Argentina og Uruguay med Eva Bratholm

10. - 20. mars

Historie – kultur – folkeliv - “det gode liv”

Eva Bratholm tek oss med til Evita Peron sitt heimland på denne eksotiske turen til hovudstaden i Argentina, der vi også får ein liten smakebit av nabolandet Uruguay. Vi skal utforske den pulserande metropolen Buenos Aires med sine mange ansikt. Vi skal oppleve dei ulike bydelane, frå fattige men fargerike La Boca, til det pulserande og levande Palermo, det hippe og tradisjonelle San Telmo til Paris-liknande Recoleta der vi skal bu. Tangoshow, med tilhøyrande kurs for dei som ynskjer det, er obligatorisk, likeså besøk på Evita-museet. Vi utforskar pampasen og besøkjer ein storgard på pampasen med den verdskjende grillmaten frå Argentina på fatet og smakar på den berømte argentinske raudvinen medan gauchoane held rideshow for oss. Utflukt til landsbyen El Tigre ved elva Parana gjev oss vakre naturopplevingar. Det vert også tid til ein båttur på Rio de la Plata over til Uruguay og byen Colonia del Sacramento som er oppført på Unesco si verdsarvliste. Her vandrar vi blant staselege bygningar frå kolonitida, med innlagt vinsmaking frå ein lokal bodega. Eva Bratholm er med oss på heile turen, med seg har ho ektemannen Joar Hoel Larsen som har lang fartstid som Sør Amerika korrespondent. Han er ikkje guide, men sjansen er stor for at han deler sin lidenskap for, og kunnskap om, dette kontinentet med oss.

Pris frå:
29 950,-
Dagar:11
Flyreisa Oslo – Buenos Aires via London Gatwick
Busstransport og guiding på heile turen
8 overnattingar på sentralt hotell
5 middagar og 2 lunsjar
Billettar til museum og attraksjonar
Billettar til båtturar
Fleire vinsmakingar
Tango-leksjon
Tangoshow
Tur til pampasen med grillfest og hesteshow
Eva Bratholm er guide på heile turen og vekslar mellom kåseri på morgonmøta og guiding/kåseri undervegs på bussturane
Toril Partenyi er reiseleiar frå Fotefar temareiser.
Bestill reise

Dagsprogram

Reiseprogram

Atterhald om endringar

Laurdag 10.03. og Sundag 11.3.  Oslo - Buenos Aires
Avreise frå Gardermoen kl. 13.20 via London Gatwick. Vi landar i Buenos Aires neste morgon (lokal tid) til sol og sommar, og på veg til hotellet vårt får vi ein sightseeing i millionbyen Buenos Aires med tid til lunsj. Vi skal besøke Maiplassen og det rosa presidentpalasset, der Evita Peron held sine taler frå balkongen til sine trufaste tilhengarar blant landet sine fattige. Vi ser så på den vakre katedralen ved torget, det gamle spanske rådhuset, obelisken som er vorten kjend som symbolet på Buenos Aires, den berømte operaen Teatro Colòn og mange andre kjende bygningar og landemerke i denne mangfaldige metropolen.

Etter innsjekking på hotellet vårt i Recoleta vert det tid til å slappe av før vi møtast til velkomstmøte med Eva Bratholm. Felles velkomstmiddag etter møtet. (L/M) 

Måndag 12.3. Buenos Aires; byvandring i La Boca og San Telmo
Frukost og morgonmøte med Eva Bratholm der vi skal få ein gjennomgang av byen si historie og den kulturelle bakgrunnen. Vi skal så utforske ulike delar av Buenos Aires, hovudstaden i Argentina og den største byen i landet. Den ligg ved den breie elva Rio de la Plata, også kalla «Sølvelva», på Atlanterhavskysten, elva er grensa mellom Argentina og Uruguay. Buenos Aires har rykte på seg for å vere den rikaste og mest europeiske byen i Sør-Amerika, dette ser vi att i både arkitektur, kultur og strukturen på byen. Her er det breie avenyar og store parkar. Ettersom dette også er landet si største hamn vert innbyggarane kalla porteños, som betyr «folk frå hamna». Både byen og landet er dominert av spansktalande befolkning, ettersom det var spanjolane som koloniserte landet.

Vår norsktalande guide Diego tek oss med til den fattige, men fargerike, bydelen La Boca, som på mange måtar er sett på som tangoens fødestad. Vi går til fots gjennom nokre av gatene i denne erke-argentinske bydelen og opplever dei fargerike små husa, gateartistar, musikantar og spontan tango i gatene. Her ligg La Bombonera som er Boca Juniors, klubben til Diego Maradona, sin stadion og vi tar også med denne på vandringa vår.

Vi fortset så til gamlebyen San Telmo som er godt bevart frå kolonitida. Her levde velståande argentinarar saman med fattige innvandrarfamiliar frå Italia og heile Europa, som kom hit på 1900-talet. Her finn vi mange gamle vakre hus og brusteinsgater, mange gamle kyrkjer, museum, antikvitetsbutikkar og bokhandlar. Kvar søndag vert det arrangert ei antikvitetsmesse (eller loppemarknad om du vil) i hjertet av bydelen, Plaza Dorrego. Her vert det tid til å ete lunsj medan vi utforskar bydelen, og det er mogleg å besøkje både museum og kyrkjer i løpet av denne ettermiddagen. Middag på hotellet eller ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet, gjerne saman med reiseleiar for dei som ynskjer det. (F)

Tirsdag 13.3. I fotefara til Evita Peron; Palermo og Recoleta
Denne dagen skal vi gå i fotefara til Evita Peron. Etter frukost og morgonmøte der Eva Bratholm fortel om Argentinas politiske historie og Evita Peron dreg vi til Palermo, eit av byens beste strøk med eit namn som stammar frå dei mange italienske innvandrarane til Buenos Aires. Her ligger det største grøntarealet i byen, Parque Tres de Febrero (3. februar-parken), som har ein stor kunstig innsjø, idylliske turstiar og rosehage som gjer dette til eit av dei vakraste områda i byen. Her ligg også Evita Peron museet som vi skal besøkje.

Etter lunsj (ikkje inkludert) dreg vi attende til Recoleta, bydelen vi bur i.  Her finn ein mange galleri og restaurantar i nabolaget. Midtpunktet i bydelen er det store torget framfor inngangen til kyrkjegarden, med den flotte Basilica Nuestra Señora del Pilar like ved. På kyrkjegarden ligg legendariske Evita, Eva Peron, gravlagd i eit mausoleum av granitt, marmor og bronse.

Ettermiddagen på eiga hand i Recoleta, middag på hotellet eller ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet, gjerne saman med reiseleiar for dei som ynskjer det. (F)

Onsdag 14.3. Utflukt til El Tigre og elvedeltaet Paranà
Etter frukost dreg vi til landsbyen El Tigre og elvedeltaet ved elva Paranà. Etter bussturen skal vi ut i katamaran og oppleve dei vakre kanalane ved Paraná elven. Dette er ei flott naturoppleving, og vi får med oss livet i elvedeltaet og dei spesielle husa som er bygd på dusinvis av øyer i deltaet. Det er eit fantastisk dyreliv, og området er kjend for sine gode forhold for fuglekikkarar.

Vi et lunsj i byen "El Tigre» (Tiger) og besøkjer deretter den lokale marknaden der ein kan kjøpe handverk, smykker og skinnvarer. Retur med buss til Buenos Aires om ettermiddagen. (F/L)

Torsdag 15.3. Utflukt med grillfest, vinsmaking og Gaucho-show på pampasen
Etter frukost og morgonmøte med Eva Bratholm dreg vi på utflukt til den argentinske pampasen, eit slettelandskap og jordbruksområde som strekkjer seg i ein radius av nesten 100 mil frå Buenos Aires. Dette området har gjennom hundrevis av år vore heimstad for dei legendariske argentinske cowboyane, såkalla gauchoar. Med den frodige jorda og pampas-kveget, som endar opp som nokre av verdas møyraste biffar, er pampasen nerven i den argentinske økonomien. Vi går i fotefara til gauchoane når vi skal besøkje ein estancia, som er ein stor argentinsk ranch. Vi får sjå korleis gauchoane lever og arbeider, gaucoutrustning og hestane dei rir på. Vi får servert ein tradisjonell asado-lunsj med lekkert grilla kjøt og empanadas – små halvmåneforma fylte brød. På estanciaen nyt vi også eit folkloreshow med tradisjonell argentinsk musikk og dans, og vi får ei rideoppvising av garden sine gauchoar. Det vert også vinsmaking med vinar frå dei tre vinproduserande regionane i Argentina.  Retur til Buenos Aires om ettermiddagen. (F/L)

Fredag 16.3. Tangokurs og -show i San Telmo
Vi slappar av på hotellet og har føremiddagen fri til shopping eller byvandring i Recoleta eller Palermo, der du også finn eit av byens største shoppingsenter.

Etter lunsj skal vi attende til bydelen San Telmo. Her skal vi besøkje ein koseleg gammal vinkjellar der vi får møte ein sommelier som presenterer oss for eit utval av dei fantastiske vinane Argentina produserer. Vi dreg så til ein tradisjonell tangoklubb med tango-orkester som spelar live. Her skal vi også ete middag, og vi får ein tango leksjon undervegs. (F/M)

Lørdag 17.3. Båttur til Uruguay; Colonia del Sacramento
I dag dreg vi ut i båt til Uruguay. Vi skal besøkje den gamle kolonibyen Colonia del Sacramento (oppført på UNESCO si verdsarvliste). Vi kryssar Rio de la Plata, ei av verdas breiaste elver som dannar grensa mellom Argentina og Uruguay. Colonia del Sacramento er ein innbydande by grunnlagt av portugisarane med ein arkitektur som er ei blanding av portugisiske, spanske og post-koloniale stilartar. Vi vandrar i byen og ser blant anna på den vakre gamle byporten, festninga San Miguel og vi går opp til fyret Faro de Colonia del Sacramento og ser ut over byen, elva La Plata og Buenos Aires i det fjerne. Lunsj i ein av dei gamle portugisiske restaurantane, og vinsmaking i ein lokal vinbodega i byen.  Retur til Buenos Aires med båt. (F/L)

Søndag 18.3. Buenos Aires 
Heile dagen til eigen disposisjon i Buenos Aires. Vi kan anbefale fleire av dei flotte musea og kyrkjene i San Telmo (til dømes museet for latinamerikansk kunst), galleria i Recoleta, shopping og «trendspaning» i Palermo, sitje på ein fortauskafe og berre nyte livet eller kanskje nytte høvet til å oppleva moderne arkitektur, stilige restaurantar og ein lekker hamnepromenade i bydelen Puerto Madero ikkje langt frå Recoleta.

Om kvelden vert det avskjedsmiddag på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet. (F/M)

Måndag 19.3. Heimreise
Dette er dagen for heimturen. Utsjekk er klokka 11.00, men vi har god tid til å halde fram med å utforske Buenos Aires fram til avreise frå hotellet klokka 17.00. Avreise til Oslo via London frå flyplassen i Buenos Aires kl. 21.00. (F)

Tysdag 20.3.
Ankomst Oslo kl. neste ettermiddag kl. 17.35. 

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
10/3OsloArgentina og Uruguay med Eva Bratholm Meir enn 831 250,-Bestill
10/3OsloLesartur Sogn Avis. Argentina og Uruguay med Eva Bratholm
Berre for abonnentar av Sogn Avis
Meir enn 829 950,-Bestill