|
Ekstratur til Island 22. - 27. august |
|
MONDAY 30. JANUARY 2012 15:49 |
|
Det viser seg at turen til Island er svært populær, og alt no er det fleire på ventelista. Vi har difor bestemt at vi arrangerer ein ny tur til Island i tidsperioden 22.08-27.08. Programmet på denne turen vil bli heilt det same som på den første turen. Prisen vil også bli den same.
Sylfest Lomheim vil vere den eine reiseleiaren på den siste turen og.
|
|
Musikkturen til Sørstatane |
|
TUESDAY 10. JANUARY 2012 16:32 |
|
Ledige billettar til Sørstatane Den store musikkreisa til Nashville, Memphis og New Orleans går i tidsrommet 8.–17. mars. Her får vi skikkeleg Tatt av vinden-stemning, og vi høyrer mykje god musikk, både jazz, 50-talsrock, blues og country. Eit høgdepunkt for mange vil også Graceland. Reidun Dimmen var ein av deltakarane på den same musikkreisa i oktober 2011. Etter turen sende ho følgjande e-post til oss: "Takker igjen for ein fantastisk musikktur. Det var ei oppleving med musikk, latter og glede i samfulle 10 dagar. Midt i alt dette fekk vi historia bak all den flotte musikken, og det gav alvor og ein fin balanse. Syns eg må sende bilde frå Sun Studio, vi gjorde ei god scene der."
|
|
Musikkturen til Sørstatane |
|
MONDAY 02. JANUARY 2012 12:36 |
Vi minner om påmeldingsfristen til turen til Sørtatane: Snarast! |
|
MONDAY 02. JANUARY 2012 11:40 |
Som de vil sjå av programmet, har vi utvida til 11 turar i 2012. Dette er eit resultat av at 2011-sesongen var bra for oss med god deltaking på alle turane. I tillegg er Rasmus Sunde vorten pensjonist frå stillinga si ved Høgskulen i Sogndal og jobbar no berre i Fotefar. Yngve Sunde sluttar som redaktør i Skald forlag og vil vere tilsett i 100 % stilling i Fotefar frå 1.03.2012. Arne Sunde arbeider framleis som lekor ved Husnes vgs. og er ein av reiseleiarane til Midtvesten, Island og Sørstatane (okt.).
|
|
SUNDAY 04. DECEMBER 2011 10:35 |
|
Sylfest Lomheim Vi er så heldige å få med den kjende språkmannen Sylfest Lomheim på to av turane i 2012. I juni går turen til Normandie og Paris. Sylfest har undervist i norsk på universitetet i Caen og kjenner området godt. Han tek også med seg gitaren og skaper stemning og hygge om kveldane. I august blir han med til Island, og på bussturane der vil vi nok få med oss ein del språkhistorie og om dei islandske sagaene.
Bjørn Sørheim På den nye spennande turen til Skottland og Nord-England har vi fått med oss dosent Bjørn Sørheim. Han er frå Stord, men har hatt arbeidet sitt som engelsklærar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. I fleire år han han også undervist i Newcastle og i York, og han kjenner såleis reisemåla på denne turen svært godt.
Odd Hagen Vi har også med oss musikarar på tematurane våre. Odd Hagen har i fleire år vore med på bussturen vår til Baltikum. Han er ikkje berre ein dugande trekkspelar, men han underheld med mange gode historier og spelar til underhaldning og allsong på bussturen og til dans om kveldane. I 2012 blir han med til Julemarknaden i Lubeck, og han kjem også til Balestrand og står for dansemusikken på Kviknes Hotel.
Eigil Reitan og Per Roksvaag Bussen til Stockholm, Tallinn, Tartu og Riga vil i 2012 gå frå Trondheim. Deltakarar frå Vestlandet og andre stader kan gå på i Oslo. På denne turen har vi fått med musikarane Eigil Reitan (trekkspel) og Per Roksvaag (gitar). Dei vil spele til underhaldning og allsong på bussen og til dans tre kveldar på turen.
Billa and the Kid På musikkreisa til Sørstatane i mars 2012 får vi med oss gruppa Billa and the Kid som vil underhalde oss på bussturane og på samankomstane våre. Dei syng country og blues på ekte sognamaol.
Nils R. Sandal På den andre musikkreisa til Sørstatane i oktober, vil vi få med oss countryentusiasten Nils R. Sandal. Han tek med seg gitaren og spelar litt undervegs. Nils har vore i Nashville mange gonger og kjenner fleire artistar personleg. |
|
THURSDAY 20. OCTOBER 2011 16:11 |
|
Tematurane våre i 2011 er no avslutta. Søndag 16. oktober kom vi tilbake frå den spennande musikkturen til Sørstatane.
Vi held på med planlegginga av dei nye turane til neste år og gir her eit kort oversyn. Turprogramma blir lagde ut i slutten av november.
Musikktur til Nashville, Memphis og New Orleans: 8. - 17. mars Roma og Toscana: 13. - 21. april Skottland og Nord-England: 29. april - 6. mai Normandie og Paris: 26. mai - 2. juni Estland og Latvia (busstur): 21. - 30. juni Midtvesten: 21. juli - 2. august Island: 8. - 13. august Berlin: 4. - 9. september Helg på Kviknes Hotel i Balestrand: 28. - 30. september Musikktur til Nashville, Memphis og New Orleans: 4. - 13. oktober Julemarknad i Lubeck (busstur): 26. - 28. november
|
|
Bildeserie frå Baltikum-turen i Sogn Avis |
|
THURSDAY 11. AUGUST 2011 17:05 |
|
Sjå bildene tekne av Ingemår Fosshagen her: http://www.sognavis.no/bildeseriar/kultur/article5687602.ece |
|
SATURDAY 29. JANUARY 2011 19:15 |
|
Påmeldinga har vore svært stor til alle turane våre i 2011. Det har meldt seg så mange på turen til Island at vi må ta to turar dit i august. Den eine går som oppsett 17. - 22.08, medan den nye turen blir arrangert 10. - 15.08. Den sistnemnde turen går med fly berre frå Bergen, og turprogrammet er akkurat det same på begge turane.
|
|
SUNDAY 02. JANUARY 2011 10:35 |
|
Alt no har svært mange meldt seg på turane våre i 2011. Fleire turar byrjar å fyllast opp. Det kan såleis vere lurt å melde seg på snarast mogleg, dersom ein skal vere sikker på å få plass. |
|
WEDNESDAY 03. NOVEMBER 2010 09:54 |
Vi har utvida tematuren til Island med ein dag og med ein prisauke på berre kr. 460. Sjå turprogram. På grunn av ugunstige flyruter har vi endra avreisa til Berlin frå 10.09 til 09.09 og returen blir då 14.09. Sjå turprogram. |
|
|
|
|
|
|
Side 1 av 3 |