St. Petersburg og Moskva med Hans - Wilhelm Steinfeld

1. - 8. september 2017.

Historie – kultur – politikk.

Vi er så heldige å få med oss Hans-Wilhelm Steinfeld som kjentmann til vakre St. Petersburg og storslegne Moskva. Han har vore korrespondent i Moskva i fleire periodar, og kjenner det russiske samfunnet svært godt. Kvar dag på turen vil Steinfeld halde eit kåseri på hotellet der han auser av kunnskapane sine om russisk historie og politikk. I tillegg viser han oss både dei største attraksjonane og meir ukjende sider ved dei to byane, til fots og med buss. Med Steinfeld som kjentmann får vi verkeleg eit unikt innblikk i denne stormakta si skiftande historie og kultur.

Pris frå:
27 950,-
Dagar:8
Flyreisa Oslo/Bergen–St. Petersburg med retur Moskva–Oslo/Bergen.
Busstransport og guiding på heile rundturen.
Togreisa frå St. Petersburg til Moskva.
3 overnattingar med frukost på sentralt 4-stjerners hotell i St. Petersburg.
4 overnattingar med frukost på ærverdige Hotel Metropol (5 stjerner) i Moskva.
6 lunsjar/middagar som vist i programmet.
Inngangsbillett til alle fellesattraksjonar og museum i følgje programmet.
Billett til ein konsert/ballett eller liknande.
Hans-Wilhelm Steinfeld er med på heile turen som guide og held daglege kåseri.
Norsk turleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen. I tillegg nyttar vi lokale skandinavisktalande guidar.
Enkeltromstillegg, kr. 3 250,-
Ikkje inkludert, Visum kr. 1 545,- pr. person.
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar i programmet

Fredag 1. september

Avreise med SAS frå Oslo og Bergen om føremiddagen via Stocholm til St. Petersburg. Når vi er framme i St. Petersburg om ettermiddagen, tek bussen vår oss inn til sentrum av denne svært vakre byen, der Dostojevski og Gogol skreiv sine meisterverk.  Vi bur sentralt til på 4-stjerners hotellet Park Inn (Nevsky Prospect 4).  Velkomstmøte kl. 19.00 i eige rom på hotellet med fellesmiddag* på hotellrestauranten etterpå.

Laurdag 2. september

Etter ein god frukost startar vi dagen med å møtast i resepsjonen for dagens kåseri kl. 09.00-10.00 med Hans-Wilhelm Steinfeld: Historien om St. Petersburg – hvorfor og hvordan byen ble til.

Kl. 10.15 blir det busstur til Peter Paulus-festninga, som vart oppført under Den store nordiske krigen for å verne byen mot svenskane og til Bronseryttaren, som er statuen av Peter den store. Deretter er det tid for felleslunsj*.

 Etter lunsjen blir det omvising på det imponerande Vinterpalasset og Heremitasjen med sin store kunstsamling av kjende europeiske kunstnarar som Rembrandt, Leonardo da Vinci, Matisse, Van Gogh og Picasso. Vi har med oss to lokale norsktalande guidar. Tilbake til hotellet ca. 17.30.

Middag på eiga hand, reiseleiarane vil ta dei som ønskjer det med på ein av dei mange gode restaurantane i nærleiken av hotellet.

Søndag 3. september

Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld som vanleg foredrag kl. 09.00 -10.00.  De 900 dagene – blokaden av Leningrad i 1941/42 og den glemte krigen Kl. 10.15 Vi køyrer så til Peterhof, det storslegne slottet og parken utanfor sentrum.  Peter den store bygde dette fantastiske anlegget etter modell av Versailles på byrjinga av 1700-talet, og mange meiner det er meir imponerande enn Versailles. Felleslunsj* i St. Petersburg.  Etter lunsj køyrer vi til Sankt Isaac katedralen. Dette er ein av dei mest kjende landemerka i St. Petersburg, og ein svært flott dom.  Vi reiser så attende til hotellet og slappe av før vi går ut for å ete middag på eiga hand, eller følgje reiseleiarane til ein restaurant i nærleiken.

Måndag 4. september

Etter frukost held Hans-Wilhelm Steinfeld foredrag kl. 09. - 10.00, i dag om Dagens internasjonale konflikt og Putins person med røtter i KGB.

Etter foredraget har vi tid på eiga hand til å rusle rundt i området ved hotellet. Vi tek så hurtigtoget til Moskva om lag kl 13.00. På toget får vi servert lunsjpakke*.

Vi er framme på togstasjonen i Moskva om ettermiddagen og bussen vår køyrer oss like etterpå til Hotel Metropol (2 Teatralny prospect). Dette hotellet har 5 stjerner og ligg berre eit steinkast frå Den røde plass. Det vart bygd i 1901, under Tsar-tida, og er eit landemerke i Moskva. Her har alt frå russiske aristokratar til sovjetiske toppleiarar budd, og i tillegg har det husa vestlege tilreisande som Bernard Shaw og Bertold Brecht.

Etter innsjekkinga og litt avslapping møtest vi i resepsjonen og et fellesmiddag* i eigen bankettsal på hotellet kl. 20.00.

Tysdag 5. september

Etter ein utsøkt frukost i den storslegne spisesalen vil Hans-Wilhelm Steinfeld kl. 09.00-10.00 fortelje meir frå den russisk historia. Om Kreml-begrepet, + kirkens plass i russisk, sovjetisk og postkommunistisk historie.

Kl. 10.15 tek Steinfeld gruppa med til Den røde plass. Her er han på skikkeleg heimebane som tidlegare NRK-reporter, og gruppa kan glede seg til ei spennande innføring i kommunistleiarane si historie. Her gjev vi oss god tid, før vi tek lunsj på eiga hand og gjerne ruslar litt i handlegatene i området, før vi går mot Kreml. Kreml er kanskje Moskvas mest kjende landemerke og vart bygd som ei festning, men er i dag eit svært flott og kjent museum med blant anna mange kyrkjer. Her har vi norsktalande guidar som viser oss rundt på området i to grupper.

Denne kvelden er det middag på eiga hand der ein kan velje blant fleire gode restaurantar i nærleiken av hotellet. Vi kan nemne restaurantar som LavkaLavka, nokre av hotell-restaurantane eller brasserie Kriek som alle har fått skryt av tidlegare deltakarar.

Onsdag 6. september

Etter frukost startar vi dagen som vanleg kl. 09.00 med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld: Intelligensiaens kår i Russland da skjønnlitteraturen ble bærer av samfunnskritikken, før sovjettiden og hvordan de intellektuelle styrtet ettpartistaten 1988-1991. Hvorfor jødene utgjorde ½ % av befolkningen i 1991 men 7 % av alle med universitetsutdannelse.

Steinfeld fortel og guidar oss gjennom heile dagen. Vi startar Kl. 10.20 med buss til Park Pobedy (Sigersparken) og får med oss det imponerande og spennande krigsmuseet. Vi køyrer elles forbi The White House der Jeltsin i 1991 forsvara Gorbatsjov mot eit kupp, og der det i 1993 var kampar der fleire miste livet.

Buss tilbake til hotellet, og då er det tid for lunsj på eiga hand. Ettermiddag til fri disposisjon. Om kvelden skal vi få med oss ei kulturell oppleving, enten teater, konsert, musikal eller sirkusførestelling. Vi kjem attende til kva dette vil bli når avreise nærmar seg.

Torsdag 7. september

Etter frukost startar vi dagen som vanleg kl. 09.00 med kåseri av Hans-Wilhelm Steinfeld om  Tillitens visittkort, Norge-Russland med det som forklarer forskjellene mellom oss.

Kl. 10.15 køyrer bussen frå hotellet, og Steinfeld tek oss med til den store æreskyrkjegarden for kjende russarar, der vi blant anna finn Khrutsjov si grav. Buss tilbake til handlegata Arbat, der vi et lunsj og handlar, før vi går tilbake til hotellet.

Om kvelden møtest vi kl. 19.00 til avslutningsmiddag* i eit klassisk vakkert rom på hotellet. Her underheld vi kvarandre med song, gode historier og ymse innslag.

Fredag 8. september

På avreisedagen blir det kl. 09.00 tid til eit føredrag av Hans-Wilhelm Steinfeld der han oppsummerer: ½-parten av mitt liv: Moskva-korrespondent for NRK. 

Fram til utsjekkinga kl. 12.30 har vi tid på eiga hand. Avreise med bussen vår kl. 13.30På veg til flyplassen guidar Hans-Wilhelm oss. Avgang med Aeroflot kl. 18.25 til Oslo, der vi er framme ca 20.05. Fly videre til Bergen kl 21.45.

* Måltida (drikke ikkje inkl.) som er inkluderte i totalprisen.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
1/9BergenSt. Petersburg og Moskva med SteinfeldFullbooka, venteliste27 950,-Book på venteliste
1/9OsloSt. Petersburg og Moskva med Steinfeld727 950,-Bestill