23.03.2017: Ny tur til Vesterled - no med overnatting på øyane!

Vi er glad for å kunne invitere dykk med på enno ein tur til Vesterhavsøyane! Begge cruisa våre i august er fullbooka, og vi gledar oss over å no kunne tilby denne spennande turen i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Med oss på turen er professor og vikingekspert, Torgrim Titlestad, som vil gje oss eit historisk innblikk i stadene vi besøkjer og om landnåmet og dei norske spora på øyane. Vi startar med fly frå Oslo til Aberdeen, og tek ferja derifrå til Lerwick på Shetland der vi overnattar i hotell på land. Deretter seglar vi vidare til Kirkwall på Orknøyane og opplever desse fantastiske øyane og dei førhistoriske ruinane Skara Brae. Vi bur 2 netter i Kirkwall før ferja tek oss med tilbake til det skotske fastlandet. Der får vi ein tur til berømte Loch Ness og whisky-smaking på Glen Ord-destilleriet. Til slutt får vi med oss vakre Edinburgh og ein lystig Scottish Evening med tradisjonsmat og skotsk folkemusikk. Dette vert eit djupdykk i vikingtida og norske røter, men også eit innblikk i moderne kvardagsliv på desse vakre og spennande øyane. Reisetidspunkt 30. august til 6. september.