Cruise i Vesterled

14.–20.  AUGUST.

Historie – politikk – kultur.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Frank Aarebrot held daglege foredrag på skipet, og han vil fortelje om vikinghistoria på same måte som då han hadde kåseri om norgeshistoria på NRK. I tillegg vil han gi oss eit historisk innblikk i stadene vi besøkjer og fortelje om landnåmet og dei norske spora på øyane. Vi startar med fly frå Bergen og Oslo til Edinburgh om ettermiddagen, og ei overnatting i Edinburgh med sitt vakre slott. Deretter seglar vi først til Kirkwall på Orknøyane, vidare til Torshavn på Færøyane, så til Portree på Isle of Skye og til slutt tilbake til Skottland. Der blir det ei siste overnatting i Aberdeen og retur med fly heim derifrå. Dette trur vi blir ei oppleving for livet!

 

Pris frå:
17 950,-
Dagar:7
Flyreisa Oslo/Bergen – Edinburgh
Busstransport Edinburgh-Rosyth og Greenock-Aberdeen
1 hotellovernatting i Edinburgh med frukost
1 hotellovernatting i Aberdeen med frukost
4 overnattingar på cruiseskipet Marco Polo
6 forelesingar av Frank Aarebrot
Reiseleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset
Avslutningsmiddag i Aberdeen

Ikkje inkludert i prisen:
Tips om bord i cruisebåten. (5 pund pr. dag.)
Drikke til måltida
Ekstra ekskursjonar tilbydd av cruiseselskapet
Enkeltromstillegg, kr. 4 990,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Dag 1 - Måndag 14. august

Avreise kl. 12.00 frå Bergen via Oslo og frå Gardermoen kl. 14.50. Vi er framme i Edinburgh kl. 15.40 lokal tid. Byen har om lag 475.000 innbyggjarar og er det politiske, kulturelle, finansielle og åndelege senteret i Skottland. Bortsett frå London er Edinburgh den mest besøkte byen i Storbritannia, og det er slett ikkje utan grunn. Svært mange vil seie at Edinburgh er den vakraste byen i heile Europa. Både Old Town og New Town står på verdsarvlista til UNESCO.

Bussen vår køyrer oss til hotellet, og etter innsjekking møtest vi i resepsjonen og tek ein rusletur i sentrumsgatene. Edinburgh Castle, som ligg oppe på eit vulkanberg, er nok det mest kjende landemerket i Edinburgh. Gjennom tidene har slottet eller festninga spelt ei heilt sentral rolle i kampen om makta i Skottland. Her er vollgraver og høge murar i tillegg til dei loddrette bergsidene som gjorde det mest umogleg å ta slottet. Frå slottet kan ein gå på The Royal Mile, gatene gjennom gamlebyen til Holyrood Palace, dei britiske kongelege sin hovudresidens i Skottland.

Dag 2 - Tysdag 15. August

Etter ein god skotsk frukost møtest vi i konferanserommet til Frank Aarebrot sitt første foredrag. I desse forelesingane kjem han til å fortelje historia til dei gamle norske områda i Vesterhavet. Kåseria blir i same stil som dei han er kjend for frå tv-programma om norgeshistoria.

Bussen vår tek oss så til hamnebyen, Rosyth, der vi skal mønstre på cruiseskipet Marco Polo. Den britiske avisa The Telegraph skriv følgjande om båten: «Eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som kan tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære». Skipet tek til saman 800 personar og er kjend for å liggje stødig og godt i sjøen, så vi kjem ikkje til å kjenne bølgjene så mykje. Vi har eit eige konferanserom på skipet, der vi møtest kvar dag for å høyre Frank Aarebrot sine kåseri.

Dag 3 - Onsdag 16. august

Første del av båtturen går opp langs austkysten av Skottland, og når vi vaknar neste morgon, seglar vi stille inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Kl. 8.00 om morgonen legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kl. 16.00 i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli på ei ekstra utflukt til dei utrulege steinalderminnene Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.

Vi mønstrar på igjen om ettermiddagen, og skipet set kursen nordvest-over i retning Færøyane. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Før middag blir det kåseri av Frank Aarebrot om historia bak det vi har sett og opplevd denne dagen. Dei dagane vi er på cruise, har vi heilpensjon og møtest i Waldorf Restaurant til fellesmiddag om kveldane. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.

Dag 4 - Torsdag 17. august

Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Vi seglar inn til hovudstaden, Torshavn, om morgonen, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten frå frukostbordet. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen.

I Torshavn har vi tida fram til klokka 14.00, og vi får først ein times omvising i denne sjarmerande hovudstaden. Etterpå anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. (Ein kan også bli med på ekstra-ekskursjon sett opp av cruise-selskapet.) Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.

Frå Færøyane set skipet kurs sørover igjen mot det skotske fastlandet. Før fellesmiddagen på Waldorf blir det eit nytt kåseri av Frank Aarebrot.

Dag 5 – Fredag 18. august

Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet sørover mellom Hebridane og fastlandet på vestkysten av Skottland. Hebridane har også sterke norske røter. Det gamle norrøne namnet frå då vikingane hadde øyane, var Suðreyjar eller Sørøyane. Namnet plasserte Hebridane i forhold til  Norðreyjar, eller Nordøyane, som var namnet på Orknøyane og Shetland. Det gæliske namnet på øyane, Innse Gall, tyder «utlendingane sine øyar», og det viser at det norrøne har hatt ei sterk stilling der over lang tid.

Landskapet blir meir gjestmildt dess lengre sør vi kjem, og når vi er ferdige med frukosten, har vi ankra opp i pittoreske Portree, hovudstaden på Isle of Skye i dei indre Hebridane. Den vesle byen med berre ca. 2000 innbyggjarar ligg fint til mellom klipper i ei naturleg hamn på austsida av øya. Vi får omvising i denne vakre småbyen, kjend for sine pastellmåla murhus, og det blir god tid til å rusle rundt på eiga hand. Kanskje fleire vil smake på den lokalproduserte whiskyen, som øya er så kjend for.

Vi går så saman til The Skye Heritage Center, der ein kan oppleve øya si historie gjennom utstillingar og film, og elles kjøpe med seg handlaga produkt frå Isle of Skye og Hebridane. Her får vi også lære om den norrøne historia til øya. Det første dokumenterte åtaket frå norske vikingar på Skye var i år 794. Frå slutten av 800-talet kom mange norske innflyttarar, og dei gifte seg ofte med lokale skotske kvinner. Men norrønt språk var likevel truleg dominerande. Då ein norsk høvding vart drepen i 1098, invaderte Magnus Berrføtt øya. Det skotske kongedømet prøvde stadig å trenge inn og dominere dei norrøne områda ytst mot Atlanterhavet, noko dei først makta i 1266 etter at kong Håkon Håkonsson døydde.

Det er også mogeleg å vere med på ekskursjonar innover på øya (ikkje inkludert) arrangerte av cruiseselskapet.

Om kvelden kåseri av Frank Aarebrot, der han gir oss ein breiare bakgrunn for det vi opplever desse dagane. Fellesmiddag på restauranten om bord, medan vi seglar sørover langs vestkysten av Skottland.

Dag 6 - Laurdag 19. august

Om natta passerer vi Isle of Mull og Islay, og når vi vaknar om morgonen, er vi i den delen av Skottland som liknar mest på dei norske fjordane. Vi seglar inn mellom byen Ayr på fastlandet og Isle of Arran mot hamnebyen Greenock. Framme i hamna ventar bussen på oss, som så skal ta oss på tvers av Skottland og nordover til Aberdeen. Turen tek ca. fire timar, og Frank Aarebrot kjem til å halde eit av kåseria sine på bussen. Lunsj undervegs.

Vi kjem fram til Aberdeen på ettermiddagen. Denne universitetsbyen er Skottland sin tredje største by med ca. 200 000 innbyggjarar. Han er kjend som granittbyen eller sølvbyen på grunn av dei tradisjonelle steinhusa som dominerer bybildet. Hotellet vårt ligg i sentrum, og dei som vil, kan vere med reiseleiarane på ein rusletur i gatene etter innsjekking. Aberdeen er kjend som oljebyen i Skottland, men har også fått fleire kjende kulturinstitusjonar dei siste åra. Både det svært gode maritime museet og populære Aberdeen Art Gallery er gratis.

Om kvelden samlast vi til avslutningsmiddag på hotellet, der vi får vi eit eige rom for oss sjølve.

Dag 7 - Søndag 20. august

Då er dagen for avreisa komen. Etter ein tradisjonell britisk frukost møtest vi i konferanserommet på hotellet for det siste kåseriet til Frank Aarebrot. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar både med cruiseskip til øyane og overnattingar på fastlandet. Og Aarebrot har gitt oss den historiske bakgrunnen til desse samfunna. I dette siste foredraget vil han samle trådane frå dagane før.

Flyet vårt går frå Aberdeen kl. 14.20, og vi er framme i Oslo kl. 16.55 og Bergen 19.35. (Avreise frå Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø på førespurnad).

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
14/8OsloCruise i Vesterled med Frank Aarebrot Fullbooka, venteliste17 950,-Book på venteliste
14/8BergenCruise i Vesterled med Frank AarebrotFullbooka, venteliste17 950,-Book på venteliste