Færøyane med Sylfest Lomheim

BT-fordelspris 13.990,-

4.–8. september 2017.

Historie – kultur – folkeliv.

Eit besøk til Færøyane er ei stor oppleving. Dei djupe grønfargane mot det blåsvarte havet har fascinert tilreisande nordmenn heilt frå vikingtida. Historia til Færøyane er også sterkt knytt til Noreg. Kong Sverre voks opp her, og me besøkjer garden han kom ifrå. Elles blir det utflukter rundt om på øyane med fantastiske naturopplevingar. Eit høgdepunkt for mange er båtturen til dei stupbratte klippene og grottene ved fuglefjellet Vestmannabjørgini. Den storslegne naturen er ei av årsakene til at National Geographic har kåra Færøyane til det beste reisemålet av alle øyar i verda. Sylfest Lomheim er med som reiseleiar og kjentmann.

Pris frå:
14 990,-
Dagar:5
BT-fordelspris kr 13.990,- bruk kampanjekode BT-FORDEL2
Flyreise Bergen – Færøyane t/r
Utflukter og inngangsbillettar i følgje programmet
4 overnattingar med frukost på sentralt og godt hotell
2 middagar og 3 store lunsjar
Dugande lokal guide som snakkar skandinavisk
Reiseleiar Sylfest Lomheim og ein anna reiseleiar frå Fotefar
Møte med færøysk visesongar
Enkeltromstillegg, kr. 1 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Måndag 4. september

Avreise frå Bergen kl. 10.40. Vi er framme på Vága flóghavn på Færøyane kl. 11.05 lokal tid. Bussen vår køyrer gruppa inn til Tórshavn, og reiseleiar Sylfest Lomheim fortel litt om historia og språket til dette fasinerande øysamfunnet. Etter innsjekkinga på hotellet Hafnia som ligg midt i sentrum, blir det guida vandretur rundt om i den spesielle og spennande hovudstaden på Færøyane som har ca. 18 000 innbyggjarar.

Om kvelden kl. 19.00 er det velkomstmiddag* og «bli-kjend-kveld» på hotellet vårt. Her kosar vi oss og underheld kvarandre med gode historier og allsong.

Tirsdag 5. september

Etter ein god frukost startar vi dagen kl. 09.00 med sightseeing i og rundt Tórshavn med buss. Først besøkjer vi Nasjonalmuseet ( Føroya Fornminnisavn), som viser mykje spennande historie frå folkelivet på Færøyane. Vi dreg så til Nordens Hus (Norðurlandahúsið i Føroyum) for omvising og ein god lunsj*. Bussen køyrer vidare til Nasjonalgalleriet (Listasavn Føroya). Etter ei eineståande flott kunstopplevinga ,vandrar vi tilbake til sentrum gjennom den flotte parken Viðarlundin (også kalla Plantasjen). Ettermiddagen til fri disposisjon.

Kl. 18.00 -20.00 har vi tilbod om ein stor buffetmiddagen på hotellet vårt med mange fiske- og skalldyrrettar. Dette måltidet er ein stor attraksjon for turistane som kjem til Færøyane, og gruppa vår får måltidet til redusert pris: DDK 295,-. Etter middagen kan dei som ønskjer det, vere med reiseleiarane ut på byen, og vi reknar med å få med oss ei musikkoppleving. Om sommaren er det mange konsertar i Torshavn, og under opphaldet vil vi nok få med oss nokre av desse, som går under namnet Summartónar.

Onsdag 6. september

Vi startar om morgonen på ein ugløymande guida busstur i eit fantastisk landskap. Turen går via Eysturoy til Klaksvík på Borðoy. På denne strekninga vil vi kunne sjå det høgste fjellet på Færøyane, Slættaratindur, som er mest 900 høgt. Klaksvík er den nest største byen på Færøyane. Ute i havet kan vi betrakte dei berømte steinformasjonane Risin og Kellingin. Vi får også med oss bygda med den utrulege naturhamna, Gjógv, som har Atlanteren som nærmaste nabo i aust og Svalbard som nærmaste nabo i nord. Her blir det servert lunsj* på det koselege hotellet Gjáargarður. 

Til slutt køyrer vi til Kalsoy for å sjå ein fantastisk skulptur på stranda der av kópakónan (selkvinna). Vi dreg gjennom vakre bygder og passerer stader som Funningur, der vikingane først kom i land og slo seg ned. I Gøtugjógv med Gøtu Kirkja stoppar vi for å sjå dei fantastiske glasutsmykkingane av Tróndur Patursson.

Om kvelden middag på eiga hand og gjerne musikkoppleving som Summartónar-konsert i Tórshavn.

Torsdag 7. september

Dette er også ein dag med ein spennande tur til eineståande attraksjonar rundt om på Steymoy. Første mål på denne utflukta er bygda Vestmanna med båttur til dei utrulege fuglefjella under Vestmannabjørgini. Båten fører oss tett opp til dei stupbratte klippene og inn i grotter, og dette vil vi tru er eit av høgdepunkta på heile opphaldet. Sjølve båtturen tek ca. 2 timar.

Deretter køyrer vi til Kirkjubøur og får servert ein rikhaldig lunsj* i tillegg til lokal guiding. Kirkjubøur er det kulturelle og åndelege sentrum på Færøyane. Det var bispesete frå tidleg på 1100-talet, og her gjekk kong Sverre på presteskule. Vi får sjå ruinen (Mủrurin) av Magnus- katedralen og elles Ólavskirkjan som skriv seg frå år 1111. Denne kyrkja er framleis i bruk. På Kirkjubøur ligg Kongsgården som har tilhøyrt den same familien i 17 generasjonar. Vi kikkar også på den 900 år gamle Røykstovan, der tømmeret skal ha kome frå Kaupanger i Sogn. Ettermiddagen til fri disposisjon.

Avslutningsmiddag* med kulturelt innslag av færøysk kunstnar.

Fredag 8. september

Dette er dagen for heimreisa. Vi får tid til litt meir guiding rundt om i den koselege byen Tórshavn. Dette er også ein dag med tid på eiga hand til litt handling eller berre rusle rundt om i byen og i det pulserande hamneområdet.

Kl. 10.15 køyrer bussen vår oss til flyplassen. Denne bussturen tek ca. 45 minutt, og reiseleiarane vil då fortelje litt meir om språket, kulturen og historia til Færøyane. Direkteflyet til Bergen går kl. 12.35, og vi er framme kl. 14.50.

*Måltid som er inkluderte i turprisen

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
4/9BergenFærøyane
BT-fordelspris 13.990,-
Meir enn 814 990,-Bestill