Den store musikkturen Nashville, Memphis & New Orleans

16.  –  25. oktober 2018.

Dette er ein tur vi i Fotefar temareiser alltid gler oss veldig til. Vi får oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz.

I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøkjer vi Elvis sin heim, Graceland, motellet der Martin Luther King vart skoten i tillegg til bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele. 

Artisten Olav Stedje er med på heile turen og held minikonsertar.

 

Pris frå:
27 950,-
Dagar:10
Flyreisa Oslo – Nashville med retur New Orleans –Oslo. Andre avreisestader mot tillegg, og etter særskilt førespurnad ved påmelding.
Busstransport og guiding på heile rundturen i USA.
8 overnattingar med frukost på sentrale og gode hotell.
5 lunsjar/middagar som vist i programmet.
Inngangsbillett til The Country Music Hll of Fame, Graceland, Sun Studio og The National
Civil Rights Museum.
Billettar til konsertane på The Grand Ole Opry og på Palm Court Cafe.
Artisten Olav Stedje er med på heile turen og held minikonsertar.
Kjell Martin Holen er turleiarar frå Fotefar temareiser.
Rundtur i Nashville med tidlegare sjef i Warner Brothers Music som guide
Busstur med lokal guide i New Orleans.
Guida busstur med lokal guide til områda i Memphis der Elvis og Johnny Cash voks opp.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.
 
Tysdag 16.10
Avreise Oslo om morgonen. (Andre avreisebyar på forespørsel.)  Vi landar i Nashville same kveld, og bussen vår køyrer oss til hotellet i sentrum av den pulserande musikkbyen. Nashville har nær 640 000 innbyggjarar og er hovudstaden i Tennessee. I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjent som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd.
 
Onsdag 17.10
Etter frukost møtest gruppa, og turleiarane orienterer om turopplegget og dagsprogrammet. Deretter ruslar vi nedover Broadway og endar opp ved The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eige tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar. Lunsj på eiga hand. Etterpå kan vi gå innom ein av dei mange såkalla honky-tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida. Den mest kjende er nok Tootsie’s (http://www.tootsies.net/) og Robert’s Western World
Kl. 18.00 samlast vi på hotellet til middag*. Her vil Bob (tidlegare sjef i Warner Brother Music i USA) fortelje oss om Nashville og countrymusikken. I tillegg vil Olav Stedje halde ein minikonsert. 

Om kvelden går vi ut og et middag og nyt musikken og folkelivet på Broadway. 
  
Torsdag 18.10
Denne morgonen startar vi kl. 09.30 på ein guida busstur frå hotellet med Bob der vi er innom kjende stader i Nashville. Vi får også med oss nokre av husa til country-stjernene og studioa der fleire av dei største artistane har spelt inn dei legendariske albuma sine. Rundturen tek 2 ½ time, og vi blir til slutt sette av på Broadway. Her et vi lunsj, høyrer på musikk og kosar oss.
Resten av ettermiddagen kan ein rusle rundt i byen eller berre slappe av på hotellet. Nashville har fleire store plateforretningar, så her kan ein gjere mange gode kupp. Mange vil nok også ta turen innom Johnny Cash-museet (http://www.johnnycashmuseum.com/). Vi kan også anbefale ein tur til Belle Meade (http://bellemeadeplantation.com/). Dette er ein typisk Sørstatsplantasje, og her får ein eit glimt inn i verda vi kjenner frå filmen “Tatt av vinden” og tv-seriar som ”Nord og Sør”. På Belle Meade dreiv dei med oppdrett av veddeløpshestar, og der er guida omvisingar som gir ein eit innblikk i den store skilnaden mellom herskapsbustaden og slavehyttene. 

Kl. 18.30 er vi klare for kveldens store oppleving, konserten (kl. 19.00) på The Grand Ole Opry. Denne kvelden er konserten i det gamle, ærverdige lokalet Ryman Auditorium. (https://www.ryman.com/) Etter at konserten er ferdig, kan dei som vil høyre meir musikk, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-tals rock, country og bluegrass. Så her er det berre å hive seg med i dansen. Det er også mogeleg å få seg ein matbit, dersom nokon ønskjer det.
   
Fredag 19.10
Avreise frå Nashville. Bussen køyrer vestover i Tennessee til Memphis. Reiseleiarane fortel om musikken i området vi køyrer gjennom, og Olav Stedje underheld litt for oss undervegs. 
 
Det første som står på programmet i Memphis, er eit besøk på Lorraine Motel der Martin Luther King vart skoten. Motellet husar no The National Civil Rights Museum (http://www.civilrightsmuseum.org/), og er eit svært godt museum.
 
Om kvelden møtest vi i baren på hotellet før vi går ut til middag* på ein av dei aller best kjende honky-tonkane på utelivsgata Beale Street – Blues City Cafe (http://www.bluescitycafe.com/ ). På menyen står ekte Memphis Ribs eller Catfish, eit must når ein er i denne byen. Vi har eit eige band som spelar for gruppa vår. Bandet har  spesialisert seg på 50- og 60- talsmusikk, og etter middagen er det berre å hive seg ut i dansen. 

Laurdag 20.10
Dette er nok dagen dei som voks opp med 50- og 60-talsrocken kan glede seg mest til. Vi startar dagen med ein kort køyretur til Sun Studio (https://www.sunstudio.com/) der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater. Gruppa vår får omvising, og vi kan lytte til fleire av innspelingane. 
 
Turen går så til det berømte Graceland (https://www.graceland.com/ ) , Elvis sin heim gjennom mange år, og her får vi omvising i huset hans, slik det var då Elvis budde der (inkludert i turprisen). Etter går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen og ser på filmar, konsertopptak og andre Elvis-effektar. Gravlunden der Elvis og hans nærmaste er gravlagde, er også spesiell. Etterpå er det også tid å sjå bilane, motorsyklane og flya til Elvis (mot tillegg) og elles vandre rundt i dei mange suvenirbutikkane på området. Vi reknar med å bruke fleire timar på Graceland, og då skulle det også vere bra tid til å kose oss med lunsj. 

Kl. 17.00 køyrer vi tilbake til hotellet vårt og slappar litt av før vi møtest i baren på hotellet for å gå ut til middag, bruke kvelden på Beale Street og høyre på fantastisk bluesmusikk. I denne gata ligg bluesklubbane tett i tett, og dei som vil, kan få ei stor musikkoppleving til måltidet på blant anna baren til blueslegenda BB-King (http://bbkings.com/memphis/) eller på velkjende Rum Boogie Cafe (http://rumboogie.com/). Vi kan også anbefale Jerry Lee Lewis’s Honky Tonk (http://jerryleelewismemphis.com/) der det som oftast er live pianobasert blues og klassisk rock n’ roll.

Søndag 21.10
Avreise frå hotellet kl. 09.00. Vi forlet Tennessee og køyrer sørover gjennom det store Mississippi-deltaet der bluesen oppstod. Reiseleiarane fortel om Mississippi-musikken og om dei tallrike musikarane derifrå som forma rocken og bluesen. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chicago. I byen Jackson i Mississippi stoppar vi for buffetlunsj* på Country Fisherman Restaurant og dreg så direkte til jazzens fødeby, New Orleans. 
 
Hotellet vårt, Drury Inn and Suites, ligg midt i det pulserande sentrumet. Etter at vi har sjekka inn, får vi servert ein lett middag* med vin, øl eller mineralvatn inkludert. Kl. 18.15 går vi samla på jazzklubben Preservation Hall (http://preservationhall.com/hall/). Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Der får vi verkeleg oppleve den autentiske New Orleans-musikken.

Etter konserten som varer i ein knapp time, vil reiseleiarane vise kor vi kan setje oss ned for å lytte til endå meir jazzmusikken og nyte atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong. Ein  rusletur på berømte Bourbon Street høyrer sjølvsagt med før vi går tilbake til hotellet.

Det beste området å oppleve live jazz er spennande Frenchmen Street (https://frenchmenstreetlive.com/), og reiseleiarane tek gjerne dei som vil med dit.
 
Måndag 22.10
Kl. 09.30 startar vi med ein guida busstur på 2 ½ time i og rundt New Orleans. Hovudtema er musikk og musikkhistorie, men vi får også høyre om New Orleans si spennande historie, og kva som gjer byen så spesiell. Ingen andre byar i USA liknar på New Orleans. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Karibien, og Mississippi-elva bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana. 

Tidleg om kvelden møtest vi på hotellet og får eit lett middag* med vin, øl og mineralvatn inkludert. Etterpå går vi den korte vegen til Bourbon Sreet og  French Quarter, høyrer på jazzmusikk på kvart gatehjørne og samlast gjerne på stambaren vår.
For dei som er interesserte i Blues-musikk kan vi anbefale House of Blues der det er livemusikk alle kveldar i veka (http://www.houseofblues.com/neworleans).
            
Tysdag 23.10
Vi startar dagen med ein rusletur saman med turleiarane til Jackson Square og dei mange koselege kafeane i gatene i dette området. Her kan ein høyre live-jazzmusikk heile døgnet, og om ein vil handle, finst det mange små artige butikkar. Vi vil elles føreslå eit to-timars båtcruise på Mississippi-elva med ein ekte hjuldampar. Dette er elles ein dag der ein kan oppleve byen på eiga hand. New Orleans er kjent for god mat, særleg sjømat, og her kan ein ete både Creol (franskinspirert) eller Cajun (enklare rettar).
 
Kl. 18.30 går vi saman til Palm Court Cafe (http://www.palmcourtjazzcafe.com/), der vi skal ete ein typisk sørstatsmiddag* med 4-rettar og nyte tradisjonell New Orleans-jazz. Her har mange av dei store musikarane spelt, så vi er på historisk grunn.  
 
Onsdag 24.10
Tidleg ettermiddag går flyet frå New Orleans, slik at det er tid til ein siste rusle- eller handletur i byen før bussen køyrer oss til flyplassen. 
 
Torsdag 25.10
Vi er framme i Norge neste dag på føremiddagen.              

* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
16/10OsloDen store musikkturen227 950,-Bestill