Skreddarsydde turar

Er du interessert i å lage ein tur for bedrifta eller kundane dine? Eller kanskje ein vennegjeng som ønskjer ein ferietur med opplevingar saman?  Vi i Fotefar temareiser har lang erfaring innanfor oppdragsreiser, frå bedriftsreiser, foreiningsturar, historielag og kor- og musikklagsreiser til bryllups- og bursdagsfeiringar og vener som ønskjer å reise på tur i lag. Vi skreddarsyr reisene etter individuelle behov og kan tilby reiser til ulike reisemål, pris- og kvalitetsklassar; med eller utan kjentmenn og reiseleiarar.  Ta kontakt for eit uforpliktande tilbod  tlf. 918 20 304.