Julemarknad - og dansetur til Lübeck

1. - 6. Desember 2017.

Historie – kultur – folkeliv.

Har du lyst å oppleve ei spesiell julestemning med historisk sus. Då kan du vere med oss til Lübeck som har ein av dei flottaste julemarknadene i Europa. Vi har med oss eigen musikar – Jon Arne Markhus - som spelar noko til allsong og underhaldning på bussen og til dans ein kveld på Thon Hotel Bjørneparken og to kveldar på hotellet i Lübeck. På Danskebåten kosar vi oss med underhaldning og dans i tillegg til julebuffet med drikke. På tilbaketuren stoppar vi i København og får med oss litt av julemarknaden der. Gamlebyen i Lübeck står på verdsarvlista til UNESCO, og vi skal bu på eit 4-stjerners hotell midt i byen.

Pris frå:
7 995,-
Dagar:-58
Busstur Bergen/Hardanger/Voss/Sogn - Lübeck t/r
Alle ferjestrekningar som vist til i turprogrammet
2 overnattingar på Danskebåten
2 overnattingar på 4* hotell i Lübeck
1 overnatting på Thon Hotel Bjørneparken
5 frukostar
5 buffetmiddagar (to av dei er julebuffet med drikke til)
2 lunsjar
2 reiseleiarar frå Fotefar Temareiser, der historikaren Rasmus Sunde er guide.
Eigen musikar – Jon Arne Markhus - som spelar til underhaldning og dans
Enkeltromstillegg, kr. 6 440,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 01.12

Avreise med eigen buss frå Bergen Busstasjon kl. 09.00 via Hardanger, Voss og Hemsedalen til Thon Hotel Bjørneparken i Flå. Undervegs stopp for lunsj* i Flåm. Tidspunkt og ruteplan kjem seinare. Buffetmiddag* og dans om kvelden etter musikk av Jon Arne Markhus.

Laurdag 02.12

Etter ein god og lang frukost køyrer bussen vår gruppa til Oslo. På turen spelar Jon Arne Markhus litt til underhaldning og allsong. Det blir også ein del historier og skrøner.
Vi går om bord i Danskebåten kl. 15.00 og gjev oss god tid før avreisa kl. 16.30. Her går vi samla til julebuffet* inkl. drikke. Denne ferja har mange restaurantar og barar, spelekasino, underhaldning og dans, og vi kosar oss skikkeleg denne kvelden. Overnatting i 2-sengs lugarar.

Søndag 03.12

Vi er framme i København kl. 09.45, og bussen køyrer oss dei om lag 16 mila til Rødby der vi tek ferja over til Puttgarden i Tyskland. Denne ferja tek 45 min., og då passar det å få seg litt å ete før vi har igjen ein god times køyring til Lübeck. Der sjekkar vi inn på hotellet vårt, det flotte Radisson Blu – 4* hotell.  Etterpå må vi ut og oppleve den berømte julemarknaden i Lübeck der det er eit yrande liv frå morgon til seine kvelden. I Tyskland er julemarknadene ein svært gamal tradisjon, og i Lübeck starta dei opp alt i 1648. Det byrja med at bøndene tok turen til byen for å selje matvarer og handverk til stor glede for byborgarane. Julemarknaden i Lübeck vert av mange rekna som den største og flottaste i heile Europa, så her kan vi suge inn julestemning av beste merke.

Elles er dei vanlege butikkane dekorerte med det som høyrer jula til. Visste du forresten at Lübeck er den byen som produserer mest marsipan, og her finn du butikkar som berre sel denne delikatessen. Desse butikkane må berre opplevast!

Etter innsjekkinga på hotellet vårt som ligg i sentrum av Gamlebyen, tek reiseleiar Rasmus Sunde gruppa til marknaden i gågata Breite Strasse og plassen rundt det vakre Rådhuset. Her ser vi på folkelivet og smakar på den berømte Glühwein. Det er ein oppvarma raudvin tilsett krydder og gjerne rom, og smakar nydeleg når det er litt småkaldt.

Om kvelden møtest vi på hotellet i eit eige lokale berre for gruppa vår til buffetmiddag*, underhaldning og dans etter musikk av Arne Markhus.

Måndag 04.12

Heile denne dagen kan vi oppleve julemarknaden, men kanskje du innimellom vil få med deg nokre av dei andre attraksjonane? Dersom du ønskjer det, kan du vere med Rasmus på ei lita byvandring denne føremiddagen. Vi kikkar først på det berømte landemerket for Lübeck, nemleg den ruvande byporten Holstentor. Her får vi med oss bymuseet som viser historia til denne mest sentrale Hansabyen med sterke band til Bergen.  Vi går vidare til Willy Brandt huset, der vi kan følgje livet til den store politikaren parallelt med nyare tysk historie. Kanskje vi deretter kan slappe av med ein god lunsj? Lübeck har fleire tradisjonsrike restaurantar med smakfulle og spennande menyar.

Vil du sjå og gjerne kjøpe kunsthandverk av høg kvalitet, kan du ta deg ein tur innom den tradisjonelle kunsthandverksmarknaden. Her stiller over 180 kunsthandverkarar ut arbeida sine i ein verneverdig bygning frå 1300-talet.

Dersom du ønskjer å trekke deg litt tilbake, kan du slappe av på hotellet som har trimrom, symjebasseng og Spa-tilbod.

Om kvelden møtest gruppa til buffetmiddag* i eit eige rom på hotellet der vi underheld kvarandre og har det triveleg saman. Vi avsluttar også denne kvelden med dans etter musikk av Jon Arne Markhus.

Tysdag 05.12

Etter ein god tysk frukost startar vi heimreisa, tek ferja Puttgarden – Rødby og får ca. 3 timar stopp i København med tid til lunsj og til å kikke på julemarknaden der. Avreise med ferja til Oslo kl. 16.30. Om kvelden kosar vi oss på Danskebåten med julebuffet* inkl. drikke, underhaldning og dans.

Onsdag 06.12

Vi er framme i Oslo kl. 09.45 og bussen køyrer tilbake via Voss og  Hardanger til Bergen. Undervegs stopp for lunsj* i Flåm.

*Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
1/12BergenJulemarknad - og dansetur til LübeckMeir enn 88 995,-Bestill
1/12OsloJulemarknad - og dansetur til LübeckMeir enn 87 995,-Bestill