New York og Washington med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

15. - 23.  September.

 Historie – politikk – kultur.

Bli med på ein fantastisk tur til verdsmetropolen New York og til vakre Washington. Vi startar reisa vår i kulturbyen New York, The Big Apple, byen som aldri søv. Her får vi oppleve alle dei store attraksjonane på Manhattan som blant anna Ellis Island og Fridomsgudinna og Ground Zero. Vi tek pulsen på innbyggjarane i New York på undergrunnsbana, i gater og parkar og galleri og museum. Vi vandrar over Brooklyn bridge, og Eva Bratholm viser oss sitt Brooklyn. I tillegg blir det jazzkveld i bohemske Greenwich Village og sjanse til å få med seg eit show på verdskjende Broadway. I hovudstaden, Washington, er vi midt i verdas politiske sentrum, og her opplever vi Det kvite hus, Kongressen, John F. Kennedy si grav, Vietnam-minnesmerket, museum og mykje anna. Eva Bratholm og ektemannen Joar Hoel Larsen er med som reiseleiarar på heile turen. Ho har tidlegare vore korrespondent både i New York og Washington og har skrive fleire bøker om området, og Joar har lang fartstid som USA-kjennar og politisk journalist.

 

Pris frå:
25 995,-
Dagar:8
Flyreisa Oslo – New York med retur frå Washington.
Busstransport og guiding på heile turen.
8 overnattingar på 4-stjerners hotell midt i sentrum.
5 lunsjar/middagar som merka med * i programmet.
Billettar til ferja til Ellis Island og til museet der.
Billettar til jazzkonsert i Greenwich Village.
Billettar (4 stk.) til metro
Inngang til museum i Washington
Eva Bratholm er guide på heile turen.
Toril Partenyi er reiseleiar frå Fotefar temareiser.
Enkeltromstillegg, kr. 7 450,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Fredag 15. september

Vi  flyr med SAS frå Oslo klokka 11.10, og er framme på Newark flyplass i New York 13.15 (lokal tid). På bussturen inn til Manhattan får vi sjå New York sin imponerande og verdskjende skyline. Vi bur på Marriott New York Downtown like ved Ground Zero. Der tek Eva Bratholm mot oss, og det blir tid til velkomstmøte med kåseri om New York før vi har fellesmiddag* på restauranten South West, i gåavstand til hotellet.

Laurdag 16. september

Etter frukost blir det velkomstmøte på hotellet klokka 09.00-10.00. Deretter er vi klare for guida busstur på Manhattan med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen, med innlagd stopp undervegs, blant anna med vandring i parken High-Line, bygd opp på ei godslinje over gatenivå, og ein tur gjennom Central Park. Vi et lunsj* på Den norske sjømannskyrkja, og reiser så attende til hotellet med metro ca. kl. 15.30. Det er då tid for avslapping eller å utforske nærområdet på eiga hand. Vi kan anbefale ein rusletur på den vakre promenaden langs Hudson River, som ligg like ved hotellet eller ein rusletur i Wall Street eller litt shopping på Broadway. Middag på eiga hand, eller ein kan bli med reiseleiarane på ein hyggeleg restaurant i nærleiken av hotellet.

Søndag 17. september

Vi startar dagen på konferanserommet på hotellet kl. 09.00 med at Eva Bratholm fortel korleis det var å bu og arbeide i New York. Vi går så bort til 9/11 Memorial (Ground Zero), og dei to guidane våre fortel om denne fryktelege hendinga som fekk så store konsekvensar over heile verda. Etterpå går vi frå hotellet ned til Battery Park på tuppen av Manhattan, og derifrå tek vi ferja til Ellis Island, ferjeavgang kl. 12.00.  Denne øya var innfallsporten til mange av nordmennene som utvandra til Amerika. Her er det i dag eit svært godt museum, og utsikta inn mot dei enorme skyskraparane på Manhattan er imponerande. Ferja går også forbi Fridomsgudinna, og dette er ein fin sjanse til å få eit godt foto av denne verdskjende attraksjonen. Resten av dagen til eigen disposisjon. Vi kan anbefale fleire flotte kunstmuseum og galleri, American Native History Museum rett ved hotellet, og elles mange sjansar til å handle i nærområdet eller på store varemagasin som Macy’s og Bloomingdales. Rett ved hotellet vårt ligg også Century 21, ei kjend outlet-butikkjede med berømte merkevarer til reduserte prisar.

Om kvelden legg vi opp til at dei som ønskjer det, kan få med seg eit show på verdskjende Broadway, operaførestelling på storslegne Metropolitan Opera eller konsertbillettar til legendariske Carnegie Hall. Billettar til arrangementa må ein bestille sjølv, eller ta kontakt med oss for hjelp. Oversikt over arrangement, online billettbestilling og kva arrangement reiseleiarane vil velje vert sendt ut om lag 2 månader før avreise.

Avreise frå hotellet ca 18.30, konsert/musikal startar som regel klokka 20.00.

Måndag 18. september

Vi startar denne dagen kl. 09.00 med eit foredrag av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen om Brooklyn. Deretter går vi til Brooklyn Bridge (ca. 2,5 km tur, men dei som vil, kan ta metro eller drosje) og over denne berømte brua til bydelen Brooklyn. Frå brua får vi fantastisk utsikt mot Manhattan, så her kan ein ta gode foto. På andre sida av brua møter bussen oss, og vi får ein guida tur i Eva Bratholms Brooklyn, der vi vekslar mellom buss og vandring i dei koselege gatene med «brownstone» hus i denne bydelen. Vi får ein stor og kraftig lunsj* på Hill Country Barbeque i Brooklyn Heights, før vi tek metroen heim til hotellet. Eva Bratholm har skrive bok om Brooklyn, så dette kan vere fin litteratur før reisa.

Litt utpå ettermiddagen kjem vi tilbake til hotellet vårt på Manhattan. Denne kvelden kan dei som ønskjer det, bli med til Greenwich Village der vi får høyre ekte New York jazz på ein av dei mange kjende jazzklubbane i denne bydelen. Vi reiser med metro frå hotellet ca. kl. 18.30, og møter der jazzguiden Gordon som tek oss med til ein av dei små og eksotiske jazzklubbane i denne berømte bydelen. Der får vi høyre ekte New York jazz og smake nokre av byens kjende forfriskingar. Dei som ønskjer å ete middag, bør gjere dette før avreise frå hotellet.

Tysdag 19. september

Etter frukost sjekkar vi ut frå hotellet, og deretter vert det avreise til Washington frå hotellet kl. 11. Bussturen tek ca. 4 timar, og Eva Bratholm vil fortelje litt om ulike tema på vegen. Vi har også ein lunsjstopp midtvegs på ei av dei velkjende vegkroene langs Interstate - motorvegen. Hotellet vårt i Washington, Hyatt Place by National Mall, ligg i Washington sentrum, like ved alle attraksjonane og ikkje langt frå Det kvite hus. Her får vi tid til å slappe av på rommet før vi har kåseri på konferanserommet på hotellet kl. 17.00, og deretter fellesmiddag* i ein restaurant ved hotellet.

Onsdag 20. september

Dette er dagen for sightseeing i Washington. Vi startar kl. 9.00 med vandretur i National Mall området med blant anna Capitol, Lincoln Monumentet, Korea-monumentet og Vietnam-monumentet. Vi besøkjer Arlington æreskyrkjegard med gravplassen til John F. Kennedy, og vi får elles med oss Jefferson Memorial, Det kvite hus og Kongressen. Om kvelden vert det middag på eiga hand, men dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein god restaurant i området rundt hotellet.

Torsdag 21. september

Vi møtest på konferanserommet i hotellet kl. 09.00 – 10.00 der Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen fortel om byen og erfaringane sine som korrespondentar. Etterpå besøkjer vi det imponerande nasjonale museumskomplekset The Smithsonian Museums. Her er det eit titals nasjonale museum samla på eit relativt lite område. Dette området er så stort og innhaldsrikt at det er vanskeleg å nå over alt. Vi deler oss difor i fleire grupper utifrå kva ein ønskjer å sjå. Vi kan anbefale American History Museum, Air & Space Museum med romskip og fly, American Art Museum og American Native Museum med indianarane si historie. Etter lunsj (ikkje inkludert)  i museumskafeane kan dei som ønskjer det, gå vidare på eiga hand. Ein kan også ta ein rusletur i sentrum av det som mange tykkjer er den grønaste og vakraste byen i USA, og fleire vil kanskje nytte sjansen til å besøkje bydelen Georgetown med fine handlegater og flott promenade langs elva Potomac. Avslutningsmiddag* kl. 19.00 på ærverdige Old Ebbitt Grill i med rom for oss sjølve.

Fredag 22. september

Vi får tid til ein rusletur i sentrum og lunsj på eiga hand før bussen tek oss frå hotellet til flyplassen kl. 13.00. Fleire vil kanskje nytte dei siste timane til litt shopping eller å rusle rundt i Georgetown. Reiseleiarane kan i så fall vise kor det er gode handlegater. Avreise frå Washington flyplass klokka 17.15.

Laurdag 23. september

På grunn av tidsforskjellen på seks timar er vi ikkje heime i Norge før morgonen etter avreise, mellomlanding i København.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
15/9OsloNew York og Washington med Eva Bratholm og Joar Hoel LarsenFullbooka, venteliste25 995,-Book på venteliste