Den store turen til Veskysten av USA

26. oktober - 5. november

Historie – kultur – folkeliv - “det gode liv” - glamour

Eva Bratholm tek oss med på draumereisa til California og Nevada. Vi startar i ein av USAs vakraste byar, San Francisco med Golden Gate, fangeøya Alcatraz, kabelvogner og China Town. Vi smakar vin i Napa Valley og køyrer langs Stillehavet, med besøk i Silicon Valley, småbyen Salinas der John Steinbeck vart fødd, og den idylliske kunstnarkolonien Carmel, der Clint Eastwood var borgermester. I Los Angeles skal vi oppleve glitter og glamour i Hollywood. Vi får også med oss Kodak-teateret der Oscar-showet finn stad kvart år og det er mogleg å få omvising i eit av dei store filmstudioa eller ein guida busstur rundt i Beverly Hills. Ferda går så gjennom ørkenlandskapet i Nevada, og reisa vert avslutta i maksimalistiske Las Vegas. Her kan ein velje mellom ein spektakulær tur til Grand Canyon eller utforske berømte Las Vegas, og kanskje vi får ein tur på kasino?

Eva Bratholm er godt kjend i dette området, og dette var faktisk også ein del av bryllupsreisa til Eva og ektemannen Joar Hoel Larsen for 11 år sidan! Han er ikkje guiden vår, men med sin inngåande kjennskap til området og sjølvsagt som aktiv deltakar i bryllupsreisa vert vi ikkje forundra om det fell ein kommentar eller fleire om det vi opplever undervegs i turen. 

Pris frå:
31 950,-
Dagar:10
Flyreisa Oslo – San Francisco med retur frå Las Vegas.
Busstransport og guiding på heile turen.
7 overnattingar på 4-stjerners hotell.
2 overnattingar på hotell i småbyar
5 middagar og 2 lunsjar som merka med * i programmet.
Billettar til museum og attraksjonar
Billettar til båttur
Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er guide på heile turen og vekslar mellom kåseri i morgonmøter og guiding/kåseri undervegs på bussturane
Toril og Rolf Partenyi er reiseleiar frå Fotefar temareiser.
Bestill reise

Dagsprogram

Reiseprogram

Atterhald om endringar

26.10.
Avreise frå Gardermoen om ettermiddagen (tilknyting frå andre flyplassar mot tillegg). Vi landar i San Francisco på sein ettermiddag, og reiser med buss over Bay Bridge med flott utsikt til byen og Golden Gate i solnedgangen og inn til hotellet vårt sentralt i San Francisco. Der blir vi møtt av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Med ni timar tidsforskjell tek vi det med ro og samlast til ein hyggeleg middag* første kvelden i ein av dei vakraste byane i USA.

27.10.
Etter velkomstmøtet med Eva  og Joar skal vi på vinsmaking i Napa Valley med eit snev av Falcon Crest! Vi køyrer gjennom San Francisco sentrum og over Golden Gate og tek den obligatoriske stoppen på nordsida av brua. Utsikta mot byen er fantastisk, så dette er staden for å ta flotte bilete. Vi fortset til Napa-dalen der vi køyrer gjennom vinmarkene til nokre av USA sine beste vinprodusentar. Det er 400 av dei i Napa-dalen, og oktober med drueinnhaustinga er månaden då grunnlaget vert lagd for produksjon av dei berømte Napa-vinane. Etter vinsmaking og omvising på vinmuseum, køyrer vi på tilbakevegen innom idylliske og eksklusive Sausalito i Marine County og et sein lunsj med kjempeutsikt til San Francisco på andre sida av "fjorden". I staden for å køyre over Golden Gate tek vi båt attende til byen og hotellet. For dei som ønskjer det, vert det ein tur opp til Twin Peaks med ei flott utsikt over byen og The Bay Area før vi et middag* på Fishermans Wharf.

28.10.
Alcatraz - berre namnet er nok til å få frysningar! Den vesle klippa ligg midt i San Francisco Bay og har vore fengsel i snart 200 år, først for desertørar under Borgarkrigen og deretter for indianarar som ikkje ville "siviliserast". Men i 1934 vart det gjort om til eit fluktsikkert fengsel for FBI sine mest ettersøkte kjeltringar. Gangsterkongen Al Capone var ein av dei innsette som kom til  å gi Alcatraz høg status. Det tek ein liten halvtime med båt til den berykta anstalten som i dag er eit godt besøkt og svært spesielt museum. "Lydshowet" med gamle fangar på tape, med dører som slamrar og nøklar som raslar, gjev eit autentisk bilete av livet på øya.

Ettermiddagen er fri til eigne utflukter. Køyr gjerne med ei av byen sine berømte kabelvogner - the Cable Car, eller ta ein taxi ned kloden si mest krunglete og krokete gate, Lombard Street. Ta ein antikk-trikk til verdas homsehovudstad Castro, eller oppsøk Haight-Ashbury  - distriktet der hippierørsla vart fødd på 60-tallet. Eller kanskje eksotiske Chinatown med sitt yrande liv og spennande lukter er meir forlokkande? Shopping kan du få gjort på/ved Union Square, eller du kan vandre langs havna og sjå på sjøløvene som kjempar om sjøløve damene sin gunst.

29.10.
Vi startar på turen sørover gjennom Silicon Valley med alle dot.com hovudkvartera og stoppar i Salinas der nobelprisvinnaren i litteratur John Steinbeck (1902-1968) vart fødd. Barndomsheimen hans står der enno, men det er det storslegne National Steinbeck Center som fortener eit besøk. Få stader i USA vert landet si nyare historie oppsummert på ein så visuell og interessant måte. Hovudverket "Vredens druer" står sentralt, både boka og filmen, og den sosiale røyndomen som førde til at boka vart skriven. Etter denne litterære historietimen køyrer vi ned til Monterey, kjend for sin Jazz Festival og sine kunstnarar. Mange av John Steinbecks romanar handlar om livet i Monterey, men vi skal vidare langs den 17-mile lange Scenic Drive ut mot Stillehavet til den idylliske vesle kunstnarkolonien Carmel, der filmlegenda Clint Eastwood var borgarmeister frå 1986-88. Her skal vi gå til ro for dagen, men først skal vi sjå sola gå ned i havet, og så ete middag* på Hogs Breath Inn, restauranten som Clint sjølv ein gong eigde!

30.10.
Ein køyretur langs Highway 1 er noko mange amerikanarar drøymer om. Dei kallar den gjerne den vakraste bilturen i USA. Vi opplever ein Stillehavskyst som er så urørt og vill - utan reklameskilt - at ein vanskeleg kan tru at dette er California! Det myteomspunne Big Sur er meir ein slags sinnstilstand enn eit geografisk punkt, men mange har lete seg lokka til denne aude, men fascinerande  kyststrekninga. Mens vi speidar etter kondorar - ein gong så godt som utrydda - ser vi på elefantselane som dovnar seg på stranda, før vi dreg til Hearst Castle i San Simeon. Dette "slottet i øydemarka" høyrde til den eksentriske, men styrtrike avismagnaten  William Randolph Hearst, ofte nemnd som modell for "Citizen Kane". På 20- og 30-tallet festa USA sine A-kjendisar, mellom greske søyler og mauriske bogar på Hearst Castle, Hollywood-kjendisar og Washington-politikarar i skjønn foreining. Vi overnattar i Solvang, ein "dansk" by med bindingsverkshus og Den lille havfrue - i innlandsdalen Santa Ynez. Fellesmiddag* på hotellet om kvelden.

 

31.10.
Vi held vidare fram sørover vestkysten gjennom små landsbyar og kjende vindistrikt. Det var i dette området den Oscar-nominerte filmen "Sideways" vart laga om utdrikkingslag og vinkonsum. Vi besøkjer små vinbutikkar i Los Olivos før vi passerer Michael Jakcsons "Neverland" og set kursen for Los Angeles. Undervegs et vi lunsj* i Santa Barbara, og bussen køyrer oss gjennom kjendisbyar som Ventura og Malibu før vi kjem til L.A. Der avsluttar vi dagen på legendariske Santa Monica Pier, som er kjend frå bl.a. TV-serien Pacific Blue og der Route 66 sluttar. Vi køyrer så til hotellet vårt i Los Angeles der kvelden er på eiga hand.

01.11.
Dette er dagen for glitter og glamour i Hollywood med stikkord som Graumans Chinese Theatre og Hollywood Walk of Fame! Vi besøkjer Kodak-teateret der Oscar-showet vert arrangert kvart år, ei oppleving der ein kan verte «star-struck» av mindre! Det vert også mogleg å få omvising i eit av dei store filmstudioa (mot tillegg), få ein guida tur til Beverly Hills (mot tillegg) eller bli med på ei omvising i Downtown LA med kunst, kultur og arkitektur i fokus. "Celebrity spotting" er ein viktig del av ein draumedag i Hollywood, enten ein oppsøkjer bustadadresser eller får kink i nakken på Sunset Strip i håp om å få auge på ei filmstjerne! Og kven veit, kanskje dukkar det opp ein det er verd å skrive heim om? Kvelden på eiga hand ved hotellet vårt som ligg fint til ved Venice Beach.

Her kan vi nyte vakre omgjevnader ved stranda og Venice Canals og studere posørar på Muscle Beach som er der berre for å bli beundra! Ikkje nokon annan stad i USA er det så mange amatørunderhaldarar og gateartistar, sannseiarar og spåkoner, muskelspelarar og kroppsbyggarar, fakirar og flanørar som på Venice Beach. Stranda er rein og vakker, palmane imponerande og havet er innbydande, men mest av alt er "the Boardwalk" ei oppleving. Sjølve "gågata" på stranda med joggarar og syklistar, rulleskøytefantastar og hundeluftarar, og ikkje minst nysgjerrige turistar er eit syn verdt.

02.11.
Etter ein god frukost på hotellet går turen til Las Vegas via Mojave National Preserve. Her får vi verkeleg sjå California frå fleire sider, både det vidstrakte bylandskapet i Los Angeles, fjella bak byen, og det spesielle landskapet i den vakre Mojave-ørkenen. Vi får fleire høve til å strekkje på beina, blant anna med ein lengre matstopp i Barstow. Om ettermiddagen kjem vi fram på til hotellet vårt i Las Vegas og et ein sein lunsj* før vi brukar kvelden på å ta inn alle inntrykka frå dette maksimalismens mekka, også kalla Sin City. Det vert hevda at Las Vegas er så opplyst at det er den einaste byen på jorda som kan sjåast frå månen.

03.11.
Denne dagen kan du velje mellom å utforske byen Las Vegas med sine kasino og mange kopibygningar av t.d. Cæsar sitt palass, Eiffeltårnet, Empire State Building, Chrysler Building, Kheopspyramiden og Fridomsgudinna, eller for dei som ønskjer det, er ein dagstur til Grand Canyon heiltopp alternativ (mot tillegg). Grand Canyon er ei enorm kløft i det nordlege Arizona som ligg om lag 2 timars køyring frå Las Vegas. Dette er ein av USAs største turistattraksjonar, og den vart skapt av Coloradoelva gjennom fleire millionar år. Grand Canyon er om lag 446 km lang, varierer i breidde frå 0,5 til 29 km, og spenner over 1600 m frå topp til botn, så dette er verkeleg eit spektakulært syn.

Du kan reise dit enten via buss, der vi startar kl. 08.30 om morgonen og er attende kl. 17.30 om ettermiddagen, eller du kan sjå dette fantastiske landskapet frå lufta frå helikopter. Du kan velje mellom ein helikoptertur med eller utan landing i Grand Canyon (med landing er høgare pris). Deltakarane på turen i 2017 var svært begeistra for desse opsjonane!

Vi får så litt tid til å slappe av eller utforske litt rundt hotellet før det kl. 20.00 vert avslutningsmiddag* på ein restaurant i nærleiken av hotellet. For dei som ønskjer det, kan vi fortsetje kvelden på eit av dei mange kasinoa i byen og sjå på korleis livet som «gamblar» artar seg.

04.11.
Dette er dagen for heimturen. Utsjekk er klokka 11.00, men vi har god tid til å halde fram med å utforske Las Vegas fram til avreise frå hotellet klokka 14.30. Avreise til Oslo frå flyplassen i Las Vegas sein ettermiddag.

05.11.
Ankomst Oslo neste føremiddag. Fly vidare til andre destinasjonar i Norge mot tillegg.

Måltida som er merka med *, er inkluderte i prisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
26/10OsloVestkysten av USA med Eva BratholmMeir enn 831 950,-Bestill