I vikingane sine fotefar med Torgrim Titlestad og Rasmus Sunde

30.april - 7.mai 2018

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert, Torgrim Titlestad. Han er ein glimrande førelesar og vil gje oss eit historisk innblikk i vikingtida, stadene vi besøkjer og om landnåmet og dei norske spora på øyane. Historikaren Rasmus Sunde frå Fotefar er med som reiseleiar.

Vi startar med fly frå Bergen til Aberdeen og tek ferja derifrå til Lerwick på Shetland. Her besøkjer vi dei berømte ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof  og elles Scalloway museum som har ei eiga avdeling om Shetlandsfarten under krigen.  Deretter seglar vi vidare til Kirkwall på Orknøyane. Her  får vi med oss den imponerande St. Magnus-katedralen og verdskjende  steinalderminna Scara Brae. Til slutt tek vi ferje tilbake til det skotske fastlandet. Ein båttur på verdskjende Lock Ness er sjølvsagt med i programmet, og vi avsluttar med sightseeing i dei vakre byane Inverness og Aberdeen.

Pris frå:
17 950,-
Dagar:8
Direktefly både Bergen/Stavanger – Aberdeen t/r
Busstransport på heile turen som vist i programmet
7 frukostar
7 middagar/lunsjar
1 overnatting på båten i innvendige 2-manns lugarar, ekstra kostnad for utvendig lugar.
6 overnattingar i Lerwick, Kirkwall og Inverness
Utflukter og guiding på Shetland og Orknøyane
Sightseeing og guiding i Aberdeen og i Inverness
Inngangsbillettar Skara Brae og Jarlshof og dei andre attraksjonane i programmet
Båttur på Loch Ness
Daglege kåseri av professor Torgrim Titlestad
Historikaren Rasmus Sunde frå Fotefar Temareiserer er reiseleiar

Bestill reise

Dagsprogram

Dagsprogram

Atterhald om små endringar

Måndag 30.april
Avreise frå Bergen kl. 08.45 og framme i Aberdeen kl. 09.05 (lokal tid).
Norske Elma møter oss på flyplassen, og vi får guiding med buss rundt om i Aberdeen og inn til sentrum. Denne universitetsbyen er Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Han er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er oljebyen i Skottland, men har også fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og det populære kunstgalleriet har gratis inngang.

Vi går av bussen ved Mercure Caledonian Hotel, Union Terrace, og då er det tid for lunsj på eiga hand. Etterpå kan vi rusle litt rundt i bykjernen, og vi anbefaler eit besøk på Maritime Museum, Shiprow og/eller Art Centre, 33 King Street.Kl. 16.30 møter vi på ein konferansesal på Mercure Caledonian Hotel der vi får det første kåseriet av professor Torgrim Titlestad. Han vil starte opp med å fortelje om Harald Hårfagre og rikssamlinga i Norge.
Bussen vår hentar oss der kl. 17.30 og køyrer den korte vegen til ferjekaien der vi går om bord i Hjaltland. Vi sjekkar inn på lugarane på den store ferja som skal ta oss til Shetland kl.19.00. Om bord er det lugarar i ulike kategoriar, restaurantar og butikkar. Vi får utlevert middag- og frukostbillettar, og vi kan ete når tid det passar oss. Det er likevel koseleg å vere samla under middagen*, så vi foreslår at vi møtest i restauranten kl. 19.00. Om kvelden kan vi nyte ein vakker solnedgang om veret er fint.

Tysdag 1.mai
Når vi vaknar denne morgonen, køyrer ferja inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. På veg inn gjennom skjergarden et vi ein god skotsk frukost før vi går i land. De får utdelt eit «7 day Historic Scotland Pass» som gir oss dykk fri inngang til dei fleste store historiske attraksjonar i heile Skottland.
Ferja er framme kl. 07.30, og etter kvart går vi i land. Kl. 08.00 ventar bussen på oss og køyrer gjennom eit vakkert og skiftande  landskap medan professor Titlestad fortel oss om vikingtida og dei gamle norske områda i Vesterhavet. Vi reknar med å vere framme til ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof ca. kl. 09.00.  I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein stor busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokter mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.
Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart leigde inn, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper på 52 av dei.

Etter besøket på Jarlshof køyrer bussen den korte vegen til det historiske hotellet Sumburgh der det blir servert kaffi/te og kjeks*. Vi får også med oss Croft House Museum før vi dreg  vidare til Scalloway. På denne bussturen fortel Titlestad om norsk motstandskamp under krigen. Vel framme i den vesle byen er det først tid for lunsj*. Deretter stoppar vi ved monumentet som er reist til minne over nordmenn som miste livet her under krigen. Så skal vi gje oss god tid på Scalloway museum som også har ei avdeling om Shetlandsfarten under andre verdskrigen. Museet vart opna i 2012 av statsminister Jens Stoltenberg. Etter museumsbesøket kikkar vi Scalloway Castle før bussen køyrer oss tilbake til Lerwick.
Der sjekkar vi inn på hotellet vårt, slappar av eller ruslar gjerne litt rundt i Lerwick før middagen* på hotellet. Byen er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt shopping. Den lokale ølsorten Valhalla og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.

Onsdag 2.mai
Kåseri av Titlestad på konferanserommet på hotellet etter frukost.
Føremiddagen fri til å utforske byen på eiga hand, men dei som vil kan vere med reiseleiarane til dei viktigaste attraksjonane som Shetland Museum and Archives. Det er også fascinerande å vandre langs gatene og i hamneområdet.

Vi tek ferja frå Lerwick på Shetland til Kirkwall på Orknøyane om ettermiddagen, og under middagen ( på eiga hand) om bord køyrer ferja inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje.
Vi er framme kl. 23.00 og sjekkar inn på Kirkwall Hotel, som ligg fint til nede ved hamna.

Torsdag 3.mai
Etter ein god skotsk frukost får vi dagens kåseri av Titlestad på hotellet.
Etter kåseriet møter vi den lokale guiden Clare for ei vandring gjennom Kirkwall og til St. Magnus-katedralen.  Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen og er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie.
Etter 3 ½ time guiding med den svært dugande Clare, blir det lunsj på eiga hand og ettermiddagen til eigen disposisjon i denne særeigne byen.

Middag* på restauranten på hotellet kl. 18.00, og etterpå går vi til «Wrigley and The Reel» som ligg like ved St. Magnus-katedralen. Dette er ein heilt spesiell konsertstad med topp tradisjonell musikk frå Orknøyane. Den har nettopp vorte nominert til beste konsertstad for tradisjonsmusikk i heile Skottland og vert driven av musikarsøstrene Jennifer og Hazel Wrigley. Dette er også ein skule for tradisjonsmusikken på desse øyane, og den er såleis viktig for bevaringa av denne musikken.
Vi har bestilt ein eigen konsert for gruppa vår kl. 20.30, men vi møter gjerne opp like etter middagen på hotellet. Konsertopplevinga kostar £25.  På «Wrigley and The Reel» kan vi smake på det lokale ølet frå Orkney Brewery eller på ein av dei to lokale whisky-merka frå Orknøyane: Highland Park eller Scapa. Denne kvelden kosar vi oss med ekte reel frå Orknøyane.

Fredag 4.mai
Etter frukost og kåseri av Titlestad tek den lokale guiden oss med på ein heildags busstur rundt om på Orknøyane til blant anna dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle. Busetjinga på Scara Brae består av åtte steinhus som var i bruk mellom 3180 og 2500 f.Kr. Husa er bygde i ei klynge, og på det meste budde det 50 til 100 personar her.
Sidan det er så godt bevart, har Skara Brae vorte omtala som «Skottlands Pompeii». Som Jarlshof på Shetland var det stormar som bles vekk sand og jordsmonn og avdekka bygningane, først i 1850 og så i 1924. Nettopp fordi husa har vore gravlagde i sand, har dei halde seg svært intakte. Lunsj* på turen.

Buss tilbake til Kirkwall, og om ettermiddagen vert det tid til å rusle rundt i byen på eiga hand. Om kvelden middag på eiga hand, men reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.

Laurdag 5.mai
Etter ein tidleg frukost er det tid å forlate dei små øysamfunna og setje kursen mot fastlandet. Bussen vår tek oss først på tvers av hovudøya, Mainland, til bygda Stromness, der ferja går  kl. 09.00. Ferjeturen til ferjeplassen Scrabster heilt nord på det skotske fastlandet tek ca. 1 ½ time. Denne ferjeturen med utsikt til grøne øyar og imponerande klipper, vert av mange sett på som den vakraste i Skottland. Det er også her Atlanterhavet møter Nordsjøen.
Bussen tek oss så sørover på det skotske høglandet, og Titlestad fortel undervegs. På kysten vil vi sjå mange stadnamn med norrøne røter, medan vi i innlandet ser meir og meir namn med gælisk opphav.

På vegen stoppar vi i Aviemore i Droumitoul Lodge der Norwegian Holding School eller Linge Company vart etablert i november 1941. Denne motstandsrørsla hadde øvingsfeltet  og  hovudkvarteret sitt her fram til slutten av krigen. I 1973 vart det reist eit minnesmerke og eit senter der for Kompani Linge. Lunsj* undervegs. Norske Kirsti er med oss som guide denne dagen og søndag.

Vel framme i Inverness sjekkar vi inn på hotellet vårt og samlast til middag* kl. 19.00.

Søndag 6.mai
Etter frukost og kåseri av Titlestad tek den norske guiden oss  med på ein båttur på verdskjende Loch Ness, der vi får høyre legenda om sjøormen Nessie som skriv seg heilt tilbake til 500-talet. Loch Ness er Skottland sin nest største innsjø og den klart djupaste med 226 meter, og det er nettopp tankane om kva som kan skjule seg i det store djupet som seiest å vere opphavet til teoriane og mytane om sjøuhyret. Langs innsjøen ligg ruinane etter eit av dei største slotta i Skottland, Urquhart Castle. Slottet vart bygd på 1200-talet og har spelt ein sentral rolle i skotsk historie opp gjennom hundreåra.
Etter ein spennande føremiddag på innsjøen og på slottet, tek bussen oss med tilbake til Inverness. Då er det tid for lunsj på eiga hand og elles å utforske byen.

Om kvelden middag på eiga hand, og reiseleiarane hjelper til med å finne gode restaurantar.

Måndag 7.mai
Denne føremiddagen nyttar vi på eiga hand i Inverness til litt shopping eller rusle rundt og kikke på folkelivet. Lunsj på eiga hand før vi sjekkar ut av hotellet, og bussen køyrer oss til Aberdeen. På denne turen får vi det siste kåseriet frå Titlestad. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar både på øyane og på det skotske høglandet, og Titlestad har gitt oss den historiske bakgrunnen til desse områda og samfunna. I dette avslutningsforedraget vil han samle trådane frå dagane før. 

I Aberdeen køyrer bussen direkte til flyplassen der avreisa til Stavanger (direktefly) er kl. 17.50 og framme kl. 19.55. Avreise til Bergen (direkte) kl. 18.40 der flyet landar kl. 20.55.

*Måltid inkluderte i prisen

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
30/4BergenI vikingane sine fotefar med Torgrim Titlestad og Rasmus SundeMeir enn 817 950,-Bestill
30/4StavangerI vikingane sine fotefar med Torgrim Titlestad og Rasmus SundeMeir enn 817 950,-Bestill