsal på hotellet kl. 20.00.

Tysdag 11. september
Etter frukost startar vi dagen som vanleg kl. 09.00 med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld: Norge-Russland gjennom 1000 år.
Vi går deretter går til handlegata Arbat der vi tek lunsj på eiga hand og elles får litt tid for handling.
Kl. 14.00 går det buss frå Arbat til Park Pobedy (Sigersparken) og får med oss det imponerande og spennande krigsmuseet. Vi køyrer elles forbi The White House der Jeltsin i 1991 forsvara Gorbatsjov mot eit kupp, og der det i 1993 var kampar der fleire miste livet. 

Buss tilbake til hotellet og ettermiddagen og kvelden til fri disposisjon.  Middag på eiga hand der ein kan velje blant fleire gode restaurantar i nærleiken av hotellet. Vi kan anbefale ein av hotellrestaurantane også, dei har svært god kvalitet og service.

Onsdag 12. september
Etter ein utsøkt frukost i den storslegne spisesalen vil Hans-Wilhelm Steinfeld kl. 09.00-10.45 halde kåseriet  Russisk rabalder.

Kl. 11.15 køyrer bussen frå hotellet, og Steinfeld tek oss med til den store æreskyrkjegarden for kjende russarar, der vi blant anna finn Khrutsjov si grav og minnesmerket over Jelsin. Deretter blir det lunsj, og etterpå legg vi opp til ein stopp ved Vår Frelsars Kyrkje. Til slutt køyrer vi tilbake til hotellet vårt.
Ettermiddag på eiga hand. Vi anbefaler å ta tidleg middag før vi går på førestelling kl. 19.00 på Bolshoi-teateret, som ligg like ved hotellet. Det er ei stor oppleving å kunne sjå ei førestelling her i det som kanskje er eit av verdens vakraste og mest berømte teater. Vi går frå hotellet klokka 18.15.

Torsdag 13. september
Etter frukost startar vi dagen som vanleg kl. 09.00 med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld om  Tillitens visittkort, Norge-Russland med det som forklarer forskjellene mellom oss.
Kl. 10.20 tek Steinfeld gruppa med til Den røde plass. Her er han på skikkeleg heimebane som tidlegare NRK-reporter, og gruppa kan glede seg til ei spennande innføring i kommunistleiarane si historie. Her gjev vi oss god tid, før vi tek lunsj på eiga hand og gjerne ruslar litt i handlegatene i området, før vi går mot Kreml. Kreml er kanskje Moskvas mest kjende landemerke og vart bygd som ei festning, men er i dag eit svært flott og kjent museum med blant anna mange kyrkjer. Her har vi norsktalande guidar som viser oss rundt på området i to grupper. 

Om kvelden møtest vi kl. 19.00 til avslutningsmiddag* i eit klassisk vakkert rom på hotellet. Her underheld vi kvarandre med song, gode historier og ymse innslag. 

Fredag 14. september
På avreisedagen blir det kl. 09.30 tid  til eit føredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld der han oppsummerer: Mitt liv som Moskva korrespondent for NRK. 
Fram til utsjekkinga kl. 12.30 har vi tid på eiga hand. Avreise med bussen vår kl. 13.30. På veg til flyplassen guidar Hans-Wilhelm oss. Innsjekking der med flyavgang med Aeroflot om kvelden til Oslo, og vidare derifrå til Bergen.

* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
7/9BergenSt. Petersburg og Moskva med Steinfeld127 950,-Bestill
7/9OsloSt. Petersburg og Moskva med SteinfeldMeir enn 827 950,-Bestill