Guatemala med Petter Skauen

21.10 – 1.11. 2017.

Historie – kultur – folkeliv.

Folk som besøkjer Guatemala blir sterkt gripne av det dei får sjå og oppleve. Eit opphald her gjer noko med oss som menneske. Kanskje er det møtet med mayafolket og den utrulege historia deira som rører oss så sterkt.  Eller det kan vere den storslegne naturen, alt det vakre, den grenselause  rikdommen eller den botnlause fattigdommen. Guatemala er i alle høve eit land med enorme kontrastar, paradoks og utfordringar.  Kontrastane slår imot oss, men innbyggjarane i Guatemala er faktisk kåra til verdas mest lukkelege folk!

Vi er så heldige å få med Petter Skauen som guide og reiseleiar. Ingen nordmenn kjenner Guatemala betre enn han gjennom arbeidet sitt i Kirkens nødhjelp og i fredsarbeidet. Han er ein viktig døropnar, og vi får blant andre møte fredprisvinnar Rigoberta Menchu.

Pris frå:
29 950,-
Dagar:11
Flyreisa Bergen/Oslo –Guatemala City t/r
Busstransport på heile rundturen i Guatemala
7 overnattingar på gode hotell med høg standard
3 overnattingar på enklare hotell i Comalapa og i Solola
10 frukostar
10 middagar
7 lunsjar
Båttur på innsjøen Atitlan
Billettar til alle felles attraksjonar.
Petter Skauen er reiseleiar og guide
Fotefar har i tillegg med ein spansktalande representant.
Enkeltromstillegg, kr. 2 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar 

Laurdag 21.10

Avreise frå Oslo og Bergen på føremiddagen. Framme i Guatemala City om kvelden. Buss til Hotel Barcelo der vi får eit lett måltid* og blir litt kjende med turgruppa.

Søndag 22.10

Dagen startar med ein typisk og allsidig Guatemala-frukost på hotellet. Deretter køyrer bussen oss til Antigua Guatemala, som er den gamle hovudstaden og kan vise fram eit mangfald av monumentale byggverk, kyrkjer, spennande ruinar og marknader. Vi får med oss dei mest kjende turistattraksjonane, ser på folkelivet og nyt alle fargane og folkeslaga.

Etter lunsj* dreg vi innom marknadsplassen og vidare til ein av dei mest kjende kaffeplantasjane - Finca Philadelfia - som ligg i åssida rett utanfor Antigua. Det blir overnatting i Casa Santo Domingo - eit gamalt kloster som i dag er omgjort til eit vakkert hotell.  Her kan vi også få med oss kunstutstilling og elles beundra særeigen arkitektur, flotte uteareal der vi kan nyte fred og ro. Fellesmiddag* om kvelden.

Måndag 23.10

Casa Santo Domingo er kjent for den gode frukosten sin. Etterpå dreg vi til byen San Martin i fylket Chimaltenango.  Dette området ligg litt utanfor allfarvegen, men vi får med oss flotte naturopplevingar og eit spennande folkeliv langs vegen.  I San Martin er det marknadsdag for indianarar frå ca. 50 bygdesamfunn.

Turen går vidare til bygda El Molino og ”enkjelandsbyen” Tinamit Ajaf. Lunsj*. I møtet med innbyggjarane her, vil enkjene fortelje oss den tragiske historia si. 36 år med borgarkrig og undertrykking har fått dramatiske følgjer for mange. Vi får også eit innblikk i dagleglivet til folka her med gleder, sorger og utfordringar.  I bygdene rundt San Martin blei innbyggjarane utsette for store lidingar på 80-talet. Fleire bygdesamfunn blei sletta med jorda og sivilbefolkninga blei drivne på flukt. Norge og Kirkens Nødhjelp har samarbeidd med befolkninga i San Martin heilt sidan jordskjelvkatastrofen som ramma Guatemala i 1976.  Norge var også med på fredsprosessen som førte til den endelege fredsavtalen, som vart underteikna mellom geriljagruppa URNG og styresmaktene i 1996. 

Ut på ettermiddagen deler turgruppa seg. Ein kan velje om ein vil vere med til byen Solola som er vennskapskommunen til Ål i Hallingdal eller til byen Comalapa som er vennskapsbyen til Stord.

Vennskapskomiteane i dei to byane vil utarbeide eigne program for opphalda. Fellesmiddag*.

Tysdag 24.10

Dette er nasjonalsongen sin festdag i Guatemala og ein stor dag i landet. Vi feirar heile dagen saman med lokalbefolkninga  i dei to venskapsbyane våre. Dette må berre opplevast!

Lunsj* og fellesmiddag*.

Onsdag 25.10

Heile dagen i Comalapa og Solola med eige program. Lunsj* og fellesmiddag*.

Torsdag 26.10

Etter frukost tek vi farvel med vennene våre i Comalapa og køyrer til Panajachel ved den vakre innsjøen Atitlan. Sjøen har ca. 130 kvadratkilometers overflate og er ca. 340 meter djup. Her møter vi gruppa som har vore i vennskapsbyen Solola. Vi startar opp med båttur og besøkjer nokre av landsbyane rundt innsjøen. Byane har namna sine etter apostlane; San Lucas, San Juan, San Marco, San Pedro etc.  Dei representerer kvar for seg eit mangfald av språk og tradisjonar.  Dette gir seg blant anna utslag i dei typiske og fargerike klesdraktene deira. Lunsjen* legg vi til ein av småbyane, der vi kan nyte utsikta mot vulkanane San Pedro Toliman og Atitlan.  Vi tek inn på hotellet Posada de don Rodrigo, slappar av før vi vandrar litt rundt i den fredelege byen og avsluttar dagen med middag* på ein restaurant med utsikt over sjøen.

Fredag 27.10

Etter frukost gir vi oss god tid i byen og besøkjer den livlege marknadsgata der dei lokale indianarfolka lokkar med handarbeid i alle fargar. Fra høylandet i Panajachel og innsjøen Atitlan dreg vi mot Stillehavskysten og byen Moterrico. Turen går gjennom eit variert landskap med høge fjell, frodige kaffiplantasjar, enorme sukkerplantasjar og mange landsbyar.  Vi passerer også byen Esquintla, som er eit senter for sukkerproduksjonen i Guatemala.  På turen tek vi sikte på å besøkje ein sukkerplantasje og kanskje få eit lite innblikk i produksjonsprosessen.  Guatemala er blant verdas største sukkerprodusentar. Lunsj* undervegs.

Vi kjører gjennom nokre av dei mest fruktbare jordbruksområda i Mellom-Amerika på veg til Stillehavskysten. Langs hovudvegen passerer vi storgods, plantasjar og kvegfarmar. Kystområdet er varmt og frodig med regntid frå mai til september månad.

Overnattinga skal vi leggje til ei strand langs Stillehavet og bu på hotellet Utz Tzaba like utanfor byen Monterrico. Middag om kvelden*.

Laurdag 28.10

Monterrico er kjend for dei mange soldagane og vakre solnedgangane.  Dei som ønskjer det, kan også ta ein dukkert i Stillehavet eller i bassenget på hotellet eller berre rusle langs den vakre stranda. Det kan også vere aktuelt å leggje inn ein liten fisketur. Området rundt Monterrico har ein verneverdig mangroveskog, men er elles eit nokså fattig distrikt der innbyggjarane lever av fiske, dyrking av frukt og grønsaker og noko turisme.

Om ettermiddagen køyrer bussen oss tilbake til Guatemala City og Hotel Barcelo, der vi også et middag*.

Søndag 29.10

Denne dagen kan deltakarane velje mellom to opplegg.

Alternativ I:  Eit frivillig opplegg med ekstrakostnad til dei verdskjende pyramidane ved Tikal. Det er tidlig flyavgang fra Guatemala City til Flores og Tikal med eit eige program for besøket der. Årleg besøkjer tusenvis av menneske pyramidane i Guatemala’s jungel.  Alle får med seg den spennande historia om Tikal – denne historiske mayabyen - fortalt av lokale guidar som snakkar engelsk. Tilbake til Guatemala City om kvelden.

Alternativ II: Denne gruppa nyttar heile dagen i Guatemala. I hovudstaden bur ca. 1,2 millionar menneske i slumområde. Slumkoloniar ligg som sørgjerender rundt byen.   Men her bur også folk med mykje livsglede, humor og overskot. Kvinnene utgjer sjølve ryggrada i familien. Med optimisme og vilje til å overleve gjer dei ein enorm innsats for fellesskapet. Vi skal besøkje kvinner frå koloniane i Zone 6 i hovudstaden, og dei vil fortelle oss om korleis dei lever og finn lukka i livet.

Om kvelden blir det middag* i den nye bydelen Paseo Cayala.  Her finn vi eksklusive forretninger, flotte restaurantar og luksus. Vi tek også ei runde rundt i gågata her, slik at vi kan kjenne på kontrastane frå tidlegare på dagen.

Måndag 30.10

På denne siste dagen i Guatemala ønskjer vi å besøkje den mest kjende marknaden i hovudstaden. Her blir det selt alt frå matvarer til handarbeid i lær, tøy og ulike stoff, trevirke og keramikk. Marknaden ligg like ved katedralen og presidentpalasset som vi også kikkar på. Styresmaktene og Guatemala kommune har lagt stor vekt på service og tryggleik. Ein vandretur i gågata i hovudstaden er alltid ei stor oppleving. Her kan vi nyte atmosfæren og folkelivet.

Om kvelden avslutningsmiddag* på hotellet.

Tysdag 31.10

Avreise frå flyplassen i Guatemala City om føremiddagen.

Onsdag 01.11

Framme i Bergen/Oslo om morgonen neste dag.

 *Måltider inkluderte i turprisen

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
21/10BergenGuatemala Med Petter Skauen
Få flyseter tilgjengelig, påmelding med forbehold om ledige seter.
Fullbooka, venteliste29 950,-Book på venteliste
21/10OsloGuatemala Med Petter SkauenFullbooka, venteliste29 950,-Book på venteliste