Georgia med Hans-Wilhelm Steinfeld

21.-29. september 2018.

Historie – politikk – kultur.

Bli med til eit av verdas vakraste land med frodige dalar, imponerande fjell, karakteristiske steppelandskap og nokre av dei eldste vinmarkene i verda. Georgia er både eksotisk og på ein måte også velkjend med si blanding av asiatisk og europeisk kultur. Vi besøkjer pittoreske landsbyar, Stalin sin heimby Gori og den vakre, historiske hovudstaden Tbilisi, der både Hamsun og Nansen har etterlete seg spor. Plasseringa på silkevegen mellom aust og vest har gjort Georgia til ein smeltedigel kulturelt sett og eit ynda erobringsmål for stormaktene. Kjentmannen vår, Hans-Wilhelm Steinfeld, kjenner landet godt etter tida si som korrespondent og kjem til å halde daglege kåseri om kultur, historie og politikk i Georgia og heile Kaukasus-regionen.

Pris frå:
28 950,-
Bestill tidleg rabatt per person: 250,-
Dagar:9
Flyreisa Oslo-Tbilisi t/r
8 overnattingar på 4-stjerners hotel
Alle frukostar, 5 lunsjar og 5 middagar/festmiddagar
Vin eller øl til alle middagar
Vinsmaking og innføring i georgisk vintradisjon
Forfriskingar på reise: Flaskevatn, mineralvatn og kald te
Buss på heile turen
Svend Waage som lokal reiseleiar på heile turen
Lokale guidar
Kåseri frå Hans-Wilhelm Steinfeld i følgje programmet
Reiseleiar frå Fotefar temareiser
Inngang og eventuelle ekstraguidar ved museum/attraksjonar
Folkesongarar syng eksklusivt til vår gruppe ved to middagar
Ein konsert eller framføring med musikk, opera, dans eller teater

Visum: Georgia krev ikkje visum av norske statsborgarar for opphald under 1 år.
Enkeltromstillegg, kr. 4 450,-
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

Dag 1: Oslo-Tbilisi
Avreise frå Gardermoen. Dei to reiseleiarane frå Fotefar møter dykk på Gardermoen og passar på at alle kjem seg greitt gjennom innsjekking. Vi er framme i hovudstaden Tblisi sein kveld (ei mellomlanding), og bussen vår tek oss rett til hotellet og ei god natts søvn.

Dag 2: Tbilisi
Etter ein god frukost møter vi kjentmannen og lokalguiden vår Svend Waage. Han har budd mange år i Georgia og har hovudfag i musikk med fokus på folkesong frå Georgia. Svend tek oss med på ein vandretur gjennom Gamle Tbilisi, så vi får ei kjensle av byen og blir litt kjende med nokre av dei viktigaste attraksjonane som Sioni-kyrkja, sulfurbada og Narikala-borga. Vi får sjå korleis den gamle bydelen vert restaurert, korleis gammalt møter nytt, og kva som gjorde Tbilisi til et kultur- og handelssenter på den historiske Silkevegen. 

Kona til Svend Waage er kunstnar, og saman driv dei galleriet: Galleri Nor-Ge. Her blir det først velkomstmøte, der vi blir litt kjende med kvarandre. Det neste på programmet blir vekas første foredrag med Hans-Wilhelm Steinfeld, der han gir oss ein introduksjon til Georgia og Kaukasus-regionen si historie.

Deretter fortset vi turen ned gjennom det spennande Betlemi-distriktet som er restaurert med støtte frå Norge og Riksantikvaren. Til slutt endar vi opp på lunsjstaden vår, den spesielle restauranten PurPur som ligg godt bortgøymd i gamle Tbilisis gater.
Etter lunsj* har vi en time på eiga hand før vi gjer oss klare for museumsbesøk og velkomstmiddag. Det neste på programmet er ein tur til det etnografiske museet, der vi får sjå tradisjonell byggeskikk frå dei ulike regionane i Georgia. Vi lærer også om livet på bygda før i tida samanlikna med dagleglivet i det moderne Georgia.
Velkomstmiddagen* blir på den tradisjonelle restauranten Rachis Ubani som ligg vegg i vegg med museet. Her får vi festbord med georgisk mat og vin med nydeleg utsikt over Tbilisi. Vi blir meir kjende med kvarandre, og vi blir introduserte til georgiske mat- og vintradisjonar.

Dag 3: Tbilisi
Etter frukost og foredrag med Hans-Wilhelm Steinfeld, ruslar vi 10-15 minuttar ned til det som på Hamsun si tid var Hotel London, der Hamsun budde når han var i Tbilisi. Berre eit steinkast unna finn vi staden der den norske forfattaren og komponisten, «femme fatal» og modell for Munchs Madonna, Dagny Juel, vart skoten og drepen av den polske venen sin. Det har lenge vore mykje kontakt mellom Norge og Georgia. På denne rusleturen får vi høyre meir om kvifor det er slik, og kvifor kjende nordmenn som Hamsun, Dagny Juel, Nansen og Hans Vogt hadde så nært forhold til akkurat Georgia?
Etterpå besøkjer vi «Museum of Georgia» rett ved hotellet vårt. Museet har blant anna utstillingar med unike samlingar med georgiske kunst- og kulturgjenstandar, og ei avdeling som viser tida under Sovjet-regimet frå 1921. 
    
Resten av dagen er til fri disposisjon. Dei som vil, kan bli med reiseleiarane til lunsj på hotellet og ein rusletur i byen etterpå. Om kvelden blir det fellesmiddag* på restauranten Azer Pasha, som er eigd og driven av gode venner av Svend. Her får vi servert ein spennande kombinasjon av delikate georgiske rettar ispedd latinamerikanske smakar. I tillegg blir det ein konsert til måltidet. Vi har invitert med songarar som gir oss den første introduksjonen til den spesielle polyfone og improvisasjonsbaserte georgisk folkesongen, og det i sitt rette element – nemleg ved det georgiske bordet.

Dag 4: Tbilisi-Gori-Stepantsminda 
Avreise mot Kaukasus-fjella og den vesle byen Stepantsminda ved foten av Kazbegi. På vegen dit stoppar vi først i Gori, Stalin sin fødeby, og opplever Stalin-museet. Museet vart sist renovert på 70-tallet og representerer Sovjet-tida både i form og arkitektur, og det blir såleis «eit museum i museet». Her ser vi også huset der Stalin voks opp. Hans-Wilhelm Steinfeld vil her fortelje om Stalin og Sovjet-tida,

Gori var eit viktig strategisk punkt i den korte krigen mellom Georgia og Russland i 2008. Steinfeld fortel om korleis forholdet mellom Georgia og Russland er i dag, og om den geopolitiske og stormaktspolitiske dynamikken i regionen. 

Etter lunsj* set vi kursen mot Stepantsminda og fjellet Kazbegi (Det tredje høgste fjellet i Georgia, 5047 moh). Etter kvart kjem vi inn i dei majestetiske Kaukasus-fjella, Vi nyt den storslegne naturen og stoppar blant anna ved eit spektakulært utsiktspunkt for å oppleve den utrulege utsikta. Tidleg på kvelden kjem vi til den vesle byen Stepantsminda. Etter innsjekking på hotellet har vi god tid til avslapping etter ei lang reise. Her kan ein nyte den fantastiske utsikta frå  terrassen på hotellet. Vi bur på det særeigne firestjerners designerhotellet Rooms med ein enorm terrasse mot Kazbegi og Gergetis Sameba-kyrkja. Vi har bestilt «front-view» rom med utsikt mot Kazbegi-fjellet og eigen balkong på rommet. Inkludert er også symjebasseng, sauna og eit godt treningsrom. 

Dag 5: Stepantsminda
Etter ein god frukost startar vi dagen med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld på hotellet. Tema for dette kåseriet kjem seinare. Etterpå går vi samla opp til treeiningskyrkja Gergeti’s Sameba, som ligger spektakulært til ved sida av Kazbegi-fjellet med panoramautsikt over heile Stepantsminda og nærområdet. Vi opplever den ikoniske treeiningskyrkja som har teke namnet sitt frå landsbyen Gergeti, som ligg i utkanten av Stepantsminda. Deretter har vi piknik-lunsj* ute i det fri med dei mektige Kaukasus-fjella rundt oss. Desse fjella har forma lynnet til fjellfolka, og dei har opp gjennom historia klart å forsvare Georgia sine yttergrenser mot nord. Her finn vi ein eldgamal og fascinerande myte- og legendetradisjon, og både hedensk- og kyrkjetradisjon lever side om side.
Vi kjem ned igjen til hotellet tidlig om ettermiddagen og har tid til avslapping før middagen* om kvelden. Her blir vi kjende med både lokale matrettar og lokale bordtradisjonar.

Dag 6: Stepantsminda-Tbilisi
Avreise mot Tbilisi etter frukost. Kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld på bussen. Emnet for kåseriet blir avgjort seinare. Før vi køyrer inn i Tbilisi, stoppar vi i den historiske hovudstaden Mtskheta, der vi et lunsj*. Etterpå dreg vi til Svetitskhoveli-kyrkja som er på Unesco si verdensarvliste. Hit kom St. Nino og kristna Georgia på 300-tallet. Vi får oppleve den viktige rolla som kyrkja spelar i livet til dei fleste georgiarar, og korleis rituala og relikviane er relevante i kvardagslivet. Deretter vandrar vi i den gamle bydelen som utgjer det vesle sentrumet og opplever tradisjon, lokal koloritt og turistbuer i skjønn foreining.
Vi kjem fram til Tbilisi om ettermiddagen. Resten av dagen er til fri disposisjon for avslapping eller for å oppleve nye stader og stemningar i Tbilisi. Dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein koseleg restaurant om kvelden.

Dag 7: Sighnaghi
Tidleg avreise til vinregionen Kakheti som åleine står for nesten 70% av Georgia sin vinproduksjon. Georgia har produsert vin kontinuerleg i 8000 år, og har ein heilt særeigen tradisjon for produksjon og lagring av vin. Vi kjem til den vesle, maleriske byen Sighnaghi på føremiddagen. Sighnaghi er eit kultursenter i regionen med fantastisk utsikt over slettelandskapet i Kakheti og Kaukasus-fjella på motsett side. Første stopp er Bodbe-klosteret, som ligg i utkanten av Sighnaghi. Her er St. Nino, som kristna Georgia på 300- talet, gravlagd, og dette er ein av dei mest heilage stadene for georgiarane.

Georgia har opp gjennom historia mange gonger vorte invadert av stormaktene, og dette området var alltid det første forsvarspunktet, særleg mot persarane. Så i Sighnaghi betalte ikkje folk skatt i klingande mynt i tidlegare tider, men gjennom innsatsen sin på slagmarka. Området var kjent som handelssenter for georgiarar så vel som handelsfolk som kom over fjella frå Dagestan. Det blir eit kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld anten i bussen eller ved lunsjplassen. Emnet for kåseriet blir Silkevegen, og dei ulike stormaktene som har forsøkt å kontrollere denne viktige handelsvegen.

Vi nyt lunsjen* vår utandørs på åskanten i Sighnaghi med panoramautsikt over Alasani-sletta og Kaukasus-fjella på motsett side. Deretter har vi tid til fri disposisjon der ein kan rusle rundt i idylliske Sighnaghi og oppleve den lokale atmosfæren.
Om ettermiddagen blir det vinsmaking av sju ulike vinar og innføring i georgisk vintradisjon og produksjonsmåte med venner av Svend Waage på vingarden Pheasant’s Tears. Gela og John produserer vin etter dei same tradisjonelle metodane som har vore i bruk i tusenvis av år i georgisk vinproduksjon. Deretter blir det ekte georgisk supra* (fest) med alt det inneber av kalde og varme rettar, vinar, skåltradisjonar, talar og folkesong. Etter denne fantastiske festkvelden tek bussen oss mette og fornøgde tilbake til hotellet i Tbilisi.

Dag 8: Tbilisi
Etter frukost møtest vi for å høyre på Steinfeld sitt siste kåseri på turen. Her kjem han til å trekke trådane og summere opp det vi har sett, høyrt og lært den siste veka i dette spennande landet. Etterpå går vi saman opp til «fløybanen» og tek denne opp til toppen av Mtatsminda-fjellet med utsikt over heile Tbilisi. Vi vandrar så nedover mot byen, og på vegen stoppar vi i åssida ved kyrkja og gravstaden Pantheon med gravene til dei mest kjende georgiske forfattarane og samfunnspersonane. Etter ei veke i Georgia, der vi har vorte kjende med ulike sider av georgisk kultur og historie, vil vi kjenne til fleire av dei som er gravlagde her.

Resten av dagen til fri disposisjon og ein siste sjanse til opplev enda meir av Tbilisi sitt mangfald, eller kanskje ta ein siste shoppingrunde.
Om kvelden har vi ein roleg avskjedsmiddag* på hotel Kopala sin takterasse med panoramautsikt over Tbilisi med utsikt mot sentrum av gamlebyen, Narikalaborgen og Mtatsminda-fjellet. Vi nyt hotellet sitt gode  kjøkken med ein meny med høgdepunkta frå dei ulike rettane vi har smakt på under turen vår.

Dag 9: Tbilisi-Oslo
Flyet går frå Tblisi neste morgon og vi er framme på Gardermoen om ettermiddag/kvelden.

Måltida merka med * er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
21/9OsloGeorgiaMeir enn 828 950,-Bestill