Island med Sylfest Lomheim

9. – 14. mai  2018.

Historie – kultur – litteratur.

På denne turen står historie, natur, kultur og folkeliv i fokus. Vi bur i Reykjavik og blir kjende med denne moderne byen som blir rekna som verdas minste metropol. Vi besøkjer nasjonalparken Thingvellir, det imponerande fossefallet Gullfoss, dei eventyrlege sprutande kjeldene ved Geysir og det gamle bispesetet Skalholt. Vi skal også nordover til Borgarfjordur, der høvdingen og den kjende sagaskalden Egil Skallagrimsson budde. Vi får sjølvsagt med oss eit besøk på Reykholt. Det var garden til Snorre Sturlason som blant anna skreiv Heimskringla. På turen opplever vi den ville og vakre naturen på sagaøya,  men også store og velstelte gardar. Det er også ei stor oppleving å bade i dei varme kjeldene i populære Blå Lagune.

Vi er så heldige å få med oss den kjende språkmannen Sylfest Lomheim som den eine reiseleiaren og guiden.

Pris frå:
15 975,-
Bestill tidleg rabatt per person: 250,-
Dagar:6
Fly Bergen/Oslo - Keflavik t/r (ytterligere tilknytning mot tillegg velges i bestilling)
All busstransport og utflukter i følgje programmet
5 overnattingar og 5 frukostar på Hotel Cabin, Reykjavik
2 middagar, 2 kveldsbufféar og 2 lunsjar
Inngangsbillettar til museet på Borgarnes, Landnåmsmuseet, museet 871 + /- og Snorrastofa på Reykholt,
Spennande kåseri av Geir Waage om sogeskrivaren Snorre Sturlason og samtida hans.
Møte med forfattarane Einar Mar Gudmundsson og Knut Ødegård
Sylfest Lomheim og Rasmus Sunde er reiseleiarar og guidar på heile turen.
Enkeltromstillegg, Kr. 2 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Onsdag  9. mai

Utreise frå Bergen kl. 13.00 via Stavanger og frå Oslo kl. 14.45 (direktefly).  Begge flya er framme på Keflavik ca. kl. 15.00-15.25.

På veg til Reykjavik besøkjer vi først den populære turistattraksjonen Den Blå Lagune. Dei som ynskjer det, kan nyte ein herleg dukkert og symjetur i dei varme kjeldene. Dette er ei stor oppleving, og vi gir oss bra tid her. For dei som ikkje badar, er det både restaurant, bar og butikk på området.

Deretter køyrer vi gjennom sentrum av Reykjavik før vi til slutt endar opp ved Hotel Cabin der vi skal bu i fem netter. Etter innsjekkinga får vi kveldsbuffet* på hotellet. Vi avsluttar dagen med ein kort spasertur til Höfði huset der Ronald Reagan og Mikhail Gorbatsjov møttes i oktober 1986. Dette møtet blir rekna som byrjinga på avslutninga av den kalde krigen. 

Torsdag 10. mai

Denne morgonen køyrer bussen vår oss til sentrum (knapt 2 km). Der får vi med oss guiding i det imponerande konserthuset Harpa. Turen går så vidare til statuen av Ingolf Arnarson. Han kom frå Sunnfjord og var den første landnåmsmannen på Island i år 874. Deretter køyrer bussen oss til den særmerkte og ruvande Hallgrimskyrkja. Til vanleg organiserer vi det slik at vi får med oss ein orgelkonsert der. Ved sida av kyrkja står det ein stor statue av Leif Eiriksson som oppdaga Amerika! Dette er ei gåve frå USA i samband med 1000-års jubileet for Alltinget i 1930. Etter denne føremiddagen med guiding er det tid for lunsj på eiga hand på ein av dei mange innbydande restaurantane i sentrum.

Reykjavik vert rekna som verdas minste metropol med imponerande høve til shopping. Fleire kan kanskje tenkje seg å bruke noko tid i handlegatene i sentrum. Dei beste butikkane finn vi i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata. Andre vil gjerne berre rusle rundt i sentrum og på hamna for å sjå på folkelivet. 

Om kvelden avreise frå hotellet med bussen kl.18.45 til  Iðnó Teatre og Restaurant, Vonarstræti 3, der vi skal ha festmiddag* i ein heilt særeigen bygning. Her var president Vigdis Finnbogadottir i si tid teatersjef. Vi får omvising av vertinna, og elles underheld vi kvarandre med historier og allsong. Sylfest har med seg gitar, syng og leiar allsongen. Vi reknar med å møte forfattaren og kulturpersonen Knut Ødegård under denne middagen. Det er muleg å kjøpe den siste boka hans med utval av Edda dikt, som han om ønskjeleg kan signere.

Fredag  11. mai

Buss frå hotellet kl. 09.00 til Alltinget. Der ser vi først på statuen av politikaren Jon Sigurdsson. Vi deler så gruppa i tre der den eine A får omvising i Alltinget kl. 09.30, den andre B går til The Settlement Exhibition, museet 871 + /- 2 og den tredje C til Domkyrkja og Rådhuset. Deretter byter dei tre gruppene på desse aktivitetane. Kl. 12.00 går vi samla vidare frå Alltinget til Sagamuseet som omhandlar landnåmsperioden og den eldste islandske historia på ein framifrå god måte! Ein kan ta lunsj på museet eller kor ein vil elles i byen.

Resten av dagen til eigen disposisjon, men etter avtale kan dei historieinteresserte kl. 15.30 følgje reiseleiarane til Islands Nasjonalmuseum (Sudurgata 41). Kanskje fleire vil handle litt?  I tillegg til butikkane vi finn i Laugavegur, Bankastræti og til dels i Austurstræti og i Vesturgata, kan vi føreslå shoppingsenteret Kringla

Denne kvelden blir det fellesmiddag* i eit eige rom på Restaurant Reykjavik som ligg midt i sentrum. Avreise med bussen vår frå hotellet kl. 18.30. Under middagen får vi møte den islandske forfattaren Einar Mar Gudmundsson. Han fekk Nordisk Råd sin litteraturpris i 1995 for romanen Universets engler. Romanen Sinnets Gitter kom i norsk utgåve i 2011. Dersom nokon har kjøpt med seg ei av bøkene hans, kan ein få ei signert helsing frå forfattaren denne kvelden.

Laurdag 12. mai

Om morgonen avreise frå hotellet på ein spennande rundtur nordover. Først besøkjer vi Borgarnes som har eit svært bra museum om landnåmstida og om skalden og høvdingen Egil Skallagrimson. Deretter køyrer vi til Borgarfjordur, besøkjer ei lita kyrkje der og ser garden til Egil Skallagrimson. Vi dreg vidare i retning av Reykholt, og på Fosstun får vi servert lunsj* med lammekjøtsuppe, brød, kaffi og kake.

På Reykholt hadde Snorre Sturlason heimen sin og skreiv fleire av sagaene og Heimskringla, soga om dei norske kongane. Her er det eit interessant museum – Snorrastofa - som gje oss eit godt innblikk i livet og diktinga til Snorre. I tillegg held presten på Reykholt, Geir Waage, eit historisk kåseri for gruppa vår. Han er ein sjeldan god formidlar.

På denne dagsturen får vi sjå eit skiftande landskap med gode gardsbruk og vakker natur med fjordar og fjell.

Denne kvelden er det middag på eiga hand, men reiseleiarane vil gje råd om gode restaurantar.

Søndag 13. mai

Etter frukost køyrer vi austover i innlandet til dei største attraksjonane på Island. Vi vitjar først Thingvellir, der Alltinget og den første nasjonalforsamlinga i Nord-Europa vart etablert i år 930. Vi dreg vidare til dei eventyrlege sprutande kjeldene ved Geysir og det vakre og imponerande fossefallet Gullfoss. Her blir det også lunsj*. Deretter køyrer vi til det gamle bispesetet Skalholt som har ei særs spanande historie og ei vakker kyrkje. Til slutt stoppar vi i jordbruksbyen Selfoss der vi besøkjer eit sjakkmuseum og ein liten, spesiell butikk.

Tilbake på hotellet slappar vi av før vi samlast til kveldsbuffé* på hotellet vårt ca. kl. 19.30. Vi oppmodar deltakarane til å bidra med ymse innslag. 

Mandag 14.mai

Etter ein tidleg frukost køyrer bussen frå hotellet til flyplassen med avreise til Oslo kl. 07.50, og  er framme på Gardermoen kl. 12.20.
Avreise til Bergen, Stavanger og Trondheim kl. 08.00.
Flyet er framme i Bergen kl. 12.20 og i Trondheim kl. 15.00.
Byte av fly i Bergen til Stavanger der det er framme kl. 13.40.

* måltid som er inkluderte i prisen

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
9/5BergenIsland med Sylfest LomheimMeir enn 815 975,-Bestill
9/5OsloIsland med Sylfest LomheimMeir enn 815 975,-Bestill