Cruise på Volga med Hans-Wilhelm Steinfeld

15. -22. august 2017.

Historie – politikk – kultur.

Bli med på cruise på majestetiske Volga. Elvecruiset går frå Moskva til ei rekke med vakre, godt bevarte mellomalderbyar, som blir kalla Den Gyldne Ring. Her får vi oppleve både pulserande byar og livet på den russiske landsbygda. Vi er så heldige å ha med oss Hans-Wilhelm Steinfeld som kjentmann på heile turen. Han har vore korrespondent i Moskva i fleire periodar og kjenner det russiske samfunnet svært godt. Kvar dag på turen vil Steinfeld halde eit kåseri der han auser av kunnskapane sine om russisk historie og politikk. Med Steinfeld som kjentmann får vi verkeleg eit unikt innblikk i denne stormakta si skiftande historie og kultur.

Pris frå:
24 950,-
Dagar:8
Direktefly Oslo-Moskva tur/retur
2 overnattingar på 5-stjerners Hotel Metropol
5 overnattingar på elvebåten M/S Victoria
Buss til/frå flyplass og sightseeingtur i Moskva
Alle frukostar
Velkomst og avskjedsmiddag på Hotel Metropol
Heilpensjon om bord på elvebåten
Vin eller øl eller alkoholfritt til alle middagar
Kåseri frå Hans-Wilhelm Steinfeld i følgje programmet
Reiseleiar frå Fotefar temareiser
Doktor om bord på båten
3 konsertar om bord på båten
Underhaldning på elvebåten om kveldane
Kaffi og te-stasjon til fri bruk

Ikkje inkludert:
Visum kr. 1 545,- pr. person.
Tips til cruisepersonalet (anbefalt å gi 5 dollar per pers. per dag)
Valfrie ekskursjonar organisert av cruiseselskapet
Enkeltromstillegg, kr. 5 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

15. august: Oslo-Moskva

Direktefly frå Oslo kl. 13.10 og framme i Moskva 16.45.
På veg inn til sentrum av Moskva blir det guiding av Hans-Wilhelm, og han viser oss nokre av dei sentrale bygningane og monumenta undervegs. Bussen vår køyrer oss så inn til Hotel Metropol (2 Teatralny prospect). Dette hotellet har 5 stjerner og ligg berre eit steinkast frå Den røde plass. Det vart bygd i 1901 under Tsar-tida og er eit landemerke i Moskva. Her har alt frå russiske aristokratar til sovjetiske toppleiarar budd, og i tillegg har det husa vestlege tilreisande som Bernard Shaw og Bertolt Brecht. Etter innsjekkinga og litt avslapping møtest vi i resepsjonen og får servert velkomstmiddag* i eigen bankettsal på hotellet.

16. august: Avreise Moskva

Frukosten på Hotel Metropol er heilt spesiell. Sjølve frukostsalen er dekorert i den overdådig stilen frå Tsar-tida, på eit podium står det ein harpespelar, og viss ein vil, kan ein nyte ein ekte sjampanjefrukost. Etter frukost er det klart for foredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld på konferanserommet på hotellet. Temaet for foredraget blir: "Dagens internasjonale konflikt og Putins person med røtter i KGB". Etterpå møtest vi i resepsjonen, og Steinfeld tek gruppa med til Den røde plass. I dette sentrumet for russisk politikk er han verkeleg på heimebane som tidlegare NRK-reporter, og vi gjev vi oss god tid her.

Etter lunsj mønstrar vi på båten vår MS Victoria (5 stjerner). Alle måltid om bord på båten er inkludert i turprisen og det blir daglege kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld i konferanserommet. Det vert også arrangert daglege aktivitetar om bord som kurs i russisk, dansekurs og vodkasmaking, og kvar kveld er det underhaldning med levande musikk og dans.

17. august: Moskva-Myshkin

Dette blir den første heile dagen vår om bord, og vi set kursen for mektige Volga. Denne elva har ein heilt spesiell posisjon i det russiske folket, og utallege songar og mykje litteratur har vore dikta med inspirasjon frå «Moder Volga». I tillegg har den vore, og er framleis, viktig som transportåre. 11 av dei 20 største russiske byane kan nåast gjennom vassvegar knytt til Volga. Elva har utspringet sitt i Valdajfjella i Novgorod fylke i Vest-Russland og flyt austover til Kazan. Derifrå fortset elva sørover til ho renn ut i Kaspiahavet, 28 muh.

Etter frukost blir det foredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld om bord på båten. Tema for foredraget blir «Volga sin posisjon i Russland, både historisk, og som infrastruktur i dag»
Båten kjem fram til den vesle byen, Myshkin, på ettermiddagen. Her bur det berre ca. 6000 menneske, og den er kjend for sine mange karakteristiske trehus frå 1800-talet. Guiden vår tek oss med på ein rusletur til den gamle mølla, det etnografiske museet og den vakre Uspensky-katedralen. Andre ting ein bør få med seg i denne sjarmerande småbyen er Peter Smirnov-museet. Smirnov voks opp i ein liveigen familie rett ved Myshkin på midten av 1800-talet, og han enda opp som fabrikkeigar og ein av Russlands rikaste menn. Eit anna populært museum er musemuseet. Myshkin har ei mus i byvåpenet sitt, og det er laga eit underhaldande museum via til dette vesle dyret.

Vi mønstrar på skipet igjen og får servert middag om bord medan vi sakte glir nedover Volga igjen.

18. august: Yaroslavl

Vi seglar vidare på Volga og medan vi et frukost kjem vi inn til byen Yaroslavl, ein viktig havneby med ca. 600 000 innbyggjarar. Denne nydelege gamle byen ved bredda av Volga vart grunnlagd av Kiev-fyrsten Jaroslav den vise i år 1010, og er ein av dei eldste og vakraste byane i Den gylne ringen. Denne ringen av byar vart grunnlagde i mellomalderen for å verna Moskva frå angrep frå angripande stammar frå nord. Byane vart kalla «gyldne» på grunn av dei arkitektoniske og kunstneriske rikdommane som prydar bygningane. Yaroslavl var også Russlands hovedstad en kort periode i byrjinga av 1600-tallet.

Etter dagens foredrag av Hans Wilhelm (tema ikkje bestemt) er vi klare til å utforske Yaroslavl saman med lokalguiden vår. Byen sitt historiske sentrum er på UNESCO si verdsarvliste og på byrundturen vår får vi sjå mange eksempel på tidlegare tiders rikdom. Dei uttallege løk-kuplane som vi ser over alt i byen vitnar om Yaroslavl sitt enorme antall kyrkjer. Byen har i mange århundre vore kjend som eit religiøst og kommersielt knutepunkt på Volga med dei største kyrkjene med dei vakraste utsmykkingane og freskane. Vi får sjå nærare på denne imponerande kyrkjekunsten når vi på den guida turen vår besøker ei av dei imponerande kyrkjene. Det blir også busstur til Spaso-Preobrazhensky-klosteret med sine karakteristiske russiske løkkuplar.

Vi kastar loss frå Yaroslavl og får servert middag om bord, og viss vi er heldige med veret, kan vi nyte ein vakker solnedgang over Volga. 

19. august: Ples-Kostroma

Byen Ples er ein av dei eldste langs Volga og har opp gjennom dei siste hundreåra trekt til seg mange kunstnarar. Byen blir ofte kalla «Volgas Sveits» sidan den strekk seg opp langs eit høgdedrag over elva. Dei fleste av dei kjende måleria med motiv frå Ples er i nasjonalromantisk stil frå slutten av 1800-talet, og det er fleire gode kunstmuseum og galleri i byen. Før ein guida vandretur i denne vakre småbyen blir det foredrag av Steinfeld om bord i båten (tema ikkje bestemt). 

Vi tek oss god tid i Ples og kikkar i dei små butikkane og galleria og opplever stemninga i denne småbyen med dei tradisjonelle russiske trehusa. Vi avsluttar turen med eit besøk på landskapsmuseet, som har ei stor samling landskapsmåleri frå Tsar-tida fram til i dag. Museet ligg fint til like ved elvebredden, så her gir vi oss god tid til å slappe av i museumshagen før vi går attende til båten. Middag om bord etter at vi har segla frå Ples.

20. august: Koprino-Uglich

Etter frukost møtest vi for å høyre på Steinfeld sitt kåseri. Dagens tema er: «Om Kreml-begrepet og kyrkja sin plass i russisk, sovjetisk og postkommunistisk historie». På veg mot byen Uglich blir det ein stopp i naturreservatet ved Rybinsk-sjøen. Her kan vi førestille oss korleis livet langs elva var før industrialisering og framveksten av store byar. Vi legg opp til ein liten vandretur i naturreservatet, eller ein kan også berre slappe av ved elva viss ein heller vil det. Vi et lunsj på båten før vi kjem fram til Uglich, og er klare til å utforske byen. Dette er ein av dei tradisjonsrike byane ved Volga og fekk sin plass i historia med det uoppklara drapet på tsarevitsj Dimitrij, Ivan den grusomme sin yngste son. Drapet vart ein av årsakene til Boris Godunovs maktovertaking av landet. Vi blir med på ei guida byvandring og får blant anna sjå byen sitt Kreml. Det mest kjende Kreml ligg sjølvsagt i Moskva, men dei fleste større historiske russiske byar har sitt eige Kreml. Kreml er rett og slett det russiske ordet for festning, borg eller citadell og viser til eit stort festningsanlegg. Den guida turen vår går også innom den vakre Dimitrijkyrkja, også kalt Blodskyrkja, som er bygd på staden der Dimitrij vart drepen. 

21. august: Uglich-Moskva

Etter frukost får vi det siste foredraget med Hans-Wilhelm om bord i båten. Dagens tema er "Tillitens visittkort, Norge-Russland med det som forklarer forskjellene mellom oss", og det blir også ei kort oppsummering av tida hans som Moskva-korrespondent for NRK. 
Vi forlet Uglich og set kursen mot Moskva, og medan vi et den siste middagen om bord, seglar vi inn mot storbyen Moskva. Etter at vi har mønstra av båten tek bussen vår oss med til Hotel Metropol (5-stjerner) rett ved Den raude plass.

22. august: Moskva-Oslo

Vi får tid til ein guida gåtur til Kreml med Hans-Wilhelm Steinfeld i Moskva før avreise. Kreml er kanskje Moskvas mest kjende landemerke og vart bygd som ei festning, men er i dag eit svært flott og kjent museum med blant anna mange kyrkjer. Her har vi skandinavisktalande guidar som viser oss rundt på området i to grupper. I området nær Kreml ligg Frelsarkatedralen, som vart bygd som takk for sigeren over Napoleon. Katedralen vart øydelagd av kommunistane i 1930-åra, men atterreist av president Jeltsin. Mange vil nok gå ein tur dit og få med seg dette byggverket. 

Bussen vår tek oss ut til flyplassen, og vi får ei siste guiding av Hans-Wilhelm Steinfeld der han oppsummerer det vi har sett og opplevd på turen. Direktefly frå Moskva kl. 18.25, og vi er framme i Oslo kl. 20.05.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
15/8OsloCruise på Volga med Hans-Wilhelm Steinfeld424 950,-Bestill