Ny informasjon 28.01.2009
SUNDAY 21. DECEMBER 2008 20:53

Ledige plassar:
Vi har berre få ledige plassar på gruppeturane til Roma/Toscana, Normandie/Paris og Baltikum. Dersom du tenkjer alvorleg på å vere med på ein av desse turane, bør du ta kontakt med det aller første.
Det er elles framleis bra med plassar på tematurane til Island (fem dagar) og USA (Midtvesten) med eit døger stopp på Island.

Buss Sogndal-Gardermoen t/r:

Det er så mange frå Sogn og Hallingdal som har meldt seg på turen til Roma/Toscana at vi set opp ekstrabuss t/r Sogndal-Gardermoen.

Valutakursar:
Fleire er redde for at den relativt låge kursen på krona vil fordyre turane. Både dollaren og euroen hadde stige ein del då vi gjekk ut med prisane 10.10.2008. Då var kursen på dollar 6,39 mot 6,75 i dag og euroen har auka frå 8,51 til 8,90. Dette gir små utslag, og økonomiske ekspertar hevdar at krona vil styrke seg utover i 2009.

Betaling:
Merk dykk at vi ikkje sender ut faktura på depositumet. Hugs å merkje innbetalinga med namna dykkar og kva tematur det gjeld. De får faktura på restsummen.