Musikktur til New Orleans med Frode Alnæs

4.–11. november 2017.

Historie – kultur – folkeliv.

Å besøkje New Orleans er ei eineståande oppleving. Her oppstod jazzen, og i dag kan vi framleis finne fantastisk jazz- og bluesmusikk på Bourbon Street og i French Quarter. Den beste musikken høyrer ein i dag likevel på mindre kjende stader utanfor turiststripene. Vi viser veg til desse intime klubbane og musikkbarane som berre dei lokale veit om, og vi får også med oss konsertar på legendariske Preservation Hall, på Palm Court Cafe og i dei mange klubbane på Frenchmen Street. Vi er så heldige å ha musikar Frode Alnæs med oss på turen, og han kjem til å spele to minikonsertar undervegs. Alnæs har utdanninga si frå jazzlinja ved NTNU og har som musikar vore innom fleire musikkgenrar. Han kan såleis mykje om jazzen og bluesen som er sentral i denne byen.
For å forstå korleis jazzen og bluesen oppstod, må ein kunne noko om historia. Vi besøker ein av dei store plantasjane i området og får eit innblikk i den store kontrasten mellom slavehyttene og herregarden. Eit cruise på Mississippi med hjuldampar er sjølvsagt med på programmet vårt og du får også vere med på alligatorsafari i våtmarkene på denne spennande turen.

 

Pris frå:
23 950,-
Dagar:7
Kr. 1000,- rabatt for abonnentar av Tidens Krav.

Flyreisa Oslo og Trondheim til New Orleans t/r (tilknyting andre byar mot tillegg)
Busstransport i New Orleans som vist til i turprogrammet
Overnattingar med frukost på svært godt hotell (4-stjerner)
4 enkle middagar med øl, vin og mineralvatn inkludert
Lunsj og konsert i Den norske sjømannskyrkja
4-rettars ekte Sørstats-middag og jazzkonsert på legendariske Palm Court Cafe
Mississippi-cruise
Besøk på ein Sørstatsplantasje
Båttur til sumpene og våtlandet
Guida bussturar i og rundt New Orleans i følgje programmet (svensk guide)
Frode Alnæs er med som musikar og fagmann
Reiseleiar og guide frå Fotefar Temareiser
Enkeltromstillegg, kr. 3 800,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om små endringar

Laurdag 04.11    
Utreise frå Oslo og Trondheim om morgonen via Amsterdam og Atlanta. Tilknyting frå andre byar på førespurnad, mot tillegg. Vi er framme i New Orleans om kvelden. Bussen vår køyrer oss til hotellet vårt Drury Inn and Suites (4 stjerner), som ligg midt i det pulserande sentrumet. Etter at vi har sjekka inn, møtest vi i resepsjonen for å ta ein tur til Bourbon Street og French Quarter, der vi kan suge inn inntrykka frå det vibrerande folkelivet i sentrum, og få med oss den første av mange musikkopplevingar på turen. Med oss har vi Frode Alnæs som er godt kjend med jazz og blues-genren og kan fortelje om ein del av artistane som levde og utøvde musikken sin i denne byen.

Søndag 05.11    
Om føremiddagen får vi ein guida busstur på 3-4 timar i og rundt New Orleans. Den første stoppen er i Louis Armstrong parken der vi ser og får høyre om Kingo Sq. der jazzen oppstod. I området rundt New Orleans fekk slavane fri om søndagane, og då møttest dei nettopp i Kingo Sq. og underheldt seg med musikk og dans. Vi køyrer så til Lower Ninth Ward og sørsida av innsjøen Lake Pontchartrain, der vi vil sjå øydeleggingane etter Katrina og elles spennande prosjekt med demningsverk og ny husbygging. Vidare går turen opp til Garden District, langs St Charles Street for å sjå dei flotte, typiske herskapshusa i New Orleans. Stopp med forfrisking undervegs.
    
På bussturen vil vi få høyre om New Orleans si spennande historie og kva som gjer byen så spesiell.  Ingen andre byar i USA liknar på New Orleans. Her møtest Sørstatane og impulsar frå Karibien, og Mississippi bind byen saman med Midtvesten. I tillegg er dei spanske og franske røtene enno tydelege. Det vert framleis snakka fransk i delar av Louisiana. Etter rundturen tek bussen oss tilbake til hotellet, og det blir lunsj og tid på eiga hand. Vi vil føreslå at ein tek ein tur i French Quarter og høyrer på jazzmusikk på kvart gatehjørne.

Om kvelden går vi til Palm Court Cafe, der vi skal ete ein 4-rettars typisk sørstatsmiddag*. Framfor alt skal vi kose oss og høyre på topp musikarar som spelar tradisjonell New Orleans-jazz. På Palm Court Cafe har mange av dei store musikarane spelt, så vi er på historisk grunn, og middagskonsertane her er berømte i New Orleans. Før bandet går på scenen blir det ein minikonsert med Frode Alnæs. Dette vert ein kveld der vi verkeleg skal få svinge oss og lytte til feit New Orleans jazz!

Måndag 06.11
Denne føremiddagen tek vi den legendariske trikken i New Orleans frå hotellet til Den norske sjømannskyrkja, som har lange tradisjonar i byen. Her får vi orientering om kyrkja og servert ein god lunsj*. Etter maten får vi ein stemningsfull minikonsert av Frode Alnæs, og Fotefar har i tillegg fått inn ein trio som underheld med ekte New Orleans-jazz. Etterpå tek vi trikken tilbake til Canal Street og French Quarter og opplever atmosfæren i jazzbyen. Ettermiddagen til eigen disposisjon. Om kvelden får vi enkel middag* med øl/vin eller mineralvatn inkl. på hotellet før vi går til jazzklubben Preservation Hall (726 St. Peter Street). Denne legendariske klubben feira 50-års jubileum i 2011 og vart oppretta for å ta vare på den ekte New Orleans-jazzen og her spelar dei aller beste musikarane i New Orleans. Her nyt vi musikken og New Orleans-forfriskingar til ut i dei små timar, og vi får verkeleg kjenne på sjela i New Orleans-jazzen.

Tysdag 07.11
Etter frukost ruslar gruppa saman med reiseleiaren til Jackson Square der vi blir med på cruise* med elvebåt på Mississippi med jazzband. Dette er for mange eit av høgdepunkta på turane til Sørstatane. Ein kan kjøpe lunsj om bord eller på ein av dei mange koselege kafeane etter båtturen. New Orleans er kjent for god mat, særleg sjømat, og her kan ein ete både Creol (franskinspirert) eller Cajun (enklare rettar). I området rundt Jackson Square kan ein høyre live-jazzmusikk heile døgnet, og om ein vil handle, finst det mange artige butikkar. 

Enkel middag* med drikke inkl. på hotellet før vi om kvelden går ut på «byn». Reiseleiaren anbefaler stader der vi både kan høyre musikk og danse.

Onsdag 08.11
Denne dagen er sett av til eigen disposisjon til både å rusle på eiga hand og suge inn atmosfæren i fødebyen til Louis Armstrong. Fleire vil elles nytte høvet til shopping.
Fotefar set også  opp ein valfri guida tur (tillegg i pris) denne føremiddagen. Vi kan bli med på ein Voodoo-tur der ein får lære meir om denne særmerkte tradisjonen med påverknad av både kristendommen og afrikansk stammereligion. Guida lunsj med prøver med ekte cayun og kreolsk mat der ein også får smake på drinkar med opphav i New Orleans.

Om kvelden møtest vi til enkel middag*med drikke på hotellet før vi går til French Quarter.

Torsdag 09.11    
Etter ein god frukost køyrer vi med buss til utkanten av New Orleans for å besøkje ein typisk Sørstatsplantasje som gir oss eit glimt inn i verda vi kjenner frå “Tatt av vinden” og tv-seriar som ”Nord og Sør”. Guidar vil vise oss rundt, og vi får ei sterk oppleving av den store skilnaden mellom herskapsbustaden og slavehyttene. Kanskje Frode Alnæs også dreg fram gitaren undervegs og tek nokre låtar medan vi køyrer, og gjev oss rette jazz og blues-stemninga. 
Etter lunsj på eiga hand tek bussen oss med til sumpene der det blir båttur ut til dei spennande våtmarkene i området som yrer av liv. Er vi heldige, får vi nok sjå alligatorar, og elles mykje fargerike fuglar og særeigen vegetasjon. 

Om kvelden enkel middag med drikke* før vi går ut og opplever jazz og blues-musikken denne siste kvelden vår.

Fredag 10.11
Dette er dagen for avreisa. Flyet har avgang om ettermiddagen, så vi har tid til ein lang frukost, ein rusletur, kanskje litt handling og ein lunsj før bussen køyrer oss til flyplassen.

Laurdag 11.11
 Flyet landar på Gardermoen, Sola, Flesland og Værnes ut på ettermiddagen.

*Måltid som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
4/11OsloNew Orleans423 950,-Bestill
4/11TrondheimNew Orleans223 950,-Bestill