Kroatia, Bosnia og Monte Negro med Frank Aarebrot

13.–20. oktober  2018

Historie  - kultur – mat

Frank Aarebrot har imponert oss på tv med si forteljarglede og store kunnskapar om krigen og norsk historie. Han er også Universitet i Bergen sin Balkan-ekspert og kjenner den spennande regionen svært godt. På denne turen tek han oss med til både Kroatia, Bosnia og Montenegro, og vi får oppleve vakre kystbyar såvel som skogkledde åsar og imponerande fjellandskap. Vi bur på eit 4-stjernershotell rett ved sjøen, og vi startar dagane med kåseri frå Frank Aarebrot der han fortel underhaldande om Balkans historie og kultur heilt frå dei gamle grekarane til i dag. Om kveldane kosar vi oss med god middelhavsmat, og det blir både vinsmaking i innlandet og på kysten i tillegg til ein hyggeleg kveld med kroatisk folkemusikk. Vi har også med oss Frank Aarebrot på turane rundt i regionen, der han fortel levande og innsiktsfullt om historie, kultur og politikk undervegs.

 

Pris frå:
17 950,-
Bestill tidleg rabatt per person: 250,-
Dagar:8
Flyreise Oslo - Dubrovnik t/r
Sightseeing i Dubrovnik i følgje programmet
Heildagstur til Mostar i Bosnia med Frank Aarebrot
Heildagstur til Kotor i Montenegro med Frank Aarebrot
7 overnattingar på 4-stjerners hotell i Dubrovnik
7 frukostar
3 middagar
4 lunsjar
Reiseleiar frå Fotefar temareiser
Kveld med folkemusikk
Frank Aarebrot held kåseri på hotellet

Tillegg for enkeltrom kr 3150,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Laurdag 13. oktober
Det blir avreise frå Oslo klokka om ettermiddagen, med ankomst i Dubrovnik om kvelden. Hotellet vårt ligg fint til rett ved sjøen, og det vert tid til litt avslapping på rommet før vi møtest til ei forfrisking i hotellbaren. 
Etter lunsj er det tid for Frank Aarebrot sitt første kåseri. Han gir oss ei kort innføring i Balkan si historie og smakebitar av det vi kjem til å høyre meir om dei neste dagane.
Vi skal så på ein guida tur rundt om i Dubrovnik for å bli kjende med byen. Spesielt gamlebyen er svært vakker, og vi gir oss god tid der. 
Om kvelden vert det fellesmiddag* på hotellrestauranten.

Søndag 14. oktober
Om morgonen er det først tid for foredrag av Frank Aarebrot. 
Denne dagen blir me betre kjemde med vakre Dubrovnik, og det vert god tid til å utforske den idylliske byen på eiga hand, eller slappe av og kanskje ta ein kaffikopp på ein av dei mange fortauskafeane. Det er mange moglegheiter for både shopping, historiske og arkitektoniske opplevingar i denne byen med så mange vakre bygningar og rik historie. Du finn mange små butikkar med spennande utval i smale gater og smug, og her kan du nytte sjansen til å få med deg både kulinariske spesialitetar og souvenirar som du kan ta med heim!
Dei som ynskjer det kan vere med på ein fottur som omfattar deler av byen og området utanfor.

Middag på eiga hand om kvelden, men dei som vil, kan bli med reiseleiarane til ein koseleg restaurant nær hotellet.  
 
Måndag 15. oktober
Denne dagen skal vi på reise med buss til Montenegro, der vi får innblikk i historia, folkeliv, og kulturen til denne vesle republikken. Landet kan by på ein fantastisk natur - flotte fjell, langstrekte strender med klart vatn, frodig vegetasjon og ikkje minst den kjende Kotorfjorden som vert sett på som ein av verdens vakraste fjordar, og derfor har fått plass på Unescos si verdarvliste. 

Montenegro var ikke direkte berørt av krigen på Balkan og har difor mange gamle og sjåverdige byar intakt, også desse oppført på Unesco-lista. Vi stoppar opp i Kotor og får ein guida tur og  felleslunsj* der, ruslar i gatene og tek inn den fantastiske atmosfæren i denne vakre byen. Buss tilbake til Dubrovnik om ettermiddagen.

Tysdag 16. oktober
Vi startar dagen med kåseri av Frank Aarebrot frå klokka 9-10.
Etter kåseriet reiser vi med buss ut til ein lokal vingard eit par mil frå Dubrovnik, der vi får smake på god kroatisk vin og høyre garden si historie. Vingarden har berre 2 hektar vinmarker, og dei lagar ein raudvin og to sortar kvitvin. Vinstokkane i dette området vart planta av dei gamle grekarane, og mange opprinnelege druesortar, unike for regionen, har overlevd og blir brukte i moderne kroatisk vinproduksjon.
Vi et lunsj* på vingarden før vi reiser attende til Dubrovnik. Om ettermiddagen blir det tid på eiga hand. Ein rusletur til båthamna rett utanfor hotellet kan anbefalast. Eller ein liten tur til gamlebyen. Middag på eiga hand om kvelden, men dei som vil, kan bli med reiseleiarane til ein koseleg restaurant nær hotellet.  
 
Onsdag 17. oktober
Denne dagen reiser vi med buss til Bosnia. I dette røffe, men vakre landet, ser ein framleis arra etter den tragiske borgerkrigen i 1990-åra. Men vel så mykje sit ein att med dei gode opplevingane i møte med varme og imøtekommande bosniarar, og for den fascinerande Øst-møter-Vest atmosfæra i landet som har vore ein del av både det Ottomanske riket, og Stor-Ungarn. 

Vi får sjå vakre historiske byar, der restaurerte historiske bygningar og middelalderborger ligg side om side med fasjonable barar og internett-kafear. Alt omkransa av vakre fjellkjeder, fossar og djupe dalføre. Medan vi opplever dette vil Frank Aarebrot fortelje oss om dette landet si rike historie og korleis det er å leve i Bosnia i dag. Vi har guiding og felleslunsj* i Mostar. 

Torsdag 18. oktober
Vi startar dagen med kåseri med Frank Aarebrot frå 09.00 til 10.00. 
Etterpå føresler vi ein gåtur på dei imponerande bymurane rundt gamlebyen. Dei eldste delane vart bygde heilt tilbake frå 800-talet og dei mange bastionane er frå 1300-talet. Denne koselege turen rundt murane er på nesten 2 kilometer, og ein får ein god oversikt over byen på vegen rundt. 
På ettermiddagen er det tid for å oppdage landsbygda rundt Dubrovnik. Dei som vil, kan melde seg på ein halvdagstur (50 euro) til ei typisk kroatisk bygd med tradisjonelle steinhus og karakteristiske raude tak. Her blir det middag med heimelaga mat, og det blir høve til å smake både den lokale raudvinen og šljivovica (plommedram). 

Fredag 19. oktober
Etter frukost blir det vekas siste kåseri Frank Aarebrot  frå 09.00 til 10.00. 
Resten av dagen kan ein nyte byen, slappe av ved bassenget eller shoppe i ein av dei mange små butikkane i gamlebyen.
Vi kan også anbefale å ta taubana frå gamlebyen og opp til platået bak byen. Utsikten frå Dubrovnik sitt svar på Fløybanen er fantastisk, og på toppen er det restaurant, så ein kan slappe av med ein kopp kaffi eller ete ein god lunsj før ein tek turen ned att.
Om kvelden blir det avslutningsmiddag* på hotellet. Vi kosar oss med ein trerettars middag med god kroatisk mat og lokale vinar i glaset.

Laurdag 20. oktober
Dette er dagen for heimreise. Det blir tid til ein god frukost før vi sjekkar ut av hotellet
og bussen køyrer oss til flyplassen i god tid før avgang på føremiddagen. Vi er framme Oslo tidleg om ettermiddagen. 

Måltid merka med * er inkluderte i prisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
13/10OsloKroatia, Bosnia og Monte NegroMeir enn 817 950,-Bestill