Vestkysten av USA med Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen

23. september - 3. oktober.

Historie – kultur – folkeliv - “det gode liv” - glamour.

Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er med på draumereisa til California og Nevada! Vi startar i ein av USAs vakraste byar, San Francisco med Golden Gate, fangeøya Alcatraz, kabelvogner og China Town. I  Napa Valley smakar vi på god vin midt under drueinnhaustinga og køyrer så vidare langs Stillehavet. Vi besøkjer den kjende  Silicon Valley, den koselege småbyen Salinas der John Steinbeck vart fødd og den idylliske kunstnarkolonien Carmel, der Clint Eastwood var borgarmester. I Los Angeles skal vi oppleve glitter og glamour i Hollywood, Beverly Hills og Walk of Fame. Vi får også med oss Kodak-teateret der Oscar-showet finn stad kvart år og omvising i eit av dei store filmstudioa. Bussen tek oss vidare innover mot ørkenlandskapet i Nevada, og reisa vert avslutta i maksimalistiske Las Vegas. Her kan ein velje mellom ein spektakulær tur til Grand Canyon eller utforske berømte Las Vegas, og kanskje vi får ein tur på kasino?

Pris frå:
28 950,-
Dagar:10
Flyreisa Oslo – San Francisco med retur frå Los Angeles.
Busstransport og guiding på heile turen.
7 overnattingar på 4-stjerners hotell.
2 overnattingar på hotell i småbyar
5 middagar og 2 lunsjar som merka med * i programmet.
Billettar til museum og attraksjonar
Billettar til båttur
Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen er guide på heile turen og vekslar mellom kåseri i morgonmøter og guiding/kåseri undervegs på bussturane
Toril og Rolf Partenyi er reiseleiarar frå Fotefar temareiser.
Pris for turen til Grand Canyon kjem seinare.
Enkeltromstillegg, kr. 4 200,-
Bestill reise

Dagsprogram

Atterhald om endringar

Dag 1

Avreise frå Gardermoen kl. 15.45 (andre flyplassar etter førespurnad). Vi landar i San Francisco klokken 17.00 lokal tid, og bussen vår køyrer oss til hotellet vårt sentralt i San Francisco, der vi blir møtt av Eva Bratholm og Joar Hoel Larsen. Med ni timar tidsforskjell tek vi det med ro og byrjar med å gjere oss litt kjende med byen. Det vert tid til ein rusletur langs bryggekanten med besøk på den kjende Pier 39, der vi kan håpe at sjøløvene ønskjer oss velkommen med si støyande grynting. Ute i bukta ser vi Alcatraz, og den berømte brua Golden Gate ligg like ved. Dagen blir runda av i ein av dei vakraste byane i USA med ein hyggeleg middag* på Fishermans Wharf.

Dag 2

Etter velkomstmøtet om morgonen med Eva  og Joar skal vi på vinsmaking i Napa Valley med eit snev av Falcon Crest! Vi køyrer gjennom San Francisco sentrum og over Golden Gate, og tek den obligatoriske stoppen på nordsida av brua. Utsikta mot byen er fantastisk, så dette er staden for å ta flotte bilete av San Francisco. Vi fortset til Napa Vally der vi besøkjer nokre av USA sine beste vinprodusentar. Det finst 400 av dei i Napa-dalen, og oktober med drueinnhaustinga er månaden då grunnlaget vert lagt for produksjon av dei berømte Napa-vinane. Etter vinsmaking og omvising køyrer vi på tilbakevegen innom idylliske og eksklusive Sausalito i Marine County og et middag* med kjempeutsikt til San Francisco på andre sida av sjøen. I staden for å køyre over Golden Gate tek vi båten "under" brua attende til byen og hotellet.

Dag 3

Alcatraz - berre namnet er nok til å få frysningar! Den vesle klippa ligg midt i San Francisco Bay og har vore fengsel i snart 200 år. Først for desertørar under borgarkrigen, deretter for indianarar som ikkje ville "siviliserast". Men i 1934 vart det gjort om til eit fluktsikkert fengsel for FBI sine mest ettersøkte kjeltringar. Gangsterkongen Al Capone var ein av dei innsette som gjorde sitt til å gi Alcatraz høg status. Det tek ein liten halvtime med båt til den berykta anstalten som i dag er eit godt besøkt og svært spesielt museum. "Lydshowet" med gamle fangar på tape, med dører som slamrar og nøklar som raslar, gjev eit autentisk bilete av livet på øya. Ettermiddagen er fri til eigne utflukter. Køyr gjerne med ein av byen sine berømte kabelvogner - The Cable Car - eller ta ein taxi med den mest krunglete og krokete gate i verda, nemleg Lombard Street. Ta ein antikk-trikk til verdas homsehovudstad Castro, eller oppsøk Haight-Ashbury  - distriktet der hippierørsla vart fødd på 60-tallet. Kanskje eksotiske Chinatown med sitt yrande liv og spennande lukter er meir forlokkande?

Dag 4

Vi startar på turen sørover, gjennom Silicon Valley med alle dot.com hovudkvartera og stoppar i Salinas der Nobelprisvinnaren i litteratur John Steinbeck (1902-1968) vart fødd. Barndomsheimen hans står der enno, men det er det storslagne National Steinbeck Center som fortener eit besøk. Få stader i USA vert landet si nyare historie oppsummert på ein så visuell og interessant måte. Hovudverket "Vredens druer" står sentralt, både boka og filmen - og den sosiale røyndomen som førde til at boka vert skriven. Etter denne litterære historietimen køyrer vi ned til Monterey, kjend for sin Jazz Festival og sine kunstnarar. Mange av John Steinbecks romanar handlar om livet i Monterey, men vi skal vidare - langs den 17-mile lange Scenic Drive ut mot Stillehavet, til den idylliske vesle kunstnarkolonien Carmel, der filmlegenda Clint Eastwood var borgermester frå 1986-88. Her skal vi gå til ro for dagen, men først skal vi ete middag* på Hogs Breath Inn, restauranten som Clint sjølv ein gong eigde!

Dag 5

Ein køyretur langs Highway 1 er noko mange amerikanarar drøymer om. Dei kallar den gjerne den vakraste bilturen i USA. Vi opplever ein Stillehavskyst som er så uberørt og vill - utan reklameskilt! - at ein vanskeleg kan tru at dette er California! Det myteomspunne Big Sur er meir ein slags sinnstilstand enn eit geografisk punkt, men mange har lete seg lokka til denne aude - men fascinerande - kyststrekninga. Mens vi speidar etter kondorar - ein gong så godt som utrydda - ser vi på elefantselane som dovnar seg på stranda, før vi dreg til Hearst Castle i San Simeon. Dette "slottet i øydemarka" høyrde til den eksentriske, men styrtrike avismagnaten  William Randolph Hearst, ofte nemnd som modell for "Citizen Kane". På 20- og 30-tallet festa USA sine A-kjendisar, mellom greske søyler og mauriske buer på Hearst Castle, Hollywood-kjendisar og Washington-politikarar i skjønn foreining. Vi overnattar i Solvang, ein "dansk" by med bindingsverkshus og Den Lille Havfrue - i innlandsdalen Santa Ynez, og har fellesmiddag* på hotellet.

Dag 6

Vi fortset vidare nedover vestkysten gjennom små landsbyar og kjende vindistrikt. Det var i dette området den Oscar-nominerte filmen "Sideways" vart laga om utdrikkingslag og vinkonsum. Vi besøkjer små vinbutikkar i Los Olivos før vi passerer Michael Jakcsons "Neverland" og set kursen for Los Angeles. Undervegs strekkjer vi på beina i kjendisbyar som Ventura og Malibu før vi kjem til L.A. der vi avsluttar dagen på legendariske Santa Monica Pier - kjend frå bl.a. TV-serien Pacific Blue - der Route 66 sluttar og californiarane likar å "henge". Felleslunsj* undervegs.

Dag 7

Dette er dagen for glitter- og glamour i Hollywood og Beverly Hills, med stikkord som Graumans Chinese Theatre og Hollywood Walk of Fame! Vi besøkjer Kodak-teateret der Oscar-showet vert arrangert kvart år, med omvising i eit av dei store filmstudioa som høgdepunkt! "Celebrity spotting" er ein viktig del av ein draumedag i Hollywood, enten ein oppsøkjer bustadadresser eller får kink i nakken på Sunset Strip i håp om å få auge på ei filmstjerne! Og kven veit - kanskje dukkar det opp ein det er verd å skrive heim om?

Dag 8

Vi dreg til Venice Beach på morgonbesøk og tek ein morgonkaffi på ein av de mange kaféane langs strandpromenaden, medan vi ser på posørar som er der for å bli sett på! Ikkje nokon annan stad i USA er det så mange amatørunderhaldarar og gateartistar, sannseiarar og spåkoner, muskelspelarar og kroppsbyggarar, fakirar og flanørar som på Venice Beach. Stranda er rein og vakker, palmane imponerande og havet innbydande - men mest av alt er "the Boardwalk" ei oppleving. Sjølve "gågata" på stranda med joggarar og syklistar, rulleskøytefantastar og hundeluftarar – og ikkje minst nysgjerrige turistar.

Etter å ha observert og fordøya dette mest californiske av det amerikanske går turen til Las Vegas via Mojave National Preserve. Her får vi verkeleg sjå California frå fleire sider, både øydemarka og det spesielle landskapet i den vakre Mojave-ørkenen, samstundes med fasjonable Palm Springs, som tidlegare var ein kjend kurstad på grunn av det tørre og varme klimaet. I dag er det mest kjent for sin nyskapande arkitektur og design. Vi kjem fram på ettermiddagen til hotellet vårt i Las Vegas, og brukar kvelden på å ta inn alle inntrykka frå dette maksimalismens mekka, også kalla «Sin City». Det vert hevda at Las Vegas er så opplyst at det er den einaste byen på jorda som kan sjåast frå månen.

 Dag 9

Denne dagen kan du velje mellom å utforske byen Las Vegas med sine kasino og mange kopibygningar av t.d. Eiffeltårnet, Empire State Building, Chrysler Building, Kheopsyramiden og fridomsgudinna, eller for dei som ynskjer det, ein dagstur til Grand Canyon (mot tillegg). Grand Canyon er ei enorm kløft i det nordlige Arizona som ligg omlag 2 timars køyring frå Las Vegas. Dette er ein av USAs største turistattraksjonar, og den vart skapt av Coloradoelva i løpet av fleire millionar år. Grand Canyon er omlag 446 km lang, varierer i bredde frå 0,5 til 29 km, og spenner over 1600 m frå topp til botn, så dette er verkeleg eit spektakulært syn. 

Vi er attende på hotellet rundt klokka 16.00, og får tid og slappe av eller utforske litt rundt hotellet før det vert avslutningsmiddag* på ein restaurant i nærleiken av hotellet klokka 20.00. For den som ynskjer det kan vi fortsetje til eit av dei mange kasinoa i byen etter middag, og sjå på korleis livet som «gamblar» artar seg.

Dag 10

Utsjekk og avreise frå hotellet til Los Angeles klokka 12:30. Avreise til Oslo frå flyplassen i Los Angeles kl 19:30.

Dag 11

Ankomst Oslo kl 18:05 neste dag. Fly vidare til andre destinasjonar i Norge via tilknyting.

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
23/9OsloLesartur Sogn Avis - Vestkysten av USA
I tillegg kjem tillegg for Premium billettar til USA kr 5598,- pr. person.
228 950,-Bestill