Vandretur i Sør-Frankrike med Tove Bakke

1.-8. september - 2017.

historie – kultur - “det gode liv”.

Bli med på ein aktiv tur til sjarmerande Sør-Frankrike. Vi får oppleve både storbyar som Montpellier, små fjellandsbyar i Les Cevennes og strandliv ved Middelhavet, og vi legg opp til valfrie vandreturar kvar dag. Det blir både fotturar for dei sprekaste og kortare turar for dei som vil ta det meir med ro, så her kan ein velje.
Dette er eit av dei mest interessante områda i Frankrike både når det gjeld vin- og matkultur, og vi får smake både på heimelaga mat frå småskala jordbruk og vin frå lokale vinprodusentar som Cabrières og Faugères. I tillegg blir det eit besøk på grottene der den verdskjende Roquefort-osten vert laga. Dei bortgøymde dalane i Les Cevennes med sine bratter, djupe elvefar, landsbyar og småbyar har fascinert reisande i fleire hundreår. Robert Louis. Stevenson, i "Travels with a Donkey in the Cevennes" og Anna Gavalda i "Livet, til det betre", er blant forfattarane som har tatt desse landskapa med seg inn i litteraturen. 

Pris frå:
14 950,-
Dagar:8
Flyreisa Oslo – Montpellier t/r.
Busstransport og guiding på heile turen.
3 overnattingar på 3-4 stjerners hotell.
5 overnattingar på hytter/gjestehus i Cevennene
7 frukostar, 6 middagar og 5 lunsjar inkludert
Billettar til museum og attraksjonar
Tove Bakke og Nadou Nary er guidar på heile turen.
Tove Bakke fortel historier og anekdoter om området, og om forfattarane som har lagt sine forteljingar til området.
Enkeltromstillegg, kr. 2 750,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar 

Dag 1

Avreise frå Oslo Gardermoen kl. 07.40 til Montpellier, med mellomlanding i København. Ankomst i Montpellier klokka 13.20. Bussen tek oss til hotellet vårt Kyriad Prestige i Montpellier. Denne byen er kjend som ein av dei vakraste i Frankrike med sine trange gater frå Middelalderen og den storslegne sentrumsplassen Place de la Comédie. Det er også mange spennande småbutikkar i gamlebyen, så her kan ein handle litt viss ein vil. 

Etter innsjekking samlast vi rundt eit lite måltid* for å bli kjende, og vi får presentasjon av vekas program. Om kvelden skal vi til ein av dei mange vingardane i området for vinsmaking og middag. Languedoc-fylket utgjer saman med Roussillon lengre sør det største vinproduserande området i verda, og heile ein tredjedel av all vin i Frankrike vert laga her.

Etter besøket på vingarden tek vi ein liten rusletur i Montpellier før vi returnerer til hotellet. 

Dag 2

På formiddagen har vi lagt opp til to alternativ: kort rusletur i gamlebyen eller ei lengre byvandring på 3-4 timar med innlagt piknik* for dei som ønskjer det.

Montpellier har mykje historie å by på. Byen vart grunnlagd i år 985 og er ein kontrastfylt universitetsby med gamal og ny arkitektur om kvarandre. Han er den åttande største byen i Frankrike og den tredje største middelhavsbyen, etter Marseilles og Nice

Medisinfakultetet ved Universitetet i Montpellier har eksistert sidan 1220 og er det eldste medisinske fakultetet i verda som framleis eksisterer. I 1340 opna eit anatomistudium som gjorde universitetet kjend over heile Europa. Dette var viktig for byen då det førte til at mange studentar frå heile Europa busette seg i Montpellier. I tilknyting til universitetet var det ein botanisk hage med planter til medisinsk bruk og forsking. Denne hagen, Jardin de Plantes, eksisterer den dag i dag. Mange kjende legar og kirurgar har sin utdanning ved dette universitetet, som òg i dag er eit svært respektert medisinfakultet.

Etter lunsj på eiga hand i Montpellier tek vi ein tur til stranda, der det vert mogleg å ta eit herleg bad. Strendene ved Montpellier er rekna som nokre av dei finaste i Frankrike med fleire kilometer med lys, finkorna sand. 

Kvelden på eiga hand, dei som ynskjer kan vere med reiseleiarane og ete middag på ein hyggeleg, lokal middelhavsrestaurant. 

Dag 3

Denne dagen tek bussen vår oss med innover i fjella til St Étienne Vallée-Francaise i hjartet av Les Cevennes. Her skal vi bu i den sjarmerande hyttegrenda Le Martinet. Hyttene ligg i svært vakre omgjevnader mellom skyggefulle tre, og like ved ei elv med eit lite vatnfall, der vi kan bade og slappe av i sola. Det er også mange turstiar i området rundt hyttene.

Etter felles lunsj* får vi ei omvising i landsbyen. Deretter kan ein velge mellom:

-          Fottur i fjellet (ca 8 kilometer) saman med fjellvaktaren i Parc National des Cévennes. Her kan ein bli kjent med fauna, flora og det vakre fjell-landskapet i Cevennane.

-          Lett tur til elva mot fossen, La Cascade. Bading for den som vil.

Utpå ettermiddagen samlast heile gruppa ved La Cascade, og «fotturistane» kan også få seg eit forfriskande bad etter turen. 

Om kvelden blir det aperitif og dagens hovudmåltid* som består av lokal mat, med produsentane til stades: skinke, ulike typar pølser, ostar, grønsaker, blomster og planter som kan etast og lokale kaker. Dette blir i landsbyens samfunnshus, og musikarar livar opp med "Bal Trad", stemningsfull tradisjonsmusikk. Trubadur-songen oppstod i dette området på 1100-1200-talet, og mange meiner at ordet trubadur kjem frå det provençalske verbet trobar, som betyr «komponere», «finne (opp). Så denne kvelden får vi oppleve røtene til europeisk visetradisjon i området der den starta. 

Dag 4

Etter ein god frukost tek bussen oss til landsbyen St Jean du Gard og Museet for dalane i Cévennane. Her finn vi også eit heilt nyoppussa veveri som vert opna i mai 2017, og rykta seier det blir veldig fint! Det har vore produksjon og veving av silke heilt sidan slutten av 1200-talet i dette området då araberane kom med dei første silkeormane, og spesielt på 1700- og 1800-talet var det gode pengar å tene. Det var tradisjonelt  protestantiske familiar som var silkeprodusentar i Cevennane. På det meste vart det laga 5000 tonn råsilke i Frankrike og 350 000 menneske arbeidde i produksjonen av dette verdfulle stoffet.  

Lunsjen vår blir ein piknik* ved Mialet-elva, og dei som ynskjer det, kan også ta ein dukkert i elva. Vi legg så opp til å sjå ein kuriositet i dette landskapet: "La bambouseraie", ein bambuspark i Générargues. Vi brukar ettermiddagen til å utforske denne store og eksotiske parken i små grupper, alt etter kor langt og fort ein ynskjer å vandre. Før middag* i den nydelege vesle byen Anduze ruslar vi i byen og tek inn den herlege atmosfæra i ein sør-fransk landsby. Etter middag blir det buss tilbake til St Étienne Vallée-Francaise.

Dag 5

Etter frukost og utsjekking forlet vi vakre St Étienne Vallée-Francaise, og køyrer via Corniche des Cévennes til Gorges du Tarn, ein canyon med bratte fjellsider. Her er det mogeleg å gå seg ein tur på dalbotnen langs Tarn-elva. Fleire borg- og slottsruinar ligg innover dalen.

Piknik* ved Tarn-elva. Etter lunsj køyrer vi over ein moderne, menneskelaga attraksjon, brua Millauviadukten, og vi besøker så ostegrottene i Roquefort. Osten vart først skildra av Plinius den eldre i år 79, og først nemnd under namnet Roquefort i 1060. Muggtypen som gjer osten den særeigne smaken heiter Penicillium roqueforti og finst i jorda i dei naturlege grottene rundt Roquefort-sur-Soulzon. Ostemakarar hausta tradisjonelt muggen ved å leggja brød i grottene slik at dei vart dekte av mugg. Ein tilsette så muggen i ostemassen etter at han hadde stivna noko. Etter fransk lov kan likevel berre ost som er lagra i dei naturlege grottene rundt Roquefort bera namnet. Ein må òg bruka ei spesiell sauemjølk for å laga ekte roquefort, nemleg mjølk frå lacaune-søyer frå distrikta AveyronLozèreGardHérault og Tarn.

 Middag* og overnatting på Larzacplatået, på vegen til "La Couvertoirade". Her skal vi bu i eit sjarmerande gjestehus, Le Gìte du Larzac, og her får vi nydeleg heimelaga, kortreist mat til alle måltid.

Dag 6

Besøk i "La Couvertoirade" Denne murkransa landsbyen, som tilhøyrde Tempelherreordenen på 1100-talet og Miskunnsamordenen på 1500-talet og har så mykje kulturarv, er eit syn også i vår tid. I heile Cevennane finn ein i motsetnad til i byane i Sør-Frankrike mange protestantar. Desse er etterkommarane av hugenottane som vart forfølgde av katolikkane på 1600-talet. Dei fleste hugenottane rømde frå Frankrike, men i dei bratte, uframkomelege fjelldalane i Cevennane følte dei seg trygge.   

Som dei andre dagane blir det lunsj i form av piknik* i det fri. Temperaturen i Langedoc tidleg i september er som gode sommardagar i Norge, så vi satsar på eit måltid i sol og varme.

Vi dreg så vidare til den vide dalgryta Cirque de Navacelles, i hjartet av Causses og Cevennane. Staden står på UNESCO si verdsarvliste.

 1. Dei som gjerne vil gå, kan bruke beina både nedover og opp igjen.

2. Dei andre kan gå ein mindre tur rundt utsiktspunktet. 

Bussen tek oss så tilbake til overnattingsstaden Le Gìte du Larzac der vi et middag* og har ein hyggeleg kveld saman. 

Dag 7

Det er tid for å forlate fjellet og dalane i Cevennane og å  køyre ned mot Middelhavet igjen.  Første stopp blir ved Thau-bassenget, eit saltvassbasseng rett innanfor kystlinja som har vore nytta til saltproduksjon og produksjon av skalldyr i fleire hundre år. Vi besøkjer ein av østersfarmane og får sjå korleis desse eksklusive skjella vert dyrka og hausta. Etterpå

blir det tid til bading på Plage de la Corniche, klippestranda ved hamnebyen, Sète.

Vi sjekkar inn på hotellet vårt for siste overnatting på hotel Sable d’Or i Sète. 

Denne dagen kan vi velgje mellom to ulike vandringar:

- Opp til Mont St Clair til til fots

- Rusletur langs kanalane i Sète, byen til Georges Brassens. 

Om kvelden vert det avskjedsmiddag* på ein koseleg lokal restaurant med eige rom, der vi kan få dele opplevingar og underhalde kvarandre. 

Dag 8

Dette er dagen for heimreise. Vi et frukost og sjekkar ut frå hotellet innan avreise klokka 10.30. Flyet til Oslo har avreise klokka 13.50, vi mellomlandar i København og er framme i Oslo klokka 18.10.

Ting å merke seg:


s

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
1/9Oslo Vandretur i Sør-Frankrike med Tove BakkeFullbooka, venteliste14 950,-Book på venteliste