23.03.2017: Frode Alnæs med Fotefar til New Orleans!

Vi har gleda av å ha med oss den kjende musikaren Frode Alnæs på turen vår til New Orleans i november 2017!

Frode Alnæs er utdanna jazzmusikar ved NTNU i Trondheim. Han er gjennom 30 år vorte feira som ein av norsk musikk sine mest populære og suksessrike artistar og låtskrivarar innan rock og jazz. Han har i alle år gleda eit stort publikum gjennom sin musikk og sitt smittande humør. Frode vert rekna som ein seriøs komponist og ein av Noregs beste gitaristar. Han er også ein dyktig songartist.

Frode Alnæs har alltid ønskt å spele på mange strengar. Han er artisten og komponisten som konsekvent forsøkjer å bryte musikalske grenser. Etter meir enn 30 år bak seg som profesjonell musikar, har han spelt det meste med dei fleste og beste. Frode er gitarvirtuosen og ”sjefen” i bandet Dance With A Stranger, og opphavsmannen til alle låtane til bandet som vart ein av norsk pophistorie sine store suksessar. Han er mannen bak melodiar som ”Long December Night”, ”Everyone Needs A Friend”, ”Invisible Man” og verdskjende ”Vitae Lux”. Høsten 2013 var Frode aktuell med sitt nye soloalbum «Envy The Man»: Ei pop-plate fylt med vakker og variert musikk, både ballader og svingande up-tempo låter. Også her har Frode skrive all musikken sjølv – og syng sjølv. I mars 2016 kom hans første – og lenge etterspurde – instrumentalplate «Kanestrøm», med ein  tydeleg signatur frå Frode som gitarist og komponist.

Frode har komponert operaen ”Donna Bacalao” og levert ei rekkje bestillingsverk til ulike festspel og festivalar. I 2009/2010 var han musikalsk leiar og utøvande musikar i Rikskonsertene og Riksteatret si store suksessoppsetning ”Let it rock” som samla fulle hus på nærare 60 scener i heile Norge. I 1997 stod han for det årlege verket til Vossajazz, som han kalte Til Voss. Tidligere hadde han skrive musikalen Klæppfesk, og eit verk til Rosendal Musikkfestival. 

I tillegg til sine eigne prosjekt har Alnæs vore komponist og låtskrivar for artistar som Lynni Treekrem, Ole Edvard Antonsen, Odd René Andersen, Bjelleklang, Sissel Kyrkjebø, Brazz Brothers og Eikanger Bjørsvik Brass. Han har også vore bidragsytar til plateselskapet Kirkelig kulturverksted og har skrive vignettar og musikk til radio- og fjernsynsprogram i NRK og TV2.

Alnæs har også medverka på ei rekke plater, bl.a. Arild Andersens Sagn, jazzbandet Ahas Keep Nose in Front, Masqualeros Aero, Morten Harkets Wild Seed og Poetenes Evangelium, Anne Grete Preus' Fullmåne, Bjørn Eidsvågs Dansere i natten og Vertigo, Ole Edvard Antonsens Tour de Force, og fire album med Ketil Bjørnstad. Han har også spelt med bl.a. Henning Sommerro, Ray Charles, Dee Dee Bridgewater, Kjetil Bjerkestrand, Magne Furuholmen, Ian Hunter, Bjørn Alterhaug, Kristin Skaare, Sissel Kyrkjebø, Gustav Lorentzen, gitarkvartetten 4G og Jan Erik Vold.

Vi gler oss til å oppleve jazzen og bluesen i New Orleans saman med denne virtuosen i november 2017!