Fotefar sitt jubileumsseminar på Kvikne’s Hotel

Fotefar sitt jubileumsseminar på Kvikne’s Hotel 12. mai

I høve historikaren og reiselivsgründeren Rasmus Sunde fyller 75 år i 2019, arrangerer Fotefar Temareise eit jubileumsseminar på Kvikne’s Hotel søndag 12. mai kl. 10.30 til kl. 16.00. Til seminaret har vi invitert førelesarar av høg klasse.

Pris frå:
200,-
Dagar:1
Førelesarar under seminaret
Hans-Wilhelm Steinfeld
Harald Sunde
Sylfest Lomheim
Edvard Hoem
Eva Bratholm
Joar Hoel Larsen
Bestill reise

Jubileumsprogram

10.30 - 10.45 Opning av seminaret.


10.45 - 11.30 Edvard Hoem: 
Bror din på prærien.


 11.35 - 12.40 Eva Bratholm/Joar Hoel Larsen: Vil USA få ein ny periode  med president Trump?

12.45 - 13.50 Tid for lunsj.


14.00 - 14.40 Sylfest Lomheim: 
Jesus heitte ikkje Jesus.

 
14.45 - 15.55 Hans-Wilhelm Steinfeld/Harald Sunde: 
Russland under Putin, sett innanfrå og utanfrå.

15.55 - 16.00 Avslutning av seminaret.

Alle seks kåsørane er spesialistar på sine felt. På seminaret vil kvart av innslaga ta ca. 45 min. med høve til spørsmål og kommentar etterpå. Lunsjpause 12.45 – 13.50. Vi vil føreslå lunsj i den flotte matsalen på Kvikne’s Hotel. Pris kr. 295,-.  Elles er det fleire stader i bygda som serverer lunsj. Seminaret er ope for alle. Inngangsbilletten kostar kr. 200,- og kan bestillast nedanfor. Du får då eit deltakarbevis med betalingsinformasjon. Kvittering for betaling vert tilsendt etter at betaling er gjort, og gjeld som billett.

Ta gjerne ein søndagstur til vakre Balestrand i mai og få med deg eit unikt seminar!

Påmeldingsfrist 7. mai.

For Fotefar

Toril Partenyi - dagleg leiar
Yngve Sunde - styreleiar

Avgangar & prisar

AvreisedatoAvreisestadReisemålLedige plassarFrå pris
12/5Jubileumsseminar på Kvikne`s hotel Meir enn 8200,-Bestill