I vikingane sine fotefar i Vesterled med Torgrim Titlestad

30. august – 6. september 2017.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert, Torgrim Titlestad, som vil gje oss eit historisk innblikk i stadene vi besøkjer og om landnåmet og dei norske spora på øyane. Vi startar med direktefly både frå Oslo, Bergen og Stavanger til Aberdeen, og tek ferja derifrå til Lerwick på Shetland. Deretter seglar vi vidare til Kirkwall på Orknøyane før ferja tek oss med tilbake til det skotske fastlandet. Der får vi ein tur til berømte Loch Ness og whisky-smaking på Glen Ord-destilleriet. Til slutt får vi med oss vakre Edinburgh og ein Scottish Evening med tradisjonsmat og skotsk folkemusikk.

Pris frå:
17 950,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo – Aberdeen og retur Edinburgh-Oslo
Busstransport Aberdeen og Edinburgh
Sightseeing i Aberdeen
7 frukostar
6 middagar
1 Skottish evening festmiddag
1 overnatting på båten
1 overnatting i Lerwick
2 overnattingar i Kirkwall
2 overnattingar i Inverness
1 overnatting i Edinburgh
Forelesingar av Torgrim Titlestad
Historikaren Rasmus Sunde frå Fotefar temareiser er med på heile turen
Kveldsunderhaldning
Utflukter på øyane
Inngang til Skara Brae og Jarlshof
Båttur på Loch Ness
Besøk på Urquhart Castle
Sightseeing i Edinburgh

Tillegg:
Enkeltromstillegg, Kr. 3 950,-
Bestill reise

Dagsprogram

Dag 1 - Onsdag 30. august
Flyet går frå Oslo kl. 8.40 og framme i Aberdeen kl. 9.15. 
Bussen vår tek oss så frå flyplassen inn til sentrum av Aberdeen. Denne universitetsbyen er Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Han er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Aberdeen er oljebyen i Skottland, men har også fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og populære Aberdeen Art Gallery har gratis inngang.
Etter ein rusletur i Aberdeen sentrum et vi ein god lunsj på ein av dei mange koselege restaurantane i bykjernen. 

Om kvelden går vi om bord i ferja, Hjaltland, som skal ta oss til Shetland. Dette er store ferjer, liknande «Danskebåten», med lugarar i ulike kategoriar, restaurantar og butikkar. Etter at vi er vel installerte i lugarane våre, får vi vekas første foredrag av Titlestad på konferanserommet. I desse forelesingane kjem han til å fortelje historia til dei gamle norske områda i Vesterhavet. Etter foredraget møtest vi til fellesmiddag* i ein av restaurantane om bord, og viss veret er godt, kan vi nyte ein vakker solnedgang til middagen medan vi seglar nordvestover mot Shetland.

Dag 2 - Torsdag 31. August
Når vi vaknar denne morgonen, køyrer ferja inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. På veg inn gjennom skjergarden et vi ein god skotsk frukost før vi går i land. Vi får utdelt eit «7 day Historic Scotland Pass» som gir oss fri inngang til dei fleste store historiske attraksjonar i heile Skottland, og første stopp er utgravinga av ruinane av den prehistoriske busetnaden Jarlshof.
I 1897 vaska ei rekkje harde stormar bort stein, torv og jordlag, og spora etter ein stor busetnad kom til syne. Det viste seg å vere tuftene etter fleire bygningar frå ulike tidsperiodar, der dei eldste var ca. 4000 år gamle. Då vikingane kom, busette dei seg også her og bygde ein storgard.

Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og dei etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokter mot Skottland og Norge. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst, og han annekterte både Orknøyane og Hjaltland.
Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Norge. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over med. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Norge og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjende, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane.

Etter ein god lunsj går turen vidare til Scalloway Castle og til monumentet som er bygd til minne om Shetlandsfarten under andre verdskrigen. Dagens kåseri frå Titlestad vert halde undervegs på bussen.

Før middag på hotellet vårt (3-stjerner, enkel standard) kan dei som vil, vere med reiseleiarane på rusletur rundt i Lerwick eller bruke tida på eiga hand. Byen er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt shopping. Den lokale ølsorten Valhalla og ginen Shetland Reel er også verd å prøve.

Dag 3 – Fredag 1. september
Foredrag av Titlestad på konferanserommet på hotellet etter frukost.
Føremiddagen fri til å utforske byen på eiga hand, men dei som vil kan vere med reiseleiarane til dei viktigaste attraksjonane som Croft House Museum og Shetland Museum and Archives.
Vi tek ferja frå Lerwick på Shetland til Kirkwall på Orknøyane om ettermiddagen, og under middagen* om bord køyrer ferja inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen og er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. 

Overnatting på Kirkwall Hotel som ligg fint til nede ved hamna.

Dag 4 - Laurdag 2. september
Etter ein god skotsk frukost får vi dagens kåseri av Titlestad på hotellet.

Deretter skal vi på ein guida busstur til dei utrulege steinalderminna Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle. Busetjinga på Scara Brae består av åtte steinhus som var i bruk mellom 3180 og 2500 f.Kr. Husa er bygde i ei klynge, og på det meste budde det 50 til 100 personar her.
Sidan det er så godt bevart, har Skara Brae vorte omtala som «Skottlands Pompeii». Som Jarlshof på Shetland var det stormar som bles vekk sand og jordsmonn og avdekka bygningane, først i 1850 og så i 1924. Nettopp fordi husa har vore gravlagde i sand, har dei halde seg svært intakte.
Buss tilbake til Kirkwall, og om ettermiddagen vert det tid til å rusle rundt i byen på eiga hand. Dei som vil, kan bli med reiseleiarane til St. Magnus-katedralen, der ein lokal guide tek oss med rundt i dette storslegne byggverket.
Fellesmiddag på restauranten på hotellet. Etter middag anbefaler vi at ein prøvesmakar det lokale ølet frå Orkney Brewery eller ein av dei to lokale whisky-merka frå Orknøyane: Highland Park eller Scapa. 
Like ved St. Magnus-katedralen ligg «Wrigley and The Reel» ein heilt spesiell konsertstad med tradisjonell musikk frå Orknøyane. Den har nettopp vorte nominert til beste konsertstad for tradisjonsmusikk i heile Skottland og vert driven av musikarsøstrene Jennifer og Hazel Wrigley. Dette er også ein skule for tradisjonsmusikken på desse øyane, og den er såleis viktig for bevaringa av denne musikken. Vi kosar oss denne laurdagskvelden med ekte reel frå Orknøyane. 

Dag 5 – Søndag 3. september
Det er tid for å forlate dei små øysamfunna og setje kursen mot fastlandet. Bussen vår tek oss først på tvers av hovudøya, Mainland, til bygda Stromness, der ferja går frå. Ferjeturen derifrå til ferjeplassen Scrabster heilt nord på det skotske fastlandet tek ca. 1 time og 30 min. Denne ferjeturen med utsikt til grøne øyar og imponerande klipper, vert av mange sett på som den vakraste i Skottland. Det er også her Atlanterhavet møter Nordsjøen.

Bussen tek oss så sørover på det skotske høglandet, og Titlestad fortel undervegs. På kysten vil vi sjå mange stadnamn med norrøne røter, medan vi i innlandet ser fleire og fleire namn med gælisk opphav. 
Første lengre stopp på fastlandet vert på Glen Ord-destilleriet. Her har det vorte laga whisky sidan 1838 og destilleriet har vunne fleire prisar for sin single malt whisky. Men det har vore whisky-laging i denne bygda mykje lengre tilbake i tid. Allereie på 1200-talet fekk bøndene i MacKenzie-klanen eineretten til å destillere sprit frå byggkorn i kommunen Ord.

Overnatting på 3-stjerners hotell i Inverness-området eller ved Loch Ness. 

Dag 6 - Måndag 4. september
Vi startar dagen med ein båttur på verdskjende Loch Ness, der vi får høyre legenda om sjøormen Nessie som skriv seg heilt tilbake til 500-talet. Loch Ness er Skottland sin nest største innsjø og den klart djupaste med 226 meter, og det er nettopp tankane om kva som kan skjule seg i det store djupet som seiest å vere opphavet til teoriane og mytane om sjøuhyret. Langs innsjøen ligg ruinane etter eit av dei største slotta i Skottland, Urquhart Castle. Slottet vart bygd på 1200-talet og har spelt ein sentral rolle i skotsk historie opp gjennom hundreåra. Det vert ein time med guida omvising på slottet før vi held fram turen vår på Loch Ness. 

Etter ein spennande føremiddag på innsjøen tek bussen oss med tilbake til hotellet vårt og fellesmiddag* der. Foredrag av Titlestad på hotellet før middag. 

Dag 7 – Tysdag 5. september
Etter ein god skotsk frukost sjekkar vi ut frå hotellet og er klar for køyreturen søraustover til Edinburgh. Turen tek oss frå det skotske høglandet til låglandet, og på vegen køyrer vi gjennom Cairgorms National Park, som er den største nasjonalparken i Storbritannia. I bussen på veg sørover får vi det siste foredrag frå Titlestad på turen. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar både på øyane og på det skotske høglandet, og Titlestad har gitt oss den historiske bakgrunnen til desse områda og samfunna. I dette siste foredraget vil han samle trådane frå dagane før.  

Vi sjekkar inn på hotellet vårt i Edinburgh, og får tid til ein guida tur rundt i byen før vi samlast til ein ekte «Scottish evening». Her får vi ein fire rettars middag* med tradisjonell skotsk mat og vin, og eit forrykande show med song, musikk, folkedans – og sjølvsagt sekkepipe. 

Dag 8 – Onsdag 6. september
Etter frukost tek bussen oss til flyplassen rett utanfor byen. Flyet går direkte til Oslo  kl. 11.25, og framme kl. 14.10. På førespurnad tilkyting til både Stavanger og Bergen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
30/8OsloI vesterled med Torgrim Titlestad
Med atterhald om at det finnst ledige lugarar.
Fullbooka, venteliste17 950,-Book på venteliste