New York

Verdsmetropolen New York – kanskje dette er staden for å ta med tilsette eller legge neste møte/konferanse for firmaet ditt? Byen som aldri søv kan tilby det meste og er inspirasjon for dei fleste. Her får du gode møtefasilitetar av alle typar, samstundes som du får heilt spesielle opplevingar og eit minne for livet! Kanskje ein tur med den kjende jazzguiden vår til små, spennande jazzklubbar eller gospelkonsert i Harlem freistar? Kva med ein ishockeykamp på Madison Square Garden?  Ein vandretur langs Highline eller over Brooklyn Bridge? Kan du tenkje deg ein privat middag i Rainbow room på Rockefeller center med utsikt over byen eller private guida turar etter ynskje innan kunst, musikk, arkitektur og næringsliv?

Frå dei gode hotella våre på Manhattan har de tilgang til det meste av det byen kan tilby. Etter å ha starta dagane med fagmøte/samling kan vi føreslå følgjande aktivitetar (dette er berre eit lite utval):

Sightseeing  (buss/til fots) med alle dei mest kjende høgdepunkta på Manhattan
Jazzguide som tek oss med på små ukjende jazzklubbar i Harlem eller East Village
Konsertar og musikalar
Båttur til Frihetsgudinna og Ellis Island og innvandringsmuseet
Kampar og konsertar på Madison Square garden
Møte med ein norsk næringsdrivande i New York
Matopplevingar på kjende gourmetrestaurantar eller på ukjende små perler i t.d. Harlem.
Quiz-løp for gruppa (a la Amazing race)
Rundtur i Brooklyn med forfattarbesøk

Vi har mange års erfaring med tilrettelegging for grupper og møter i denne pulserande og mangfaldige storbyen, og kan skreddersy det meste til dykk ut frå behov og interesse. De får, dersom de ynskjer det, med eigen reiseansvarleg frå Fotefar, som også legg til rette møtet/konferansen for dykk, og elles er guide på turen. Det er også mogleg å ha med ein av våre kjende kåsørar. 

Kontakt oss på gruppetur@fotefartemareiser.no for nærare informasjon og tilbod.