Midtvesten USA - I utvandrarane sine fotefar

22. juli – 1. august  2017.

Historie – kultur – folkeliv.

Har du drøymt om å besøkje Amerika? Bli med på ein rundtur på prærien og opplev det ekte USA. På denne turen gjennom tre statar i Midtvesten reiser vi i fotefara til dei norske immigrantane. Vi får oppleve store og små byar både i Minnesota, Wisconsin og Iowa og vil dessutan møte både det ”norske” og det moderne Amerika.

Høgdepunktet på turen vert Nordic Fest i Decorah. Maria Storevik er reiseleiar og guide på heile turen. Rasmus Sunde som er ansvarleg for turen, er spesialist på Midtvesten og har solid erfaring som turleiar sidan dette er 18. gongen han har ansvaret for turopplegg dit. Maria har fleire opphald i Midtvesten og har vore reiseleiar for Fotefar dit.

Status:
Fullt

Dagsprogram

Atterhald om små endringar

Laurdag 22.07 

Avreise frå Bergen kl. 13.00 og frå Oslo kl. 14.45 med Icelandair via Keflavik med eit par timars stopp der og framme i Minneapolis kl. 18.05. Bussen vår køyrer oss den korte vegen til hotellet Quality Inn & Suites, 814 American Blvd East, 55420 Bloomington. Etter innsjekkinga vert det ca. kl. 19.30 (lokal tid) ”bli-kjend-kveld” der vi kan helse på kvarandre, kjøpe forfriskingar og mat.

Søndag 23.07     

Vi startar kl. 09.00 med sightseeing i Minneapolis/St. Paul. Desse byane dannar eit samla byområde med 2,5 millionar innbyggjarar, og dei fleste har skandinaviske eller tyske røter. Dennis Gimmestad med slekt frå Nordfjord vil vere guiden vår denne dagen. Han snakkar engelsk, men Maria vil omsetje.

Vi køyrer først til Minnesota State Capitol og betraktar denne ruvande og storslegne bygningen. I framgrunnen står det ein statue av Knute Nelson frå Voss. Han er den immigranten frå Noreg som har nådd lengst i politikken i USA, først som guvernør i Minnesota og i mange år som senator i Washington. Statuen er sett opp av Minnesota i takksemd for innsatsen hans for staten. Vi kikkar også på St. Paul katedralen og statuen av Leiv Eriksson. Deretter besøkjer vi Luther Seminary som er ein utdanningsinstitusjon for prestar og grunnlagd av norske immigrantar. Her ser vi på Loen krossen før vi går til Muskego kyrkja der vi får orientering. Denne kyrkja er bygd i 1844 og er den eldste norske immigrantkyrkja i Amerika.

Kl. 11.00 blir vi med på norsk gudsteneste i Mindekirken med etterfølgjande kyrkjelunsj*. Dette er ei av dei få kyrkjene i USA som framleis har gudsteneste på norsk. Etter opphaldet i Mindekirken held Dennis fram med guidinga, og vi får blant anna sjå nærmare på Mississippi-elva med fossar og sluser. Vi besøkje også det verdskjende Guthrie Theatre.

Vi er tilbake på hotellet ca. kl. 16.00 og slappar av før avreisa  kl. 17.45 til Harriet Island og middagscruise* med elvebåt på Mississippi. Dette er ei stor oppleving og gjerne ein kveld vi pyntar oss litt. Retur til hotellet kl. 21.00.

Måndag 24.07

Kl. 09.00 avreise frå hotellet vårt. Vi køyrer langs Mississippi-elva til La Crosse der det blir felles lunsj*. Turen går vidare til Norskedalen, som har eit interessant ute- og innandørsmuseum. Her møter vi fleire eldre personar som snakkar norske dialektar. Deretter stoppar vi i den ”norske” byen Westby før vi når fram til Madison som er ”hovudstaden” i  Wisconsin med ca. 200 000 innbyggjarar. Etter vår meining er dette den vakraste byen i Midtvesten.

Vi sjekkar inn på hotellet vårt Inn on the Park, 22 s. Carroll Street  like i nærleiken av Capitol-bygningen og heilt sentralt i byen. Der skal vi bu i tre netter. Etter innsjekking får vi kl. 19.00 hamburgermiddag* på hotellet. Etterpå kan dei som ønskjer det, vere med reiseleiarane på ein liten tur «på byen». 

Tysdag 25.07

Etter frukosten går vi kl. 09.00 den korte vegen til Norwegian Genealogical Center (415 W. Main St) som er den største institusjonen for norsk slektsgransking i USA. Her blir det orientering om senteret sitt arbeid. Vi gir oss god tid på senteret, og dei som er spesielt interesserte i slektsgransking, kan sjølvsagt nytte meir tid der om onsdag.

Kl. 12.00 køyrer bussen oss gjennom gamle norske settlement til den ”norske” småbyen Stoughton som ligg litt søraust for Madison. Først blir det lunsj der på eiga hand før vi får omvising kl. 14.15 i det berømte Opera-huset i byen. Deretter besøkjer vi kl. 15.00 Norwegian Heritage Center som blir kalla Livsreise. Museet fortel historia til dei norske  immigrantane som slo seg ned i Wisconsin. Dette tek rundt ein time. Frå ca. kl. 16.00 har vi tid på eiga hand i byen før vi kl. 17.30 møter Sons of Norway medlemmer i Stoughton til middag* og fellesprogram med gjerne litt dans til slutt. Retur til Madison med bussen vår kl. 21.30.

Onsdag 26.07

Kl. 08.45 ruslar vi over gata til den vakre og mektige Capitol bygningen (hovudstatsbygningen i Wisconsin), og her får vi omvising kl. 09.00, og Maria omset til norsk. På plassen framfor Capitol bygningen står ein statue av den legendariske norske offiseren i borgarkrigen, oberst Hans Christian Heg. På vegen vidare  kikkar vi på Monona Terrace. Dette bygningskomplekset vart teikna av den verdskjende arkitekten Frank Lloyd Wright. Vi legg opp til eit frivillig besøk på Wisconsin Historical Museum, 30 N. Carroll Street. Dette er eit svært bra og spennande museum, og vi nyttar ein god time der før vi ruslar saman med reiseleiarane ned hovudgata State Street til det flotte universitetsområdet. Her kan vi sitje ute ved innsjøen Lake Mendota, sjå på folkelivet og kosa oss. Det er tid for lunsj på eiga hand, og vi vil føreslå universitetskantina i Memorial Union Terrace.

Ettermiddagen til fri disposisjon. Kvar onsdagskveld kl. 19.00 i juni og juli er det ein stor, gratis utekonsert ved Capitol- bygningen med Madison Symphony Orchestra. Desse konsertane samlar tusenvis av tilhøyrarar og må berre opplevast. Folk tek med seg campingstolar og bord og kosar seg med medteke  mat og drikke, men vi kan kjøpe det vi treng frå dei mange salsbuene. Gruppa vår kan samlast ved statuen av oberst Heg. Det er lurt å vere tidleg ute for å få sitjeplass.

Torsdag 27.07

Denne dagen skal vi køyre til Decorah og ha nokre stopp undervegs. Difor startar vi frå hotellet kl. 08.00, og første stopp er på Cabela i byen Prairie du Chien. Dette er ei av verdas største sportsforretningskjede. Deretter går turen til Ferryville i Crawford County. I dette området slo mange norske emigrantar seg ned. I Utica Church møter vi fleire av norsk ætt, og her blir det lunsj* med song og musikkinnslag. 

Vi reknar med å vere framme i Decorah i Iowa ca. kl.16.30. Denne byen har ca. 8.000 innbyggjarar og er ein av dei mest ”norske” byane i heile USA. Vi tek først inn på Luther College der vi skal bu i to netter. Her er det nokså enkel standard, men det er mogeleg å bu på hotell litt i utkanten av byen. Gi melding om dette ved påmeldinga. Kl. 18.00 køyrer bussen oss til sentrum av Decorah (ca. 2 km), og vi vert med på opninga av Nordic Fest kl. 19.00 ved Town Hall.  Dette er ein storslegen festival som varer i tre dagar og har eit utruleg variert program. Bussen vår går attende til Luther College kl. 22.00. Fredag og laurdag går det gratis minibussar heile tida mellom sentrum og colleget.

Fredag 28.07

Etter frukosten kan vi i vårt eige tempo ta ein av dei gratis småbussane ned til sentrum, eller vi kan spasere dit. Alle bør ta seg tid til å sjå ”det norske” Vestrheim museet som er det største etniske museet i USA. Turdeltakarane har dagen til fri disposisjon for å vere med på dei mange aktivitetane under Nordic Fest og elles rusle rundt i den trivelege byen. Heile dagen er byen full av musikk, underhaldning og ulike aktivitetar med eit yrande folkeliv. Om kvelden samlast turgruppa til ein frivillig fellesmiddag på ein flott restaurant.

Laurdag 29.07

Kl. 07.30 kan dei spreke og morgonfriske delta på eit stort mosjonsløp, det såkalla Elveløpet, der vi kan både gå og springe på tid. Nær tusen personar stiller til start, og mange av deltakarane våre bruker å delta. Få med deg denne opplevinga!

Frå kl. 09.30 er det stor parade i hovudgata. Dette er høgdepunktet under Nordic Fest og samlar mykje folk. Totalt reknar ein med at om lag 30.000 personar vitjar Decorah desse dagane.

Om ettermiddagen er det avreise kl. 14.00 frå Decorah til Northfield i Minnesota. Vi har ein liten stopp i byen Harmony som ligg i eit område der mange Amishfolk har slege seg ned. Dette er ei streng religiøs gruppe som utvandra frå Sveits og Tyskland på 1700-talet. Dei lever svært enkelt utan moderne hjelpemiddel. Deretter køyrer vi vidare nordover forbi Rochester og gjennom Sognedalen til Northfield som har ca. 18.000 innbyggjarar. Her sjekkar vi inn på hotellet vårt Country Inn som ligg midt i sentrum av den koselege byen. Om kvelden kl. 19.00 blir det fellesmiddag* på Northfield VFW Club (518 Division Street). Her underheld vi kvarandre med song- og musikkinnslag, gjerne dikt og historier, og det blir kanskje ein svingom til slutt.

Søndag  30.07

Denne morgonen startar vi kl. 09.00 og køyrer dei få mila til Goodhue County, der så mange nordmenn slo seg ned. Her står eit farmbesøk på programmet. Den vakre Urland Church er også verdt eit besøk. Vi får orientering om kyrkja og kikkar elles på gravplassen med alle dei norske namna.

Etterpå køyrer vi tilbake til Northfield og besøkjer det kjende St. Olaf College der  blir både omvising og lunsj*. Northfield har mange små, trivelege butikkar og fleire galleri og museum. Vi slappar av og kosar oss i småbyen denne ettermiddagen. Middag på eiga hand om kvelden, og reiseleiarane viser kor det er gode restaurantar.

Måndag  31.07

Etter frukost køyrer vi til Minneapolis og første stopp er Fort Snelling. Her får vi eit levande inntrykk av den eldste historia til Midtvesten, og vi gir oss god tid på dette store museet. Deretter  stoppar vi nokre timar på verdas nest største butikksenter - Mall of America. For dei som ikkje likar så godt å handle, finst det elles mykje å oppleve i senteret. Det er også tid for lunsj, og her kan vi velje blant mange ulike serveringsstader.

Avreise kl. 19.30 med  Icelandair til Oslo og Bergen via Island.

Tysdag 01.08      

Mellomlanding og byte av fly på Keflavik der vi landar kl. 06.30. Avreise til Oslo kl. 07.50 og til Bergen kl. 08.00. Vi er framme på Gardermoen kl. 12.20 og på Flesland 12.15. Både til Oslo og Bergen er det direktefly frå Keflavik.

* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.