Dei gamle dansk/norske koloniane i Karibia

Februar 2018. Pris kjem.

Bli med Fotefar på ei eventyrleg reise til dei gamle dansk/norske koloniane på Jomfruøyane i Karibia. Denne turen har den perfekte blandinga av interessant historie, fantastiske strender og karibisk stemning. Dette blir ei reise i eit behageleg tempo, tilpassa det varme tropiske klimaet og den karibiske kulturen -  med god tid til opplevingar og avslapping.
På øyane er det framleis mange spor etter dansketida som gatenamn, arkitektur og festningsverk, og lokale guidar tek oss med rundt til dei mest spennande attraksjonane. Etter frukost kvar dag blir det kåseri av Frank Aarebrot om den norsk/danske historia i same stil som vi er vande med frå tv. Slavehandelen til øyane føregjekk frå 1670 til 1802, og det første dansk–norske slaveskipet segla faktisk for ein bergensk kjøpmann. Tilsaman nær 100 000 slavar vart transporterte over Atlanterhavet på danske og norskeigde skip. I 1792 vedtok Danmark som første land i Europa ei lov som gjorde slavehandel ulovleg, men det tok likevel over 50 år før slavane på jomfruøyane vart frie menn. Den dansk-norske marinen hadde ei overvekt av nordmenn på skipa, og det var mange norske blant guvernørar og andre embetsmenn i koloniane. Vi hadde sukkermøller i Bergen, Halden og Trondheim som raffinerte råvarene fra Karibia. Peter Wessel Tordenskiold var matros på eit slaveskip, og Ludvig Holberg investerte formua si i eit slavekompani.

Dagsprogram

Førebels program

Med atterhald om endringar. Meir detaljert program kjem snart.

Dag 1
Vi flyr frå Oslo via Miami til St. Croix. (Tilknyting frå Bergen, Trondheim og Stavanger på forespørsel og mot evt. tillegg.)

Dag 2 
Vi bur inne i sjølve det historiske sentrumet i byen Christiansted rett ned mot Det karibiske hav. Det vert kåseri  etter frukost. Omvising i byen med lokalguide til blant anna festningsverket Christiansværn, Vejerhuset, Toldboden og Regjeringspaleet, der guvernøren budde. Byen er ikkje større enn at vi blir godt kjende med gatene i sentrum på denne spaserturen.

Dag 3
Det vert kåseri etter frukost. Etter foredraget blir det guida tur med buss på St. Croix med stopp på 
-    Botanisk hage med sjeldne tropiske planter
-    Cruzan-destilleriet, kjent for sin gode rom
-    Frederiksted med fortet der Peter von Scholten proklamerte slavane sin fridom i 1848
Vi kjem tilbake til hotellet på ettermiddagen og får god tid til å nyte strandlivet og bade i det krystallklare karibiske havet.

Dag 4
Det vert kåseri etter frukost. 
Vi tek ein heil dag med avslapping der ein kan nyte den karibiske stemningen og følgje det avslappande tempoet på øya. Dei som vil, kan ta ein stranddag, eller kombinere det med å rusle rundt i Christiansted, eller kanskje shoppe litt.
Om kvelden får vi vere med på karibisk aften på Hotel on the Cay, som ligg på ei lita øy i Christiansted-bukta. Det blir steelband og calypsorytmer og skikkelig vestindisk stemning. Kokken grillar rett på stranda så her blir det ekte beach party.

Dag 5
Det vert  kåseri etter frukost.
-    Den gamle kyrkjegarden i Christiansted, der Jost von Scholten er gravlagd
-    Whim-museet med plantasjehus og sukkermølla frå slutten av 1700-talet.
-    Gjennom regnskogen til Little La Grange og Lawaets-museet
-    Salt River, som Columbus kom til i 1493 på den andre reisa si over Atlanterhavet

Dag 6
Vi tek så fly til St. Thomas. 
Vi skal bu rett på stranda, så her blir det lange kveldar der ein kan nyte solnedgangen med eit glas tropisk juice eller øyane sin berømte ”Rum Punch” og sodavatn.

Dag 7
Det vert kåseri etter frukost. 
Guida tur til fots rundt i Charlotte Amalie der vi blant anna får sjå:
-    Fortsplassen
-    Fort Christian frå 1672
-    Dronningensgade, Guttesgade, Wimmelskaft og Sneglegade til Berentzens Hus og vidare til Bjerggade og Krystalgade med den nest eldste synagogen på den vestlege halvkula
-    Blackbeards Castle (Fort Skytsborg) med storslått utsikt over Charlotte Amalie
-    Guvernørhuset
-    Den gamle lutheranske kyrkja frå 1793

Dag 8
Det vert kåseri  etter frukost. Denne dagen kan ein velje om ein vil slappe av på stranda eller vere med på ein heildagstur til St. John, den tredje av dei tidlegare dansk/norske øyane.
-    Med ferja frå Red Hook til hyggelege Cruz Bay på St. John
-    I open safaribuss rundt på paradisøya med mange fotostopp undervegs
-    Annaberg-plantasjen, der ein får eit innblikk i det slitsame arbeidet på sukkerrørplantasjane
-    Lunsj på Oppenheimer Beach eller ved Trunk Bay 
-    Badestopp i Trunk Bay - paradisstrand, som flere gonger faktisk er kåra til verdas vakraste! Sjanse til å snorkle (utstyr lånast ut gratis).
-    Ferje frå Cruz Bay tilbake til Red Hook på St. Thomas

Dag 9
Det vert kåseri etter frukost. 
Etter kåseriet blir det open safaribuss rundt på øya til:
-    Brewers Bay, der ein ofte ser havskildpadder
-    Perserverance Bay med fantastisk utsikt over fleire av øyane i Det karibiske havet 
-    Bonne Esperance med utsyn over Atlanterhavet og enno fleire øyar
-    Mountain Top, der vi kan smake den berømte drinken, Banana Daiquiri 
-    St. Peter Great House med sin fargerike tropiske hage
-    Den gamle danske kyrkjekegarden
-    Fort Christian midt i Charlotte Amalie
Om ettermiddagen blir det god tid til å slappe av på hotellet eller ta seg ein dukkert på stranda.

Dag 10
Det vert kåseri etter frukost. 
Denne dagen er sett av til å nyte strandlivet. Dei som vil, kan også vere med på ein båttur med katamaran til Ginger Island, Cooper Island, Salt Island og Norman Island, der funnet av ein piratskatt gav forfattaren Robert Louis Stevenson inspirasjon til den berømte klassikaren – Skatten på sjørøverøya.

Dag 11
Det vert kåseri etter frukost. 
Vi får ein føremiddag og kanskje ein siste dukkert før vi må seie farvel til Jomfruøyane og Karibia. 
Avreise frå St. Thomas via Miami til Oslo. 
Dag 12
Flyet landar på Gardermoen. (Tilknyting frå Bergen, Trondheim og Stavanger på forespørsel og mot evt. tillegg.)