Kroatia, Bosnia og Montenegro med Hans-Wilhelm Steinfeld

5.–12. mai  2018

Hans-Wilhelm Steinfeld har både vore korrespondent for NRK på Balkan og student i Sarajevo som ung. Få nordmenn kjenner historia til det tidlegare Jugoslavia og den konfliktfulle tida etterpå betre enn han. På denne turen tek han oss med til både Kroatia, Bosnia og Montenegro, og vi får oppleve vakre kystbyar såvel som skogkledde åsar og imponerande fjellandskap. Vi bur på eit godt hotell med utsikt over hamna i Dubrovnik, og vi startar dagane med kåseri frå Steinfeld der han fortel underhaldande om Balkans historie og kultur heilt frå dei gamle grekarane til i dag. Om kveldane kosar vi oss med god middelhavsmat, og det blir både vinsmaking og ein hyggeleg kveld med kroatisk folkemusikk. Vi har også med oss Steinfeld på bussturane rundt i regionen, der han fortel levande og innsiktsfullt om historie, kultur og politikk undervegs.

Pris frå:
19 950,-
Dagar:8
Flyreise Oslo/Bergen - Dubrovnik t/r
Sightseeing i Dubrovnik i følgje programmet
Heildagstur til Mostar i Bosnia med Hans-Wilhelm Steinfeld
Heildagstur til Kotor i Montenegro med Hans-Wilhelm Steinfeld
7 overnattingar på godt hotell
7 frukostar
7 middagar
3 lunsjar
Reiseleiar frå Fotefar temareiser
Kveld med folkemusikk
Hans-Wilhelm Steinfeld held daglege kåseri på hotellet og/eller bussturane
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Laurdag 5. mai
Avreise frå Oslo kl. 06.00, og vi er framme i Dubrovnik kl. 08.55. Bussturen inn til Dubrovnik tek ca. 35 min, og etter innsjekking møtest vi i konferanserommet til velkomstmøte og Hans-Wilhelm Steinfeld si første forelesing. Lunsj* på hotellet.

Hotellet vårt ligg fint til rett opp frå hamna med utsikt over Lapad-bukta. Etter lunsj tek bussen oss med til gamlebyen, der vi får ein guida tur i dei koselege gatene. Vi får også høyre om beskytninga av byen under Borgarkrigen på Balkan, og gjenoppbygginga etterpå. Så godt restaurert er gamlebyen i Dubrovnik at den har vorten ettertrakta som kulisse for filmproduksjon, og mange storfilmar er tekne opp her. Velkomstmiddag* på hotellet.

Søndag 6. mai
Vi startar dagen med kåseri med Steinfeld frå 09.00 til 10.00.
Etterpå foreslår vi ein gåtur på dei imponerande bymurane rundt gamlebyen. Dei eldste delane vart bygde heilt tilbake frå 800-talet og dei mange bastionane er frå 1300-talet. Denne koselege turen rundt murane er på nesten 2 kilometer, og ein får ein god oversikt over byen på vegen rundt.

På ettermiddagen er det tid for å oppdage landsbygda rundt Dubrovnik. Bussen tek oss med til ei typisk kroatisk bygd med tradisjonelle steinhus og karakteristiske raude tak. Her blir det middag* med heimelaga mat, og det blir høve til å smake både den lokale raudvinen og šljivovica (plommedram). Familien som driv garden dansar også tradisjonelle folkedansar for oss.

Måndag 7. mai
Denne dagen skal vi på reise med buss til Montenegro, der vi får innblikk i historia, folkeliv, og kulturen til denne vesle republikken. Landet kan by på ein fantastisk natur - flotte fjell, langstrekte strender med klart vatn, frodig vegetasjon og ikkje minst den kjende Kotorfjorden som vert sett på som ein av verdens vakraste fjordar, og derfor har fått plass på Unescos si verdarvliste.

Montenegro var ikkje direkte berørt av krigen på Balkan og har difor mange gamle og sjåverdige byar intakt, også desse oppført på Unesco-lista. Vi stoppar opp i Kotor og får ein guida tur der, ruslar i gatene og tek inn den fantastiske atmosfæren i denne vakre byen. Buss tilbake til Dubrovnik om ettermiddagen.
Middag* på på hotellrestauranten om kvelden.

Tysdag 8. mai
Vi startar dagen med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld frå kl. 9-10.
Etter kåseriet reiser vi med buss ut til ein lokal vingard eit par mil frå Dubrovnik, der vi får smake på god kroatisk vin og høyre garden si historie. Vingarden har berre 2 hektar vinmarker, og dei lagar ein raudvin og to sortar kvitvin. Vinstokkane i dette området vart planta av dei gamle grekarane, og mange opprinnelege druesortar, unike for regionen, har overlevd og blir brukte i moderne kroatisk vinproduksjon.
Vi et enkel lunsj* på vingarden før vi reiser attende til Dubrovnik.
Om ettermiddagen blir det tid på eiga hand. Ein rusletur til båthamna nedanfor hotellet kan anbefalast. Eller ein liten tur til gamlebyen. Middag på hotellet*.

Onsdag 9. mai
Etter frukost blir det forelesing med Hans-Wilhelm Steinfeld frå kl. 09.00-10.00.
Denne dagen får vi med oss ein båttur ut til Lopud, ei av dei vakre øyane i skjergarden. Avreise frå hotellet kl. 10.30. Dette er absolutt noko ein bør få med seg når ein er i Dubrovnik. Når vi kjem fram, får vi servert ein enkel lunsj* i den pittoreske fiskarlandsbyen. Øya er kjend for dei fine hagane sine med blomster, appelsiner og sitroner, så vi anbefaler ein gåtur i dei tronge gatene. For dei som vil gå lengre, er det ein sti til ei kyrkje ca. ein halv time opp fjellsida bak landsbyen. Etter nokre timar i land på denne fredfulle øya mønstrar vi på båten igjen som tek oss dei 45 minutta tilbake til Dubrovnik.
Det blir tid god til å slappe av på hotellet eller rusle rundt litt i gatene før vi samlast til middag på hotellet* om kvelden..

Torsdag 10. mai
Denne dagen reiser vi med buss til Bosnia. I dette røffe, men vakre landet, ser ein framleis arra etter den tragiske borgarkrigen i 1990-åra. Men vel så mykje sit ein att med dei gode opplevingane i møte med varme og imøtekommande bosniarar, og for den fascinerande Øst-møter-Vest atmosfæra i landet som har vore ein del av både det Ottomanske riket, og Stor-Ungarn.

Vi får sjå vakre historiske byar, der restaurerte historiske bygningar og middelalderborger ligg side om side med fasjonable barar og internett-kafear. Alt omkransa av vakre fjellkjeder, fossar og djupe dalføre. Medan vi opplever dette vil Steinfeld fortelje oss om dette landet si rike historie og korleis det er å leve i Bosnia i dag. Lokalguide i Mostar.

Fellesmiddag* på hotellet i Dubrovnik om kvelden.

Fredag 11. mai
Etter frukost blir det vekas siste kåseri Hans-Wilhelm Steinfeld frå 09.00 til 10.00.
Resten av dagen kan ein nyte byen, slappe av på ein kafe eller shoppe i ein av dei mange små butikkane i gamlebyen.
Vi kan også anbefale å ta taubana frå gamlebyen og opp til platået bak byen. Utsikten frå Dubrovnik sitt svar på Fløybanen er fantastisk, og på toppen er det restaurant, så ein kan slappe av med ein kopp kaffi eller ete ein god lunsj før ein tek turen ned att.
Om kvelden blir det avslutningmiddag* på hotellet. Vi kosar oss med ein trerettars middag med god kroatisk mat og lokale vinar i glaset.

Laurdag 12. mai
Dette er dagen for heimreise. Etter frukost sjekkar sjekkar vi ut av hotellet og bussen køyrer oss til flyplassen i god tid før avgang kl. 09.35. Vi er framme i Oslo kl. 12.35.

Måltid merka med * er inkluderte i prisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
5/5BergenKroatia, Bosnia og Montenegro med Hans-Wilhelm SteinfeldMeir enn 819 950,-Bestill
5/5OsloKroatia, Bosnia og Montenegro med Hans-Wilhelm SteinfeldMeir enn 819 950,-Bestill