10.09.2017: Frank Aarebrot

Det er med stor sorg vi tek i mot meldinga om at Frank Aarebrot er død. Våre varmaste tankar går til familien hans! Vi har hatt gleda av å få ha med oss Frank på turane våre i Fotefar Temareiser, og også her vil han bli djupt sakna. Men ikkje minst har heile Norge mista ein fantastisk formidlar og ein raus og hjertegod mann! Vi lyser fred over Frank sitt minne!

Gravferda til Frank Aarebrot vert i Korskirka i Bergen, med påfølgande samling i Universitetsaulaen etterpå. Dei som ynskjer å skrive eit minneord til Frank kan gjere dette på Solstrand Gravferdsbyrå sine minnesider for Frank på internett: https://solstrands.vareminnesider.no/memorial_page_personal_info.php?order_id=3202463&set_site_id=183&cat=Profile&title=Personal_information&sign=d56bbf4c9b25ea4861aff7c1978fa29a