Tilbakemeldingar

Kari og Jon Haugland frå Nordfjordeid sende kort etter turen i 2004:

Hjarteleg takk for sist og for den fantastiske turen vi hadde saman med deg og Arne i USA. Finn mest ikkje ord for å uttrykkje det vi føler når vi tenkjer på denne turen. Det fantastiske opplegget både på Island og i Amerika, og så den utruleg flotte guidinga!

Dei har seinare vore med til Baltikum og Normandie. 

Ivar Sannerud frå Ullensaker sende e-post etter turen til USA i 2003 og innleia slik:

Takk for en fantastisk tur til Midtvesten. Den var i overkant av min villeste fantasi. Sett nå i ettertid er mitt hovedinntrykk som førstereisgutt til Statene at lærdommen om selve geografien og de norske miljøene samt beretningene fra dere om emigrantene i alle sammenhenger var det som gjorde størst inntrykk.

Ragnhild Myklebust frå Førde var med på tematur til USA i 2002, til Sør-Frankrike i 2003 og til Normandie i 2007:

Eg har reist mykje, men eg har aldri opplevd maken til turar. Dei var tvers igjennom som
reine eventyr. Det som er det fine med tematurar, er at du sit att med så mykje lærdom og kunnskap i tillegg til sjølve reiseopplevinga.

Ekteparet Liv og Thorleif Myking frå Bergen skriv:

Temareisen i 2002 til Midtvesten ble for oss en fantastisk opplevelse. Med reiseledere som både var eksperter på emigrasjon og som hadde studert i området, ble det en interessant og
innholdsrik tur. Etter en sånn flott planlagt og guidet tur, var det naturlig å melde oss på årets tematur til Sør-Frankrike som ble en like stor opplevelse. For oss er dette en fin og betryggende måte å oppleve verden på, og vi ser derfor fram til nye temareiser i familien Sundes regi!
Etterpå har dei vore med til Sør-Frankrike, Baltikum og Normandie.

Historikaren og forfattaren Johs. B. Thue har vore med til Estland, Island og til Normandie. Om den siste turen skreiv han følgjande om i spalta Nett no i Sogn Avis 5. juli 2007:

Vi er på veg til Rouen i Normandie. Av tidlegare røynsle veit vi at vi snart er rista saman med over 50 andre til ei einsarta venskapsgruppe. Samanristinga ligg i hendene til Rasmus Sunde og Fotefar Temarieser, som kan temareiser, og som gjer historiske stader og møtet med kulturminne til feststunder og livsminne. Og slike tilbod kan vi ikkje gje våre besøkjande, her i Sogn.


Steinar Garnes har vore med  Fotefar temareiser til USA ni år på rad.

Gunnar og Lilly Lee har vore med til USA fire gonger og elles både til Sør-Frankrike, Baltikum, Normandie og Berlin.