Normandie og Paris med Sylfest Lomheim

19.-26. mai  2018.

Historie – kultur – folkeliv.

Ønskjer du å prøve ein annleis ferietur? Er du interessert i å oppleve historie, mat og kultur saman med eit triveleg reisefølgje? Då kan temareisa til frodige og vakre Normandie og verdsbyen Paris vere midt i blinken for deg. For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord. Saman med vikingar grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Denne historia og Den andre verdskrigen med D-dagen vil du høyre mykje om.

På turen besøkjer vi blant anna den eventyrlege klosterøya Mont St. Michel, den vakre hagen til målaren Claude Monet, det berømte Bayeux-teppet og dei mange minnesmerka frå Den andre verdskrigen. Turen blir avslutta i Paris, og gjennom guida busstur og nokre stopp får vi med oss dei viktigaste attraksjonane i byen, blant anna den vakre katedralen Notre Dame.

Vi er så heldige å ha med oss den kjende språkmannen Sylfest Lomheim som den eine reiseleiaren og guiden. Han kjenner Normandie godt sidan han underviste på universitetet i Caen i tre år. Historikar Rasmus Sunde er også med på turen og fortel om krigen og D-dagen i tillegg til vikingriket i Normandie.

Pris frå:
15 950,-
Bestill tidleg rabatt per person: 250,-
Dagar:8
Flyreise Oslo-Paris t/r med tillegg for utreise Bergen.
All busstransport og fellesutflukter som vist i programmet.
Inngangsbillettar til musea med Bayeux-teppet og hagen til Claude Monet.
7 hotellovernattingar på sentrale, gode hotell.
7 frukostar.
5 middagar.
Franskmannen og professor i norsk, Jean Renaud, held kåseri med tittelen: Normandie, vikingane sitt land.
Professor Sylfest Lomheim er med som guide, kåsør og reiseleiar.
I tillegg er historikar Rasmus Sunde frå Fotefar med som guide og reiseleiar.
Enkeltromstillegg, Kr. 3 475,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

laurdag 19.05
Avreise frå Bergen kl. 06.00 (SAS) via København og frå Oslo (Air France) kl. 06.35, og vi er framme på flyplassen i Paris kl. 09.05 frå Oslo og klokka 10.20 frå Bergen.

På vegen til Rouen får vi ein god stopp i Giverny og besøkjer den berømte og praktfulle hagen til målaren Claude Monet. Vel framme i byen Rouen, som er hovudstaden i Normandie med vel 100 000 innbyggjarar, sjekkar vi inn på Hotel Mercure Rouen Centre, som ligg midt i sentrum. Reiseleiarane tek deltakarane med på ein kort gåtur i Gamlebyen. Kvelden blir  avslutta med fellesmiddag* på restauranten Bar des Fleurs der vi får eit eige lokale berre for reisegruppa. Restauranten ligg like ved hotellet vårt. Her kosar vi oss med god mat og drikke, allsong under leiing av Sylfest og elles gode historier.

Søndag 20.05
Vi brukar heile dagen i Rouen og startar med ei historisk vandring. Få byar kan vise til ei så spennande historie. For oss nordmenn er det verdt å merkje seg at namnet Normandie tyder mennene frå nord eller nordbuarane. Saman med vikingar frå Danmark og Norge grunnla høvdingen Gange-Rolv hertugdømet Normandie i 911, og først i 1204 tok den franske kongen området tilbake. Dei fleste av vikingane her var nok danskar, og i mellomalderen vart Rouen kalla for Danskebyen. Men mange historikarar meiner at Gange-Rolv var son til Ragnvald Mørejarl. Under guideturen ruslar vi rundt om i Gamlebyen som er som eit stort utadørs museum. Her finn vi smale gater med pittoreske bindingsverkshus og mange kyrkjer med spesielle klokketårn. Byen er likevel mest kjend for den store, gotiske katedralen. Målaren Claude Monet har gjort sitt til at Notre Dame de Rouen er vorten verdskjend sidan han målte katedralen i ulike årstider, og ved det fekk fram mange fargenyansar. Inne i katedralen finn vi sarkofagen til Gange-Rolv.

Byen er også kjend fordi den franske heltinna, Jeanne d’Arc, vart dømd for kjetteri i 1431 og brent levande på marknadsplassen Place du Vieux Marché. I 1979 vart det bygd ei moderne kyrkje her til minne om ungjenta som kjempa tappert mot engelskmennene under Hundreårskrigen og seinare har vorte den viktigaste helgenen i Frankrike. Denne kyrkje kikkar vi på før vi går vidare gjennom gågata Rue du Gros-Horloge. Dette er den mest populære og travle gata i Rouen. Her ligg bindingsverkshusa på rekkje og rad, og her finn vi renessansepaviljongen med den berømte klokka Gros-Horloge, som er kjennemerket til byen. Lunsj på eiga hand.

Resten av ettermiddagen til fri disposisjon. Rouen kan elles by på fleire interessante museum, spesielt eit smijernsmuseum som held til i ei kyrkje frå 1400-talet. Vi kan også føreslå Musée des Beaux-Arts som har mange kunstverk av kjende europeiske målarar. Elles kan vi nemne Musée de la Ceramique – keramikkmuseet.
Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønskjer det, kan gå saman med reiseleiarane.

Måndag 21.05
Avreise frå hotellet kl. 09.00. Normandie har eit skiftande og frodig landskap og blir rekna som ein av dei vakraste regionane i Frankrike. Vi køyrer først ut til kysten med besøk i Honfleur. Dette er ein svært sjarmerande by på rundt 8000 innbyggjarar, og reiseleiarane viser dei største attraksjonane. Elles gir vi oss god tid til å rusle rundt i gatene og å ete lunsj på ein av dei mange trivelege restaurantane ved hamna.

Vi dreg vidare til Caen, som var residensbyen til Vilhelm Erobraren. Caen er ein av byane i Frankrike som vart mest bomba og øydelagd under krigen, men i sentrum finn vi to markante monument frå Vilhelm si tid, nemleg  restane av borga hans og den flotte katedralen Abbaye aux Hommes. Elles er byen nydeleg restaurert med vakker arkitektur og koselege gågater.

For dei som ønskjer det, legg vi opp til eit besøk på det store krigsmuseet Caen Mémorial som omhandlar både 1. og 2. verdskrigen i tillegg til Den kalde krigen. Mottoet for museet er: Aldri meir krig! Andre i turgruppa vil kanskje heller sjå borga til Vilhelm og elles rusle rundt i byen. Etter besøket i Caen køyrer vi til byen Bayeux, som er ein koseleg småby med om lag 15.000 innbyggjarar. Vi sjekkar inn på Hotel Luxembourg der vi skal bu i fire netter. Om kvelden blir det fellesmiddag* på hotellet. Gruppa har eige rom under middagane, og vi legg vekt på at vi om kveldane skal kunne underhalde kvarandre med song, gode historier og vitsar. Sylfest Lomheim har med gitaren sin og leiar allsongen.

Tysdag 22.05
Denne dagen skal vi vere i Bayeux, og dette er ein by med mykje historie. Bayeux var svært sentral i vikingtida, og her snakka dei truleg det felles norrøne språket aller lengst. Son til Gange-Rolv, Vilhelm Langspjut, som Snorre Sturlason kalla han, var fødd her. Turleiarane tek med seg gruppa til den lokale marknaden og ser på det yrande folkelivet. Etterpå går vi vidare gjennom dei små gatene til de Gaulle-plassen. Det var nettopp her Charles de Gaulle kom tilbake frå England i juni 1944 og proklamerte det frie Frankrike. Like i nærleiken finn vi den storslegne og vakre domkyrkja Notre Dame. Etter å ha sett og høyrt om katedralen, er det tid for lunsj på eiga hand.  
   
Etter lunsj går turen vidare til museet der vi finn Bayeux-teppet. Dette meisterverket skildrar Vilhelm Erobraren si hærtaking av England, alt frå planlegginga til det avgjerande slaget og til slutt hyllinga som konge over England. Det var halvbror av Vilhelm, biskop Odo av Bayeux, som ville dekorere den nybygde domkyrkja med eit veggteppe. Han fekk ei gruppe fengsla anglosaksarar til å brodere sjølve linteppet som har 56 ulike scener, og som er 70 meter langt og ein halv meter breitt. Museet har elles ei stor samling gjenstandar og illustrasjonar frå vikingriket i Normandie.

Ettermiddagen til fri disposisjon, men Bayeux har mange museum, og for dei historieinteresserte kan vi nemne Musée Mémorial de la Bataille de Normandie (Minnemuseet for slaget om Normandie) og Mémorial du Général de Gaulle.
Om kvelden felles middag* på den koselege lokale restauranten, L’Assiette Normande.

Onsdag  23.05
Heile denne dagen nyttar vi til å sjå på minnesmerka frå invasjonen i Normandie. Vi startar kl. 09.00 frå hotellet i Bayeux og køyrer ut til landgangsstrendene for D-dagen 6. juni 1944. Vi stoppar først i den vesle byen Hermanville-sur-Mer der vi finn Orlogsgasten. Denne statuen er eit minnesmerke over nordmenn som fall i Normandie under krigen. Derifrå køyrer vi langs landgangsstranda til Arromanches. Her kan dei som vil, sjå ein 360 graders film frå D-dagen og besøkje Landgangsmuseet. Ein kan også berre spasere rundt i den vesle byen, og tida er også inne for lunsj på ein av dei innbydande restaurantane i byen.

Til slutt køyrer vi langs stranda til Omaha der dei hardaste kampane rasa på D-dagen. Her stoppar vi og besøkjer den amerikanske krigskyrkjegarden før vi returnerer til Bayeux . Om kvelden møtest vi på hotellet til eit halvtimes kåseri av Jean Renaud med tittelen: Normandie, vikingane sitt land. Renaud har vore professor i nordisk ved universitetet i Caen og er spesialist på Normandie og vikingriket der i mellomalderen. Han har skrive fleire bøker om emnet og snakkar flytande norsk. Elles har han omsett fleire bøker frå norsk til fransk, blant anna Berlinerpoplene.
Etter kåseriet blir det fellesmiddag*.


Torsdag 24.05
Heildagstur til Mont St. Michel. Dette klosterkomplekset med kyrkja på toppen må berre opplevast. I Berlitz Store Reiseguider om Frankrike står følgjande: Uansett trosretning bør man en eller annen gang ta en pilegrimsferd til denne kristendommens høyborg. Klosteret ligg på ei lita øy. Tidlegare kunne ein berre gå tørrskodd dit ved fjære sjø, men no er det bygd veg. Vi gir oss god tid her. Dei fleste i gruppa vil gjerne få med seg klosteret og kyrkja (inngangspengar), og kl. 12.00 er det messe i klosterkyrkja. Andre i gruppa vil kanskje berre rusle rundt på eiga hand.. Her er det elles mange småbutikkar og restaurantar i dei tronge gågatene, og vi tek lunsj på eiga hand.

Etter at vi er tilbake til Bayeux, skal vi møte nokre norske elevar og leiaren for den norske seksjonen ved Lycee Alain Chartier.
Middag på eiga hand om kvelden, men dei som ønskjer det, kan gå saman med reiseleiarane.

Fredag 25.05
Avreise med kurs for Paris. I verdsbyen Paris blir det guida busstur for å sjå dei største attraksjonane som blant anna Eiffeltårnet, Louvre, Invalidedomen, Triumfbogen og Champs-Élysées. Vi har lang stopp i sjarmerande i Latinerkvarteret, og då er det tid for lunsj på eiga hand på ein dei mange fortausrestaurantane.
Etter lunsjen går vi den korte vegen for å sjå ei av verdas vakraste kyrkje, nemleg Notre Dame katedralen. Det blir også tid til å rusle rundt i det spennande området for å sjå på det pulserande folkelivet. Ut på ettermiddagen blir det vidare guiding rundt om i Paris med reiseleiar Sylfest. Til slutt køyrer vi til det gode hotellet vårt, Radisson Blue, og der blir det avslutningsmiddag* for gruppa.  
    
Laurdag 26.05    
Etter ein god frukost køyrer bussen vår kl. 10.00 til flyplassen Charles de Gaulle. Avreise med fly kl. 12.00, og vi er framme i Oslo kl. 14.15 og i Bergen kl. 17.50.

* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
19/5BergenNormandie med Sylfest LomheimMeir enn 816 400,-Bestill
19/5OsloNormandie med Sylfest LomheimMeir enn 815 950,-Bestill