Turar 2012


USA – musikkreise til Sørstatane

08.03. – 17.03.

Likar du blues, rock, jazz og country? Bli med oss på den store musikkturen til Nashville, Memphis og New Orleans. I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countyrmusikk på barar på Broadway. I Memphis ser vi Elvis sin heim, Graceland, motellet der Martin Luther King vart skoten i tillegg til bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Reiseleiarar: Yngve og Rasmus Sunde.  Musikarar: Billa and the Kid. Pris frå kr. 19.885 + skattar/flyavg. kr. 2.515

Turprogram


Roma og Toscana

13.04. – 21.04.

Kan du tenkje deg å vere med på tur til Italia og møte våren i full blomstring? I eit variert program får du oppleve klassiske Roma, kunst- og renessansebyen Firenze og naturvakre Toscana. Vi besøkjer pittoreske mellomalderbyar som Siena og  Lucca, og i Pisa er sjølvsagt Det skeive tårnet hovudattraksjonen. I Toscana bur vi i den idylliske byen San Miniato. Reiseleiarar: Yngve og Rasmus Sunde. Pris frå  kr. 12.975 

Turprogram


Skottland og Nord-England

29.04. – 06.05.

Du har gjerne besøkt verdsbyen London, men vil gjerne sjå meir av det gjestfrie øyriket i vest. Då kan du vere med Fotefar temareiser og møte våren på rundtur til vakre Edinburgh, vidare til det maleriske ferieparadiset Lake District, til den historiske byen York og til pulserande Newcastle før vi avsluttar turen i romantiske Edinburgh. På denne turen følgjer vi bokstaveleg tala i fotefara til dei norske vikingane. Reiseleiarar: Bjørn Sørheim og Rasmus Sunde. Pris frå kr. 12.950 

Turprogram 


Normandie og Paris

26.05. - 02.06.

Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur? Då kan temareisa til Normandie og Paris vere midt i blinken for deg. Vi vil fokusere på historia til vikingriket i Normandie og 2. verdskrigen med D-dagen. På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St.Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå andre verdskrigen. Vi stoppar i Paris og får med oss dei viktigaste attraksjonane der. Reiseleiarar: Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde. Pris frå kr. 12.975 

Turprogram


Busstur til Baltikum

21.06. - 30.06.

På denne turen til Estland og Latvia opplever vi både historie, folkeliv og mykje musikk. Gamlebyane i Tallinn, Tartu og Riga er blant dei best verna og vakraste mellomalderbyane i Nord-Europa. Vi stoppar også i Stockholm og besøkjer attraksjonar der. To musikarar blir med og spelar til allsong, underhaldning og dans. Er du glad i song og musikk og i tillegg interessert i kunnskap om andre land, bør ein tur til Baltikum absolutt vere noko for deg. Reiseleiar: Rasmus Sunde. Musikarar: Eigil Reitan og Per Roksvaag. Pris frå kr. 10.990 

Turprogram


USA – Midtvesten

21.07 - 02.08.

Bli med på ein rundtur på prærien og opplev det ekte USA.. På denne turen gjennom tre statar i Midtvesten reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Gjennom guiding  i store og små byar som Minneapolis, Madison, Stoughten, Decorah og Northfield får du møte både det ”norske” og det moderne Amerika. Høgdepunktet på turen vert den storslegne Nordic Fest i Decorah i Iowa. Reiseleiarar: Arne og Rasmus Sunde. Pris frå kr. 19.995 + skattar/flyavg. kr. 2705. 

Turprogram


Island

08.08. – 13.08

22.08. - 27.08
Denne turen handlar mykje om historie, natur, kultur og folkeliv. Vi besøkjer nasjonalparken Thingvellir, det imponerande fossefallet Gullfoss, dei eventyrlege sprutande kjeldene ved Geysir og det gamle bispesetet Skalholt. Elles får vi sjå gardane til Snorre Sturlason og til sagaskalden Egil Skallagrimson - i tillegg til at vi blir godt kjende med byen Reykjavik. På turen opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya, og det er også ei stor oppleving å bade i dei varme kjeldene i Den blå lagune. Reiseleiarar: Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde. Pris frå kr. 10.950 



Berlin

04.09. – 09.09.

Berlin blir gjerne rekna som den mest spennande storbyen i Europa. Dette er lett å skjøne for byen har ei svært interessant historie i tillegg til å vere leiande innan kunst og kultur. Vi skal sjå dei mest kjende attraksjonane som Berlinmuren, Brandenburger Tor, Holocaust Memorial, Riksdagsbygningen og Potsdam for å nemne nokre. Berlin er også kjend for mangfald innan musikk, og vi får med oss minst ei konsertoppleving. Reiseleiarar: Lars Nes og Rasmus Sunde. Pris frå kr. 9.995

Turprogram


Helg på Kviknes Hotel i Balestrand

28.09. – 30.09.

Du har sikkert høyrt om Kviknes Hotel og har kanskje tenkt å ta ein tur dit. No har du sjansen. Fotefar temareiser inviterer til ei helg på det berømte hotellet i Balestrand. Denne vesle bygda blir kalla for perla ved Sognefjorden. I boka 1000 places you need to see before you die er landet vårt oppført med berre 12 attraksjonar, og blant dei er Kviknes Hotel i vakre Balestrand. Vi legg opp til eit rikhaldig program med mange aktivitetar, nydeleg mat, musikk og dans. Pris frå kr. 2.995.  

Turprogram


USA – musikkreise til Sørstatane

03.10. - 12.10.

Likar du blues, rock, jazz og country? Bli med oss på den store musikkturen til Nashville, Memphis og New Orleans. I Nashville får vi med oss Grand Ole Opry og countyrmusikk på barar på Broadway. I Memphis ser vi Elvis sin heim, Graceland, motellet der Martin Luther King vart skoten i tillegg til bluesklubbane på Beale Street. I New Orleans opplever vi jazzen på Bourbon Street og nyt folkelivet i Louis Armstrong sin fødeby. Reiseleiarar: Nils R. Sandal, Arne og Rasmus Sunde. Pris frå kr. 19.995 + flyavg. 2.515

Turprogram


Julemarknaden i Lübeck (busstur)

24.11. – 28.11.

Har du lyst å oppleve ei spesiell julestemning med historisk sus. Då kan du vere med oss til Lübeck. Denne byen har den flottaste og gjerne største julemarknaden i Nord-Europa. På denne turen har vi eigen buss, og trekkspelaren Odd Hagen spelar til allsong og underhaldning på bussturen og til dans begge kveldane i Lübeck, og Rasmus fortel litt frå historiebøkene. Elles kosar vi oss med underhaldning og god mat og drikke på Danskebåten. Reiseleiarar: Odd Hagen og Rasmus Sunde. Pris frå kr. 6.995. 

Turprogram                                   


Opphald på vingard?
For enkeltpersonar og mindre grupper formidlar vi opphald på ein nydeleg vingard i vakre Toscana. Ta gjerne kontakt med oss for meir informasjon.