Cruise i Vesterled

23. juni - 1. juli 2018.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet. Vi startar med fly frå Bergen og Oslo om morgonen og dreg så til Newcastle der vi overnattar før vi seglar til Dundee i Skottland. Deretter går ferda til Lerwick på Shetland, vidare til Klaksvik og Torshavn på Færøyane, Kirkwall på Orknøyane, og så til Isle of Mull i Hebridane. Skipet set så kurs sørover vestkysten av England til hamnebyen Liverpool. Vi har med oss historikar Rasmus Sunde som fortel om gamal vikinghistorie og tida då fleire av desse øyane var ein del av Noreg. Vi får såleis eit historisk innblikk i stadene vi besøkjer og om landnåmet og dei norske spora på øyane. For mange har det vore ein mangeårig draum å besøkje dette området, det er difor ein av våre mest populære turar!

Pris frå:
18 950,-
Bestill tidleg rabatt per person: 250,-
Dagar:9
Flyreisa tur/retur Oslo/Bergen – Newcastle
1 overnatting i Newcastle
Busstransport Newcastle lufthavn - hotellet
1 middag på hotellet i Newcastle
Busstransport frå hotellet til båten ved avreise
7 overnattingar på cruiseskipet Magellan i innvendig lugar
Reiseleiarar frå Fotefar temareiser er med på heile turen
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset
Enkeltromstillegg, Kr 6 850,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Dag 1 - Laurdag 23. juni
Fly til England både frå Bergen og Oslo. (Avreise frå Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø på førespurnad og mot evt. tillegg). Bussen tek oss til hotellet vårt i Newcastle der vi får tid til å slappe av på rommet litt før vi møtest til velkomstmøte og middag.

Dag 2 - Søndag 24. juni
Etter ein god engelsk frukost har vi tid til å utforske Newcastle litt på eiga hand eller kanskje shoppe litt. Bussen vår tek oss så frå hotellet til havna i Newcastle, der vi skal mønstre på skipet vårt – Magellan kl. 15.00. Skipet har 726 lugarar og tek til saman 1250 personar. Rederiet er kjend for si vektelegging av ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære, og dei har vunne fleire prisar for dette. Skipet lettar anker kl. 16.00 og seglar først oppover nordaustkysten av England og Skottland.

Dag 3 - Måndag 25. juni
På dette cruiset skal vi reise i Vesterled, i fotefara til Vikingane. Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i vesterled. Svenskane drog «i austerled» over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie.
På begynnelsen av 800-talet segla vestlendingar som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, videre sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire små riker i Irland.

Første tur i land blir ein føremiddagstopp i den skotske byen Dundee. Denne tidlegare industribyen er no meir kjend som universitetsby (med 20 000 studentar) og heimbyen til to fotballag, Dundee United og Dundee F.C.

Resten av denne dagen går med til å segle nordover mot Shetland, så vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre.
Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen.

Dag 4 - Tysdag 26. juni
Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi god tid i land til kl. 19.00. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (program kjem nokre veker før avreise, ikkje inkludert i turprisen), vere med reiseleiarane på rusletur rundt til dei viktigaste attraksjonane eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt shopping. 

Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart no innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla og militære forsyningar. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane..
Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 19.00 og seglar sørover. Vi møtest til fellesmiddag på restauranten om bord, der vi har ein eigen seksjon for gruppa vår. 

Dag 5 – Onsdag 27. juni
Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Vi seglar inn til byen Klaksvik om føremiddagen, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten. Klaksvík er den nest største byen på Færøyane og er rekna som hovudbyen på nordøyane. Fiskeriindustrien er viktig, og byen har ein stor flåte fiskebåtar.

Her er også eit familieeigd bryggeri, Föroya Bjór. Så viss ei set seg ned på ein av utekafeane kan ein spørje etter Ljóst Pilsnar, eller kanskje også ein Jólabryggj eller Páskabryggj. Vi har god tid til å rusle rundt på eiga hand i den koselege småbyen, og vi finn gjerne ein «stamkafe» der ein kan møte reiseleiaren eller andre i gruppa i løpet av dagen.

Christianskirkja bygd i 1963, er også verd å sjå. I kyrkja finst det ein 4000 år gamal heilag stein. Opphavleg skal steinen ha vore ei offerskål i eit tempel i Danmark.
Skipet seglar frå Klaksvik kl. 19.00, og er framme i Torshavn seint same kveld.

Dag 6 - Torsdag 28. juni
I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen.

I Torshavn har vi tida fram til klokka 16.00, og vi får først ein times omvising i denne sjarmerande byen. Etterpå anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. (Ein kan også bli med på ekstra-ekskursjon sett opp av cruise-selskapet mot tillegg i pris.) Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.
Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein folkemusikk med sterke band til den norske folkemusikken.

Etter to dagar på Færøyane er vi klare for nye eventyr. Frå Tórshavn set skipet kurs mot sørvest i retning Orknøyane.

Dag 7 - Fredag 29. juni
Når vi vaknar neste morgon, seglar vi stille inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Kl. 08.00 om morgonen legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kl. 15.00 i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli med på ei ekstra utflukt (mot tillegg) til dei utrulege steinalderminnene Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.
Vi mønstrar på igjen, og skipet set kursen nordvest-over i retning det skotske fastlandet. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Vi har heilpensjon og møtest i restauranten til fellesmiddag om kveldane. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.

Dag 8 - Laurdag 30. juni
I løpet av natta har vi segla heilt til øygruppa Hebridane og ankra opp ved den vesle fiskebyen Tobermory, hovudstaden på Isle of Mull med berre 1000 innbyggjarar. Dette er ein sjarmerande småby spesielt kjend for sine pastellfarga murhus. Ein av attraksjonane i byen er Tobermory whisky distillery som har laga edle dråpar sidan 1798, og elles finst det mange koselege, små butikkar rundt hamna.
Etter ein avslappande dag på Isle of Mull vert det avreise med skipet kl. 16.00. Vi seglar vidare ned den skotske vesttkysten mot England og hamnebyen Liverpool. Magellan er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.
Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.

Dag 9 - Søndag 1. juli
Vi seglar forbi Isle of Man, og under frukosten kan vi følgje innseglinga mot munninga av elva Mersey og hamna i Liverpool. Vi går i land kl. 10.00 og bussen hentar oss på hamna og tek oss med til flyplassen. Fly til Oslo og Bergen. (Tilknyting Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø, på førespurnad og mot evt. tillegg).

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/6BergenCruise i vesterled 23. juni - 1. juli Meir enn 818 950,-Bestill
23/6OsloCruise i vesterled 23. juni - 1. juli Meir enn 818 950,-Bestill