Vandretur på Gran Canaria

23. – 30. november  2017.

Vandreturar på nordsida og det indre av øya.

Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? På denne turen får vi oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på nordsida og i innlandet av øya. Her er det et godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen og bur på spesielt utvalde hotell undervegs. Det blir fotturar kvar dag med guide, og turen passar såleis for dei som er vande med å gå på turar i flatare område og i fjellet. Ein må ha gode sko med solide solar, og ein kan med fordel ta med stavar på denne fotturen. 

Pris frå:
13 450,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo – Las Palmas
Busstransport og guiding på heile turen.
7 overnattingar på svært gode hotell.
7 frukostar og 3 store lunsjar/middagar som vist i programmet.
Vinsmaking, prøvesmaking av ost, tropiske frukter og anna
Reiseleiar frå Fotefar
Enkeltromstillegg, kr. 3 350,-

Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Torsdag 23. november           Framme i Santa Brigida på Gran Canaria

Avreise frå Oslo 17.30, og vi er framme på flyplassen ved Las Palmas kl. 22.15. Bussen vår tek oss frå flyplassen til den pittoreske fjell-landsbyen Santa Brigida, ca. 17 km frå Las Palmas. Der skal vi bu i 4 døgn på Hotel Esquela Santa Brigida, som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Vi er framme på hotellet ca. kl. 23.00. For dei som ønskjer det, er det mogeleg å få kjøpe noko å drikke og ete i baren. Det er bestilt lunsjpakkar for kvar dag. Hugs sjølv på å få dei med på dagsturane, og ta elles med rikeleg med vatn. Frukost startar kvar dag kl. 07.00 for dei som er tidleg oppe.

Fredag 24. november             Caldera de Bandama

Etter ein god frukost køyrer bussen kl. 09.00 frå hotellet vårt til Caserio de Bandama. Vi startar turen med å gå rundt kanten av krateret der vi vil ha eit vakkert utsyn ned i Calderaen (gryta). Den delen av turen tek om lag 2 timar, og vi vil få informasjon om bakgrunnshistoria til dette naturfenomenet. Deretter går vi ned i det berømte Bandama Krateret (Caldera de Bandama), som var den første turistattraksjonen på Gran Canaria frå 1800-talet. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studere dette krateret. Etter turen vil bussen ta oss tilbake til hotellet. Turen er på 6,6 km og har ein høgdeskilnad på 200 meter. Det er litt bratt ned til krateret, og det ligg små runde partiklar i stien, så det kan vere litt glatt. Dei som ikkje vil gå ned i sjølve krateret, kan snu på halvegen. Likevel får dei eit godt inntrykk av sjølve krateret. Det vil vere mogeleg å gå innom restauranten på Golf hotellet og kompensere for væsketapet etter turen før bussen køyrer oss tilbake til hotellet.

Kl. 17.30 vert det informasjonsmøte på hotellet om dagsturane av guidane og reiseleiarane. Vi kan også nytte høvet til å ta ein kort presentasjon av deltakarane.
Kl. 19.30 busstransport (10 min) til fellesmiddag* på den svært gode restauranten, Casa Martell.  Kl. 22.30 vert det buss tilbake til hotellet.

Laurdag 25. november           Pico de Las Nieves – Degollada de Cruz Grande

Kl. 09.00 startar vi frå hotellet, og bussen tek oss oppover i dei vakre dalføra til Pico de Las Nieves, den høgste fjelltoppen (1949 m.o.h.) og det geografiske senteret på øya. På vegen opnar ei fantastisk panoramautsikt seg til Caldera de Tejeda. Vi får også med oss ei slåande utsikt til vulkanfjella Rocque Nublo og Roque Bentayga og dei sjarmerande gamle landsbyane Tejeda og Artenara. Tejeda er omringa av 1000 m høge klipper og er kåra til ein av dei vakraste landsbyane i Spania.

Vi vandrar så vidare på «The Silver Path», ein steinsett sti som går frå den vakre pinjeskogen Los Llanos de La Pez til San Bartolome de Tirajana. Turen endar opp i Degollada de Cruz Grande. Dette er rekna som «turen over alle turar» på øya, og her får vi verkeleg sjå det autentiske Gran Canaria! Heile turen er på 8,5 km, og vi reknar ca. 4-5 timar vandring. Vi skal ned 763 meter og 94 meter opp. Turen er litt krevjande med noko nedstigning, men vegen og stiane er flotte, spesielt siste delen som slyngjer seg nedover på same måte som den kjende Vindhellavegen i Lærdal.
Ca. kl. 15.00 køyrer vi tilbake til hotellet vårt i Santa Brigida. Om kvelden møtest vi gjerne i baren ca. kl. 19.00, og dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiarane og ete middag på ein restaurant i nærleiken av hotellet.

Søndag 26. november             Cruz de Tejeda - Artenara

Etter ein litt tidleg frukost køyrer bussen kl. 08.30 frå hotellet vårt til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 10,6 km, er moderat tung og tek om lag 5 timar. Det er stigning på 408 meter og det same ned att. Vi går oppover til kanten av vulkankrateret Caldera de Tejeda gjennom furuskog og får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet i Gran Canaria. Det er skildra av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk «landskap som er stivna etter ein storm». Dette kjem av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Vi går på kanten av krateret, og det er bratt skråning på utsida av stien. Deltakarar med høgdeskrekk må gå lengst bort frå kanten, eller dei kan vere med bussen til Artenara, som er ein vakker landsby.

Vel framme i Artenara, kan vi kjøpe forfriskingar på ein flott kafe der.
Kl. 19.30 er det fellesmiddag* på hotellet vårt.

Måndag 27. november            Tamadaba Natural Reserve – San Pedro (Agaete dalen)

Etter å ha sjekka ut frå hotellet vårt, tek bussen oss kl. 09.00 til Tamadaba Naturreservat. Der vi vil starte turen mellom pinjetre, men etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg 1027 meter nedanfor. Vi opplever også det imponerande synet av Roque Faneque, den høgaste sjøklippa i Europa og den 7. høgste i verda! Denne vandreturen går mest nedover langs stiar som kryssar eit vilt og vakkert landskap, lune pinjeskogar og til slutt på ein sti som slyngjer seg nedover ein fjellrygg til Agaete. Denne delen er bratt, og det kan vere litt glatt på grunn av gamal lavastein som er i små bitar og ligg i stien. Vi anbefaler gode sko med solide sålar og gjerne stavar. Denne dagen gir oss den mest imponerande og spektakulære utsikta over øya under heile opphaldet! Turen er moderat tung, er 10,2 km lang og tek ca. 4,5-5 timar. Det er nedstigning på 1238 meter. Vi endar opp i landsbyen San Pedro, og det vert buss derfrå i ca. 10 min. til det herlege hotellet vårt, Roca Negra Hotel & Spa, som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Vi reknar med å vere framme om lag kl. 15.30. Dei som ikkje vil gå så mykje nedover, kan ta bussen til hotellet gjennom eit spektakulært landskap. Middag på eiga hand eller saman med reiseleiar på ein restaurant i landsbyen. Fisk er ein spesialitet her.

Tysdag 28. november             Fagagesto – El Sao – El Hornillo – San Pedro

Avreise med buss kl. 09.00 frå hotellet til Fagagesto, og turen tek knapt ein time.  Vandringa startar frå Fagagesto ned ein spektakulær ravine til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkansk aktiv kjelde og endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der alle bustadene er gravne ut av det vulkanske fjellet, går vi vidare til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av Agaete-dalen. Her skal vi besøkje Los Berrazales vinkjellar og smake på den gode lokale vinen og den berømte geitosten. Vi få også ein kaffikopp frå kaffibønner produsert her, med noko attåt, før bussen tek oss attende til hotellet vårt. Turen denne dagen er på 4,5 time og er på 8,5 km i relativt lett terreng, men med ein del bratte parti nedover. Det er 200 meter stigning og 600 meter nedover. Tilbake til hotellet ca. kl. 16.30. Ettermiddag og kveld på eiga hand eller vi kan organisere fellesmiddag på ein god fiskerestaurant.

Onsdag 29. november           Agaete eller Las Palmas

Denne dagen har vi fri og kan slappe av på hotellet, nyte spadelen der og/eller ta ein vandretur med utsikt mot Atlanterhavet.  For dei som ønskjer å sjå enda meir, vert det sett opp buss til Las Palmas, som er hovudstaden og ligg ca. 40 min med buss frå Agaete. Der kan ein ta ein kort vandretur langs den vakre Canteras stranda som ligg sentralt til i byen og elles vandre rundt om i gamlebyen og gjerne handle litt.

Kl. 19.30 vert det avslutningsmiddag* på Roca Negra Hotellet.

Torsdag 30. november           Heimtur

Frukost kl. 06.30 med piknickbag, sandwich, frukt, noko søtt, vatn og frukt juice. Kl. 07.00 tek bussen oss frå hotellet vårt i Agaete til flyplassen ca. 1 t lengre sør. Det er direktefly tilbake til Oslo kl. 10.00, og vi er framme i Oslo kl. 16.40.

Måltida som er merka med *, er inkluderte i prisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/11OsloGran Canaria avreise Oslo
Inkludert i pristilbodet er flyavg./skattar per 08.01.2017 (kan endrast) Kr. 1 100
Meir enn 813 450,-Bestill