|
Roma og Toscana, 9. april – 16. april Kan du tenkje deg å vere med på tur til Italia i møte med våren i full blomstring? I eit variert program får du oppleve klassiske Roma, kunst- og renessansebyen Firenze og naturvakre Toscana. Vi besøkjer pittoreske mellomalderbyar som Lucca og Siena, og i Pisa er sjølvsagt Det skeive tårnet hovudattraksjonen. I byen San Miniato i hjarta av Toscana skal vi bu i fem døger, og der får vi ei spesiell oppleving då vi kan velje mellom å bu i gjesteavdelinga på eit kloster eller på eit typisk toscansk hotell. San Miniato er ein Slow City og er spesielt kjend for trøflar, så her vil du kunne kose deg med både god mat og god vin.
Normandie og Paris, 23. mai – 30. mai Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølgje? Då kan temareisa med Fotefar Temareiser til Normandie vere midt i blinken for deg. For oss nordmenn er det verdt å merke seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord. Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømmet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og 2. verdskrig med D-dagen vil vi fokusere på. På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå andre verdskrig. Vi stoppar også i Paris og får med oss dei viktigaste attraksjonane.
USA med stopp på Island, 18. juni – 29. juni Har du drøymt om å besøkje USA? På denne turen gjennom tre statar i Midtvesten reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Gjennom guiding i store og små byar både i Minnesota, Sør Dakota og Nord Dakota får du møte både det ”norske” og det moderne Amerika. Høgdepunktet på turen vert Scandinavian Fest i nabobyane Moorhead og Fargo. Brørne Arne og Rasmus Sunde er reiseleiarar og guidar under heile turen. Dei er spesialistar på Midtvesten og har solid erfaring som turleiarar sidan dette er 12. gongen dei har ansvaret for turopplegg dit. Under det korte opphaldet på Island (eitt døger) får vi med oss bading i Den Blå Lagune, guiding i Reykjavik og ein dagstur til Thingvellir, Gullfoss og Geysir.
Busstur til Baltikum i samarbeid med Sogn Avis, 9. juli - 18. juli I Sovjet-tida var Estland og Latvia nærmast stengde for vanlege turistar, og vi visste lite om denne delen av Europa. Etter at landa fekk attende sjølvstyra sine i 1991, har dei på mange område gjennomgått ei rivande utvikling. I 2004 vart dei medlemmer av både Nato og EU. Framleis er både Estland og Latvia land med store kontrastar – frå vakre, restaurerte byområde til heller fattige tilhøve på landsbygda. Men her kan du absolutt oppleve det meste av det ein turist kan ønskje seg i møte med eit vennleg folk. Gamlebyane i Tallinn, Tartu og Riga er blant dei best verna og vakraste mellomalderbyane i Nord-Europa. Stockholm er også ein spennande storby, og vi besøkjer nokre av dei største attraksjonane der. Vi får elles med oss den glimrande trekkspelaren Odd Hagen som spelar til allsong, underhaldning og dans. Er du glad i song, musikk og dans, og i tillegg interessert i kunnskap om andre land og folk, bør ein tur til Baltikum absolutt vere noko for deg.
Island, 4. august – 8. august
På denne turen står historie, kultur og natur i fokus. Vi bur i Reykjavik og får med oss dei viktigaste attrasjonane der. På den eine dagsutflukta besøkjer vi nasjonalparken Thingvellir, det vakre og imponerande fossefallet Gullfoss, dei eventyrlege vulkanutbrota ved Geysir og det gamle bispesetet Skalholt. Vi køyrer også ein tur nordover til Borgarfjordur, der høvdingen og den kjende sagaskalden Egil Skallagrimsson budde. Vi får sjølvsagt med oss eit besøk på Reykholt, garden til Snorre Sturlason som blant anna skreiv Heimskringla om dei norske kongane. På turen opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya. Det er også ei stor oppleving å bade i dei varme kjeldene i populære Blå Lagune.
Berlin, 3. september – 8. september
Berlin blir av mange rekna som den mest spennande storbyen i Europa. Dettte er lett å skjønne for byen har ei svært interessant historie i tillegg til å vere leiande innan kunst, arkitektur og mote. Med dei mange forskjellige bydelane kan vi oppleve både storbyen og småbyen, det historiske og det moderne, det pulserande og hektiske og det meir rolege og avslappande. Eigentleg har byen alt ein turist kan tenkje seg. Vi får med oss dei mest kjende attraksjonane som Berlinmuren, Brandenburger Tor, Holocaust Memorial, Riksdagsbygningen og Potsdam for å nemne nokre. Berlin er også kjend for mangfald innan musikk. Vi legg difor opp til at ein kan få med seg flotte konsertopplevingar på turen.
|