Kiev og Odessa med Hans-Wilhelm Steinfeld

19. - 26. juni 2018        

Bli med til eit land som vi har høyrt mykje om, men som ikkje så mange har besøkt enno. Vi reiser til Ukraina sine to vakraste byar, storslegne Kiev med sine breie avenyar og idylliske Odessa ved Svartehavskysten, og på togturen mellom byane får vi sjå den ukrainske landsbygda, Europas kornkammer.
Vi er så heldige å få med oss Hans-Wilhelm Steinfeld som kjentmann på turen. Han har stor kunnskap om Ukraina frå tida si som korrespondent for NRK, og har vore tett på mange av endringane i landet sidan kommunisttida. Kvar dag på turen vil Steinfeld halde eit kåseri på hotellet der han auser av kunnskapane sine om historie og politikk. I tillegg viser han oss både dei største attraksjonane og meir ukjende sider ved dei to byane, til fots og med buss.

Pris frå:
25 950,-
Dagar:8
Flyreisa Oslo–Kiev med retur Odessa–Oslo.
Busstransport og guiding på heile rundturen.
Togreisa frå Kiev til Odessa.
4 overnattingar med frukost på sentralt 4-stjerners hotell i Kiev.
3 overnattingar med frukost på sentralt 4-stjerners hotell i Odessa.
5 lunsjar som vist i programmet.
5 middagar som vist i programmet
Inngangsbillett til alle fellesattraksjonar og museum i følgje programmet.
Dagstur til Tsjernobyl
Hans-Wilhelm Steinfeld er med på heile turen som guide og held daglege kåseri.
Turleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen. I tillegg nyttar vi lokale guidar.
Bestill reise

Dagsprogram

Turprogram

Atterhald om endringar i programmet

Tysdag 19.  juni
Avreise frå Oslo om føremiddagen til hovudstaden Kiev. Byen vart grunnlagd på 400-talet og hadde ein sentral plass på rutene til vikingane i austerled. Når vi er framme i Kiev om ettermiddagen, tek bussen vår oss inn til sentrum av denne vakre byen som faktisk er den niande største i Europa med nesten 3 millionar innbyggjarar. Vi bur på eit 4-stjerners hotell midt i sentrum.  Velkomstmøte i eige rom på hotellet med fellesmiddag* på hotellrestauranten etterpå. (M)

Onsdag 20.  juni
Etter ein god frukost møtest vi i resepsjonen for det første kåseriet med Hans-Wilhelm Steinfeld.

Kl. 11.00 blir det ein guida busstur rundt i Kiev der vi får med oss ulike bydelar og periodar i byen si 1500 år lange historie. Første stopp er St. Sophia-katedralen som har eit heilt spesielt klokketårn og St. Michael-klosteret med det vakre, karakteristiske gulltaket.

Vi stoppar også ved staden der Kiev vart grunnlagd, og der det i dag står eit over 500-år gamalt eiketre. Byen vart grunnlagd av slaviske stammar med vikingane i austerveg skulle spele ei stor rolle i Kievriket. Sentralt i danninga av riket var nordiske varjagar, spesielt Oleg av Novgorod. Skal ein tru den såkalla Nestorkrønika, skrive i Huleklosteret i Kiev omkring år 1100, blei riket grunnlagt av den skandinaviske hovdingen Rurik i året 862. Krøniken fortel om ein skandinavisk hovding som blei bede av dei slaviske og finske stammene i Nord-Russland om å kome og herske over dei. Landet vårt er stort og rikt, men det er ikkje nokon orden der, sa dei finske og slaviske stammene til Rurik, etter kva krønika fortel. Etterfølgarane til Rurik skaffa seg kontroll først med Novgorod og sidan med Kiev. Då Kiev blei innteke av dei skandinaviske varjagaene, hadde dei skaffa seg kontroll med mesteparten av handelsruta frå Austersjøen til Svartehavet, sjølve hovudvegen frå Skandinavia til Konstantinopel. Framleis har nokre av namna langs elva Dnjepr norrøne røter, som fossen Strukun som kjem frå det norske ordet «stryk».

Felleslunsj undervegs.
Bussen tek oss så til Sankt Andreas-kyrkja og Voldomyr-åsen med fin utsikt til elva Dnepr. Vidare får vi med oss den berømte St. Voldomyr-katedralen og Huleklosteret (Kyiv Pechersk Lavra) før vi dreg til gamlebyen Podil og endar opp i sentrum på Maydan Nezalezhnosti (Independence Square) og hovudgata, Khreshatyk.

Fellesmiddag på ein koseleg restaurant rett ved hotellet. (F/L/M)

Torsdag 21. juni
Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld som vanleg foredrag kl. 09.00 -10.00.

Etter kåseriet blir det ein guida gåtur med utgangspunkt i Maydan Nezalezhnosti (Independence Square), hovudgata Khreshatyk, Freedom Square og Arch of Friendship. Hans-Wilhelm Steinfeld fortel levande om Sovjet-tida, statsdanninga i 1991 og Oransjerevolusjonen i 2014.

Felleslunsj på The Last Barricade, ein heilt spesiell restaurant som har som tema (på ein morosam måte) Ukraina sine revolusjonar og uavhengigheit frå Russland.

Etter lunsj gir vi oss god tid på det nasjonale krigsmuseet, og vi får også med oss monumentet bygd til minne om svoltkatastrofane i mellomkrigstida (Holodomor Victims Memorial).

Fellesmiddag på restauranten O’Panas som har spesialisert seg på ukrainsk mat. Restauranten ligg fint til rett ved universitetsparken, Taras Shevchenko Park, og viss veret er fint, kan ein sitte på utebord mot den fine parken. Utpå kvelden er her også live ukrainsk folkemusikk, så vi kan sitte igjen og kose oss med musikken etter middag. (F/L/M)

Fredag 22. juni
Vi startar dagen med  Hans-Wilhelm Steinfeld sitt foredrag kl. 09.-10.00. Etter foredraget blir det dagstur til Tsjernobyl. Bussturen dit tek ca. 2,5 timar, så vi får sjanse til å sjå den ukrainske landsbygda på veg fram og tilbake.

Det er no over 30 år sidan reaktor 4 i atomkraftverket i Tsjernobyl gjekk i lufta den 26. april i 1986. Det vart oppretta ei sikkerhetssonen på 30 kilometer omkring ulukka, der berre autorisert personell slapp inn. Sidan området har stått meir eller mindre folketomt i tre tiår, kan vi framleis sjå skular, hus og butikkar som vart forletne i hu og hast. Landsbyane omkring vart evakuerte og ingen rakk å pakke med seg noko. Alle ting ligg igjen. Bord står dekka med fat og bestikk, og grytene står på komfyren. Det er ei sterk oppleving å sjå dette.

Sjølv om det enno finst nokre restriksjonar, er området no rekna som sikkert, og det er opna for turisme. Dei første hotella inne på området er også ferdigbygde.

Lokalguiden vår fortel oss kva som skjedde i dagane etter ulukka og under evakueringa,  og viser oss sentrale bygningar i den folketomme byen. Vidare får vi sjå ei utstilling av maskiner og robotar som vart nytta under oppryddinga etter ulukka (det var for farleg for menneske, så ein brukte robotar der det var mogeleg). Vi et lunsj i den statlege kantina for arbeiderane på området.
Steinfeld fortel korleis Sovjet-regimet handterte Tsjernobyl og korleis Vesten reagerte,  og kva måte ulykka påverka energipolitikken i åra vidare.

Buss tilbake igjen til hotellet i Kiev.

Etter litt avslapping på hotellet møtest vi i resepsjonen og går til området som vert kalla Kievs Montmatre. Her er det trange gater med boder som sel alt frå antikvitetar frå Sovjet-tida til kunsthandverk og suvenirar. Vi skal ete på den kjende restauranten Kanapas som serverer tradisjonell ukrainsk mat med ein moderne tvist. (F/L/M)

Laurdag 23. juni
Etter frukost startar vi dagen som vanleg kl. 09.00 med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld.
Guida tur om formiddagen med temaet: Det jødiske Kiev. Jødane har ei lang historie i Ukraina og spelte ei viktig rolle i Kiev i århundrer. Allereie i det gamle Kiev-riket var der ein stor jødisk bydel, og ein av byportane vart kalla Jødeporten. Vi får oppleve den Bessarabiske marknaden, Brodskiy Synagogen og andre interessante bygningar i det jødiske kvartalet. Vi får også sjå huset der Golda Meir, Israel sin fjerde statsminister, vart fødd med namnet Golda Mabovitz og voks opp i ein fattig familie. Felleslunsj i den jødiske bydelen.

Om ettermiddagen tek vi toget til Odessa og kjem fram seint om kvelden. Undervegs får vi sjå det vidstrakte ukrainske landskapet. Store område er dyrka, men framleis ligg ein del av jorda brakk eller blir driven uproduktivt. Mange av landsbyane ber preg av fattigdom, sjølv om Ukraina opp gjennom historia har blitt sett på som Europas kornkammer. Saman med Midtvesten av USA har kanskje Ukraina dei beste områda for korndyrking i heile verda. (F/L)

Søndag 24. juni
Etter ein god frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld kl. 09.00-10.00 det daglege kåseriet sitt.

Det neste på programmet er ein guida busstur rundt til dei største attraksjonane i vakre Odessa. Byen vert kalla Svartehavets perle, og når ein køyrer rundt i dei nydelege gatene med dei mange grøne parkane, kan ein godt forstå kvifor. Vi får sjå den gamle bydelen og det kjende operahuset fra 1880-tallet, Teatralnaya-plassen og Primorsky-bulevarden og mykje anna. Hans-Wilhelm Steinfeld fortel på bussen om Odessa sin posisjon i Sovjet-tida og i dag. Felleslunsj undervegs på ein av dei koselege restaurantane i gamlebyen.

Ettermiddagen til fri disposisjon. Det er mange spennande butikkar i gamlebyen, så kanskje nokon vil handle litt. Den ukrainske valutaen, hryvnia, vart devaluert for ikkje så lenge sidan, så prisane er gode for oss nordmenn. Middag på eiga hand. (F/L)

Måndag 25. juni
Etter frukost startar vi dagen som vanleg kl. 09.00 med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld.

Det neste på programmet er ein guida gåtur i gamlebyen, der vi ruslar rundt i dei vakre gatene som gjer at mange seier dette er den finaste byen langs heile Svartehavet. Fleire av gatene er gågater, så her er det roleg, utan mykje støy frå biltrafikk. Odessa har alltid vore ein smeltedigel av ulike folkeslag og eit knutepunkt mellom handelen på Svartehavet og opp elvane gjennom Russland og Ukraina. Blant folkeslaga som har herska over byen finn vi både dei gamle grekarane, tatararane, ottomanarar, lituanarar og russerar. I tillegg har byen hatt ei stor jødisk busetjing. Denne spennande historia, og mykje meir, får vi høyre meir om på rusleturen vår i gamelbyen.

Lunsj på eiga hand i gamlebyen. Ettermiddagen til fri disposisjon. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein gåtur ned til hamna. Gjennomsnittstemperaturen i juni ligg på rundt 25 grader, så her kan ein kose seg i godt sommarver.

Odessa er kjend for sjømaten sin, og denne dagen blir det avslutningsmiddag på ein god restaurant med kortreist sjømat frå Svartehavet. Kvitvinen frå dette området er også god, så her får vi oppleve eit ekte Odessa-måltid med både lokal vin og lokale råvarer. (F/M)

Tysdag 26. juni
På avreisedagen blir det kl. 09.00 tid  til eit føredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld der han oppsummerer det vi har opplevd og lært i løpet av turen

Bussen vår tek oss til flyplassen. Fly til Oslo, tilknyting til andre byar mot tillegg. (F)

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
19/6OsloKiev og Odessa med Hans-Wilhelm SteinfeldMeir enn 825 950,-Bestill