Cruise i Vesterled inkl. Shetland

28.  August – 4. September 2017.

Historie – politikk – kultur.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Frank Aarebrot held daglege foredrag på skipet, og han vil fortelje om vikinghistoria på same måte som då han hadde kåseri om norgeshistoria på NRK. I tillegg vil han gi oss eit historisk innblikk i stadene vi besøkjer og fortelje om landnåmet og dei norske spora på øyane. Vi startar med fly frå Bergen og Oslo til London om morgonen, og går om bord i skipet ved Themsen sine bredder.  Deretter seglar vi først til Kirkwall på Orknøyane, vidare til Torshavn på Færøyane, til Lerwick på Shetland og så til den vesle hamna Invergordon i Skottland. Der blir det sjanse til å bli med på ein tur til berømte Loch Ness før skipet set kurs sørover mot London igjen. Dette trur vi blir ei oppleving for livet!

Pris frå:
19 950,-
Dagar:8
Flyreisa tur/retur Oslo/Bergen – London
Busstransport tur/retur Gatwick London Tilbury
1 lunsj første dagen i England
7 overnattingar på cruiseskipet Columbus
Forelesingar av Frank Aarebrot
Reiseleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset
Enkeltromstillegg, Kr. 4 990,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Dag 1 - Måndag 28. august

Direktefly både frå Bergen (kl. 09.15) og Oslo (kl. 07.20) rett til London. (Avreise frå Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø på førespurnad).

Bussen vår tek oss så frå flyplassen til London Tilbury nær munninga av Themsen. På veg dit stoppar vi i ein liten landsby og et ein typisk engelsk pub-lunsj. Her får vi også sjansen til å bli litt betre kjende med kvarandre, og turleiarane informerer litt om opplegget vidare. Etter lunsj køyrer bussen vår oss det siste stykke til hamna der vi skal mønstre på skipet vårt – Columbus. Dette skipet er skal gjennom ei renovering i April 2017, så vi får bli med på første sesongen etter oppussinga. Båten har tilsaman 775 lugarar i fleire kategoriar. Spør oss gjerne om mogelegheiter for å bestille oppgradering. Rederiet er kjend for si vektelegging av ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære, og dei har vunne fleire prisar for dette.

Skipet lettar anker kl. 16.00 og seglar det siste stykket nedover Themsen mot ope hav og nordover mot Skottland og Orknøyane. Viss veret er godt, kan vi nyte ein vakker solnedgang til middagen medan vi seglar oppover austkysten av England.

Dag 2 - Tysdag 29. August

Etter den første frukosten vår om bord møtest vi i konferanserommet til Frank Aarebrot sitt første foredrag. Vi har eit eige konferanserom på skipet, der vi møtest kvar dag for å høyre Frank Aarebrot sine kåseri. I forelesingane kjem han til å fortelje historia til dei gamle norske områda i Vesterhavet. Kåseria blir i same stil som dei han er kjend for frå tv-programma om norgeshistoria. På dette cruiset skal vi reise i Vesterled, i fotefara til Vikingane. Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridene. Det var særleg norske vikingar som reiste i vesterled. Svenskane drog «i austerled » over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie.

På begynnelsen av 800-talet segla vestlendingar som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, videre sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derofrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire små riker i Irland.

Denne dagen går med til å segle oppover kysten langs austkysten av England og Skotland, og vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre.

Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen.

Dag 3 - Onsdag 30. august

Vi forlet austkysten av Skottland, og når vi vaknar neste morgon, seglar vi stille inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Kl. 07.00 om morgonen legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kl. 16.00 i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli på ei ekstra utflukt til dei utrulege steinalderminnene Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.

Vi mønstrar på igjen om ettermiddagen, og skipet set kursen nordvest-over i retning Færøyane. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Før middag blir det kåseri av Frank Aarebrot om historia bak det vi har sett og opplevd denne dagen. Dei dagane vi er på cruise, har vi heilpensjon og møtest i restauranten til fellesmiddag om kveldane. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.

Dag 4 - Torsdag 31. august

Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Vi seglar inn til hovudstaden, Torshavn, om morgonen, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten frå frukostbordet. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen.

I Torshavn har vi tida fram til klokka 17.00, og vi får først ein times omvising i denne sjarmerande hovudstaden. Etterpå anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. (Ein kan også bli med på ekstra-ekskursjon sett opp av cruise-selskapet.) Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.

Frå Færøyane set skipet kurs mot sørvest i retning Shetland. Før fellesmiddagen på restauranten om bord blir det eit nytt kåseri av Frank Aarebrot.

Dag 5 – Fredag 1. september

Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi god tid i land - frå kl. 09.00 til kl. 19.00. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (program kjem nokre veker før avreise, ikkje inkludert i turprisen), vere med reiseleiarane på rusletur rundt til dei viktigaste attraksjonane eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt shopping. 

Vi legg opp til ei forelesing av Frank Aarebrot også denne dagen, enten på båten eller i land. Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland, og Aarebrot vil snakke om dette i kåseriet sitt. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som basar dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente personen Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen) var skipper for 52 av turane. Denne felles delen av krigshistoria vil også Frank Aarebrot fortelje om i kåseriet sitt denne dagen.

Etter ein lang dag på land lettar vi anker kl. 19.00 og seglar sørover. Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest vi til fellesmiddag på restauranten om bord. Vi har ein eigen seksjon for gruppa vår i restauranten kvar dag. 

Dag 6 - Laurdag 2. september

I løpet av natta har vi segla heilt tilbake til det skotske fastlandet og ankra opp ved den vesle hamnebyen Invergordon med ca. 4000 innbyggjarar. Byen har vore base for The Royal Navy, og er i dag ein sjarmerande småby med trivelege gater med butikkar og typiske skotske pubar. Også denne dagen har vi svært god tid på land – frå kl. 08.00 til kl. 19.00.

Denne dagen anbefaler vi ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (ikkje inkludert i turprisen). Ein kan enten vere med til verdskjende Loch Ness eller til whisky-destilleriet Glenmorangie, der dei lagar single malt whisky av beste kvalitet.

På turen til Loch Ness får ein høyre om legenda om sjøormen Nessie som skriv seg heilt tilbake til 500-talet. Køyreturen frå Invergordon er ca. ein time kvar veg. Loch Ness er Skottland sin nest største innsjø, men er den klart djupaste med 226 meter, og det er nettopp tankane om kva som kan skjule seg i det store djupet som seiest å vere opphavet til teoriane og mytane om sjøuhyret.  Detaljert program for denne utflukta kjem nokre veker før avreise.

Etter ein spennande dag med turar innover det skotske høglandet vert det avreise med skipet kl. 19.00. Vi møtest som vanleg vi til fellesmiddag på restauranten om bord.

Dag 7 - Søndag 3. september

Denne dagen er vi på sjøen heile tida og vi legg opp til eitt foredrag av Frank Aarebrot etter frukost og eitt på ettermiddagen. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar både på øyane og på det skotske høglandet. Og Aarebrot har gitt oss den historiske bakgrunnen til desse samfunna. I desse siste foredraget vil han samle trådane frå dagane før.  

Vi seglar ned heile den skotske og engelske austkysten dette døgnet, så det er ein fin måte å få med seg det varierande landskapet langs denne lange kysten. Vi kan elles anbefale symjebassenget, eller nokre av dei andre aktivitetane om bord. Meir informasjon om desse tilboda kjem seinare. Columbus er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.

Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.

Dag 8 - Måndag 4. september

Dei som er oppe tidleg kan få med seg innseglinga opp Themsen mot London Tilbury der vi legg til kl. 07.00. Bussen hentar oss på hamna og tek oss med til flyplassen. Flyet vårt går frå Gatwick kl. 12.10, og vi er framme i Oslo kl. 15.15 og Bergen 17.15. (Tilkytting Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø, kan veljast i bestillinga).

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
28/8BergenCruise i vesterled inkl. ShetlandFullbooka, venteliste19 950,-Book på venteliste
28/8OsloCruise i vesterled inkl. Shetland219 950,-Bestill