Vandretur på paradisøya Madeira

30.10-06.11. 2018

Paradisøya Madeira, perla i Atlanterhavet, kan samanliknast med ein flytande hage. Vulkansk oske og lava har gitt øya eit svært næringsrikt jordsmonn. Uansett kva årstid vi vel å besøkje øya, så kan vi nyte ein enorm blomsterprakt. Denne fruktbare øya er eit botanisk paradis, og blomstrar som begonia, julestjerne og oleander veks her vilt som store busker og tre. Madeira er ei ”dramatisk” øy, eksotisk grøn med lys som gir landskapet eit spesielt skimmer.
Ei naturvandring langs vatningskanalane levadaane, som knyter saman heile Madeira i eit gigantisk nettverk, må berre opplevast. Vi går i roleg tempo på gode stiar gjennom eit skiftande og fantastisk landskap.
Funchal står i dag fram som en svært moderne og spennande by, medan jordbruket framleis blir dyrka etter tradisjonelle metoder. Hakke og ljå er dei vanligaste reiskapane, og generasjonar har dyrka vin og bananer på dei karakteristiske terrasse-åkrane opp etter fjellsidene
.

Pris frå:
12 975,-
Dagar:8
Flyreise Oslo - Madeira t/r (Mogeleg tilknyting frå andre byar mot tillegg i pris)
All busstransport, guiding og fellesutflukter som vist i programmet
7 overnattingar på 4* hotell
7 frukostar
8 middagar/store lunsjar
Kulturkveld med musikk, song og folkedans
Prøvesmaking av vin, ost, tropiske frukter og anna
Norsktalande, lokal guide på Madeira
2 reiseleiarar frå Fotefar Temareiser
Bestill reise

Dagsprogram

Dagsprogram

Tysdag 30. oktober: Frå Norge til Madeira
Avreise frå Oslo om morgonen og framme på Madeira om ettermiddagen. På førespurnad er det mogeleg å reise frå andre byar. På flyplassen blir vi møtt av den lokale guiden Alina som snakkar flytande norsk. Ho vil vere guiden vår gjennom heile veka. Bussen vår køyrer oss inn til Funchal, og vi sjekkar inn på hotellet vårt (4*), der vi skal bu under heile opphaldet. Hotellet ligg sentralt til med ein vakker hage og to symjebasseng. Alle romma har suite med ein ekstra salong.

Kl. 18.00 blir det informasjonsmøte og «bli-kjend-kveld» før vi får servert ein god middag*.

Onsdag 31. oktober: Besøk i Funchal.
Etter frukost skal vi gjere oss kjende i den fargerike hovudstaden på Madeira, Funchal. Guiden Alina tek oss med på ei byvandring til fots.
Denne utflukta vil gi eit godt grunnlag for å utforske byen på eiga hand seinare.
Vi startar med eit besøk i den vakre katedralen frå 1514 med namnet Sé.  Arkitekturen er ei blanding av hispano-arabisk og gotisk-romanske linjer.

I den fargerike marknadshallen kan vi beundre mangfaldet av blomster, frukt og grønsaker som er plasserte rundt ein sentral gardsplass. Her er det også smaksprøver på frukter vi aldri har visst om. I same bygning finn vi fiskehallen med dei mange artene som er fanga i denne delen av Atlanterhavet. For oss nordmenn er den svarte, spesielle "Espada-fisken» den mest eksotiske. Denne fisken bør du absolutt ete under opphaldet.

Vi går vidare til ein broderifabrikk, der vi får omvising og ser på kva utruleg arbeid som ligg bak dei vakre broderia som byen er berømt for.
Til slutt på vandreturen besøkjer vi eit madeiravinhus, der vi får lære om historia til denne vinen og korleis den blir produsert og lagra. Her får vi sjølvsagt ei smaksprøve.
Lunsj på eiga hand, men Alina viser oss restaurantar der turgruppa kan sitje nokså samla og kose seg.

Resten av dagen til eigen disposisjon, men vi kan anbefale å besøkje dei to frodige byhagane med eksotiske blomster, plantar og tre.

Middag* på hotellet om kvelden.

Torsdag 1.november: Til fots på Levadaen
Vale Paraiso

Vatningsvegane, levadaane, er eit særpreg for Madeira. Fra gammel tid har ein gjennom dette kanalsystemet ført vatn rundt om på øya. Vi startar med ein roleg spasertur gjennom den grøne Paradisdalen med utsikt over sjarmerande og isolerte landsbyar.

Langs turen vil vi oppleve forskjellige lukter som av Eucalyptus, Gyvel, eiketre, fennikel, kamelia og mange andre, og det er flott å oppleve den rike floraen og det spesielle landskapet.
Etter ca. 4 km i relativt flatt terreng kjem vi fram til den vesle landsby Achadinha der vi set oss ned på kaffebaren Moses til ei forfrisking. På veg til lavadaen opplever vi den ville, vakre og vestre delen av Madeira. Vi dreg langs bananplantasjane og vingardane på sørkysten fram til den berømte klippa, Cabo Girão. Klippa har eit loddrett stup på 580 meter rett ned i havet og er med dette verdas tredje høgaste. Her nyt vi utsikta før vi held fram utflukta vår til Ribeira Brava, ein pittoresk kystby der vi får tid til ein spasertur, kikke på fiskebåtane og der får vi servert lunsj*.

På denne turen vil guiden Alina fortelje litt om historia til Madeira i tillegg til alt det spennande vi ser undervegs. Vi er tilbake til hotellet om ettermiddagen og kan nyte fasilitetane på hotellet eller ta ein tur inn til gamlebyen i Funchal.

Middag på eiga hand denne kvelden, men reiseleiarane gir råd om koselege restaurantar.

Fredag 2. november: Opp i høgfjellet og ein liten vandretur på lavadaen.
Bussen tek oss opp til Pico do Areeiro som er det tredje høgste fjellet på øya med 1810 moh. På vegen dit køyrer vi gjennom Laurissilva mot Ribeiro Frio. I dette området finn vi ein spesielt rik vegetasjon med planter som er unike for øya. Her er også ein liten aurefarm som er vorte ein obligatorisk stans for alle besøkjande. Vi har også tid til ein lett spasertur på levadaen i området. Vi stoppar i byen Faial, og får vi servert lunsj*.

Etterpå køyrer vi hovedvegen og set kursen mot Santana. Her kikkar vi på dei tradisjonelle husa med stråtak og sine pittoreske hagar. Turen held fram mot byen Machico, som er den tredje største byen på Madeira. Vel framme slappar vi av på hotellet og kosar oss ute i den flotte hagen og i symjebassenga.

Middag* på hotellet om kvelden.

Laurdag 3. november: Levadaen Lombo dos Marinheiros
Denne turen langs levadaen er særleg sjarmerande og inneheld ei blanding av lokal flora og fauna og vakker utsikt som vi kan sjå mellom dalar og opne marker. Etter fotturen på 2-3 timar køyrer bussen oss tilbake til Funchal der det først blir lunsj på eiga hand. 

Deretter tek vi den berømte taubana opp til Monte og nyt ei førsteklasses panoramautsikt over Funchal og den storslegne naturen på Madeira.  Vi kikkar på den vakre katedralen på Monte der Karl I, den siste keisaren av Austerrike/Ungarn, ligg i jarnkiste.
På nedturen frå Monte er det ei stor og populær oppleving å setje seg i ein av dei mange berømte sledane for å skli ned igjen dei bratte bakkane. Desse såkalla Monte-sledane var opphavleg eit transportmiddel for å komme raskt ned fjellsidene til sentrum. Desse fletta korgsledane er forma som sparkstøttingar, og dei blir styrde av to menn – carreiros – som er kledde i kvite kler og stråhattar. For dei som ikkje vågar seg ut på denne attraksjonen, kan ein ta bussen ned att frå Monte.

Denne kvelden skal vi oppleve den genuine atmosfæren på Madeira med typisk lokal mat og drikke! Her blir vi servert ein tre-rettars middag* der hovudretten er dei berømte grillspyda på ca. ein meter! Under middagen underheld ei lokal folkloregruppe med tradisjonelle songar som fado og lokale dansar. Dei dyktige dansarne er i alle aldrar og vil gjerne at vi blir med i dansen!

Søndag 4. november. Levada Do Norte og Camara de Lobos
Vandringa denne dagen går på den lengste vatningskanalen på øya med vakker utsikt over sørvest kysten. Dette er ein moderat tur på ca. 2 ½ time i roleg gange.

Bussen hentar oss, og turen held fram til Camara de Lobos i det landskapet som Winston Churchill måla under opphaldet sitt på øya. Her er det mange fargerike, små fiskebåtar. Om natta legg fiskerne ut for å fange den populære Espada fisken og andre fiskeslag. I denne byen får vi servert lunsj* og deretter kan vi utforske byen litt påeigahand før vi køyrer tilbake til hotellet.

Middag* på ein god restaurant i gamlebyen om kvelden.

Måndag 5. november Valfrie alternativ – vandretur på lavada eller segltur.
Alternativ 1   Lavadaen do Rei  (Kongens Levada)
Dette er ein heildagstur på ca.4 ½ time i roleg gange med gode pausar og piknik. Vi går gjennom dei vakre dalane i São Jorge i dei mest grøderike områda på heile øya. Dette skuldast regnskogen, og vi opplever ei mengd med urter og plantar som blir nytta innan medisinen. Det mest spektakulære er når vi går bak eit fossefall og kjem fram til ein nærmast paradisisk stad som er så vakker at den mest tek pusten frå folk flest.

Avslutningsmiddag* på hotellet om kvelden.

Alternativ 2   Båttur med Nau Santa Maria Colombo  
Busstransport til og retur frå havna og båttur med ein tru kopi av Christopher Columbus sitt skip Santa Maria. Denne kopien vart bygd ferdig i 1998 i fiskebyen Camara de Lobos. Sidan då har tusenvis av folk opplevd denne «historiske» seglturen langs sørkysten. Då er det lett å drøyme seg tilbake til slutten av 1400-talet og førestille seg korleis Columbus og mennene hans hadde det på veg til ukjende farvatn.   Turen tek ca. 3 timar. Lunsj på eiga hand, og ettermiddagen til eigen disposisjon.

Avslutningsmiddag* på hotellet om kvelden.

Tysdag 6. november
Retur til Norge

Buss frå hotellet til flyplassen midt på dagen, og då har vi god tid til å gå ein tur i sentrum før vi får servert lunsj*

Måltid som er inkluderte *

 

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
30/10OsloParadisøya MadeiraMeir enn 812 975,-Bestill