Roma med Frank Aarebrot

21. - 25. september 2017.

Historie – politikk – kultur.

Keisarar, kunstnarar, pilegrimar og vandrarar har komme til Roma til alle tider for å oppleve denne makelause byen. Frank Aarebrot si forteljarglede og eminente formidlingsevne vil gjere opphaldet i Den evige stad minnerikt både for dei som har vore i Roma før, og dei som reiser for første gong. Vi legg opp til daglege kåseri i same stil som dei Aarebrot er kjend for frå NRK. I tillegg vil vi få med oss dei største attraksjonane i og rundt byen. Det blir også tid til å senke tempoet, vandre i gatene og ta ein caffè latte eller eit glas vin på ein kafé og berre sjå på folkelivet og nyte atmosfæren.

Pris frå:
14 950,-
Dagar:5
Flyreise Oslo/Bergen-Roma t/r
All busstransport, guiding og fellesutflukter som vist i programmet
4 overnattingar på sentralt og godt hotell
4 frukostar
2 middagar med vin/mineralvatn og 2 lunsjar
Professor Frank Aarebrot med daglege foredrag og guiding
Norsk guide på vandreturane i Roma
Reiseleiar frå Fotefar Temareiser
Enkeltromstillegg, kr. 1 995,-
Bestill reise

Dagsprogram

Med atterhald om endringar

Torsdag 21.09

Avreise frå Flesland kl. 07.25 via Gardermoen med SAS og derifrå kl. 09.05 og framme på flyplassen i Roma kl. 12.10. Buss til hotellet vårt som ligg  midt i sentrum, like ved Engleborga og ikkje langt frå Peterskyrkja. Lunsj* på hotellet før vi får guida byvandring med Kirsten Jakobsen. Ho er ein av dei få norske som er autorisert guide i Roma. På turen vil ho blant anna vise oss og fortelje om imponerande Engleborga, vakre Piazza Navona, den berømte Trevi-fontena og det storslegne tempelet Pantheon, som blir rekna som eitt av verda sine store underverk. Om kvelden kosar vi oss på restauranten L'Orso80 med stor fellesmiddag* med 15 ulike forrettar, omnsteikt lammekjøt til hovudrett, dessert, kaffi og vin/mineralvatn.

Fredag 22.09

Kvar morgon frå 09.00-10.00 har vi foredrag med professor Frank Aarebrot på hotellet. Tema for dagen er «Antikkens Roma».  Denne første føremiddagen i Roma nyt vi elles atmosfæren i storbyen, set oss gjerne ned på ein kafe, tek eit glas vin eller ein kopp kaffi og ser på folkelivet. Elles kan vi nemne at like ved hotellet ligg Via Cola di Rienzo som er ei populær handlegate. Lunsj på eiga hand før vi møtest ved hotellet og går samla til Vatikanmuseet der vi har bestilt billettar til kl. 13.30. Kirsten er med oss som guide i museet med dei pavelege kunstsamlingane der høgdepunktet er Det sixtinske kapell med dei fantastiske freskane til Michelangelo og dei andre kjende kunstnarane som blant anna Botticelli og Perugino. Frå museet går vi direkte til den verdsberømte Peterskyrkja der Kirsten fortel oss om historia til katedralen og om alle kunstverka der. Etter ca. 3 ½ time sluttar vi av guidinga på Petersplassen og opplever magien der. Vi går så tilbake til hotellet og slappar av der, gjerne på den flotte takterrassen. Om kvelden legg vi opp til ein gåtur til Piazza Navona for å oppleve denne fantastiske plassen på kveldstid. Middag på eiga hand, men dei som ønskjer det, kan vere med reiseleiaren på ein koseleg uterestaurant.  

Laurdag 23.09

Foredrag med Aarebrot kl. 09.00-10.00. Temaet er «Kunstnarbyen Roma». Denne dagen guidar Frank Aarebrot gruppa vår med utgangspunkt i berømte Spansketrappa. I dette spennande område vanka dei norske forfattarane Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson, Sigrid Undset og Olaf Bull. Aarebrot vil fortelje oss kor mykje Roma hadde å seie som inspirasjon for forfattarane våre. Ibsen skreiv deler både av Brand og Peer Gynt her. Bjørnson fullførte fleire av dei litterære verka sine med bakgrunn i mellomalderhistoria til Norge og Undset skreiv samtidsromanen Jenny nettopp i dette området av Roma. Vi ruslar rundt og finn minneplater der dei norske kunstnarane budde under opphalda i kunstnarbyen. Sjølvsagt må vi ta ein kaffi eller eit glas vin på populære Antico Caffè Greco, som var stamkafeen for dei skandinaviske kunstnarane. Her har dei æra nobelprisvinnaren Sigrid Undset med eit stort måleri

Ettermiddagen til fri disposisjon, og middag på eiga hand denne kvelden. Reiseleiarane kjem med forslag på gode restaurantar i nærleiken av hotellet.

Søndag 24.09

Foredrag med Aarebrot kl. 09.00 – 10.00.  Temaet er  «Roma og pavemakta». Kl. 10.30 startar  vi på ein heildags guida busstur frå hotellet for å oppleve dei aller største attraksjonane i og rundt Roma som Piazza Venezia, Kapitolhøgda, Via Fori Imperiali, Forum Romanum og Colosseum. Felles lunsj* før vi køyrer ut til ein av katakombane for besøk der. Etterpå tek bussen oss til Pauluskyrkja utanfor murane (S. Paolo Fuori le Mura). Dette er ein interessant basilika som er bygd over grava til apostelen Paulus. I tilknyting til kyrkja er det eit kloster med benediktinarmunkar, og dei har ein vakker klosterhage som vi kan besøkje.

Avslutningsmiddag* med vin/mineralvatn.

Måndag 25.09

Foredrag med Aarebrot 09.00-10.00. Temaet denne siste dagen er «Streif i Italias historie». Utsjekking frå romma og avreise frå hotellet kl. 10.30 slik at vi har god tid til flyavgang kl. 13.25 via København til Oslo og Bergen.

* Måltid som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
21/9BergenRoma med Frank AarebrotFullbooka, venteliste14 950,-Book på venteliste
21/9OsloRoma med Frank Aarebrot114 950,-Bestill