I Luther sine fotefar med Edvard Hoem

8.-14. april 2018.

Historie og kultur.

Med atterhald om endringar.

I 2017 feirar Tyskland 500-årsjubileet for reformasjonen. Forfattaren Edvar Hoem har interessert seg for Martin Luther og skrive ein del om livet hans. Vi i Fotefar er så heldige at vi har fått denne dugande kåsøren og  eksperten på temaet til å føre oss i Luther sine fotefar. Turen går gjennom ein av dei vakraste delane  av Tyskland, og vi besøkjer blant anna Berlin, Wittenberg, Leipzig, Eisenach og Eisleben, som var Luther sin fødestad. Kvar dag har vi kåseri, der Hoem fortel om livet til Luther, kva som skjedde under reformasjonen og korleis den har påverka Europa i dag. Bach budde i denne regionen, og både Telemann og Händel vart fødde her. På turen vår besøkjer vi Bach-Haus, og vi satsar også på å få med oss ein klassisk konsert av høg kvalitet.

Pris frå:
15 950,-
Bestill tidleg rabatt per person: 250,-
Dagar:7
Flyreisa Oslo-Berlin t/r
All busstransport på turen
6 overnattingar på 3 stjerners hotell
6 kåseri med Edvard Hoem
Guiding i bussen og i byane
Reiseleiar frå Fotefar på heile reisa
Inngangsbillettar til alle severdigheiter
6 frukostar, 2 middagar
Ølsmaking og tilhøyrande måltid

Tillegg for enkeltrom kr 2950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Dag 1
Fly frå Oslo til Berlin, der vi kjem til Berlin tidleg om ettermiddag. Etter innsjekking på hotellet får vi ein to timar guida tur rundt om i Berlin for å bli kjende med storbyen. Om kvelden går vi frå hotellet til middag* på restauranten Zur Gerichtslaube, Poststrasse 28, som ligg i Nikolaiviertel. Dette er eit av dei eldste områda i Berlin og er bygd rundt Nikolaikyrkja frå ca. 1250. Her finn vi tronge smug og bakgater, gamle restaurantar og små, koselege butikkar. I det heile er dette eit av dei mest sjarmerande strøka i Berlin. På restauranten får vi eit lokale for oss sjølve.

Dag 2
Vi startar dagen med frukost og etterpå kåseri med Edvard Hoem frå klokka 8.30 – 9.30 før vi dreg med buss til Eisenach. Hit til den gamle borga Wartburg, drog Luther då han vart erklært fredlaus av riksdagen i Worms i mai 1521, og her omsette han det nye testamentet frå gresk til tysk. Også Johann Wolfgang von Goethe held til i denne borga i ein periode på slutten av 1700-talet, og vi ser eksempel på teikningar han arbeidde med i denne tida.

Vi dreg så til Luther-huset, eit seingotisk bindingsverkshus, der Martin Luther budde i oppveksten, og her ser vi utstillingar knytt til Luther. Det vert også tid til eit besøk i Georgenkirche, der Luther hadde sine preiker.  I Eisenach vart også Johann Sebastian Bach fødd. Bach-haus, som er eit museum over livet og verka hans, er vel verdt eit besøk.

Om kvelden vert det middag på hotellet i Eisenach.

Dag 3
Etter ein god frukost og foredrag med Edvard Hoem frå klokka 8.30 – 9.30,  dreg vi først til Erfurt og seinare til Leipzig denne dagen. Martin Luther kom til Erfurt i 1502 for å studere, men klarte ikkje å fullføre studia då han i 1505, under ein storm heime i Mansfeld,  fekk kallet til å bli munk. Han melde seg så til teneste som munkelærling i Augustinerklosteret i Erfurt, avla endeleg munkeløfte I 1506, og vart ordinert som prest i Mariendom, katedralen i Erfurt,  i 1507. Vi besøkjer Augustinerklosteret og Mariendom og får ei omvising i pittoreske Erfurt med sine vakre bindingsverkshus.

Etter ein god lunsj reiser vi så vidare til Leipzig, der vi skal bu for natta. Her besøkjer vi den lutheranske Thomaskyrkja,  der Luther tala om innføringa av reformasjonen i 1539. Her var også Johann Sebastian Bach kordirigent i mange år.

Middag på ein koseleg restaurant i nærleiken av hotellet.

Dag 4
Frukost og foredrag med Hoem frå klokka 8.30 – 9.30, før vi får ei byguiding i Leipzig. Ikkje berre har Luther sett sitt preg på denne vakre, gamle metropolen, blant anna har Goethe studert her, og byen har i mange hundreår vore eit kultursentrum. Vi får blant anna sjå det gamle rådhuset på torget, som er eit av dei vakraste tyske eksempla på renessansestilen frå det 16. hundreåret. Vidare får vi med oss Nikolaikyrkja, der det vart halde fredsbønner i 1989 ved murens fall, det vakre operahuset og kunstmuseet som husar verk frå gamle tyske og nederlandske malarar.

Etter lunsj dreg vi til Torgau, der vi får ei omvising i gamlebyen. Torgau var ein av dei viktige byane for Luther i Sachsen. Her held han tallause møter og tok viktige avgjerder i arbeidet med reformasjonen. Han samarbeidde med dei protestantiske fyrstar som støtta han, og her følte han at han fekk åndsfridom.  Byen vart difor det politiske sentrum for reformasjonen. Vi besøkjer også Giersings bryggerimuseum og får vere med på ølsmaking og ein såkalla brauer-vesper. Dette var litt ettermiddagsmat saman med ølet, heilt i bryggerimunkane og Luther si ånd. Om ettermiddagen dreg vi attende til hotellet i Leipzig.

Dag 5
Etter frukost og kåseriet med Hoem dreg vi til Eisleben, der vi får ein guida tur gjennom den vakre historiske «Innerstadt» og får sjå huset der Martin Luther vart fødd og døydde. Vi køyrer så til Mansfeld der vi får sjå minnesmerket over Luther og skulen Luther gjekk på. Retur til hotellet i Leipzig. 
Ettermiddagen på eiga hand på streiftog i vakre Leipzig.

Om kvelden deltek vi på ein klassisk konsert.

Dag 6
Frukost og det daglege kåseriet til Hoem. Denne dagen skal vi til Wittenberg, eit av dei viktigaste sentra for tysk politikk, kunst og kultur i det sekstande hundreåret. Reformasjonen starta her i 1517 då Luther slo opp dei 95 tesane sine på døra til slottskyrkja. Her  hadde Luther nokre av dei viktigaste åra i livet sitt, og det er i denne byen han er gravlagd. Både huset til Luther, bykyrkja og slottskyrkja er oppførte på UNESCO si liste over verdskulturarv. Vi får ein guida tur i byen der desse bygningane står i sentrum. Om ettermiddagen er det tid på eiga hand før vi har avslutningsmiddag* på ein koseleg restaurant i nærleiken av hotellet.

Dag 7
Etter frukost og det siste kåseriet av Hoem på turen, dreg vi attende til Berlin, der flyet vårt til Oslo går om ettermiddagen.

 

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
8/4OsloI Luther sine fotefarMeir enn 815 950,-Bestill