Magiske Sør-Afrika

3. mars – 15. mars  2018.

Bli med Fotefar Temareiser til Sør-Afrika og Cape Town heilt nedst på det afrikanske kontinentet i temperaturar som ein god norsk sommar.

I provinsen Western Cape finn vi det største etniske og kulturelle mangfaldet i heile Afrika. Her møtest Europa, Asia og Afrika også den dag i dag, slik det har vore i mange hundre år gjennom handel, slavehandel, skipsfart og europeisk kolonisering. Me besøkjer stader der historia har utfolda seg og møter menneske som bur her no. Vi får oppleve Cape Town og Table Mountain, og ein kan også velje å delta på turar til townships i byen. I fire dagar skal vi på tur inn i landet der vi bur to netter på ein sjarmerande økologisk gjestegard, og vi overnattar og reiser på safari i Iverdoorn Game reserve.

Det blir ekskursjonar der vi får lære om Sanfolket sin kultur. Vi får også med oss ein tur til ein økologisk vin- og oliven gjestegard  ved Dragonridge mountain. Robben Island, øya der Nelson Mandela var fange, er sjølvsagt på programmet, og på Kapp det gode håp kan vi sjå utover havet frå Afrikas sydlegaste punkt. Kultur, natur, historie, møter med menneske står i fokus på denne reisa. Vi kan love dykk opplevingar til glede og ettertanke i dette gjestfrie og naturskjønne landet. Når det er mogleg, samarbeider me med små lokale og «sosialt ansvarlige» partnarar, slik at våre kjøp av tenester skal komme lokale bedrifter og/eller lokalsamfunnet til gode.

Reiseleiarar: Toril og Rolf Partenyi.

Pris frå:
26 950,-
Bestill tidleg rabatt før 1.oktober 2017 per person: 250,-
Dagar:10
Flyreisa Bergen/Oslo –Cape Town t/r med British Airways.
Busstransport på heile turen
7 overnattingar på 4 stjerners hotell i Cape Town
2 overnattingar på Fynbos Estate gjestegard/vingard
1 overnatting på Inverdoorn game reserve
10 frukostar
7 lunsjar/middagar som vist i programmet
Sightseeing i og omkring Cape Town
Safari i Iverdoorn Game Reserve
Besøk på Sanfolket sitt kultursenter
Vinsmaking på vingardar i området
Besøk på Kapp det gode håp
Besøk på Robben Island
Billettar til alle felles attraksjonar.
Toril Partenyi, Rolf Partenyi og Sue og George Kleyn er turleiarar og guidar på heile turen.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om små endringar
 
Dag 1
Avreise frå Bergen kl. 12.10 (BA757) og Oslo kl. 11.35 (BA763) med British Airways. Det blir mellomlanding i London, før vi byrjar på flyreisa over det afrikanske kontinentet til Cape Town.

Dag 2 
Vi er framme i Cape Town til sol og sommar måndag morgon kl. 07.40. På flyplassen ventar vår lokale guide og sjåfør, som køyrer oss til hotellet vårt. Dei første timane i Cape Town nyttar vi til ein sightseeing gjennom byen og til felleslunsj*.  Etter lunsj sjekkar vi inn på hotellet, og slappar av på rommet eller ved bassenget fram til velkomstmøte kl. 18.30 der vi nyt ein velkomstdrink og får informasjon før vi går til felles velkomstmiddag* kl. 19.30 på hotellrestauranten.      

Dag 3 
Etter ein god frukost på hotellet vert vi henta kl. 09.00 av bussen for ein heildagstur til Kapp det gode håp - Cape of Good Hope, Cape Point Nature Reserve og Cape Point. Turen går via den 9 km lange, ville og naturskjønne Chapman’s Peak Drive, kystvegen med 114 svingar og storslegen utsikt. På programmet står ein god lunsj* på sjømatrestauranten Black Marlin, besøk på ein strutsefarm og i pingvinlandsbyen Boulder's Beach ved Simon's Town.

Vi er attende på hotellet ca. kl. 17.00. Om kvelden er det middag på eiga hand. Dei som ønskjer det, kan følgje reiseleiarane til ein hyggeleg restaurant.

Dag 4
Etter frukost møtest vi i grupperommet kl. 9.30-10.30, der vi får ei orientering om Cape Town og om historie, kultur og samfunnsforhold i Sør-Afrika. Deretter er heile dagen til eigen disposisjon. Lunsj på eiga hand.

Kl. 19.00 kan dei som ønskjer det, møte i vestibylen på hotellet for å ete middag saman på ein hyggeleg restaurant i området, eller ein kan ete på eiga hand.

Av aktivitetar denne dagen i Cape Town er det mykje å velje i.
Kva med ein flott sightseeing med «Hop on-Hop off» busstur i Cape Town og områda rundt? Vi vil og anbefale ein tur opp til Table Mountain, viss veret tillèt det. Ikkje sjeldan ligg det ein tåkedis, populært kalla «table cloth», rundt dette berømte fjellet som kan stengje for utsikta. Vil ein ta kabelbana, tek turen opp og ned berre 10-15 minuttar. Taxi til kabelbana kan bestillast frå hotellet. For dei spreke er ein tur opp og/eller ned til fots (4-6 timer) også mogleg.

Merk! Det er også tid til å besøkje Table Mountain på ettermiddagen på Dag 9 og 10 og på føremiddagen på Dag 11.

For dei som vil shoppe og sjå på folkelivet, er Green Market Square midt i byen eit must! Her er eit yrande folkeliv, gatekonsertar, mange salsbuer med billige og flotte produkt frå heile Afrika og koselege fortauskafear. For dei som vil nyte ein betre lunsj på ein av dei mange uterestaurantane, og dessutan få med ei gratis danseoppvising eller ein jazzkonsert frå utandørs-scena på kjøpet, er meir luksuriøse Waterfront verdt eit besøk. Slår du deg ned ved eit av kafeborda langs sjøkanten, kan du rekne med å få selskap av flokkar med sel som leikar seg i hamnebassenget like nedanfor eller ligg og solar seg på ei av flytebryggene, heilt upåverka av alle turistane. I området rundt Waterfront finn du også ein stor innandørs marknad med mange flotte afrikanske varer. Eit besøk på Two Ocean’s Aquarium i same området er og ei stor oppleving.

Company’s Garden, ei oase av venleik og ro midt i byen, ikkje langt frå Green Market, bør ein også prøve få med seg. Her er kafear, springvatnanlegg, vakre plantar og skyggefulle tre, spretne ekorn og gode benkar å sitje på. På 1600-tallet vart Company’s Garden etablert som frukt- og grønsakdepot for flåten til Det Nederlandske Ostindiske Kompani.

I same område finn vi South African Museum (historie, kultur, dyreliv), South African National Gallery (masker, fotografiar, skulpturar, maleri frå dei fleste av dei elleve nasjonalgruppene i Sør-Afrika) og South African Jewish Museum som alle er verdt eit besøk.

Vil ein lære meir om Cape Towns si nære fortid, er eit besøk på District Six-museet i sentrum svært interessant. Her får du historia til den multietniske og kreative bydelen District Six, som var ein torn i augene på apartheidregimet. Mellom 1966 og 1982 vart bydelen totalt øydelagd av bulldosarar og innbyggjarane tvangsflytta.

Og kva med eit besøk til Kirstenbosch Gardens som rangerer høgt på UNESCO si liste over verneverdige område? Denne store, vakre botaniske hagen like utanfor by-kjerna er dessutan eit hyggeleg mål for ein betre lunsj på ein av uterestaurantane.

Dag 5
Etter frukost startar vi kl. 07.30 på ein fire dagars tur med tre overnattingar i provinsen Western Cape. Første reisemål er !Khwa Tuu, eit kultur- og dokumentasjonssenter via til sanfolket (også kalt bushmen, buskmenn), urfolket i det sørlege Afrika. San-senteret ligg inne i bushen på vestkysten av Atlanterhavet. Her blir vi med på ein guida tur i felten med store sjansar til å sjå sebra, struts, springbok, det heilage dyret eland og anna vilt som streifar rundt i området.

På feltturen demonstrerer sanfolket sine 20.000 år gamle metodar som jegerar og viltsporarar. Vi lærer om sanfolket si historie, kultur og tradisjonar og deira livsvilkår som urfolk i dag. Senteret har også eit foto- og dokumentasjonssenter av høg kvalitet. Lunsj* ute i hagen, viss veret tillet det eller i den hyggelege restauranten inne på senteret.

I handverksbutikken kan ein kjøpe tekstilar, kjøkkensaker og andre suvenirar.

Ut på ettermiddagen takkar vi for oss på  !Khwa Tuu og reiser søraustover gjennom landsbyar, vinmarker og jordbruksområde til vindistriktet Swartland.

Reisemålet vårt er Fynbos Estate, ein sjarmerande økologisk vin- og olivenfarm omgjeven av høge fjell i eit vakkert naturområde, veleigna for kortare og lengre fjellturar. Ekteparet Diana og Johan, tidlegare universitetstilsette frå Cape Town, har drive gjestegard med økologisk jordbruk på Fynbos Estate dei siste atten åra. Vi skal bu der i to netter, ete god lokal mat og sjølvsagt smake på huset sine utmerka vinar. Her kan de også kjøpe med dykk raudvin, portvin (anbefalast!) og andre produkt heim til Noreg.

På vingarden slappar vi litt av før vinsmaking og felles middag* ute på terrassen om kvelden. Ved middagen vil vertskapet fortelje oss historia til garden dei bur på, om folka som helt til her før og som bur her no.

Dag 6 – Torsdag  2. mars
Vi brukar heile dagen på Fynbos, der vi enten kan slappe av ved bassenget, rusle rundt på garden og sjå på vinproduksjon/olivenproduksjon, eller få oss ein spennande guida vandretur opp i dei vakre Dragon-ridge fjella rundt Fynbos. På Fynbos får du verkeleg kjensla av å vere på ein afrikansk farm som i Karen Blixen’s «Mitt afrika». Å sitje og nyte dei fredelege og vakre omgjevnadene på verandaen med ei god bok, eller sitje i mjuke kveldar og lytte til lyden av Afrika i måneskinnet er ei fantastisk oppleving i seg sjølv. Om kvelden kan vi nyte eit klassisk sørafrikansk «braai»,  grillmåltid ute på terrassen. 

Dag 7
Etter en god frukost tek vi avskjed med Fynbos Estate og køyrer til Iverdoorn Game Reserve i det naturskjønne Ceres, der vi skal på safari i bushen og sjå The Big 5: Løve, elefant, bøffel, leopard og nashorn, dei fem villdyra som er sett på som mest vanskeleg og farleg å jakte på i Afrika. I tillegg kan vi få sjå sebra, sjiraff, antilope, flodhest, elefant og mange andre afrikanske dyr. Vi skal overnatte i Inverdoorn Lodge, der vi bur i komfortable lodges (gjestehus). Vi startar med lunsj* under trea på gardsplassen på Inverdoorn, og så skal vi ut på safari.
 
Når vi er attende etter ein spennande og opplevingsrik tur i jeepane saman med guidane våre, slappar vi litt av på romma eller ved bassenget og tar oss gjerne eit bad, før vi får ein aperitiff og middag under den vakre stjernehimmelen. Det blir også sjanse til å samlast til ei forfrisking rundt den flotte bålplassen på området, og kanskje til litt song og gode samtalar rundt bålet?
 
Dag 8
Etter ei god natts søvn i gjestehusa kan ein stå tidleg opp (ved soloppgang) og bli med ut på «morning drive», ein morgonsafari der vi ofte får sjå enno fleire artar av dyr enn når vi har dagsafari. Vi et så ein god engelsk frukost før vi sjekkar ut kl. 10.30. Bussen tek oss med gjennom fleire naturreservat ned til Franschhoek og den fruktbare Franschhoekdalen. Den er også opphavleg kjend som ”Olifants Hoek” (”Elefanthjørnet” på afrikaans), etter elefantflokkane som streifa rundt i området før i tida. Dette er midt i hjarta av sørafrikanske The Winelands.
 
I  Franschhoek besøkjer vi vingarden Solms Delta, som har ei svært interessant historie. På museet på vingarden får vi høyre meir om landeigarar, slaveeigarar, slavar og andre som helt til her før, fortalt av etterkommarane deira som bur og arbeider her no. Vi får smake på eit utval av sørafrikanske vinar som er kjende for sin høge kvalitet og er etterspurd over heile verda. På vingarden blir det også  lunsj* før vi dreg tilbake over fjellpass og langs velstelte frukthagar og flotte vinmarker til vi igjen nærmar oss storbyen Cape Town og dei fattige forstadane, sokalla township. Vi reknar med å vere på hotellet ca. kl. 17- 18.
 
Dag 9
I dag står den tidlegare fangeøya Robben Island på programmet. Kl. 10.00 går bussen frå hotellet til Waterfront. Derifrå går båten ut til Robben Island kl. 11.00, og er attende i byen ca. kl. 14.15. Resten av dagen til eigen disposisjon. Vi foreslår lunsj (ikkje inkludert) på ein av dei mange restaurantane på Waterfront.
 
Dag 10
Etter frukost på hotellet kan deltakarane bli med på valfri tur til dei fattige buområda – townshipane – i Cape Town. Dette tilbodet er ikkje inkludert i turprisen. Maks. 20 personar, men ved fleire påmelde, blir turen sett opp også neste dag.
Kl. 09.30 blir gruppe A henta på hotellet av Laura Ndukwana, guide og kafeeigar i Gugulethu township. Laura og medarbeidarane hennar tek oss med på ei guida omvising, kalla The Township Worship, African Style i townshipa Langa og Gugulethu. Vi rundar av med lunsjbuffet* på kafeen som Laura driv i tilknyting til heimen sin i townshipen. Under lunsjen lyttar vi til jazz og operaarier frå unge songtalent i townshipen. Vi er attende på hotellet ut på ettermiddagen.
 
For dei som ikkje er med på township-turen denne dagen, kan vi anbefale ein tur til Slave Lodge, slavemuseet og den fargerike, muslimske bydelen Bo Kaap. Her kan ein få med seg historia til hundretusenvis av slavar som vart henta frå blant anna Indonesia, Malaysia og Madagaskar, og korleis dei vart behandla i Sør-Afrika, og etter kvart skapte den særeigne kulturblandinga som Cape Town er prega av.
Resten av dagen til eigen disposisjon. Om kvelden er det middag på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane til ein hyggeleg restaurant i nærområdet.
 
Dag 11
Denne dagen kan ein velje å vere med på den same turen som i går (ikkje inkludert).
Gruppa vert henta kl. 09.30. Elles blir det tid på eiga hand, og vi vil anbefale å bruke dagen i Kirstenbosch Gardens eller kanskje ein tur på stranda i Camps Bay?
 
Dette er den siste kvelden vår i Cape Town. Kl. 18.30 møtest vi i hotellvestibylen for å reise med bussen til ein avskjedsmiddag* på jazzrestauranten Mama Africa,  den beste staden for levande musikk i Cape Town. Her et vi eit ekte afrikansk måltid, akkompagnert av svingande rytme frå veletablerte, så vel som unge, lovande jazzartistar frå hele Sør-Afrika.
 
Dag 12
Dette er siste dagen i Cape Town for denne gongen. Vi må sjekke ut av hotellet på føremiddagen, men bagasjen kan verte ståande fram til avreise til flyplassen kl. 17.00.
Etter frukost har vi heile dagen til eigen disposisjon, men vi møtast på hotellet kl. 16.30.
 
Denne dagen er siste sjanse for dei som enno ikkje har fått med seg ein tur til Table Mountain, dei som vil shoppe eller har andre ting på programmet. Kanskje fleire berre vil slappe av ved symjebassenget eller på ein uterestaurant og samle dei siste inntrykka frå Sør-Afrika før avreise. Vi kan elles føreslå eit besøk til storslagne Mount Nelson Hotel som ligg i sentrum nær Company’s Garden, ca. 15-20 min. med taxi frå hotellet vårt. Hotellet er eit kompleks av vakre, historiske bygningar, restaurantar og kafear inne i ein staseleg park. Her kan du nyte det fine veret, ete lunsj eller drikke ein kopp kaffi eller eit glas vin i dei svale hagane eller på ein av terrassane.
 
Sjå elles mange forslag til aktivitetar under Dag 4.
 
Seinast kl. 17.00 møtest vi i hotellresepsjonen, klare til avreise kl. 17.15 til flyplassen, med flyavgang med British Airways kl. 21.40 med retning Norge via London.
 
Dag 13
Sidan vi har fly heim om kvelden, er vi ikkje attende i Noreg før neste dag, til Oslo Gardermoen kl. 15.55 (Flight BA766) og Bergen 14.10 (Flight BA 758).
 
* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

** NB! På 4-dagarsturen inn i «bushen» kan ein ikkje rekne med same forhold som på hotellet vårt. Vi bur på ein sjarmerande, økologisk gard, og siste natta i gjestehus på ein safari-lodge, noko som vil gje oss ein ekstra dimensjon i forhold til å oppleve det autentiske Sør-Afrika. Husa/romma vi skal bu i på Fynbos er store bu-einingar der ein må rekne med å dele hus eller rom med fleire andre desse to nettene. På Inverdoorn er det avgrensa tal på rom, slik at dei som elles har enkeltrom kan rekne med  å dele rom med ein anna person denne natta. Enkeltromstillegg vert redusert med 30 % for dei som deler rom med andre.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
3/3BergenSør-AfrikaMeir enn 826 950,-Bestill
3/3OsloSør-AfrikaMeir enn 826 950,-Bestill