Den store musikkturen, Nashville, Memphis & New Orleans

6.  –  15. oktober 2017.

Historie – kultur – folkeliv.

Dette er ein tur vi i Fotefar temareiser alltid gleder oss veldig til. Vi får oppleve tre fantastiske musikkbyar, Nashville med country, Memphis med blues og New Orleans med jazz.
 
I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countrymusikk på barar på Broadway Street. I Memphis besøkjer vi Elvis sin heim, Graceland, motellet der Martin Luther King vart skoten i tillegg til bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Dette er byar der musikken aldri sluttar å spele. Bli med oss på den store musikkturen.
 
Artisten Olav Stedje er med på heile turen og held minikonsertar.

Pris frå:
26 950,-
Dagar:9
Flyreisa Bergen/Oslo – Nashville med retur New Orleans – Bergen/Oslo. Andre avreisestader mot tillegg, og etter særskilt førespurnad ved påmelding.
Busstransport og guiding på heile rundturen i USA.
8 overnattingar med frukost på sentrale og gode hotell.
5 lunsjar/middagar som vist i programmet.
Inngangsbillett til The Country Music Hall of Fame, Belle Meade, Graceland, Sun Studio og The National Civil Rights Museum.
Billettar til konsertane på The Grand Ole Opry og på Palm Court Cafe.
Artisten Olav Stedje er med på heile turen og held minikonsertar.
Kjell Martin Holen er turleiarar frå Fotefar temareiser.
Guida rundtur i Nashville med Bob Sapori, tidlegare sjef i Warner Brothers Music.
Busstur med lokal guide i New Orleans.
Guida busstur med lokal guide til områda i Memphis der Elvis og Johnny Cash voks opp.
Enkeltromstillegg, kr. 6 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Fredag 6.10

Avreise frå Bergen og Oslo om føremiddagen. Vi landar i countrybyen Nashville same kveld. Bussen vår køyrer oss til hotellet i sentrum av den pulserande musikkbyen. Nashville har nær 640 000 innbyggjarar og er hovudstaden i Tennessee. I tillegg til å vere senteret for countrymusikken, er Nashville kjent som byen der den økonomiske og kulturelle eliten i Tennessee har budd.

Laurdag 7.10

Etter frukost møtest gruppa, og turleiarane orienterer om turopplegget og dagsprogrammet. Deretter ruslar vi nedover Broadway og endar opp ved The Country Music Hall of Fame. Dette storslegne museet presenterer historia til countrymusikken på ein eineståande måte og er eit funn for alle musikkinteresserte. Vi går rundt på museet i vårt eige tempo, les, lyttar og ser opptak av verdskjende artistar. Lunsj på eiga hand. Etterpå kan vi gå innom ein av dei mange såkalla honky-tonk-klubbane som er kjende for den beste live countrymusikken i verda. Nokre stader startar live-musikken opp alt i 11-tida.

Kl. 16.00 samlast vi på hotellet til middag*. Her vil Bob Sapori (tidlegare sjef i Warner Brother Music i USA) fortelje oss om Nashville og countrymusikken. I tillegg vil Olav Stedje halde ein minikonsert.

Kl. 18.30 er vi klare for kveldens store oppleving, konserten (kl. 19.00) på The Grand Ole Opry. Denne kvelden er konserten i det gamle, ærverdige lokalet Ryman Auditorium. Etter at konserten er ferdig, kan dei som vil høyre meir musikk, ta ein tur på dei mange barane der banda spelar både swing, 60-tals rock, country og bluegrass. Så her er det berre å hive seg med i dansen. Det er også mogeleg å få seg ein matbit, dersom nokon ønskjer det.

Søndag 8.10

Denne morgonen startar vi kl. 09.30 på ein guida busstur frå hotellet med Bob Sapori der vi er innom kjende og viktige stader i Nashville. Rundturen tek 2 ½ time, og vi blir til slutt sette av på Broadway. Her et vi lunsj, høyrer på musikk og kosar oss.

Etter lunsj reiser vi med buss til plantasjen Belle Meade. Dette er ein typisk Sørstatsplantasje, og her får vi eit glimt inn i verda vi kjenner frå filmen “Tatt av vinden” og tv-seriar som ”Nord og Sør”. På Belle Meade dreiv dei med oppdrett av veddeløpshestar. Guidar vil vise oss rundt, og vi får eit innblikk i den store skilnaden mellom herskapsbustaden og slavehyttene.

Resten av ettermiddagen kan ein rusle rundt i byen eller berre slappe av på hotellet. Nashville har fleire store plateforretningar, så her kan ein gjere mange gode kupp. Mange vil nok også ta turen innom Johnny Cash-museet (119 Third Avenue).

Om kvelden går vi ut og et middag og nyt musikken og folkelivet på Broadway. 

Måndag 9.10

Avreise frå Nashville. Bussen køyrer vestover i Tennessee til Memphis. Reiseleiarane fortel om musikken i området vi køyrer gjennom, og Olav Stedje underheld litt for oss undervegs.

Det første som står på programmet i Memphis, er eit besøk på Lorraine Motel der Martin Luther King vart skoten. Motellet husar no The National Civil Rights Museum, og er eit svært godt museum.

Om kvelden møtest vi i baren på hotellet før vi går ut til middag* på ein av dei mest kjende honky-tonkane på Beale Street – Blues City Cafe. På menyen står ekte Memphis Ribs eller Catfish, eit must når ein er i denne byen. Vi har eit eige lokale, og eit eige band som spelar berre for gruppa vår. Grupppa har  spesialisert seg på 50- og 60- talsmusikk, og etter middagen er det berre å hive seg ut i dansen.

Tysdag 10.10

Dette er nok dagen dei som voks opp med 50- og 60-talsrocken kan glede seg mest til. Vi startar dagen med ein kort køyretur til Sun Studio der legender som Elvis, Jonny Cash og Jerry Lee Lewis spelte inn plater. Gruppa vår får omvising, og vi kan lytte til fleire av innspelingane.

Turen går så til det berømte Graceland, Elvis sin heim gjennom mange år, og her får vi omvising i huset hans, slik det var då Elvis budde der. Etter omvisinga går vi rundt om i dei mange bygningane på eigedomen og ser på filmar, konsertopptak og andre Elvis-effektar. Gravlunden der Elvis og hans nærmaste er gravlagde, er også spesiell. Etterpå er det også tid å sjå bilane, motorsyklane og flya til Elvis og elles vandre rundt i dei mange suvenirbutikkane på området. Vi reknar med å bruke fleire timar på Graceland, og då skulle det også vere bra tid til å kose oss med lunsj.

Kl. 17.00 køyrer vi tilbake til hotellet vårt og slappar litt av før vi møtest i baren på hotellet for å gå ut til middag, bruke kvelden på Beale Street og høyrer på fantastisk bluesmusikk. I denne gata ligg bluesklubbane tett i tett, og dei som vil, kan få ei stor musikkoppleving til måltidet på blant anna baren til blueslegenda BB-King eller på Rum Boogie Cafe.

Onsdag 11.10

Avreise frå hotellet kl. 09.00. Vi forlet Tennessee og køyrer sørover gjennom det store Mississippi-deltaet der bluesen oppstod. Reiseleiarane fortel om Mississippi-musikken og om dei tallrike musikarane derifrå som forma rocken og bluesen. Området er i dag eit av dei fattigaste strøka i USA, og etter mekaniseringa av jordbruket flytta mange herifrå til storbyar som Memphis og Chicago. I byen Jackson i Mississippi stoppar vi for buffetlunsj* på Country Fisherman Restaurant og dreg så direkte til jazzens fødeby, New Orleans.

Hotellet vårt, Drury Inn and Suites, ligg midt i det pulserande sentrumet. Etter at vi har sjekka inn, møtest vi i spisesalen på hotellet der dei serverer ein lett middag* med vin, øl eller mineralvatn inkludert. Kl. 18.15 går vi samla på jazzklubben Preservation Hall (726 St. Peter Street). Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen. Der får vi verkeleg oppleve den autentiske New Orleans-musikken.

Etter konserten som varer i ein knapp time, vil reiseleiarane vise kor gruppa kan setje seg ned for å lytte til endå meir jazzmusikken og nyte atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong, Ein  rusletur på berømte Bourbon Street høyrer sjølvsagt med før vi går tilbake til hotellet.

Torsdag 12.10

Kl. 09.30 startar vi med ein guida busstur på 2 ½ time i og rundt New Orleans. Hovudtema er musikk og musikkhistorie, men vi får også høyre om New Orleans si spennande historie, og kva som gjer byen så spesiell. Ingen andre byar i USA liknar på New Orleans. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Karibien, og Mississippi-elva bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana.

Tidleg om kvelden møtest vi på hotellet og får ein lett middag* med vin, øl og mineralvatn inkludert. Etterpå går vi den korte vegen til Bourbon Sreet og  French Quarter, høyrer på jazzmusikk på kvart gatehjørne og samlast gjerne på stambaren vår.

Fredag 13.10

Vi startar dagen med ein rusletur saman med turleiarane til Jackson Square og dei mange koselege kafeane i gatene i dette området. Her kan ein høyre live-jazzmusikk heile døgnet, og om ein vil handle, finst det mange små artige butikkar. Vi vil elles føreslå eit to-timars båtcruise på Mississippi-elva med ein ekte hjuldampar. Dette er elles ein dag der ein kan oppleve byen på eiga hand. New Orleans er kjent for god mat, særleg sjømat, og her kan ein ete både Creol (franskinspirert) eller Cajun (enklare rettar).

Kl. 18.30 går vi saman til Palm Court Cafe, der vi skal ete ein typisk sørstatsmiddag* med 4-rettar og nyte tradisjonell New Orleans-jazz. Her har mange av dei store musikarane spelt, så vi er på historisk grunn. 

Laurdag 14.10

Tidleg ettermiddag går flyet frå New Orleans, slik at det er tid til ein siste rusle- eller handletur i byen før bussen køyrer oss til flyplassen.

Søndag 15.10

Vi er framme i Norge neste dag på føremiddagen.

* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
6/10BergenDen store musikkturen, Nashville, Memphis & New Orleans Fullbooka, venteliste26 950,-Book på venteliste
6/10OsloDen store musikkturen, Nashville, Memphis & New Orleans Fullbooka, venteliste26 950,-Book på venteliste