Vandring på Gran Canaria

01. – 08. februar  2018.

Vandreturar på nordsida og det indre av øya.

Er du glad i fjellturar og aktiv ferie? På denne turen får vi oppleve det autentiske Gran Canaria med den storslegne naturen på nordsida og i innlandet av øya. Her er det et godt terreng for fotturar i grøne, frodige landskap med fantastisk utsikt på godt merka turstiar. Vi får oppleve bortgøymde landsbyar langt unna masseturismen og bur på spesielt utvalde hotell undervegs. Det blir fotturar kvar dag med guide, og turen passar såleis for dei som er vande med å gå noko på turar og i fjellet. 

Pris frå:
13 450,-
Bestill tidleg rabatt før 1.oktober 2017 per person: 250,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo – Las Palmas (tilknyting andre byar mot tillegg)
Busstransport og guiding på heile turen.
7 overnattingar på svært gode hotell.
7 frukostar og 3 store lunsjar/middagar som vist i programmet.
Vinsmaking, prøvesmaking av ost, tropiske frukter og anna
Reiseleiar frå Fotefar
Enkeltromstillegg, kr. 3 350,-
Bestill reise

Dagsprogram

01. – 08. november  2018

Vandreturar på nordsida og det indre av øya

Torsdag 01.02.

Avreise frå Oslo 17.30, og vi er framme på flyplassen ved Las Palmas kl. 22.15. Bussen vår tek oss frå flyplassen til den pittoreske fjell-landsbyen Santa Brigida, ca. 17 km frå Las Palmas. Der skal vi bu i 4 døgn på Hotel Esquela Santa Brigida, som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Det tar om lag 20 minutt med buss til Santa Brigida. 6 deltakarar skal bu på eit anna hotell, Bandama Golf Hotell, og dei vert køyrt dit etterpå. Vi er framme på hotellet ca. kl. 23.00. For dei som ønskjer det, er det mogeleg å få kjøpe noko å drikke og ete i baren.

Det er mogleg å bestille lunsjpakkar til alle dagar mot tillegg.

 Fredag 02.02. Caldera de Bandama

Etter ein god frukost startar vi dagen kl. 09.00 med ein liten busstur frå hotellet til Caserio de Bandama. Me skal deretter gå ned i det berømte Bandama Krateret (Caldera de Bandama) som var den første turistattraksjonen i Gran Canaria frå 19. århundre. Hit kom geografar, geologar, botanikarar og vulkanspesialistar frå heile verda for å studera dette krateret.  Vi startar med ein tur i det indre krateret ca. 2 timar og avsluttar med å gå rundt kanten der vi vil ha eit vakkert utsyn ned i Calderaren (gryta). Den delen av turen tek om lag 2 timar, og me vil få informasjon om bakgrunnshistoria til dette naturfenomenet. Etter turen vil bussen ta oss tilbake til hotellet. Turen er på 6,6 km og har ein høgdeskilnad på 200 meter. Vi vandrar på kanten av krateret. Om kvelden busstransport (10 min) til *fellesmiddag på den på den svært gode restauranten, Casa Martell.                                                                                                                              

Laurdag 04.02. Pico de Las Nieves – Degollada de Cruz Grande

Kl. 09:00 Bussen tek oss oppover i dei vakre dalføra til Pico de Las Nieves, den høgste fjelltoppen (1949 m.o.h.) og det geografiske sentrumet på øya. På vegen opnar ei fantastisk panoramautsikt seg til Caldera de Tejeda. Vi får også med oss ei slåande utsikt til vulkanfjella Rocque Nublo og Roque Bentayga og dei sjarmerande gamle landsbyane Tejeda og Artenara. Tejeda er omringa av 1000 m høge klipper og er kåra til ein av dei vakraste landsbyane i Spania. Turen opp tar om lag 1 time. Vi vandrar så vidare på «The Silver Path», ein steinsett sti som går frå den vakre pinjeskogen Los Llanos de La Pez til San Bartolome de Tirajana. Turen endar opp i Degollada de Cruz Grande. Dette er rekna som «turen over alle turar» på øya, og her får vi verkeleg sjå det autentiske Gran Canaria! Heile turen er på 8,5 km, og vi reknar ca. 4-5 timar vandring. Vi skal ned 763 meter og 94 meter opp. Turen er ikkje krevjande.Ca. kl. 15.00 køyrer vi tilbake til hotellet vårt i Santa Brigida.
Om kvelden møtest vi gjerne i baren ca. kl. 19.00, og dei som ønskjer det, kan gjerne vere med reiseleiarane og ete middag på ein restaurant i nærleiken av hotellet.

Søndag 05.02. Cruz de Tejeda - Artenara

Etter ein litt tidleg frukost går turen kl. 08.30 frå hotellet til Cruz de Tejeda, der vi startar vandreturen denne dagen. Turen er på 10,6 km, er moderat tung og tek om lag 5 timar. Det er stigning på 408 meter og det same ned att. Vi går oppover til kanten av vulkankrateret Caldera de Tejeda gjennom fureskog og får eit spektakulært utsyn over det fantastiske landskapet i Gran Canaria. Det er beskrive av den kjende forfattaren Unamuno som «Petrified Storm» eller på norsk, landskap som er stivna etter ein storm, dette på grunn av dei spesielle formene på fjella, kløftene, monolittane og kraterkantane. Kl. 14:30 får me «snacks» på La «Cilla Panoramic Restaurant».
Kl. 19:30 er det *fellesmiddag på hotellet vårt.

Måndag 06.02. Tamadaba Natural Reserve – San Pedro (Agaete dalen)

Etter å ha sjekka ut frå hotellet kl. 09:00 tek bussen oss til Tamadaba Naturreservat. Der vi vil starte turen i furuskogen, men etter kvart får vi dei første glimta av sjøen som ligg 1027 meter nedanfor. Vi får også sjå det imponerande synet av Roque Faneque, den høgaste sjøklippa i Europa og den 7. høgste i verda! Denne vandreturen går mest nedover langs stiar som kryssar eit vilt og vakkert landskap, lune furuskogar og til slutt på ein sti som slyngar seg nedover ein fjellrygg til Agaete. Denne dagen gir oss den mest imponerande og spektakulære utsikta over øya under heile opphaldet! Turen er moderat tung, er 10,2 km lang og tek ca. 4,5-5 timar. Det er nedstigning på 1238 meter. Vi endar opp i San Pedro landsbyen, og det vert buss derfrå i ca 10 min. til det herlege hotellet vårt, Roca Negra Hotel & Spa, som ligg fint til med flott utsikt over Atlanterhavet. Vi reknar med å vera framme om lag kl.  15:30.
Middag på eiga hand eller saman med reiseleiar på ein restaurant i landsbyen.

Tysdag 07.02. Fagagesto – El Sao – El Hornillo – San Pedro

Avreise kl 09:00 frå hotellet til Fagagesto. Buss ca 1 time. Turen startar frå Fagagesto ned ein spektakulær ravine til den vesle bygda El Sao. På vegen går vi forbi ei kjend gamal mølle og ei vulkansk aktiv kjelde og endar opp i grottelandsbyen El Hornillo. Etter å ha utforska denne heilt spesielle byen, der alle bustadene er gravne ut av det vulkanske fjellet, går vi vidare til vakre San Pedro, ein landsby midt i hjarta av Agaete-dalen. Her skal vi besøkja Los Berrazales vinkjellar og smake på den gode lokale vinen, den kjende geitosten og få ein kaffikopp frå kaffibønner produsert her, og med noko attåt før vi får buss attende til hotellet vårt. Turen denne dagen er på 4,5 time og er på 8,5 km i lett terreng. Det er 200 meter stigning og 600 meter nedover. Tilbake til hotellet ca kl. 16:30. Ettermiddag og kveld på eiga hand.

Onsdag 08.02.  Agaete eller Puerto Mogan

Denne dagen har vi fri og kan slappe av på hotellet og nyta spa delen og vandra i byen og kanskje ta ein kort vandretur langs Canteras stranda. For dei som ønskjer å sjå enda meir, vert det sett opp buss til Puerto Mogan, som er ein spennande fiskelandsby på sørsida av øya kl 09:00. Det kostar 40 Euro. Turen tar ca. 2 t kvar veg. Vi vil få ca. 3 timar i Puerto Mogan. Der kan ein bada og sola seg på dei flotte strendene, og ein vil få oppleva sørsida av øya der alle dei andre norske turistar ferierer. Kl. 19.30 vert det avslutningsmiddag* på Roca Negra Hotellet.

Torsdag 09.02. Heimatt

Frukost kl 06:30 med piknickbag, sandwich, frukt, noko søtt, vatn og frukt juice. Om morgonen kl. 0700 tek bussen oss frå hotellet vårt i Agaete til flyplassen ca 1 t lengre sør. Det er direktefly tilbake til Oslo kl. 10.00, og vi er framme i Oslo kl. 16.40.

Måltida som er merka med *, er inkluderte i prisen.

Bjørn Sørheim er turleiar. 

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
1/2Oslo GardermoenVandretur på Gran CanariaMeir enn 813 450,-Bestill