Cruise i Vesterled med Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad

19.-27. juli 2018.

Historie – kultur – natur.

Velkommen til ein spennande tur i vikingane sine fotefar til øyane vest i havet saman med Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad. Sylfest Lomheim er professor og språkekspert, Torgrim Titlestad er professor i historie og  har spesialisert seg på vikingtid og Noregs tidlege historie. Desse to held daglege foredrag på skipet, og fortel om vikinghistoria og dei tette banda mellom Norge og vesterhavsøyane. I tillegg vil dei gi oss eit historisk innblikk i stadene vi besøkjer og fortelje om dei norske spora på øyane. Vi startar med fly frå Bergen og Oslo om morgonen og går om bord i skipet vårt i Hull same kveld. Deretter seglar vi først til til Lerwick på Shetland, vidare til Klaksvik og Torshavn på Færøyane, Kirkwall på Orknøyane, og så til den vesle hamna Invergordon i Skottland. Der blir det sjanse til å bli med på ein tur til berømte Loch Ness før skipet set kurs sørover mot Hull og England igjen.

Dette blir ei oppleving for livet!

Pris frå:
20 950,-
Bestill tidleg rabatt per person: 250,-
Dagar:9
Flyreisa tur/retur Oslo/Bergen/Stavanger/Trondheim – Manchester
All busstransport under turen
8 overnattingar på cruiseskipet Marco Polo
Forelesingar av Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad
Reiseleiar frå Fotefar temareiser er med på heile turen
Kveldsunderhaldning på cruiseskipet
Heilpensjon på cruiset

Tillegg for enkeltrom kr 6 850,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar.

Dag 1 - Torsdag 19. juli

Fly til England både frå Bergen og Oslo. (Avreise frå Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø på førespurnad og mot evt. tillegg).
Bussen vår tek oss så frå flyplassen til havna i Hull, der vi skal mønstre på skipet vårt – Marco Polo. Den britiske avisa The Telegraph skriv følgjande om båten: «Eit komfortabelt, klassisk cruiseskip som kan tilby ei tradisjonell britisk cruiseoppleving med ein uformell og vennleg atmosfære». Skipet tek til saman 800 personar og er kjend for å liggje stødig og godt i sjøen. Skipet lettar anker kl. 22.30 og seglar først oppover nordaustkysten av England.

Dag 2 - Fredag 20. juli

Etter frukost møtest vi for å høyre første kåseri. Vi har eit eige lokale på skipet for desse kåseria. I forelesingane kjem dei til å fortelje historia til dei gamle norske områda i Vesterhavet. På dette cruiset skal vi reise i Vesterled, i fotefara til vikingane. Ordet vesterled vart brukt om å reise i vikingferd mot vest og sørvest, til Storbritannia, Irland og vesterhavsøyar som Orknøyene, Shetland og Hebridane. Det var særleg norske vikingar som reiste i vesterled. Svenskane drog i austerled over Austersjøen og opp elvane i Russland, medan danskane for over til Nord-England, Frisland og Normandie.
I byrjinga av 800-talet segla vestlendingar som hadde slått seg ned på Shetland, Orknøyane og Færøyane, videre sørover og rydda gardar på Hebridane, i Nord-Skottland og på austsida av Irskesjøen. Derifrå tok dei kontroll over øya Man og oppretta fleire små riker i Irland.

Denne første dagen til sjøs går med til å segle nordover mot Shetland, så vi får god tid til å orientere oss på båten og å bli betre kjende med kvarandre.
Det er heilpensjon om bord, så alle måltid på skipet er inkluderte i turprisen.

Dag 3 - Laurdag 21. juli

Når vi vaknar denne morgonen, seglar skipet inn mot Lerwick på Shetland. Hovudstaden har 7500 innbyggjarar – ein tredjedel av alle som bur på øyane som utgjer Shetland. Vi glir roleg inn mot dei gråbrune steinhusa i byen som står i kontrast til dei irrgrøne markene rundt. Her har vi god tid i land til kl. 17.00. Ein kan velje om ein vil vere med på ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseskipet (program kjem nokre veker før avreise, ikkje inkludert i turprisen). Elles kan ein vere med reiseleiarane til det spennande Shetland museum eller rusle rundt til dei viktigaste attraksjonane eller bruke tida på eiga hand. Lerwick er kjend for å ha mange butikkar med godt utval, så her er det også anledning til litt shopping.
Vi legg opp til ei forelesing også denne dagen, enten på båten eller i land. Vikinghistoria og den norrøne identiteten står framleis sterkt på Shetland, og dette kjem fram i dette kåseriet. Hjaltland (Shetland) vart kolonisert av norske vikingar på slutten av 800-talet, og kolonistane etablerte seg her med eigne lover og språk. Språket utvikla seg til det vestnordiske språket norn, eit språk som døydde ut først på 1800-talet. Etter at Harald Hårfagre hadde samla Noreg til eitt rike, flykta mange av motstandarane hans, og nokre av dei slo seg ned på Orknøyane og Hjaltland. Med desse øyane som base dreiv dei plyndringstokt mot Skottland og Noreg. Dette resulterte i at Harald Hårfagre samla ein stor flåte, og rundt år 875 kom flåten hans til det som i dag er den vesle tettstaden Haroldswick på øya Unst og annekterte både Orknøyane og Hjaltland.

Banda mellom Shetland og Norge har også vore sterke i nyare tid. Hausten 1940 vart ei norsk marineavdeling med tilnamnet Shetlandsgjengen etablert i Scalloway for operasjonar mot Noreg. På Shetland hadde det etter kvart samla seg kring 30 fiskeskøyter som norske flyktningar hadde segla over. Ein del av desse skøytene vart innleigde, og norske fiskarar vart verva som frivillig mannskap. Shetlandsgjengen segla i hemmelege oppdrag mellom Noreg og Shetland og frakta Linge-karar, etterretningsfolk, flyktningar, instruktørar for motstandsrørsla. I alt gjorde Shetlandsgjengen over 200 turar, der den mest kjente, Leif Andreas Larsen (Shetlands-Larsen), var skipper for 52 av turane. Denne delen av krigshistoria vil også Torgrim Titlestad fortelje om i kåseriet sitt denne dagen.

Etter ein dag på land lettar vi anker kl. 17.00 og seglar sørover. Vi tek ein liten kvil på lugaren før vi møtest vi til fellesmiddag på restauranten om bord. Vi har ein eigen seksjon for gruppa vår i restauranten kvar dag. 

Dag 4 - Søndag 22. juli

Færøyane har alltid hatt eit spesielt forhold til Norge og oss nordmenn, og ein merkar at ein blir spesielt godt motteken som norsk gjest på desse øyane. Vi seglar inn til byen Klaksvik om morgonen, så vi kan følgje med på innseglinga til den grøne, dramatiske kysten frå frukostbordet. Klaksvík er den nest største byen på Færøyane og er rekna som hovudbyen på nordøyane. Fiskeriindustrien er viktig, og byen har ein stor flåte fiskebåtar.
Her er også eit familieeigd bryggeri, Föroya Bjór. Så viss ein set seg ned på ein av utekafeane kan ein spørje etter Ljóst Pilsnar, eller kanskje også ein Jólabryggj eller Páskabryggj. Vi har god tid til å rusle rundt på eiga hand i den koselege småbyen, og vi finn gjerne ein «stamkafe» der ein kan møte reiseleiaren eller andre i gruppa i løpet av dagen.
Christianskirkja bygd i 1963, er også verd å sjå. I kyrkja finst det ein 4000 år gamal heilag stein. Opphavleg skal steinen ha vore offerskål i eit tempel i Danmark.

Skipet seglar frå Klaksvik kl. 18.00, og vi set kursen mot Torshavn. Før middag blir det kåseri om historia bak det vi har sett og opplevd denne dagen.

Dag 5 – Måndag 23. juli

Vi kjem fram til hovudstaden på Færøyane grytidleg om morgonen. I motsetning til mange andre nordiske byar med trehus, har Tórshavn aldri vorte ramma av ein omfattande bybrann. Vi finn difor mange bevarte hus frå 1500- og 1600-tallet i byen.
I Torshavn har vi tida fram til klokka 16.00, og vi får først ein times omvising i denne sjarmerande byen. Etterpå anbefaler vi at ein brukar tida til å rusle rundt i dei koseleg gatene. (Ein kan også bli med på ekstra-ekskursjon sett opp av cruise-selskapet mot tillegg i pris.) Spesielt bydelen Tinganes med sine karakteristiske raude hus med torvtak er verdt eit besøk. Dette var staden for tinget til dei første nordmennene som slo seg ned på Færøyane i 825.
Sjølv om Færøyane har vore underlagt Danmark i mange år, føler mange ei sterkare tilknyting til Norge. Her finst norsk/færøyiske foreiningar og festivalar som feirar vår felles vikinghistorie, samt ein tradisjonsmusikk med sterke band til den norske folkemusikken.

Etter to dagar på Færøyane er vi klare for nye eventyr. Frå Tórshavn set skipet kurs mot sørvest i retning Orknøyane. Før fellesmiddagen på restauranten om bord blir det eit nytt kåseri.

Dag 6 - Tysdag 24. juli

Når vi vaknar neste morgon, seglar vi stille inn blant dei 70 øyane som utgjer Orknøyane. Desse øyane har vore busette i over 8500 år og vart erobra og overtekne av nordmenn i år 875. Øyane vart seinare annekterte av Skottland i 1472, etter at det ikkje vart betalt medgift for brura til kong Jakob den tredje. Kl. 07.00 om morgonen legg skipet til i hovudstaden Kirkwall, som ligg midt på hovudøya Mainland, og vi har tida fram til kl. 19.00 i byen. Den imponerande St. Magnus-katedralen dominerer bybildet, og rundt katedralen finn vi smale, koselege gater og dei karakteristiske grå steinhusa. Katedralen vart oppført av Ragnvald Orknøyjarl til ære for onkelen hans Magnus Orknøyjarl. Byggearbeidet starta i 1137, og katedralen har store likskapstrekk med Nidarosdomen, og den er i dag det viktigaste minnesmerket over Orknøyane si norske historie. Dei som ønskjer det, kan også bli på ei ekstra utflukt (mot tillegg) til dei utrulege steinalderminnene Scara Brae og ringen av gigantiske bautasteinar ved Steinnes som er ca. 5000 år gamle.
Vi mønstrar på igjen om kvelden, og skipet set kursen mot nordvest i retning det skotske fastlandet. Det er både spa-anlegg og symjebasseng om bord, så her kan ein slappe godt av og nyte ferien. Vi har heilpensjon og møtest i restauranten til fellesmiddag om kveldane. Viss vi får fint vêr, får vi oppleve ein fantastisk solnedgang i open sjø.

Dag 7 - Onsdag 25. juli

I løpet av natta har vi segla heilt til det skotske fastlandet og ankra opp ved den vesle hamnebyen Invergordon med ca. 4000 innbyggjarar. Byen har vore base for The Royal Navy, og er i dag ein sjarmerande småby med trivelege gater med butikkar og typiske skotske pubar. Også denne dagen har vi svært god tid på land – til kl. 20.00.
Vi kan anbefale ein av ekskursjonane som vert arrangerte av cruiseselskapet (ikkje inkludert i turprisen). Ein kan enten vere med til verdskjende Loch Ness eller til whisky-destilleriet Glenmorangie, der dei lagar single malt whisky av beste kvalitet.
På turen til Loch Ness får ein høyre om legenda om sjøormen Nessie som skriv seg heilt tilbake til 500-talet. Køyreturen frå Invergordon er ca. ein time kvar veg. Loch Ness er Skottland sin nest største innsjø, men er den klart djupaste med 226 meter, og det er nettopp tankane om kva som kan skjule seg i det store djupet som seiest å vere opphavet til teoriane og mytane om sjøuhyret. Detaljert program for denne utflukta kjem nokre veker før avreise.
Etter ein spennande dag med turar innover det skotske høglandet vert det avreise med skipet kl. 20.00. Vi møtest som vanleg til fellesmiddag på restauranten om bord.

Dag 8 - Torsdag 26. juli

Denne dagen er vi på sjøen heile tida og vi legg opp til eitt foredrag med Sylfest Lomheim etter frukost og eitt på ettermiddagen med Torgrim Titlestad. Vi har hatt ei veke med mange opplevingar både på øyane og på det skotske høglandet. Og Lomheim/Titlestad har gitt oss den historiske bakgrunnen til desse samfunna. I desse siste foredraga vil dei samle trådane frå dagane før.  
Vi seglar ned heile den skotske austkysten dette døgnet, så det er ein fin måte å få med seg det varierande landskapet langs kysten viss vi kjem nær nok land. Vi kan elles anbefale symjebassenget, eller nokre av dei andre aktivitetane om bord. Meir informasjon om desse tilboda kjem seinare. Marco Polo er eit tradisjonelt britisk cruiseskip, så her kan ein blant mykje anna få med seg «afternoon tea» og andre erkebritiske aktivitetar.
Vi møtest i delen vår av restauranten for avskjedsmiddag om kvelden.

Dag 10 - Fredag 27. juli

Dei som er oppe tidleg kan få med seg innseglinga mot hamna i Hull der vi legg til kl. 06.30. Bussen hentar oss på hamna og tek oss med til flyplassen. Fly til Oslo og Bergen. (Tilknyting Kristiansand, Stavanger, Trondheim og Tromsø, på førespurnad og mot evt. tillegg).

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
19/7BergenCruise i Vesterled med Sylfest Lomheim og Torgrim TitlestadMeir enn 821 950,-Bestill
19/7OsloCruise i Vesterled med Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad520 950,-Bestill
19/7StavangerCruise i Vesterled med Sylfest Lomheim og Torgrim Titlestad822 150,-Bestill
19/7TrondheimCruise i Vesterled med Sylfest Lomheim og Torgrim TitlestadMeir enn 822 350,-Bestill